Prop. 19 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Midlene under denne posten skal dekkje utgifter til tenester, oppdrag og prosjekt som er vesentlege i Nærings- og handelsdepartementet sitt arbeid med nærings- og handelspolitikken og som departementet ikkje har kapasitet eller kompetanse til å utføre sjølv. Løyvinga kan òg nyttast til å finansiere større utgreiingsutval.

Det er i statsbudsjettet for 2013 vedteke ei fullmakt til å inngå forpliktelsar ut over gitt løyving under posten på 7,5 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet har i 2013 lyst ut og tildelt to oppdrag om gjennomføring av to konseptvalutgreiingar (KVUar) på det nukleære fagområdet. På grunn av høge krav til kompetansen til leverandørane vart tilbodskonkurransane meir tidkrevjande enn først venta, og leverandørane vart derfor ikkje vald før i september 2013. Begge utgreiingane er forventa ferdigstilte i juni 2014 og ein del av kostnadane vil inntreffe i 2014.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke fullmakta til å inngå forpliktingar ut over gitt løyving under kap. 900, post 21 frå 7,5 mill. kroner til 11,5 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.

Post 75 Tilskot til særskilde prosjekt

Føremålet med ordninga er å kunne gi tilskot til tiltak som er vesentlege i Nærings- og handelsdepartementet sitt arbeid med nærings- og handelspolitikken.

For 2013 er det mellom anna satt av 15 mill. kroner for å restrukturere reiselivsnæringa. Det er usikkert når midlene vil kome til utbetaling og prosjekta kan bli forseinka. Truleg vil ein del av midlene bli utbetalt i 2014.

På dette grunnlaget gjer NHD framlegg om at løyvinga blir tilføydd stikkordet «kan overførast», jf. Forslag til vedtak III.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 01 Driftsutgifter

Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) har inngått ein avtale om leveranse av sikker eID frå private eID-leverandørar. Avtalen er inngått på vegne av mellom anna Brønnøysundregistra og det må derfor overførast vel 1,4 mill. kroner frå Brønnøysundregistra til DIFI.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,409 mill. kroner, frå 322,8 til 321,391 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 1560, post 22.

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast

Utgifter knytt til drift av Altinn skal finansierast av tenesteeigarane. Brønnøysundregistra blir fakturert for alle utgifter og viderefakturerer deretter tenesteeigarane i samsvar med gjeldande fordelingsnøkkel i inngått samarbeidsavtale. Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter og inntekter som følgje av fleire tenesteeigarar, fleire applikasjonar og oppdrag frå Skattedirektoratet i samband med nye versjonar av Altinn II.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 258,5 til 267,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 3904, post 03.

Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmesteren for Svalbard

Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast

Det har vore eit mindreforbruk på posten i fleire år noko som har ført til overføring av større beløp til 2012 og 2013. Behovet for sikrings- og miljøtiltak i 2013 vil bli dekt av disse overføringane.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 10,7 mill. kroner, frå 10,7 mill. kroner til 0.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Løyvinga i Saldert budsjett 2013 er på 1 600 mill. kroner. Løyvingar for 2013 dekkjer utbetaling av rettar opptent i 6. termin 2012 (for november og desember) og 1.-5. termin 2013 (for perioden januar-oktober). Gjennomsnittleg tal på sjøfolk i nettolønnsordninga for budsjettåret sine fire første terminar var 11 500 mot anslått 11 000.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 50 mill. kroner, frå 1 600 til 1 650 mill. kroner.

Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot

Halden-prosjektet (the OECD Halden Reactor Project) er det eldste internasjonale forskingsprosjektet i Noreg og det største forskingsprosjektet i verda på atomtryggleik med 20 medlemsland i 2013. Målet for prosjektet er å gjere produksjon av kjernekraft sikrare. Prosjektet, som går over treårsperiodar, blir administrert av Institutt for Energiteknikk (IFE).

Staten sitt tilskot til IFE for drift av Halden-prosjektet har dei seinare åra i minskande grad vore tilstrekkeleg til å dekkje den norske medlemskontingenten i prosjektet. IFE har årleg bidrege med ein aukande eigendel finansiert av eigne inntekter og frå basisløyvinga. Bortfall av internasjonale inntektar til Halden-reaktoren det siste året har gjort det ekstra krevande for IFE å finansiere drift av reaktoren.

