Prop. 20 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet for 2013

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Det blir foreslått å omdisponere 1 mill. kroner til kap. 1800, post 72 Tilskot til olje- og energiføremål. Sjå kap. 1800, post 72 for nærare omtale.

På denne bakgrunnen blir løyvinga foreslått redusert med 1 mill. kroner, frå om lag 33,8 mill. kroner til om lag 32,8 mill. kroner. Reduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1800, post 72 Tilskot til olje- og energiformål.

Post 72 Tilskot til olje- og energiføremål, kan overførast, kan nyttast under post 21

Olje- og energidepartementet gav i 2012 eit tilskot på 1 mill. kroner til Navitas Network for å utvikle eit dataverktøy som skal gjere informasjon om kommande kontraktmoglegheiter på norsk kontinentalsokkel og internasjonalt enklare tilgjengeleg for potensielle leverandørar.

Navitas er ein uavhengig og nøytral organisasjon som medverkar til transparens og mangfald i petroleumsleverandørindustrien og på ein systematisk måte formidlar relevant informasjon om kontraktar frå operatørselskap og hovudkontraktørar til leverandørindustrien gjennom nettstaden «findcontracts.no».

Det blir foreslått eit tilskot på 1 mill. kroner i 2013 til Navitas Network for vidareutvikling av nettstaden «findcontracts.no». På denne bakgrunnen blir løyvinga foreslått auka med 1 mill. kroner, frå 3 mill. kroner til 4 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande reduksjon under kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Nemning

Gjeldande løyving 2013

Endringsforslag

Forslag til ny løyving

Tilsyn med petroleumsverksemda

3 100

0

3 100

Oppdrags- og samarbeidsverksemd

70 000

60 000

130 000

Undersøkingar mv.

130 000

-110 000

20 000

Sum post 21

203 100

-50 000

153 100

Det blir foreslått å redusere løyvinga med netto 50 mill. kroner, frå 203,1 mill. kroner til 153,1 mill. kroner.

Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd omfattar oppgåver innanfor dataforvaltning og utvinningsteknologi, og del av samarbeidsprosjekta DISKOS og FORCE. OD har òg ei samarbeidsavtale med NORAD om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 70 mill. kroner til 130 mill. kroner. Auken har samanheng med svært høg aktivitet i Sudan og Sør-Sudan innanfor Olje for utvikling. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Undersøkingar mv.

Budsjettbehovet for 2013 er venta å bli om lag 110 mill. kroner lågare enn opphavleg budsjettert som følgje av forskyving av aktivitet og utbetalingar til 2014 når det gjeld kartlegging, seismikkundersøkingar og andre geologiske datainnsamlingar i regi av Oljedirektoratet, jf. Prop. 1 S (2013–2014).

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 110 mill. kroner, frå 130 mill. kroner til 20 mill. kroner. Vidare blir fullmakt til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 10 til 65 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Ved Stortingets behandling av Prop. 149 S (2012-2013) vart Oljedirektoratet (OD) gitt fullmakt til å nettoføre refusjonar for fellestenester (bedriftshelseteneste og IKT-tenester) som OD har med Petroleumstilsynet (Ptil) som utgiftsreduksjonar under kap. 1810, post 01. I tillegg til fellestenestene som blir utgiftsførte under post 01, er det behov for tilsvarande fullmakt knytt til investeringar i IKT-utstyr. Det blir på denne bakgrunn foreslått å gi OD fullmakt til å nettoføre refusjonar frå Petroleumstilsynet for investeringar i felles IKT-utstyr som utgiftsreduksjonar under kap. 1810, post 45, jf. Forslag til vedtak IV.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 01 Driftsutgifter

Noregs vassdrags- og energidirektoratets (NVE) saksbehandling når det gjeld godkjenning av anlegg med rett til elsertifikat og tilsyn blir dekt av gebyr. I gjeldande budsjett 2013 er det budsjettert med 6 mill. kroner i gebyrinntekter frå godkjende anlegg. Nytt overslag er 4,5 mill. kroner. Dette skal dekkje NVEs saksbehandlings kostnader. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 01 Gebyrinntekter.

