Prop. 96 L (2010–2011)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.)

Til innhaldsliste

3 Forslag om endring i føresegnene om politiattest

3.1 Bakgrunnen for forslaget

Stortinget vedtok 11. mars 2010 ny politiregisterlov til erstatning for strafferegistreringslova frå 1971. Departementet viser til Prop. 12 L (2009-2010), jf. Ot.prp. nr. 108 (2008-2009) og Innst. 139 L (2009-2010). Politiregisterlova skal avløyse strafferegistreringslova frå 1971 som hovudlova om m.a. politiattestar. Det er planlagt å setje lova i verk innan 1. april 2012, og ho vil innehalde dei sentrale og grunnleggjande føresegnene om politiattest.

Heimel for å krevje framlagd politiattest må likevel framleis takast inn i spesiallovgivinga. Det same gjeld kva konsekvensar merknader i ein politiattest skal få. Opplæringslova og privatskolelova som spesiallovgiving må derfor gjennomgåast med tanke på eventuelle tilpassingar til politiregisterlova.

Føresegnene om politiattest i opplæringslova og privatskolelova vil begge vise til politiregisterlova § 39 første ledd når det gjeld kva for merknader som skal gå fram av ein politiattest. Politiregisterlova § 39, som på denne måten blir ein del av spesiallovgivinga på skoleområdet, har vore til brei høring i regi av Justis- og politidepartementet og vil derfor ikkje bli nærmare kommentert her.

Oslo kommune har sett fram eit ønske om heimel for å kunne krevje politiattest av dei som blir tilsette i det årlege sommarskoletilbodet i Oslo kommune. Ein permanent heimel for dette finst ikkje i dag. Hittil har ein her frå år til år søkt dispensasjon etter ein snever unntaksheimel i forskrifta til strafferegistreringslova. Det har aldri vore meininga at denne skulle vere ein permanent heimel på området.

3.2 Gjeldande rett

Opplæringslova

Føresegnene om politiattest er teken inn i § 10-9 i opplæringslova. Første ledd i føresegna er retta mot grunnskolen. Her heiter det at den som skal tilsetjast i grunnskolen, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om den det gjeld, er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn. Er ein dømd for eit slikt overgrep, kan ein ikkje bli tilsett i grunnskolen.

I andre ledd i føresegna heiter det at kommunen, for grunnskolens vedkommande, også kan krevje framlagd politiattest for andre personar som regelmessig oppheld seg i skolen. Denne føresegna vart opphavleg innførd for å kunne krevje politiattest også av personar som arbeider i skolefritidsordninga. For tilsette i skolefritidsordninga er det seinare gitt eigen heimel i opplæringslova § 13-7, sjå nedanfor. I dag antek departementet derfor at føresegna i § 10-9 andre ledd i staden er mest aktuell for andre som regelmessig oppheld seg i grunnskolen, som t.d. personar tilknytte vaktmeister-, reingjerings- og helsetenesta.

Tredje ledd i føresegna seier at den som skal tilsetjast i vidaregåande skole, også må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om den det gjeld, er sikta, tiltalt eller dømd for å ha gjort seksuelle overgrep. For vidaregåande opplæring er det ikkje krav om at det seksuelle overgrepet skal vere retta mot barn. På den andre sida er det for vidaregåande opplæring ikkje noko forbod mot å bli tilsett i skolen dersom ein er dømd for eit slikt overgrep. Kva konsekvensar eit slikt lovbrot skal få i desse tilfella, er noko tilsetjingsmyndigheita må vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Føresegnene om politiattest for tilsetjing i grunnskolen gjeld tilsvarande for tilsetjingar i skolefritidsordninga, i musikk- og kulturskolar og for leksehjelp. Dette følgjer av opplæringslova, høvesvis § 13-7 sjette ledd, § 13-6 andre ledd og § 13-7a tredje ledd.

