Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 30. april 2010 å endre vedlegg IX og vedlegg XII til EØS-avtala til å omfatte direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2009/44/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.