Prop. 79 L (2012–2013)

Endringar i folketrygdlova (utviding av stønadsperioden for foreldrepengar mv.)

Til innhaldsliste

3 Gjeldande rett

3.1 Foreldrepengeordninga

Den samla stønadsperioden er i dag på 47 veker med 100 prosent dekningsgrad eller 57 veker med 80 prosent dekningsgrad. Ved adopsjon er stønadsperioden høvesvis 44 og 54 veker. Siste utviding av stønadsperioden skjedde 1. juli 2011, med éi veke. I 1993 vart det innført ein fedrekvote, som inneber at ein del av stønadsperioden er øyremerkt far. I 1993 var fedrekvoten 4 veker, og han har seinare vore utvida fleire gonger. Utvidingane av fedrekvoten har delvis skjedd ved at stønadsperioden har vorte utvida og delvis ved at fellesdelen har vorte korta noko ned. I dag utgjer fedrekvoten 12 veker. Det er også slik at tre veker før fødsel, og seks veker etter fødsel, er øyremerkte mor av helseårsaker.

3.2 Lov 15. juni 2012 nr. 32 om endringar i folketrygdlova (tredeling av foreldrepengeperioden)

I lov 15. juni 2012 nr. 32 blir det gjort endringar i gjeldande folketrygdlov kapittel 14 med verknad frå 1. juli 2013. Endringane gjeld fordeling av foreldrepengeperioden mellom mor og far. Lovendringa inneber at det blir innført ein mødrekvote av same lengd som fedrekvoten. Dermed får mor og far rett til ein like stor del av perioden etter fødsel. Den resterande del av perioden avgjer foreldra sjølve korleis dei vil fordele. Stønadsperioden etter fødsel eller omsorgsovertaking vil vere tredelt, slik at både far og mor har ein del av stønadsperioden på 12 veker som er øyremerkte for dei. Dei fyrste 6 vekene etter fødsel inngår i mødrekvoten. Fellesdelen til fordeling mellom foreldra vil med dagens stønadsperiode vere på 20 veker med 100 prosent dekning eller 30 veker med 80 prosent dekning. Det blir vist til Prop. 64 L (2011-2012) og Innst. 258 L (2011-2012). Endringslova vert sett i kraft 1. juli 2013.

Lovforslaget som her blir fremja, legg til grunn dei vedtekne lovendringane om ei tredelt foreldrepengeordning. Ei utviding av den samla stønadsperioden med to veker øyremerkte far får direkte innverknad for fastsetjinga av lengda på mødrekvoten og fellesdelen i den tredelte ordninga. Drøftinga nedanfor og lovendringane som blir føreslegne i denne proposisjonen, tek utgangspunkt i lovteksten slik han er etter endringa ved lov 15. juni 2012 nr. 32.

3.3 Særleg om fedrekvoten

Føremålet med fedrekvoten er å få fleire fedrar til å ta aktivt del i omsorga i dei fyrste leveåra til barnet. Heilt sidan 1978 har fedrar hatt høve til å dele foreldrepengeperioden med mor, dersom båe har opptent rett til foreldrepengar. Få brukte dette tilbodet i starten; berre 2-3 prosent av fedrane tok ut foreldrepengar på byrjinga av 90-talet.

Innføringa av fedrekvoten i 1993 medførte ein vesentleg auke i fedrar sitt uttak av foreldrepengar, og delen som bruker fedrekvoten, har auka gradvis. Det er rekna med at om lag 90 prosent av fedrar med rett til fedrekvote tek ut heile eller delar av denne. Fedreuttak følgjer i stor grad lengda på fedrekvoten, og ved kvar utviding av fedrekvoten har fedreuttaket av foreldrepengar auka tilsvarande.

For at far skal ha rett til fedrekvote, må båe foreldre ha tent opp rett til foreldrepengar. Rett til foreldrepengar blir tente opp ved å vere yrkesaktiv med pensjonsgjevande inntekt i minst seks av dei siste ti månadene før foreldrepengeuttaket startar. Den pensjonsgjevande inntekta må på årsbasis tilsvare halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (grunnbeløpet utgjer per i dag 82 122 kroner).

Når far tek ut fedrekvoten, er det ingen krav til kva mor gjer. Dersom far skal ta ut meir enn fedrekvoten, må mor gå ut i aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-13. Dette inneber at far kan ta ut foreldrepengar berre dersom mor etter fødselen eller omsorgsovertakinga går ut i arbeid, tek offentleg godkjend utdanning på heiltid, tek offentleg godkjend utdanning i kombinasjon med arbeid som i sum gjev heiltid eller deltek på heiltid i introduksjonsprogram eller kvalifiseringsprogram. Vidare kan far ta ut foreldrepengar dersom mor er innlagd i helseinstitusjon, eller på grunn av sjukdom eller skade er heilt avhengig av hjelp til å ta seg av barnet.

Sjølv om mor ikkje har opptent rett til foreldrepengar, kan far ta ut foreldrepengar på sjølvstendig grunnlag. Ved uttak på sjølvstendig grunnlag blir det stilt krav til mors aktivitet, jf. folketrygdlova § 14-13. I slike tilfelle er fars maksimale stønadsperiode etter utvidinga 1. juli 2013 40 veker eller 50 veker, avhengig av valt dekningsgrad.