Prop. 182 S (2012–2013)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 1

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Fv 714 mellom Stokkhaugen i Orkdal kommune og Sunde i Snillfjord kommune har låg standard, og strekninga er overrepresentert med utforkøyringar samanlikna med andre fylkesvegar i Sør-Trøndelag. Strekninga er viktig for næringsutviklinga i regionen. Samferdselsdepartementet tilrår derfor det føreslåtte opplegget for delvis bompengefinansiering av prioriterte prosjekt og tiltak på fv 714 i Orkdal og Snillfjord kommunar. Handsaming av utbygginga i to trinn vil gi eit betre grunnlag for å ta stilling til korleis finansieringa av dei attståande prosjekta skal handterast. Departementet viser i den samanhengen til at kryssinga av Åstfjorden er venta å utgjere om lag halve utbyggingskostnaden, og vil derfor vere avgjerande for økonomien i prosjektet.

Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget med ei sak om vidare utbygging av fv 714 mellom Stokkhaugen og Sunde når nødvendige avklaringar ligg føre.