Prop. 172 S (2012–2013)

Finansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om delvis bompengefinansiering av trinn 2 av Miljøpakke Trondheim.

Utviklinga av transportinfrastrukturen i Trondheim er basert på prioriteringane i Miljøpakke for transport i Trondheim som blei vedtatt i Trondheim bystyre i 2008. Ved behandlinga av St.prp. nr. 85 (2008-2009), jf. Innst. S nr. 347 (2008-2009), slutta Stortinget seg til det lokale forslaget til miljøpakke for transport i Trondheim. Miljøpakka som er basert på eit forlik mellom seks parti i bystyret, skal løyse utfordringane ved ein kraftig vekst i bilbruken i området, sikre finansieringa av eit avlastande hovudvegsystem rundt det sentrale byområdet og betre framkomsten for andre trafikantgrupper som kollektivtrafikk, gåande og syklande.

Miljøpakka har ti hovudmål. Mellom anna skal CO2-utsleppa frå transport reduserast med minst 20 pst innan 2018, den delen som reiser med privatbil skal reduserast frå 58 til 50 pst, talet på personar som er plaga av vegtrafikkstøy skal reduserast med 15 pst og talet på trafikkulykker skal reduserast med minst 20 pst.

Dei tiltaka som inngår i miljøpakka, skal bidra til å nå desse måla. I det opphavlege forslaget inngjekk fleire tiltak som kravde nærare avklaringar før dei kunne fremjast for Stortinget. Mellom anna var det forslag om å innføre ei lokal avgift på omsetjing av drivstoff og å ta i bruk bompengar til drift av kollektivtransport. På grunn av at Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune ønskte å starte bygginga av dei høgast prioriterte veg- og kollektivprosjekta i pakka så snart som mogeleg, var det viktig å starte bompengeinnkrevjinga. Det vart derfor lagt til grunn at miljøpakka skulle fremjast for Stortinget i to trinn. Tiltak og verkemiddel som blei fremja i trinn 1, jf. St.prp. nr. 85 (2008-2009) og Innst. S nr. 347 (2008-2009), var avklarte i forhold til lovverk og økonomiske rammer. I trinn 2 er det føresett å komme tilbake til dei forholda som kravde meir avklaring, i tillegg til å omtale heilskapen i pakka.

På bakgrunn av dette blei det gjennomført ei tilleggsutgreiing for trinn 2 av miljøpakka, som supplement til tidlegare KVU og KS1 for vegsystemet på Sluppen i Trondheim. I denne utgreiinga er ulike løysingar for tilleggsfinansiering av miljøpakka vurdert, saman med andre tiltak som kan bidra til å redusere bilbruken i Trondheimsområdet.