Prop. 79 L (2012–2013)

Endringar i folketrygdlova (utviding av stønadsperioden for foreldrepengar mv.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane

6.1 Endringar i folketrygdlova

Til § 14-9

Føresegna omhandlar stønadsperioden for foreldrepengar. Endringa medfører at stønadsperioden for foreldrepengar ved fødsel blir utvida med to veker til 49 veker med 100 prosent dekning eller 59 veker med 80 prosent dekning. Ved adopsjon blir stønadsperioden forlenga til høvesvis 46 eller 56 veker. Utvidinga av stønadsperioden er altså på to veker, uavhengig av dekningsgrad.

I femte ledd kjem det fram at kvotane til far og mor er unnatekne frå deling mellom foreldra. Endringa inneber at lengda på kvotane blir utvida frå 12 til 14 veker. Sidan den samla stønadsperioden er utvida med to veker, inneber forlenginga av båe kvotane med to veker at foreldra får to veker mindre til valfri fordeling seg imellom.

I tilfelle der berre mor har rett til foreldrepengar, tilfell heile stønadsperioden mor. I tilfelle der berre far har rett til foreldrepengar, tilfell stønadsperioden far, med unntak av dei siste tre vekene før fødsel og dei fyrste seks vekene etter fødsel. Far vil då kunne ta ut foreldrepengar i inntil 40 eller 50 veker, føresett at mor fyller aktivitetskravet, jf. § 14-13.

Til § 14-12

Føresegna omhandlar uttak av kvotane. Endringa inneber at dei øyremerkte periodane for far og mor, fedrekvoten og mødrekvoten, blir utvida med to veker, frå 12 til 14 veker. Endringane gjev ingen andre konsekvensar for uttak av kvotane.

Utvidinga av kvotane gjeld for foreldre som i dag har rett til foreldrepengar. Dersom berre éin av foreldra har rett til foreldrepengar, vil det ikkje vere snakk om noka fordeling av foreldrepengeperioden, og dermed heller ingen kvotar.

Dersom éin eller båe av foreldra heilt eller delvis lèt vere å ta ut kvoten, blir stønadsperioden tilsvarande kortare. Dette gjeld likevel ikkje dersom forelderen får unntak frå kvoten fordi vedkomande er for sjuk eller skadd til å ta seg av barnet eller er innlagd i helseinstitusjon, jf. tredje ledd.

Ein konsekvens av at kvotane blir utvida med to veker kvar medan samla stønadsperiode blir utvida med to veker, er at stønadsperioden som er til valfri fordeling mellom foreldra blir to veker kortare enn i dag.

6.2 Iverksetjingsregelen

Departementet føreslår at lova vert sett i kraft 1. juli 2013, og at endringane gjeld for tilfelle der fødselen eller omsorgsovertakinga skjer tidlegast denne datoen.