På vegne av offentlege verksemder har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) inngått avtale om leveranse av elektronisk ID (eID) frå private leverandørar. Kvar gong det blir brukt ein eID utferda av desse til ei offentleg teneste, blir det utløyst eit betalingskrav til det offentlege. Basert på overslag om framtidig bruk vart det rammeoverført 65 000 kroner frå NVE til Difi. For NVE sin del vil heile rammeoverføringa bli tilbakeført, då det ikkje har vore nok innloggingar på NVEs teneste til å komme over terskelverdien som utløyste rammeoverføring frå NVE til Difi. Løyvinga blir på denne bakgrunnen foreslått auka med 65 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 1560, post 22.

Løyvinga blir netto redusert med 1,435 mill. kroner, frå tidlegare foreslått 475,6 mill. kroner til 474,165 mill. kroner.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60 og 72

Flaumen på Austlandet mai 2013

Krisetiltak, opprydding, reparasjon av sikringstiltak og mindre, permanente tiltak som følgje av flaumen på Austlandet i mai 2013 er budsjettert til 80 mill. kroner, jf. Prop. 189 S (2012–2013). Framdrifta til tiltaka har vore raskare enn først venta. Oppdatert overslag for påkomne kostnader i 2013 er 30 mill. kroner, ein auke på 15 mill. kroner i høve til forslaget i Prop. 189 S (2012–2013). I tillegg vil det påkome 15 mill. kroner i 2013 til oppstart av arbeida med det permanente sikringstiltaket på Kvam.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 15 mill. kroner i høve til forslaget i Prop. 189 S (2012–2013) og redusere fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving tilsvarande.

Fjellskredovervaking

Det blir foreslått å omdisponere 13 mill. kroner til kap. 1820, post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging. Sjå kap. 1820, post 72 for nærare omtale. Reduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1820, post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging.

Oppsummering

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med netto 2 mill. kroner i høve til forslaget i Prop. 189 S (2012–2013), frå tidlegare foreslått 170,3 mill. kroner til 172,3 mill. kroner. Vidare blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått redusert med 15 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak III.

Post 72 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22 og 60

Det er gitt 42 mill. kroner i tilsegn om tilskot til Åknes og Tafjord beredskap IKS og Nordnorsk fjellskredovervaking IKS i 2013. Tilskot skal gå til overvaking av dei skredfarlege fjellpartia ved Åkneset, Hegguraksla, Mannen og Nordnes. I tillegg er det gitt om lag 3 mill. kroner i tilsegn om tilskot når det gjeld andre sikringstiltak i privat regi.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 13 mill. kroner i 2013, frå 32 mill. kroner til 45 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande reduksjon under kap. 1820, post 22 Flaum- og skredførebygging.

Kap. 1821 Heimfalne anlegg

Post 60 Overføring til kommunar

Staten skal selje dei heimfalne reguleringsanlegga Elgsjø og Marsjø. Med utgangspunkt i anlegga sin berekna tekniske verdi vart reguleringsanlegga ved Elgsjø og Marsjø verdsette til 1 mill. kroner, jf. kap. 4821, post 40 Salsinntekter. Ein tredjepart av verdien av anlegga skal fordelast mellom Folldal kommune og Oppdal kommune etter ei berekning av talet på naturhestekrefter som er vunne inn for reguleringane. Vidare vil det komme til renter frå tidspunktet for salet til oppgjeret til kommunane finn stad.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å løyve 0,35 mill. kroner til Folldal og Oppdal kommune i 2013.

Kap. 1825 Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det er stort etterslep i utbetalingane for Noregs deltaking i IEE – Intelligent Energy Europe som er energiprogrammet i CIP – EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon. Det er utbetalt om lag 26 mill. kroner i 2013 og det står att om lag 18 mill. kroner i ubrukte midlar etter utbetalinga i 2013.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 18 mill. kroner, frå 25,7 mill. kroner til 7,7 mill. kroner. Ein vil komme tilbake til budsjettbehovet for energiprogrammet CIP i 2014 i revidert budsjett til våren.