For i auka grad å dekkje den norske medlemskontingenten i Halden-prosjektet, og gjere det mogleg på ei god måte å omstille drifta ved Halden-reaktoren, blir det foreslått å auke tildelinga til Halden-prosjektet med 13 mill. kronar i 2013, ved å omdisponere innanfor den gjeldande løyvinga til Noregs forskingsråd

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i saldert budsjett. Samla inneber endra valutakurs ei auke i utbetalingane på om lag 4 mill. kroner.

Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret, noko som gir innsparing på om lag 2,5 mill. kroner. Total auke i høve til budsjett for 2013 utgjer om lag 1,5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 146,4 til 147,9 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, til andre valutakursar enn dei som vart lagt til grunn i saldert budsjett. Samla inneber endra valutakurs ei auke i utbetalingane på om lag 7,4 mill. kroner.

Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2013 på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma, noko som gir ei innsparing på om lag 6,1 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner, frå 306,9 til 308,2 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og EGNOS, og jordobservasjonsprogrammet GMES blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i Saldert budsjett 2013. Den norske innbetalinga til Galileo har blitt auka med om lag 9,9 mill. kroner, medan innbetalinga til GMES har blitt redusert med om lag 7,2 mill. kroner i løpet av året.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill kroner, frå 195,7 til 198,4 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma.

Løyvinga på 100 mill. kroner i Saldert budsjett 2013 blei fastsett på grunnlag av forventa eurokurs og budsjettanslag frå Europakommisjonen. Faktiske utbetalinger til Europa-kommisjonen har vore vesentleg lågere enn forventa, mellom anna som følgje av lågare kontingentinnbetaling og lågare utgifter til oppfølging av programma. Samstundes har eurokursen vore høgare enn føresett.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 11,5 mill. kroner, frå 100 til 88,5 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

I Saldert budsjett 2013 er det løyvd 25,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handels-departementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2013 er anslått til om lag 17,7 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 25,7 til 17,7 mill. kroner.

Post 96 Aksjar

Ved Stortinget si handsaming 14. mai 2013 av Prop. 119 S og Innst. 284 S (2012–2013) Endringer i statsbudsjettet 2013 under Nærings- og handelsdepartementet (Cermaq ASA – statlig deltakelse i fortrinnsrettsemisjon), blei det løyvd 700 mill. kroner til statleg deltaking i ei planlagt kapitalforhøging i Cermaq ASA på 1,6 mrd. kroner. Formålet med kapitalforhøginga var å finansiere oppkjøp av selskapet Copeinca, som er ein av dei største fiskemjøl- og fiskeoljeprodusentane i Peru. Styret sitt forslag om kapitalforhøging oppnådde ikkje naudsynt fleirtal blant aksjonærane då saka blei handsama på ordinær generalforsamling i Cermaq ASA 21. mai 2013. Tidlegare gitte løyving på 700 mill. kroner blir såleis foreslått satt til 0.

Ved Stortinget si handsaming 20. juni 2013 av Prop. 178 S og Innst. 511 S (2012–2013) Statens eierskap i Cermaq ASA, blei Nærings- og handelsdepartementet gitt fullmakt til å kjøpe aksjar i Cermaq ASA opp til ein eigardel på 65 pst., og ei fullmakt til å selgje samtlege av staten sine aksjar i selskapet som del av ei industriell løysing. Staten kjøpte 24. og 25. juni 2013 i alt 14,46 millionar aksjar i Cermaq ASA for 1 561,7 mill. kroner. Staten eig etter dette 54,73 millionar aksjar i Cermaq ASA, tilsvarande ein eigardel på 59,17 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 861,7 mill. kroner, frå 1 200 til 2 061,7 mill. kroner.

Kap. 953 Kings Bay AS

Post 70 Tilskot

På statsbudsjettet 2013 er det løyvd 27,5 mill. kroner til Kings Bay AS. Av desse skulle 8,5 mill. kroner nyttast i samband med etableringa av ein tsjekkisk forskingsstasjon i Ny-Ålesund. Som følgje av at arkitektteikningane til forskningsstasjonen må omarbeidast på grunn av krav frå mellom anna Sysselmannen på Svalbard vil byggjearbeidene måtte utsettast til våren 2014, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Nærings- og handelsdepartementet.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,5 mill. kroner, frå 27,5 til 19 mill. kroner.

