Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

17 Administrative og økonomiske konsekvensar

Departementet gjer framlegg om høve til å setje domfelte direkte inn i overgangsbustad når vedkomande skal starte soninga. Framlegget gjeld domfelte med inntil 1 år fengselsstraff. Ved deldom er det den vilkårslause delen av straffa som er avgjerande.

Høve til direkte innsetjing i overgangsbustad vil kunne føre med seg behov for å etablere fleire soningsplassar ved overgangsbustadar, men kapasiteten i overgangsbustadane er i dag god da det i periodar ikkje har vore full nytting av kapasiteten. Framlegget vil kunne gjeve noko betre kapasitet i fengsla, men denne gevinsten vil på den andre sida ikkje kunne takast ut, fordi det i dag er noko soningskø. Framlegget har difor ikkje administrative eller økonomiske konsekvensar.

Framlegget om endring av § 14 om overføring av innsette til anna fengsel, vil gjeve meir fleksibilitet når det gjeld nytting av soningsplassar. Framlegget vil ikkje krevje fleire soningsplassar, men det kan tenkjast at framlegga kan føre med seg ei viss auking i talet på overføringar mellom fengsla. Dette vil i så fall kunne gjeve ei viss auking i transportutgiftene for kriminalomsorga. Dette vil likevel berre dreie seg om mindre beløp, som departementet føreset at vil verte dekka innanfor gjeldande budsjettrammer.

Når det gjeld framlegget om endring av reglane for prøvelauslating av utviste domfelte, vart det frå departementet si side i høyringsbrevet gjeve signal om at framlegget ville kunne få administrative og økonomiske konsekvensar på fleire område. Dette er òg peika på av Politidirektoratet og Politiet si utlendingseining i høyringa. Ei nærmare vurdering syner likevel at framlegget ikkje inneber administrative og økonomiske konsekvensar. Framlegget vil ikkje gjeve endra rutinar samanlikna med situasjonen i dag, fordi straffegjennomføringsloven § 42 sjette ledd allereie er teken ut av bruk. Dei naudsynte rutinane for samarbeid mellom kriminalomsorga og politiet er allereie etablert og i drift. Verknadene av lovframlegget er dermed allereie kjende og teke hand om av etatane.

Departementet legg elles til grunn at lovframlegga ikkje vil gjeve administrative eller økonomiske konsekvensar. Eventuelle meirutgifter som følgje av framlegga kan verte dekka innanfor gjeldande budsjettrammer.

Til forsida