Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 inneber endringar i rådsdirektiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir (finalitetsdirektivet) og i direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell trygdgjeving når det gjeld samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).

Endringane i finalitetsdirektivet har som føremål å ta omsyn til det auka talet på koplingar mellom til dømes marknadsplassar og oppgjerssentralar som m.a. MiFID-direktivet og The European Code of Conduct for Clearing and Settlement har gjort mogleg. Omgrepet «samverkande system» og ansvaret til systemansvarlege vert difor klargjorde i direktivet. I tillegg vert det gjort einskilde forenklingar i direktivteksta.

Endringane i direktivet om finansiell trygdgjeving har som føremål å auke omfanget av tilgjengeleg trygd ved å godta gjeldsfordringar i form av avtale om kreditt frå ein kredittinstitusjon, som ei tenleg form for trygd. Ei harmonisering av føresegnene i direktivet på dette punktet er meint å medverke til likare konkurransevilkår for kredittinstitusjonar i alle medlemsstatane.

For å fremje bruken av gjeldsfordringar som trygd skal det i utgangspunktet ikkje stillast spesifikke krav om melding og registrering som vil føre til at overføring av gjeldsfordringar som trygd vert upraktisk, men direktivet opnar for at det kan stillast visse krav til medlemsstatane når det gjeld slik registrering og melding. Samstundes, for å unngå å svekkje trygdinnehavarane si stilling, skal det vere mogleg for debitor å gje avkall på motrekningsretten overfor kreditor, og likeins skal det vere mogleg for debitor å gje avkall på kreditor si teieplikt. Såleis vil trygdinnehavaren få tilstrekkeleg informasjon til å kunne vurdere verdien av underliggjande gjeldsfordringar.

Likevel er det ikkje meininga at føresegnene om gjeldsfordringar skal ha førerang framfor føresegnene i direktiv 93/13/EØF om urimelege vilkår i forbrukarkontraktar og direktiv 2008/48/EF om forbrukarkredittavtaler som i Noreg er tekne inn i høvesvis lova om kredittkjøp og lova om finansavtaler og finansoppdrag. Direktivet opnar òg for at medlemsstatane kan halde gjeldsfordringar der debitor er forbrukar, eller små og mellomstore bedrifter, utanfor definisjonen av gjeldsfordringar i direktivet.