Prop. 6 L (2011–2012)

Endringar i lov om folkebibliotek

Til innhaldsliste

2 Innhald og bakgrunn

I bibliotekmeldinga vart det understreka at eit hovudmål med statens bibliotekpolitikk er å utvikle robuste og omstillingsdyktige bibliotek som kan tilby alle innbyggjarane betre bibliotektenester. Det vart også vist til at det er behov for ein overordna politikk som kan medverke til at biblioteka tek i bruk løysingar som er gode nok til å møte morgondagens utfordringar. Det vart dessutan understreka at det er behov for klårare ansvarsdeling og satsingsprogram for å nå ei slik utvikling.

I bibliotekmeldinga vart det varsla at Kulturdepartementet i samråd med relevante departement og styret for ABM-utvikling ville vurdere om det kunne vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kunne vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket. Stortinget støtta denne intensjonen og peikte på at ei avklaring av oppgåvefordelinga mellom institusjonane kunne vere naturleg, jf. Innst. S. nr. 320 (2008-2009).

Etter biblioteklova § 13 har ABM-utvikling ansvaret for statens folkebibliotekoppgåver. ABM-utvikling vart etablert 1. januar 2003 som eit tverrsektorielt og departementsoverskridande organ for arkiv, bibliotek og museum. Utgangspunktet var dei tre eksisterande organa Statens bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling. Føresetnaden var at organet skulle ha tilfredsstillande kompetanse til å ta hand om oppgåver også på arkivområdet.

I Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 vart det gjort framlegg om å overføre dei fleste av ABM-utviklings bibliotekfunksjonar til Nasjonalbiblioteket. Stortinget slutta seg til framlegget, jf. Innst. 350 S (2009-2010). Overføringa vart effektuert 1. juli 2010. Unnataket er oppgåver som gjeld konsortieavtalar og lisensar. Desse vart overførte til Cristin, som er det nye felles forskingsdokumentasjonssystemet. Det ligg under Kunnskapsdepartementet. Dette vart effektuert 1. januar 2011. I tillegg til fire årsverk knytte til konsortium og lisensar, vart ytterlegare to årsverk som skal knytast til arbeidet i Cristin, overførte frå ABM-utvikling.

Nasjonalbiblioteket vart etablert i 1989, og har vore ein samlingsforvaltande institusjon med pliktavleveringslova som eit viktig verkemiddel. Nasjonalbiblioteket har gjort store investeringar i digital teknologi og har etablert eit digitalt bibliotek med ulikt kjeldemateriale. Det vert satsa stort på digitalisering av bøker, fotografi og anna materiale.

I St.meld. nr. 24 (2008-2009) Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv vart det slått fast at Nasjonalbiblioteket er hovudaktøren i digitaliseringsarbeidet på bibliotekfeltet, og at det skal ha eineansvar for bibliografiske standardar og digitale løysingar for å søkje på tvers av alle bibliotek. Nasjonalbiblioteket skal også vidareutvikle satsinga på frikjøp av verna materiale for digital framvising gjennom prosjektet bokhylla.no.