Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det vert lagt til grunn at gjennomføringa av EØS-pliktene som svarar til direktivet, vil medføre ei lita utviding i omfanget av meldepliktige opplysningar som Noregs Bank må vidareformidle til EFTAs overvakingsorgan etter lova om betalingssystem. Direktivet medfører elles ingen særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.