Post 50 Overføring til Energifondet

Avkastinga av kapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging har gitt ei samla utbetaling på 999 mill. kroner i 2013, som er 3 mill. kroner høgare enn tidlegare budsjettert. Avkastinga blir overført til Energifondet.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke overføringa til Energifondet med 3 mill. kroner, frå 1 016 mill. kroner til 1 019 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 4825, post 85 Fondsavkastning.

Kap. 1830 Forsking

Post 22 Forvaltingsretta forsking og utvikling, kan overførast

Noregs vassdrags- og energidirektorat har motteke refusjonar i samband med deltaking i forskjellige forskingsprogram. I 2013 er det motteke refusjonar frå Energi Noreg og Statkraft SF i samband med FoU-programmet Miljøbasert vassføring.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått at løyvinga for 2013 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4830, ny post 10 Refusjonar, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 1833 CO2-handtering

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Fullskala CO2-handtering på Mongstad – Steg 2

Det er bestemt at planlegging og førebuing av fullskala CO2-fangst på Mongstad skal avsluttast. Prosjektet blir avslutta etter følgjande føresetnader:

  • Teknologikvalifiseringsprogrammet for fangstteknologi vert dokumentert og avslutta,

  • erfaringar og opparbeidd kunnskap i prosjektet skal bli ivareteke på ein best mogleg måte og

  • prosjektet skal avsluttast ryddig og kostnadseffektivt.

Det er utarbeidd ein plan for avslutninga med tilhøyrande demobiliseringsplan og budsjett. Det er lagt særleg vekt på avslutning av kontraktar og dokumentasjon av resultat. Det blir utarbeidd ei endringsavtale mellom Statoil ASA og staten som regulerer forhold som gjeld avsluttinga av prosjektet. Prosjektet skal etter planen vere avslutta innan utgangen av 2013.

Med bakgrunn i avgjerda om å avslutte planlegginga av fullskala CO2-fangst på Mongstad blir budsjettbehovet for 2013 redusert med 345 mill. kroner, frå 803 mill. kroner til 458 mill. kroner.

Vidare blir engasjementsoppfølgingskostnadene til Gassnova foreslått redusert med 18 mill. kroner, frå 38 mill. kroner til 20 mill. kroner. Gassnovas engasjementsteam skal følgje opp statens interesser i avviklinga og ivaretakinga av opparbeidd kunnskap.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 363 mill. kroner, frå 841 mill. kroner til 478 mill. kroner.

Transport og lagring av CO2 frå Mongstad

Avgjerda om å avslutte arbeidet med å planleggje fullskala CO2-handtering får konsekvensar for Gassnovas arbeid med ei løysing for transport og lagring. Arbeidet som er starta med å modne fram Johansen‐formasjonen blir avslutta så raskt dette er mogleg etter inngått kontrakt. Det vil komme til kostnader i samband med avslutning av denne kontrakten. Arbeidet knytt til modning av transport‐ og lagringsløysing for fangstanlegget på Mongstad vil bli dokumentert og avslutta. Gassnova vil syte for at læring frå prosessen blir summert opp og gjort tilgjengeleg for seinare prosjekt. Det vil komme til kostnader i samband med dette arbeidet.

Budsjettbehovet er redusert med 160 mill. kroner, frå 164 mill. kroner til 4 mill. kroner. Vidare vil Gassnovas kostnader til engasjementsoppfølging bli reduserte med 22 mill. kroner, frå 49 mill. kroner til 27 mill. kroner. Mye av reduksjonen skuldast at vidare arbeid med lagring i juni blei konsentrert rundt Johansenformasjonen. Johansenformasjonen er allereie godt utreda og behovet for nye studier blei difor betydeleg redusert.

