Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

5 Endra avkortingsreglar og nivå på overgangsstønaden

5.1 Gjeldande rett – bakgrunn

Årleg overgangsstønad utgjer to gonger grunnbeløpet (G). Overgangsstønaden vert i dag skattlagt som pensjonsinntekt, dvs. med låg trygdeavgift og lågt minstefrådrag. Mottakarar av overgangsstønaden vert skattlagt etter skatteavgrensingsregelen viss det gir lågare skatt enn etter dei ordinære reglane. I forslaget til statsbudsjett for 2014 er det lagt opp til at skattereglane skal endrast slik at overgangsstønaden skattleggjast som lønsinntekt for nye stønadsmottakarar frå 1. april 2014. Dette er i tråd med korleis dei andre korttidsytingane vert skattlagt, og vil gi betre insentiv til arbeid for mottakarar av overgangsstønaden. Sjå også omtale i Prop. 1 LS (2013-2014) Skatter, avgifter og toll 2014.

5.2 Departementet si vurdering og forslag

Skatteendringa gir noko mindre utbetalt stønad for personar med lita eller inga inntekt ved sida av overgangsstønaden. For å kompensere for dette, foreslår departementet å auke overgangstønaden frå 2 G til 2,36 G for dei som vert omfatta av skatteendringa. Ei auke i overgangsstønaden på 0,36 G vil sikre at stønadsmottakarane ikkje får lågare utbetalt stønad som følgje av endringane i skattereglane.

Etter folketrygdlova § 15-9 vert overgangsstønaden redusert dersom den einslege mora eller faren har ei årleg arbeidsinntekt på meir enn 0,5 G. Overgangsstønaden vert i dag redusert med 40 prosent, dvs. 40 øre for kvar krone den einslege mora eller faren tener ut over det halve grunnbeløpet. Overgangsstønaden vil i dag falle heilt bort om den einslege moren eller faren har ein arbeidsinntekt på 463 122 kroner.

Når stønadsnivået vert auka til 2,36 G, vil retten til overgangsstønad, med gjeldande avkortingsreglar og dagens G, først falle bort når den einslege mora eller faren har ein arbeidsinntekt på 538 906 kroner. Ved å endre avkortingsreglane til 47,2 prosent, vil overgangsstønaden framleis falle bort ved ein inntekt på 463 122 kroner. Dermed vil også dei som har arbeid ved sidan av overgangsstønaden, komme om lag likt ut som i dag. Ei slik endring i avkortingsreglane, saman med ei auke i overgangsstønaden på 0,36 G, gjer at reglane for kor mykje ei einsleg mor eller far kan tene og likevel få overgangsstønad vert vidareført. Endringa i avkortingsreglane vil berre gjelde for dei som får ein overgangsstønad på 2,36 G, og vil gje små endringar i utbetalt stønad for dei som får overgangsstønad.

Departementet foreslår at folketrygdlova §§ 15-7 og 15-9 endrast i tråd med dette. Ein viser til lovforslaget.

5.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar.

Endringane trer i kraft 1. april 2014, og vert gjort gjeldande for nye tilfeller. For einsleg mor eller far som har søkt og fyller vilkåra for overgangsstønad før regelendringa trer i kraft, skal noverande reglar gjelde fram til 1. januar 2017.

Endringa av nivået på overgangsstønaden vil gje ei auke på om lag 88 millionar kroner over folketrygda sitt budsjett i 2014, medan endringa av avkortingsreglane vil gje ei innsparing på om lag 28 millionar kroner over folketrygda sitt budsjett i 2014.

Endringane inneber at Arbeids- og velferdsetaten må handtere to sett med avkortingsreglar for overgangsstønaden i tre år. Det er ikkje mulig å fastslå dei administrative kostnadene dette vil ha.

Til forsida