Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

4 Oppheving av ordninga med brukarkontaktar for einsleg far eller mor

4.1 Gjeldande rett – bakgrunn

Ordninga vart innførd i samband med innskjerpinga av overgangsstønaden i 1998, som eit tilbod til einslege mødrer og fedrar. Brukarkontakten skulle vere eit bindeledd mellom dei offentlege etatane og personar som får stønader til einsleg mor eller far. Ei viktig oppgåve for brukarkontaktane var å rettleie brukarar som skulle ha bistand både frå trygdeetaten og Aetat.

Folketrygdlova § 15-12 har ein særregel om utdanningsstønad til einslege mødrer og fedrar som deltek som brukarkontakt i oppfølgingsverksemd for å kvalifisere og stimulere til arbeid og utdanning. Brukarkontaktar får kompensasjon for arbeidet i form av utdanningsstønad. Stønaden vert gjeve for 12 månader om gongen, men ikkje ut over 24 månader. Ein dag i veka skal brukast til kontaktarbeid og ein dag til studiar.

4.2 Departementet si vurdering og forslag

Behovet for brukarkontaktar er ikkje det same etter at Arbeids- og velferdsetaten blei oppretta, og ordninga med brukarkontaktar blir nesten ikkje brukt. Departementet ser ikkje lenger behov for ordninga og i eit høyringsnotat som blei sendt ut 11. mars 2013, foreslo departementet difor å avvikle ordninga med brukarkontaktar. Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til forslaget om å avvikle ordninga.

Departementet foreslår etter dette at reglane om brukarkontaktar i folketrygdlova §§ 15-6 åttande leddet, 15-8 første leddet og 15-12 femte leddet vert oppheva.

4.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2014, og at det vert gitt overgangsreglar for dei som er brukarkontaktar på ikraftsetjingstidspunktet.

Endringa vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida