Prop. 75 S (2010–2011)

Kostnadsramme for prosjektet rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

2 Styringsramme og kostnadsramme for prosjektet rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal

Etter ekstern kvalitetssikring legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme for prosjektet på 860 mill. 2010-kr og ei kostnadsramme på 925 mill. 2010-kr. Omrekna til 2011-prisnivå er styringsramma 880 mill. kr og kostnadsramma 945 mill. kr. Styringsramma er i tråd med tilrådinga frå den eksterne konsulenten. Den eksterne konsulenten tilrådde ei kuttliste, som i tilfelle skulle leggjast til grunn ved overskriding av styringsramma. Denne er ikkje teken til følgje. Konsulenten tilrådde såleis ei noko lågare kostnadsramme enn det som blir lagt til grunn.

Det er lagt opp til anleggsstart på prosjektet våren 2011. Prosjektet er venta opna for trafikk ved årsskiftet 2013/2014.

Til forsida