Avgjerda om å avslutte arbeidet med å planleggje fullskala CO2-handtering får òg konsekvensar for Gasscos arbeid med å etablere løysingar for røyrleidning frå Mongstad til eigna lager. Gassco vil utarbeide ein rapport som summerer teknologikvalifiseringsaktivitetane som er gjennomførte. Samla blir tilskotet til Gassco AS foreslått redusert med 41 mill. kroner, frå 57 mill. kroner til 16 mill. kroner.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med til saman 223 mill. kroner, frå 270 mill. kroner til 47 mill. kroner.

TCM – engasjementsoppfølging

Gassnova følgjer opp statens interesser i Teknologisenteret for CO2-handtering på Mongstad, blant anna gjennom eit eige engasjementsteam. Gassnova har inngått avtale med TCM DA om at Gassnovas ressursar som blir nytta til arbeid med testaktivitet på den ledige tomta ved anlegget skal belastast TCM DA. Dette gir ein reduksjon i budsjettbehov for 2013. Vidare er budsjettbehovet for studiar redusert i 2013.

Det blir på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 18 mill. kroner til 10 mill. kroner.

Oppsummering

På bakgrunn av ovannemnde blir løyvinga foreslått redusert med 594 mill. kroner, frå 1 191 mill. kroner til 597 mill. kroner.

Post 71 Forskingstenester, TCM DA, kan overførast

Løyvinga til kjøp av forskingstenester dekkjer nedbetaling av lån og driftsutgifter ved teknologisenteret på Mongstad.

Utgifter til avdrag og renter på utlånet blir samla reduserte med 65 mill. kroner, jf. tilsvarande endringar og omtale under kap. 4833, post 80 og 86.

Det blir anslått at statens del (75,12 pst.) av netto driftskostnader til TCM DA vil bli 15 mill. kroner høgare som følgje av lågare inntekt frå testavtala med Aker Clean Carbon når det gjeld aminanlegget. Inntektene frå testavtala med Aker Clean Carbon er lågare fordi aminanlegget ikkje har vore i drift sidan mai 2013 blant anna på grunn av utfordringar med køyring av anlegget med røykgassen frå raffineriet.

Ovannemnde endringar medfører vidare ein reduksjon i utgifter til meirverdiavgift på 11 mill. kroner.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 61 mill. kroner, frå 1 810 mill kroner til 1 749 mill. kroner.

Kap. 1870 Petoro AS

Post 71 Unitisering, kan overførast

Johan Sverdrup strekkjer seg over utvinningsløyva 265, 501 og 502. I medhald av petroleumslova § 4-7 er rettshavarane pålagte å søkje semje om samordna utvinning av førekomsten og fordeling av denne (unitisering). Staten ved SDØE har eigarinteresser i utvinningsløyva 265 og 502. Det går føre seg eit omfattande arbeid med kartlegging og avgrensing for å stadfeste ressursane i dei tre utvinningsløyva og arbeid for val av utbyggingsløysing. Arbeidet blir gjennomført av operatørane for utvinningsløyva på vegne av alle rettshavarane.

Petoros del av arbeidet med unitiseringsforhandlingane for Johan Sverdrup-funnet er berekna til totalt 80 mill. kroner. Innlevering av plan for utbygging og drift (PUD) er planlagt til 4. kvartal 2014.

Budsjettbehovet for 2013 er anslått å bli om lag 3 mill. kroner lågare enn budsjettert på grunn av forskyving av kostnader frå 2013 til 2014.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 30 mill. kroner til 27 mill. kroner. Ein vil komme tilbake til budsjettbehovet for 2014 i revidert budsjett til våren.

Post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk kontinentalsokkel, kan overførast

I 2. konsesjonsrunde på islandsk sokkel tildelte islandske styresmakter i januar 2013 to utvinningsløyve. I kvar av desse utvinningsløyva har den norske stat ein 25 pst. deltakardel på vilkår om Stortinget sitt samtykkje til å dekkje naudsynte utgifter.

