Prop. 201 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Korgen – Bolna i Hemnes og Rana kommunar (E6 Helgeland nord) i Nordland

Til innhaldsliste

8 Garantiar

Som det går fram av kapittel 3, har Nordland fylkeskommune og Grane, Vefsn og Rana kommunar fatta vedtak om garantiar for eit bompengelån på inntil 590 mill. kr til utbygging av E6 Korgen – Bolna. Garantien er fordelt med 295 mill. kr på Nordland fylkeskommune, 11 mill. kr på Grane kommune, 98 mill. kr på Vefsn kommune og 186 mill. kr på Rana kommune.

Det er ein føresetnad at fylkesmannen i Nordland godkjenner dei kommunale garantiane og at Kommunal- og regionaldepartementet godkjenner den fylkeskommunale garantien. Garantistane sitt eventuelle utlegg kan dekkjast inn gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst og forlenga innkrevjing med inntil 5 år.