Prop. 33 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Bestillingsfullmakter

Regjeringa foreslår ei intern omfordeling av bestillingsfullmakter mellom kapitla.

Bestillingsfullmakter under kapittel 1720 Felles leiings- og kommandoapparat, post 01 driftsutgifter, vert foreslått auka med 60 mill. kroner, frå 0 til 60 mill. kroner. Auken gjeld endra ansvarsforhold mellom kapittel 1720 og 1725, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010).

Bestillingsfullmakter under kapittel 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben, post 01 driftsutgifter, vert foreslått redusert med 60 mill. kroner, frå 80 mill. kroner til 20 mill. kroner. Reduksjonen gjeld endra ansvarsforhold mellom kapittel 1720 og 1725, jf. omtale i Prop. 1 S (2009–2010).