Islandske styresmakter legg innan kort tid opp til å tildele eit nytt utvinningsløyve på islandsk sokkel beståande av 18 blokker til Eykon Energy og China National Offshore Oil Company. Arbeidsprogrammet som er foreslått er basert på sekvensielle avgjerder med omsyn til datainnsamling og moglegheit for at deltakinga kan trekkjast ved kvart av avgjerdspunkta. Kostnaden ved norsk deltaking i den første fasen av arbeidsprogrammet (4 år) er av Petoro AS rekna til om lag 25 mill. kroner. På bakgrunn av avgrensa kostnader ved å delta i den første fasen av arbeidsprogrammet og moglegheita for petroleumsressursar i området, vart det ved kongeleg resolusjon av 22. november 2013 vedteke at Noreg skal delta med 25 prosent deltakardel i det 3. utvinningsløyvet i 2. konsesjonsrunde på islandsk sokkel. Islandsk sokkel er i dag kjenneteikna av låg datadekning. Det kan vere bergartar med potensial for hydrokarbonar i Jan Mayen-området tilsvarande tidlegare naboområde på Aust-Grønland og i Norskehavet. Avgjerda gjeld for første fase av arbeidsprogrammet for utvinningsløyva. Norsk statleg deltaking og finansiering av ein eventuell andre fase vil bli vurdert på nytt når resultata frå første fase ligg føre.

Det blir foreslått at Olje- og energidepartementet i 2013 får fullmakt til å pådra staten forpliktingar innanfor ei total økonomisk ramme på inntil 25 mill. kroner til kjøp av geologiske data og utgifter som kjem til i første fase av det nye utvinningsløyvet, jf. Forslag til vedtak III.

Kostnadene ved norsk deltaking i den første fasen av arbeidsprogramma i dei to første utvinningsløyva som er tildelte, er av Petoro rekna til totalt om lag 30 mill. kroner. På bakgrunn av oppdatert arbeidsprogram og budsjett frå operatørane i dei to første utvinningsløyva og tiltreding i det tredje utvinningsløyvet, blir staten sin del redusert med 8 mill. kroner i 2013. Dette skuldast ei forskyving av arbeidsprogrammet i eitt av utvinningsløyva frå 2013 til 2014 som følgje av operatørskifte, og betydeleg mindre kjøp av geologiske data enn venta.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 18 mill. kroner til 10 mill. kroner.

Petroleumsaktiviteten på islandsk sokkel er i ein tidleg fase og det er stor uvisse knytt til både budsjettoverslaga og framdrift i aktivitetane. Det blir på denne bakgrunnen foreslått at kap. 1870, post 73 Statleg deltaking i petroleumsverksemd på islandsk sokkel blir tilføydd stikkordet «kan overførast».

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Endringar på statsbudsjettet 2013 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post Underpost

Nemning

Gjeldande løyving1

Forslag til ny løyving

Endring

2440

30

Investeringar

30 000

32 500

2 500

Sum kap. 2440

30 000

32 500

2 500

5440

24.1

Driftsinntekter

185 900

198 100

12 200

24.2

Driftsutgifter

-32 800

-35 700

-2 900

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 500

-2 800

-300

24.4

Avskrivingar

-19 300

-19 300

24.5

Renter av statens kapital

-6 400

-6 400

24

Driftsresultat

124 900

133 900

9 000

30

Avskrivingar

19 300

19 300

80

Renter av statens kapital

6 400

6 400

Sum kap. 5440

150 600

159 600

9 000

Kontantstraum frå SDØE:

Innbetalingar2

185 900

198 100

12 200

Utbetalingar3

65 300

71 000

5 700

Nettokontantstraum frå SDØE

120 600

127 100

6 500

1 Gjeldande løyving for 2013 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 11. desember 2012 og seinare endringar i 2013 (revidert budsjett), jf. Prop. 149 S og Innst. 470 S (2012-2013).

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader

Grunnlaget for forslaget til nye løyvingar kjem frå ein oppdatert prognose for 2013 frå Petoro. Denne prognosen er basert på rekneskapsføring for inntekter og utgifter per 30. september 2013 og overslag for resten av året.

