Prop. 79 L (2012–2013)

Endringar i folketrygdlova (utviding av stønadsperioden for foreldrepengar mv.)

Til innhaldsliste

4 Departementet sine vurderingar og forslag

Gode permisjonsordningar er viktige for at både mor og far skal kunne kombinere omsorg for små born med yrkesaktivitet. Fedrar og mødrer har i dag rettar som kan samanliknast. Det er likevel kvinner som tek størst del av foreldrepermisjonen. Ved innføring av ei tredelt foreldrepengeordning frå 1. juli 2013 vil det bli tydelegare at foreldrepengeperioden tilhøyrer båe foreldra, og at dei aktivt må ta stilling til korleis dei vil fordele stønadsperioden mellom seg. Endringa kan såleis stimulere til ei meir likestilt deling av foreldrepermisjonen. Det er likevel framleis behov for å stø ei utvikling der fars omsorgspotensiale blir utnytta i større grad enn i dag. Fedrar si omsorgsdeltaking i dei fyrste leveåra til barnet er viktig for tidleg å etablere god kontakt mellom far og barn. Auka fedreuttak av foreldrepengar kan skape eit godt grunnlag for omsorgsfordelinga mellom foreldra også når barna blir større. I tillegg til dei goda det fører til for barnet, er auka deltaking i barneomsorga blant fedrar eit vilkår for auka yrkesaktivitet hjå mødrer og for eit meir likestilt foreldreskap. Meld. St. 6 (2010-2011) Likestilling for likelønn gjer greie for korleis småbarnsfasen aukar lønsskilnadene mellom kvinner og menn. Departementet forventar at ei utviding av fedrekvoten vil medverke til auka fedreuttak. Fedrekvoten kan også medverke til å styrkje fedrar sin posisjon i møte med arbeidsgjevar i dei tilfella der foreldra ynskjer ei jamnare fordeling av stønadsperioden. At også mødrekvoten blir innført med 14 veker slik at kvar av foreldra har rett til ein like lang periode etter fødselen, er prinsipielt viktig av omsyn til eit likestilt foreldreskap. Ettersom svært få mødrer tek ut foreldrepengar i ein kortare periode enn 14 veker, har det likevel lite å seie praktisk.

Departementet føreslår, med tilvising til budsjettvedtaket i Stortinget, at folketrygdlova blir endra slik at den samla stønadsperioden blir utvida med to veker. Departementet føreslår også at fedrekvoten og mødrekvoten blir utvida med to veker kvar innanfor ramma av den samla perioden.

Forslaget inneber ei forlenging av stønadsperioden ved fødsel med to veker, til 49 veker med 100 prosent dekning eller 59 veker med 80 prosent dekning. Ved adopsjon blir stønadsperioden utvida til høvesvis 46 og 56 veker. Forslaget inneber også at den tredelte foreldrepengeordninga vil bli sett i kraft med ein kvote til kvar av foreldra på 14 veker.

Stønadsperioden etter fødselen eller omsorgsovertakinga vil utgjere inntil 46 veker med 100 prosent dekning eller 56 veker med 80 prosent dekning. Utvidinga av kvotane til både far og mor vil medføre at den delen av stønadsperioden som er felles til fordeling mellom foreldra blir to veker kortare enn kva den vedtekne lovendringa om tredeling av foreldrepengeperioden legg opp til. Fellesdelen vil vere på høvesvis 18 eller 28 veker avhengig av valt dekningsgrad. Departementet meiner at fellesdelen vil vere tilstrekkeleg lang til å vareta familiane sine behov for fleksibilitet.

Ein konsekvens av at kvotane kvar for seg blir utvida, er at ein større del av stønadsperioden fell bort dersom ein av foreldra ikkje nyttar seg (fullt ut) av sin kvote. Dersom far ikkje tek ut fedrekvoten slik at vekene fell bort, vil stønadsperioden for mor vere på inntil 32 eller 42 veker etter fødselen eller omsorgsovertakinga, noko som er same veketalet som i dag. Dersom mor ikkje tek ut delar av mødrekvoten slik at vekene fell bort, vil stønadsperioden også for far vere på inntil 32 eller 42 veker. Mor må vere i aktivitet dersom far skal ta ut meir enn fedrekvoten, jf. omtale i kapittel 3.3 over.

Elles blir det ikkje gjort forslag om endringar i foreldrepengeordninga. Det vil mellom anna seie at aktivitetskravet blir vidareført som i dag. Utvidinga omfattar foreldre som oppfyller dagens vilkår for rett til foreldrepengar og gjev altså ikkje rettar til nye grupper.