Kap. 960 Raufoss ASA

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

I Saldert budsjett 2013 blei det løyvd 8,2 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til 6,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner, frå 8,2 til 6,8 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betalar òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2013 er basert på realiserte innlån og avdrag så langt i år og prognosar på innlån og avdrag for resten av året.

Innlåna har blitt auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2013. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,15 mrd. kroner, frå 42,55 til 46,7 mrd. kroner.

Kap. 2426 SIVA SF

Post 90 Lån, overslagsløyving

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betaler òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5326. SIVA SF har ei innlånsramme på 700 mill. kroner. Ved saldering av budsjettet for 2013 la ein til grunn at SIVA SF ville refinansiere lån på til saman 140 mill. kroner, og dermed ikkje utnytte heile låneramma på 700 mill. kroner. SIVA SF har mellom anna hatt behov for finansiering til si eigedomsverksemd, og har derfor tatt opp fleire lån enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2013. SIVA SF har no utnytta låneramma fullt ut.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 120 mill. kroner, frå 140 til 260 mill. kroner.

IT Fornebu Properties AS

Staten er største enkelteigar i IT Fornebu Properties AS (ITFP) med 32,6 pst. SIVA Eiendom Holding AS forvaltar eigardelen.

ITFP har hausten 2013 realisert verdiar gjennom reduksjon av sine eigardelar i bygga som er leigde ut til mellom anna Statoil og andre kunnskapsmiljø. For desse bygga er det etablert eit felles selskap med det børsnoterte selskapet Technopolis OYJ, der ITFP eig 30 pst. og Technopolis eig 70 pst. ITFP AS er forplikta til å ha ein 30 pst. eigardel i 3-5 år.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Tilskot

I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet for 2013 blei det løyvd 110 mill. kroner i tilskot til Eksportkreditt Noreg AS. Tilskotet skal dekkje alle utgifter til administrasjon av selskapet og utlånsordninga som selskapet forvaltar. Ein ny gjennomgang av økonomien i selskapet syner at tilskotet for 2013 kan reduserast med 5 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 110 mill. kroner til 105 mill. kroner.

Post 90 Utlån

I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet for 2013 blei det løyvd 28,5 mrd. kroner til utbetaling av utlån under ordninga i 2013. Stortinget gav òg ei fullmakt til å kunne overskride løyvinga. Fleire alternative finansieringskjelder enn føresett, særleg for store selskap med store lån, bidrar til at låneutbetalingane under eksportkredittordninga blir noko lågare enn tidlegare budsjettert. Det mest sannsynlege overslaget for låneutbetalingar i 2013 er no 25,3 mrd. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,2 mrd. kroner, frå 28,5 til 25,3 mrd. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2013. Dette gjeld særleg Lausøyreregisteret og Føretaksregisteret.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 520 til 535 mill. kroner.

Post 03 Refusjonar og inntekter knytt til forvalting av Altinn-løysinga

Løyvinga foreslås auka med 9 mill. kroner, frå 55 til 64 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22, jf. omtale over.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 71 (ny) Gebyrinntekter frå lån til SAS-konsernet

Stortinget ga ved handsaminga av Prop. 38 S og Innst. 134 S (2012–2013) Statens eierskap i Cermaq ASA samtykkje til at staten deltok i ein trekkfasilitet med ei ramme på 3,5 mrd. svenske kroner som vert stilt til rådigheit for SAS-konsernet i perioden fram til 31. mars 2015. Staten sin del av ramma utgjer 500,5 mill. svenske kroner ved full utnytting. SAS har pr. 1. november 2013 ikkje nytta trekkfasiliteten.

SAS vil i samsvar med avtalen betale 18,8 mill. kroner i gebyrinntekter i 2013.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på ny post 71 på 18,8 mill. kroner.

