Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

Tilråing

Utanriksdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims), i samsvar med eit vedlagt forslag.