Prop. 7 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

Innleiing

Arbeidsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2013.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2013 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2013.

Arbeidsdepartementet fremmar forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 288,5 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 404,2 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 265 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert nedsett med om lag 427,7 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 215,3 mill. kroner.