Prop. 166 S (2012–2013)

Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2013

Til innhaldsliste

6 Andre pensjonsordningar

6.1 Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse

Tenestepensjonane i offentleg sektor er såkalla bruttoordningar som blir gitt i tillegg til folketrygda. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen blir redusert med eit samordningsfrådrag. Vanlegvis utgjer samordningsfrådraget ¾ grunnbeløp og heile tilleggspensjonen og/eller særtillegget m.v. når tenestepensjonen blir gitt for full tenestetid (vanlegvis 30 år).

Etter lov om Statens pensjonskasse § 42 skal alderspensjon under utbetaling regulerast ved at pensjonsgrunnlaget blir regulert årleg frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Uførepensjon og enkje- og enkjemannspensjon blir regulerte i samsvar med lønnsauken fram til fylte 67 år. Frå fylte 67 år blir pensjonsgrunnlaget regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Ved reguleringa skal dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd nyttast.

For kapitla 611, 612, 615 og 616 vil dei totale meirutgiftene for pensjonane som følgje av reguleringa utgjere om lag 468 mill. kroner.

Under kap. 611 Pensjonar frå statskassa, blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 0,2 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om at departementet får fullmakt til å regulere pensjonane på same måten som pensjonar frå Statens pensjonskasse.

Under kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 463 mill. kroner, fordelt med 458 mill. kroner på post 01 Driftsutgifter og 5 mill. kroner på post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse.

Under kap. 615 Yrkesskadeforsikring og kap. 616 Gruppelivsforsikring blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med respektive 1 mill. kroner under kap. 615 og 4 mill. kroner under kap. 616.

6.2 Avtalefesta pensjon i privat sektor

Etter lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskott til arbeidstakere som tar ut avtalefestet pensjon i privat sektor § 23 skal tilskottet frå staten til pensjon etter reglane i kapittel 2 (ny AFP) utgjere 1/3 av pensjonen, medan kompensasjonstillegget etter kapittel 3 blir dekt fullt ut av staten. Statstilskottet til pensjon etter kapittel 4 (overgangsordninga) skal utgjere 40 prosent av pensjonen for pensjonistar over 64 år.

Årleg pensjon etter AFP-tilskottslova kapittel 2 utgjer 0,314 prosent av grunnlaget (summen av den einskildes inntekt) og er eit påslag til alderspensjon frå folketrygda. Pensjon etter kapittel 4 (overgangsordning) blir rekna ut som pensjonane frå folketrygda. AFP, med unntak av visse tillegg, blir regulert årleg frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent.

Under kap. 666, post 70 Tilskott blir det gjort framlegg om å auke statstilskottet med 31 mill. kroner.

6.3 Pensjonstrygda for sjømenn

Etter lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn § 15 gir staten visse tilskott. Staten dekkjer m.a. utgiftene til krigsfartstillegg for fartsmånader mellom 1. september 1939 og 31. desember 1945. Etter § 8 er pensjonsordninga garantert av staten. Pensjonstrygda går med årlege underskott, som blir dekte av staten av di reguleringsfondet i ordninga er brukt opp.

Alderspensjonar frå Pensjonstrygda for sjømenn blir regulerte årleg med verknad frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekte 0,75 prosent. Ved reguleringa blir dei reguleringsfaktorane som Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd nytta.

Under kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott blir det gjort framlegg om å auke tilskottet med 15 mill. kroner.

6.4 Krigspensjonering

Staten dekkjer utgiftene til krigspensjon etter lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner (§ 19) og lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner (§ 25).

Etter tilleggslov om krigspensjonering av 29. juni 1951 nr. 34 blir krigspensjonar under utbetaling regulerte i samsvar med lønnsauken fram til fylte 67 år. Frå fylte 67 år blir krigspensjonane regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekte 0,75 prosent. Ved regulering av pensjonar blir dei reguleringsfaktorane Kongen fastset etter folketrygdlova § 19-14 åttande ledd nytta.

Under kap. 660 Krigspensjon blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 10 mill. kroner, fordelt med 3 mill. kroner på post 70 Tilskott militære og 7 mill. kroner på post 71 Tilskott sivile.

6.5 Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Ved lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg, er personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda sikra ei samla inntekt på nivå med minste pensjonsnivå. Ytingane frå ordninga blir prøvde mot inntekt og også mot formue. Det er vidare eit vilkår at stønadsmottakaren er busett i Noreg.

Stønaden er knytt til satsane for minste pensjonsnivå i folketrygda, og vil derfor auke i tråd med dei nye satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2013.

Under kap. 667 Supplerande stønad til personar over 67 år, post 70 Tilskott blir det gjort framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner.

Til forsida