Overslaget under kap. 2440, post 30 Investeringar er auka med 2 500 mill. kroner, frå 30 000 mill. kroner til 32 500 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg betre framdrift i planlagde investeringar og auka investeringar på Norne, Gullfaks, Draugen og Heidrun.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 12 200 mill. kroner, frå 185 900 til 198 100 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg høgare prisføresetnader. Overslaget baserer seg på ein gjennomsnittleg oljepris for 2013 på om lag 624 kroner per fat og ein gjennomsnittleg gasspris for 2013 på 2,35 kroner per Sm3. Gjeldande budsjett 2013 baserte seg på ein gjennomsnittleg oljepris på 600 kroner per fat og ein gjennomsnittleg gasspris på 2,20 kroner per Sm3. I tillegg medverker forventningar om redusert arbeidskapital til auka kontante inntekter.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 2 900 mill. kroner, frå 32 800 mill. kroner til 35 700 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg auka transportkostnader og auka kostnader for kjøp av gass for vidaresal som følgje av høgare volum og prisar enn tidlegare rekna med.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 300 mill. kroner, frå 2 500 mill. kroner til 2 800 mill. kroner, hovudsakleg som følgje av auka aktivitet i samband med leiting og avgrensingsbrønnar knytte til Johan Sverdrup.

Ovannemnde endringar i underpostar medfører at SDØEs berekna driftsresultat blir foreslått auka med 9 000 mill. kroner, frå 124 900 mill. kroner til 133 900 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 120 600 mill. kroner til 127 100 mill. kroner. kroner, ein auke på 6 500 mill. kroner i høve til gjeldande budsjett for 2013.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Endringar under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande overslag

Nytt overslag

Endring

2490

24.1

Driftsinntekter

-60 000

-76 300

-16 300

24.2

Driftsutgifter

54 300

70 300

16 000

24.3

Avskrivingar

4 900

5 400

500

24.4

Renter av statens kapital

800

600

-200

24.5

Investeringsformål

2 000

2 000

24.6

Reguleringsfond

-2 000

-2 000

24

Driftsresultat

0

0

0

Overslaget under kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 16,3 mill. kroner, frå 60 mill. kroner til 76,3 mill. kroner. Driftsinntekter kjem frå sal av forbygningstenester til NVE og eksterne oppdrag. Auken skuldast høgare omsetjing i samband med flaumen på Austlandet i 2013.

Overslaget under kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 16 mill. kroner, frå 54,3 mill. kroner til 70,3 mill. kroner. Driftsutgifter består av lønn og kjøp av varer og tenester. Auken har samanheng med auka aktivitet i samband med ovannemnde flaum- og skredhendingar.

Overslaget under kap. 2490, underpost 24.3 Avskrivingar er auka med 0,5 mill. kroner, frå 4,9 mill. kroner til 5,4 mill. kroner. Auken har samanheng med ekstraordinære avskrivingar i 2013.

Overslaget under kap. 2490, underpost 24.4 Renter av statens kapital er redusert med 0,2 mill. kroner, frå 0,8 mill. kroner til 0,6 mill. kroner. Reduksjonen har samanheng med at NVE Anlegg har leigd utstyr i større grad enn budsjettert.

Ovannemnde endringar i underpostar fører ikkje til endring i NVE Anlegg sitt berekna driftsresultat.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Staten som eigar av Gassco AS garanterer for skadar og tap på mottaksterminalane på kontinentet som oppstår som følgje av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 69 og Innst. S. nr. 230 (2006–2007).

Garantipremien er sett til 70 pst. av forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring. Med dagens premie på om lag 1,6 mill. kroner svarer dette til 1,1 mill. kroner i 2013.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å redusere løyvinga med 0,15 mill. kroner, frå 1,25 mill. kroner til 1,1 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å auke løyvinga med 60 mill. kroner, frå 69,4 mill. kroner til 129,4 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Post 04 Sal av undersøkingsmateriale

