Prop. 8 S (2010–2011)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. […] av […] om endring av vedlegg IX (Finansielle tenester) og vedlegg XII (Fri rørsle av kapital) til EØS-avtala

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla ”avtala”, særleg artikkel 98, og på følgjande bakgrunn:

  1. Vedlegg IX til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. […/…] av […]1.

  2. Vedlegg XII til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. […/…] av […]2.

  3. Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell sikkerhetsstillelse, med omsyn til samankopla system og pengekrav3 skal takast inn i avtala –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I vedlegg IX til avtala nr. 16b (europaparlaments- og rådsdirektiv 98/26/EF) vert følgjande lagd til:

”, endret ved:

  • 32009 L 0044: Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2009/44/EF av 6. mai 2009 (EUT L 146 av 10.6.2009, s. 37).”

Artikkel 2

I vedlegg XII til avtala nr. 4 (europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/47/EF) vert følgjande lagd til:

”, endret ved:

  • 32009 L 0044: Europaparlaments- og rådsdirektiv (EF) nr. 2009/44/EF av 6. mai 2009 (EUT L 146 av 10.6.2009, s. 37).

Forordningens bestemmelser skal for denne avtales formål gjelde med følgende tilpasning:

I artikkel 1 nr. 4 bokstav c) får ordene ”som definert i artikkel 1 og artikkel 2 nr. 2) og 3) i vedlegget til kommisjonsrekommandasjon 2003/361/EF av 6. mai 2003 om definisjonen av svært små, små og mellomstore bedrifter” ikke anvendelse.”

Artikkel 3

Teksta til direktiv 2009/44/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.

Artikkel 4

Denne avgjerda tek til å gjelde […], på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala(4).

Artikkel 5

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, […].

For EØS-komiteen

Formann

[…]

Sekretærar for EØS-komiteen

[…]

Fotnotar

1.

[…].

2.

[…].

3.

TEU L 146 av 10.6.2009, s. 37.

4.

[Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne./Forfatningsrettslege krav oppgjevne.]