Prop. 7 L (2010–2011)

Endringar i kringkastingsloven og medieeierskapsloven

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Kringkastingsloven:

Til ny § 2-14

Den nye bestemminga heimlar opprettinga av Klagenemnda for mediesaker (Medieklagenemnda). Klagenemnda vil vere den same som klagenemnda for enkeltvedtak etter medieeierskapsloven. Klagenemnda vil ha same myndigheit som andre klageinstansar, dvs. at nemnda kan prøve både tilsynsorganet si utøving av skjønn og lovbruk.

Første ledd slår fast at klagenemnda skal behandle klagar over Medietilsynets enkeltvedtak etter kringkastingsloven eller regler fastsett i medhald av loven. Etter forslaget vil følgjeleg klagar på vedtak fatta i medhald av andre lovverk framleis følgje forvaltningsloven sitt hovudsystem om at klagar blir behandla av overordna departement. Til dømes skal departementet handsame klagar på vedtak Medietilsynet gjer om dokumentinnsyn etter forvaltningsloven og offentleglova samt sakskostnader etter forvaltningsloven § 36. Det same gjeld vedtak Medieklagenemnda gjer etter andre lovverk i første instans. Klagenemnda er ikkje gitt kompetanse til å omgjere Medietilsynet sine vedtak av eige tiltak.

Klagenemnda har ei uavhengig rolle i forhold til departementet. Andre ledd slår derfor fast at eventuelle søksmål mot vedtak Medietilsynet eller Medieklagenemnda gjer skal rettast til staten v/Klagenemnda for mediesaker (Medieklagenemnda).

Tredje ledd slår fast at Kongen kan gi nærmare reglar om storleiken på klagenemnda, samansetjing og oppgåver i forskrift. Dette kan f.eks. vere krav til fagleg kompetanse for nemnda sine medlemmer, behandlingsreglar osv. Nemnda har såleis berre kompetanse til å handsame saker der det ligg føre ein klage frå tredjepart over eit vedtak frå Medietilsynet etter kringkastingsloven eller reglar med heimel i loven.

I fjerde ledd foreslår departementet at enkeltvedtak Medietilsynet gjer etter kringkastingsloven i saker som gjeld tilsyn med konsesjonsvilkår for riksdekkjande kringkasting eller riksdekkjande anlegg for kringkasting framleis skal bli klaga over til departementet.

Til ny § 2-15

Ny § 2-15 inneheld regler som gjer greie for kva myndigheit departementet har til å gjere om vedtaka til Medietilsynet og instruere tilsynet i einskilde saker og på generelt grunnlag. Departementet sitt høve til å gi generelle instruksar blir oppretthalde uavkorta.

Hovudregelen etter § 2-15 første ledd er at departementet ikkje kan instruere Medietilsynet i enkeltsaker, eller gjere om vedtak tilsynet har gjort. Unnateke frå hovudregelen er Medietilsynet sine enkeltvedtak som gjeld tilsyn med konsesjonsvilkår for riksdekkjande kringkasting, jf § 2-1, eller riksdekkjande anlegg for kringkasting eller vidaresending av kringkasting, jf § 2-2. Etter første ledd andre punktum vil departementet vidare ha myndigheit til å påleggje Medietilsynet å ta ei sak opp til behandling.

I andre ledd er det gitt ein sikkerheitsventil for politisk styring i prinsipielle og viktige saker ved at Kongen i statsråd kan omgjere Medietilsynet eller klagenemnda sine vedtak etter kringkastingsloven i saker av prinsipiell eller stor samfunnsmessig betydning. Høvet til omgjering vil gjelde uavhengig av om partane i saka har klaga over Medietilsynet si avgjerd. Vidare vil det foreslåtte høvet til omgjering innebere at Kongen i statsråd kan gripe inn og omgjere eit vedtak sjølv om klagebehandlinga ikkje er avslutta.

Medieeierskapsloven:

§ 8. Klagenemnd blir endra slik at ho heimlar same klagenemnd som etter kringkastingsloven. Lovfestinga av talet på medlemmer blir foreslått fjerna slik at det vil vere opp til Kongen å fastsetje kor mange medlemmer nemnda bør ha.