Seismiske data frå områda utanfor Lofoten vart lagt ut for sal som datapakkar i 2011. I juni 2013 vart det bestemt at seismiske data frå Barentshavet søraust og i norske havområde ved Jan Mayen òg skulle leggjast ut for sal som datapakkar. Det er budsjettert med 403,2 mill. kroner (eksklusiv meirverdiavgift) i inntekter frå sal av undersøkingsmateriale i 2013. Meirverdiavgift blir inntektsført under kap. 5521.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 01 Gebyrinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 65,5 mill. kroner til 64 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 4821 Heimfalne anlegg

Post 40 Salsinntekter

Staten skal selje dei heimfalne reguleringsanlegga Elgsjø og Marsjø til Glommens og Laagens Brukseierforening (GLB). Reguleringane av Elgsjø og Marsjø vart tekne i bruk i høvesvis 1914 og 1910 for å sikre elektrisk kraft til gruvedrifta i Folldal. Konsesjon med reguleringsretten gjekk ut 5. januar 1990 og reguleringsanlegga fall heim til staten. GLB fekk likevel løyve til å manøvrere reguleringsanlegga frå heimfallstidspunktet. GLB, som einaste regulant i vassdraget, fekk reguleringskonsesjon for Elgsjø og Marsjø ved kgl.res. 7. mai 2010 og i den samanhengen vart det bestemt at GLB var einaste aktuelle kjøpar av reguleringsanlegga. Sal av statleg eigedom skal skje i høve til avhendingsinstruksen fastsett ved kgl. res. 19. desember 1997. Avhending kan skje ved direkte sal når det berre er ein aktuell kjøpar, jf. Instruksen sitt punkt 3.4.

Drift av reguleringsanlegg er basert på sjølvkost og verdien heng saman med fallretten. Med utgangspunkt i anlegga sin berekna tekniske verdi er reguleringsanlegga ved Elgsjø og Marsjø verdsette til 1 mill. kroner.

Ein tredjepart av verdien av anlegga skal fordelast mellom Folldal kommune og Oppdal kommune etter ei berekning av talet på naturhestekrefter som er vunne inn for reguleringane, jf. kap. 1821, post 60 Overføring til kommunar. Eigedomsretten til den opphavlege anleggsvegen frå Elgsjødammen til Bekkelægret og anleggsvegen til Marsjødammen følgjer med som ein del av salet.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å løyve 1 mill. kroner i salsinntekter frå dei heimfalne reguleringsanlegga Elgsjø og Marsjø.

Kap. 4825 Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi

Post 85 Fondsavkasting

Avkastinga av kapitalen i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging i 2012 vart om lag 999 mill. kroner. Avkastinga blir overført til Energifondet.

Det blir på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner i 2013, frå 996 mill. kroner til 999 mill. kroner. Auken blir motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1825, post 50 Overføring til Energifondet.

Kap. 4833 CO2-handtering

Post 80 Renter, TCM DA

Renteinntekter frå TCM DA er berekna til 111 mill. kroner i 2013, ein reduksjon på 21 mill. kroner i forhold til gjeldande budsjett 2013. Reduksjonen skuldast at kontantinnkallinga for 2013 ikkje skjedde før i fjerde kvartal. Dermed er det berre tre månader med renteeffekt. I tillegg er gjennomsnittleg rentenivå i 2013 anslått til 2,7 prosentpoeng, ein reduksjon på 0,55 prosentpoeng i høve til rentenivået som låg til grunn for overslaget til revidert budsjett. Ein viser til motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1833, post 71.

Post 86 Avdrag, TCM DA

Avdragsinntekter frå TCM DA er anslått til 1 059 mill. kroner i 2013, ein reduksjon på 44 mill. kroner i høve til gjeldande budsjett 2013. Reduksjonen har samanheng med at kontantinnkallinga for 2013 ikkje skjedde før i fjerde kvartal, og noko lågare låneopptak i 2013 enn tidlegare anteke. Låneavtala med TCM DA som regulerer nedbetaling av eksisterande og nye lån blir justert kvar sjette månad, nedbetalinga av kontantinnkallinga i 2013 vil difor ikkje starte før i 2014. Ein viser til motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1833, post 71.