Post 96 Sal av aksjar

I statsbudsjettet for 2013 er det løyvd 25 mill. kroner i inntekter frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med det føremålet å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og handelsdepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalane er offentlege og regulerer òg utrekning av vederlaget som staten skal ta i mot. Nærings- og handelsdepartementet inngjekk i 2012 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

Telenor ASA

Generalforsamlinga i Telenor ASA ga i mai 2012 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 80 millionar eigne aksjar, tilsvarande om lag 5 pst. av selskapet sin aksjekapital. Fram til februar 2013 kjøpte selskapet 19 943 900 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 23 379 635 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2013. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 544,2 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA ga i mai 2012 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 5 pst. av eigne aksjar, tilsvarande om lag 14,2 mill. aksjar. Fram til 30. august 2012 kjøpte selskapet 3 640 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 2 066 354 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2013. Etter at kapitalnedsetjinga var sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 532,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

Mesta AS – Tilbakeføring av aksjekapital

Generalforsamlinga i Mesta AS vedtok i mai 2013 at selskapet sin aksjekapital skulle setjas ned med 500 mill. kroner, 65,1 mill. kroner blir tilbakeført til staten som eigar og 434,9 mill. kroner blir heldt attende i selskapet som annan eigenkapital.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 117,1 mill. kroner, frå 25 til 3 142,1 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2013, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mrd. kroner, frå 42,4 til 46,2 mrd. kroner.

Post 91 Tilbakeført kapital, såkornfond

Fond oppretta 1997–2000

I følgje låneavtalane for såkornfonda som blei oppretta i perioden 1997–2000 skal dei attverande låna tilbakebetalast Innovasjon Noreg innan 31.12.2013. Utviklinga så langt har vist at det vil bli krevjande å få realisert porteføljen i dei fire attverande fonda. Det er derfor neppe mogeleg å gjere opp låna innan årsskiftet. Nærings- og handelsdepartementet vil følgje utviklinga og legg opp til å kome attende med ei nærare utgreiing og framlegg om naudsynte løyvingar, på eit seinare tidspunkt.

Landsdekkjande fond oppretta 2005

Det er føresett at dei statlige låna til såkornfonda skal betales attende etter 15 år, men det er mogeleg å betale attende avdrag på tidlegare tidspunkt. Avdraga vert betalt til Innovasjon Noreg og plassert på ein ikkje-renteberande konto i Noregs Bank. Det er lagt opp til at midla vert ført attende til statskassa året etter at dei er betalt til Innovasjon Noreg. Såkornfondet ProVenture Seed AS innbetalte 1,2 mill. kroner til Innovasjon Noreg i 2012. Innbetalinga kom som følgje av avhending av porteføljeselskap.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,8 mill. kroner, frå 10 til 1,2 mill. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet for 2013 blei det løyvd 25 mill. kroner i gebyrinntekter under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nytt overslag på gebyrinntekter under ordninga er 80 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 55 mill. kroner, frå 25 mill. kroner til 80 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet for 2013 blei det løyvd 3,3 mrd. kroner i avdragsinnbetalingar under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nytt overslag tyder på at avdragsinnbetalingane under ordninga aukar til 7 mrd. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,7 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 7 mrd. kroner.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna til SIVA i 2013, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 8,2 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8,2 mill. kroner, frå 29,6 til 21,4 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 45 mill. kroner, frå 300 til 255 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå Eksportkreditt Noreg AS

Post 80 Renter

I samband med Stortinget si handsaming av budsjettet for 2013 blei det løyvd 1,02 mrd. kroner i renteinntekter frå eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nytt overslag tyder på at renteinntektene under ordninga vil bli 925 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 95 mill. kroner, frå 1 020 til 925 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei redusert til 13 000,153 mill. kroner i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2013, er innbetalt utbyte frå selskapa om lag 40,5 mill. kroner lågare. Dette skuldast hovudsakeleg at det var lagt til grunn eit utbyte på 300 mill. kroner frå Mesta AS. Faktisk utdelt utbyte frå Mesta utgjorde 234,9 mill. kroner. Dei resterande 65,1 mill. kroner blei tilbakeført statskassa i samband med nedsetjing av selskapet sin aksjekapital, jf.omtale under kap. 3950, post 96. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS og Statkraft SF noko høgare enn opphaveleg lagt til grunn.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 40,453 mill. kroner, frå 13 000,153 til 12 959,7 mill. kroner.

Til forsida