Prop. 79 L (2012–2013)

Endringar i folketrygdlova (utviding av stønadsperioden for foreldrepengar mv.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

I Prop. 1 S (2012-2013) Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vart det føreslege å utvide fedrekvoten med to veker, gjennom ei tilsvarande forlenging av den samla stønadsperioden. Ved innføring av ei tredelt foreldrepengeordning med verknad for born fødde 1. juli 2013 og seinare (jf. endringslov 15. juni 2012 nr. 32), vil kvar av foreldra då få ein kvote på 14 veker. Grunngjevinga for forslaget i statsbudsjettet var at fedrekvoten er eitt av dei viktigaste tiltaka for å auke fedreuttaket av foreldrepengar. Å utvide fedrekvoten aukar dermed deltakinga frå far i omsorga for barnet dei fyrste leveåra, og det er viktig for å etablere god kontakt mellom far og barn.