Prop. 20 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2012–2013).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av slike fullmakter i 2013.

3.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved to høve i 2013:

Oseberg Delta 2

Departementet tok 30. mai 2013 imot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Oseberg Delta 2. Feltet blir bygd ut med to installasjonar på havbotnen og blir knytt til Oseberg Feltsenter. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Produksjonen vil ta til i første kvartal 2015. Rettshavarane i Oseberg Delta 2 er operatøren Statoil Petroleum AS (49,3 pst.), Petoro AS (33,6 pst.), Total E&P Norge AS (14,7 pst.) og ConocoPhillips Skandinavia AS (2,4 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 7,8 mrd. 2013-kroner. Plan for utbygging og drift levert av ConocoPhillips Skandinavia AS vart vedteken ved kongeleg resolusjon 4. oktober 2013.

Varg Gasseksport

Departementet tok 6. desember 2012 imot søknad om løyve til anlegg og drift av Varg gasseksport. Røyret skal transportere gass frå Varg-feltet til Rev-feltet for vidare eksport til Storbritannia via Armada-feltet på britisk sokkel. Varg-feltet hadde produksjonsstart i 1998, men inneheld hovudsakleg olje og gassen har til no blitt reinjisert i reservoaret. Gasseksport er planlagd frå desember 2013. Varg gasseksport blir bygt ut av rettshavarane på Varg-feltet som er operatøren Talisman Energy Norge AS (65 pst.), Petoro AS (30 pst.) og Det norske oljeselskap (5 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for anlegg og drift rekna til 721 mill. 2012-kroner. Løyve til anlegg og drift av Varg gasseksport vart vedteke ved kongeleg resolusjon 12. april 2013.