Prop. 92 L (2012–2013)

Endringar i straffegjennomføringsloven mv.

Til innhaldsliste

8 Utelating frå fellesskapet i førebyggjande hensikt

8.1 Gjeldande rett

Heimlane for utelating av innsette frå fellesskapet i førebyggjande hensikt går fram av straffegjennomføringsloven § 37. Bokstav a i føresegna regulerer høve til utelating frå fellesskapet «dersom det er nødvendig for å hindre at innsatte til tross for skriftlig advarsel fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte».

8.2 Høyringsnotatet

Framlegget om endring av § 37 fyrste ledd bokstav a, må sjåast i samanheng med framlegget om endring av § 14 fyrste ledd bokstav c om overføring av innsette til anna avdeling på bakgrunn av «særlig negativ innvirkning på miljøet i fengslet». Uttrykket «skriftlig advarsel» er berre nytta desse to stadane i straffegjennomføringsloven. Uttrykket er noko uklårt, og departementet er kjent med at nokre einingar i kriminalomsorga praktiserer føresegna ulikt.

Departementet fann det difor naturleg å vurdere endring av § 37. Departementet gjorde difor framlegg om å ta bort vilkåret «skriftlig advarsel» i § 37 fyrste ledd bokstav a.

8.3 Høyringsinstansane sitt syn

Kriminalomsorga region nordaust gav fråsegn om at straffegjennomføringsloven § 37 fyrste ledd bokstav a bør endrast, viss departementet vel å endre § 14 i samsvar med det framlagte alternativ 2. Regionen meiner at ein da bør gå bort frå uttrykket «skriftlig advarsel» på ein slik måte at «bestemmelsens reelle innhold ikke forandres». Ila fengsel og forvaringsanstalt er óg oppteken av at terskelen for å utelate innsette frå fellesskapet ikkje vert heva, og gjer difor uttrykk for at vilkåret om «skriftlig advarsel» ikkje bør endrast til eit krav om «skriftlig irettesettelse».

8.4 Departementet si vurdering no

Uttrykket «skriftlig advarsel» er noko uklårt, og departementet er kjent med at vilkåret vert praktisert ulikt. Omsynet til systematikk og samanheng i straffegjennomføringsloven tilseier at uttrykket «skriftlig advarsel» vert fjerna frå § 37, da departementet òg ynskjer å ta bort uttrykket frå § 14. Ordlyden i føresenga vert da «hindre at innsatte fortsetter å påvirke miljøet i fengselet på en særlig negativ måte». Uttrykket «fortsetter» tilseier at innsette er åtvara om at åtferda ikkje kan aksepterast, men likevel held fram med uakseptabel åtferd som i særleg grad verkar negativt inn på miljøet i fengselet.

Det er sentralt at innsette som ved åtferda si har særleg negativ innverknad på miljøet, vert underretta om at åtferda vert oppfatta som uakseptabel. Vedkommande bør, om det er forsvarleg, få ein sjanse til å endre åtferda, før fengselet fattar vedtak om utelating frå fellesskapet eller overføring til anna fengsel.

I åtvaringa skal fengselet opplyse innsette om korleis fengselet oppfattar åtferda, og kva fengselet meiner er uakseptabelt. Innsette skal gjerast kjent med at åtferda kan føre til utelating frå fellesskapet. Åtvaringa er ikkje å anse som eit enkeltvedtak. Dersom innsette vel ikkje å rette seg etter åtvaringa, kan den innsette latast ute frå fellesskapet. Dette vedtaket kan den innsette klage på etter forvaltningsloven § 28. Departementet meiner at denne framgangsmåten varetek omsynet til informasjon og rettstryggleik for dei innsette.

Åtvaringa bør fortrinnsvis skje skriftleg, men kan etter omstenda skje munnleg. Munnleg åtvaring kan til dømes vere formålstenleg dersom den innsette i samtale får melding om at vedkomande utviser ei åtferd som inneber særleg negativ innverknad på miljøet, og med ein gong responderer på dette i form av ei uakseptabel åtferd, trass i underrettinga om korleis fengselet vurderer åtferda og dei konsekvensane ho kan få.

Av omsyn til innsette sin rettstryggleik, til dømes ved ei eventuell klage over vedtak om utelating, er det vesentleg at fengselet si åtvaring vert dokumentert. Ved bruk av munnleg åtvaring må fengselet dokumentere, i skriftleg form, at samtale har funne stad og kva som vart sagt frå både fengselet og den innsette si side.

Departementet går på denne bakgrunnen inn for å fjerne uttrykket «skriflig advarsel». Dette vil vere ein fordel for innsette sin rettstryggleik og sikre lik praksis i kriminalomsorga.

Til forsida