Prop. 201 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 er det lagt til grunn ei trinnvis utbygging og utbetring av E6 på Helgeland til samanhengande god og einsarta standard. Prosjektet er ei samla utbyggingspakke og føresett gjennomført i tre delar: E6 Helgeland nord, Helgeland sør og Brattås – Lien. Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E6 mellom Korgen i Hemnes kommune og Bolna i Rana kommune (E6 Helgeland nord). I tillegg legg departementet fram eit førebels opplegg for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga frå Nord-Trøndelag grense til Bolna.

E6 er det viktigaste vegsambandet mellom Nord- og Sør-Noreg. I tillegg er E6 hovudferdselsåra på Helgeland. Vegen er derfor viktig for næringslivet i området, både for oppdrettsnæringa, fiskeindustrien, oljeverksemda og turistnæringa. E6 på Helgeland har låg standard og er prega av forfall. I tillegg er den utsett for ulykker. Formålet med utbygginga er å få ein jamn og god standard på heile strekninga. Det er lagt opp til anleggsstart for E6 Helgeland nord hausten 2014. For E6 Helgeland sør (Nord-Trøndelag grense – Korgen) og E6 Brattås – Lien ligg det enno ikkje føre vedtekne reguleringsplanar. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til opplegg for finansiering og utbygging av desse strekningane når det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.