Prop. 172 S (2012–2013)

Finansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2

Til innhaldsliste

6 Bruk av bompengar

Det er opna for at bompengar kan nyttast til drift av kollektivtransport som del av ein plan for eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, jf. Ot.prp. nr. 15 (2007-2008) og Innst. O. nr. 26 (2007-2008). I forarbeida til lova er det sett som krav at ei rekke føresetnader skal vere oppfylte før ei slik bompengepakke blir lagt fram for Stortinget. Mellom anna er det krav om at det skal ligge føre ei framstilling av heilskapen i pakka som gjer det tydeleg korleis trafikk- og miljøutfordringane skal handterast på kort og lang sikt. I denne framstillinga må det vere definert klare mål for kva ein skal oppnå i det området som bompengepakka omfattar. Det må mellom anna vere dokumentert ein samanheng mellom verknader på dei miljø- og trafikkutfordringane som skal løysast, og dei tiltaka som blir foreslått. Bruk av bompengar til drift av lokal kollektivtransport skal vere eit supplement til den ordinære innsatsen over fylkeskommunen sitt budsjett. Det blir såleis lagt til grunn at fylkeskommunen sine løyvingar til kjøp av kollektivtrafikk blir halde på minst same nivå som i dag. I tillegg må det vere utarbeidd ein strategi for handtering av driftsoppgåvene etter opphøyr av bompengefinansieringa, og det må gå fram kva som skal skje ved eventuell svikt i inntektene. Det må også vere laga eit opplegg for å rapportere om måla for bompengepakka blir nådde.

Bompengar til drift av kollektivtransporten i Trondheim er planlagt nytta til å utvide busstilbodet og til å finansiere alt gjennomførte takstendringar. Ei grov vurdering tilseier at utviding av superbusstilbodet frå 5 til 8 ruter kan føre til ein auke på mellom 1,4 og 2,1 mill. passasjerar per år. Vidare er det venta at dei gjennomførte takstreduksjonane vil føre til ein auke på om lag 0,5 mill. passasjerar per år. Bruk av bompengar til å auke driftstilskotet til kollektivtransporten i Trondheim er følgjeleg venta å føre til ein vesentleg vekst i talet på passasjerar.

I dei lokalpolitiske vedtaka om Miljøpakke Trondheim trinn 2 er det også lagt opp til å nytte bompengar til drift av hovudsykkelvegnettet. Etter Samferdselsdepartementet si vurdering må slik bruk av bompengar sjåast i samanheng med generell bruk av bompengar til drift og vedlikehald av vegnettet. Ein slik utvida bruk ville innebere ei utvikling der bompengar får preg av å vere ei permanent avgift. Samferdselsdepartementet meiner dette ville vere uheldig og ønskjer derfor ikkje å bruke bompengar til drift og vedlikehald.