Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

I medhald av avgjerd i EØS-komiteen nr. 50/2010 av 30. april 2010 skal vedlegg IX og XII til EØS-avtala endrast.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 50/2010 av 30. april 2010 inneheld ei innleiing og fem artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, og særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at det skal gjerast følgjande endring i vedlegg IX til EØS-avtala:

«I vedlegg IX til avtala nr. 16b (europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF) vert følgjande lagt til:
«, endra ved:
  • 32009 L 0044: Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2009/44/EF av 6. mai 2009 (EUT L 146 av 10.6.2009, s. 37).»»

Artikkel 2 slår fast at det skal gjerast følgjande endring i vedlegg XII til EØS-avtala:

«I vedlegg XII til avtala nr. 4 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/47/EF) vert følgjande lagt til:
«, endra ved:
  • 32009 L 0044: Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2009/44/EF av 6. mai 2009 (EUT L 146 av 10.6.2009, s. 37).

For føremåla med denne avtala skal føresegnene i direktivet gjelde med følgjande tilpassing:
I artikkel 1 nr. 4 bokstav c) skal orda «som definert i artikkel 1 og artikkel 2 nr. 2) og 3) i vedlegget til kommisjonsrekommandasjon 2003/361/EF av 6. mai 2003 om definisjonen av svært små, små og mellomstore bedrifter» ikkje nyttast.»»

Artikkel 3 fastset at teksta til direktiv 2009/44/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend forDen europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. mai 2010, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 5 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.