Reglane om politiattest i opplæringslova § 10-9 gjeld også for private grunnskolar. Det følgjer av opplæringslova § 2-12.

Privatskolelova

For private skolar med rett til statstilskott følgjer kravet om politiattest av privatskolelova § 4-3. Føresegna er likelydande med opplæringslova § 10-9. For leksehjelp viser departementet til privatskolelova § 7-1e tredje ledd.

Forskrifter

Elles er det gitt utfyllande føresegner i kap. 15 i forskrifta til opplæringslova og i kap. 8 i forskrifta til privatskolelova. Her er det teke inn føresegner om innhaldet i politiattestar, framgangsmåten ved utlysing av stillingar der det er stilt krav om politiattest, behandlinga av politiattestane og om teieplikt.

Tilbod utanom opplæringslova og privatskolelova

Føresegnene om politiattest i opplæringslova er ikkje gjorde gjeldande for tilsetjingar ved tilbod som eksempelvis Oslo kommune sitt årlege tilbod om sommarskole. Departementet kan heller ikkje sjå at andre føresegner kan brukast som permanent heimel for å krevje politiattest i desse tilfella. I § 12 nr. 5 i forskrifta til strafferegistreringslova heiter det at Politidirektoratet i ”andre tilfelle” kan samtykkje til at det blir utferda politiattest. Dette er ei unntaksføresegn som sjeldan blir brukt, og der ein er avhengig av å innhente samtykke frå Politidirektoratet i kvart enkelt tilfelle. Heimelen er hittil brukt for dei årlege sommarskoletilboda i Oslo kommune.

Strafferegistreringslova/politiregisterlova

Det er gitt generelle føresegner om politiattestar i strafferegistreringslova. Sjølv om strafferegistreringslova i dag er gjeldande rett på området, er politiregisterlova likevel omtalt her fordi denne er vedteken og planlagd sett i verk innan 1. april 2012. Politiregisterlova inneheld m.a. moderniserte og betydeleg omarbeidde reglar om vandelskontroll og politiattestar.

Kva for brot etter straffelova det skal opplysast om i politiattestar for personar som skal ha omsorg for eller oppgåver knytte til mindreårige, følgjer av politiregisterlova § 39 første ledd. Dette er avgrensa til straffbare forhold som blir sedde som relevante med sikte på å verne barn og unge, fortrinnsvis seksual-, valds-, rans- og narkotikabrotsverk. Føresegnene i politiregisterlova må takast omsyn til når dei samla krava til politiattest skal vurderast. Kor lenge ein merknad skal gå fram av politiattesten, går eksempelvis fram av politiregisterlova §§ 40 og 41.

Heimelsgrunnlaget for å kunne krevje politiattest må derimot framleis regulerast i spesiallovgivinga, t.d. opplæringslova og privatskolelova.

For politiattestar gjeld altså både reglar i den generelle lovgivinga – i dag strafferegistreringslova, seinare politiregisterlova – og reglar inntekne i spesiallovgivinga – på vårt område opplæringslova og privatskolelova.

3.3 Høringa

3.3.1 Høringsforslaget frå departementet

Opplæringslova

Høringsforslaget frå departementet inneheldt for det første tilpassingar til ny politiregisterlov av opplæringslova sine føresegner om politiattest. Politiregisterlova er vedteken, men er enno ikkje sett i verk.

I høringsforslaget frå departementet vart det foreslått at det i opplæringslova § 10-9 vart teken inn ei tilvising til politiregisterlova § 39 første ledd. Dette er gjort for å vise til dei straffeføresegnene som det til kvar tid skal vere opplyst om i politiattestane. Blir det gjort endringar i politiregisterlova om dette, unngår vi gjennom denne tilvisingsmetoden å måtte endre vårt lovverk tilsvarande. Dette inneber per i dag at fleire lovbrot vil bli nemnde på politiattestane enn etter gjeldande rett, dvs. også grov valds-, rans- og narkotikakriminalitet. Departementet har elles lagt til grunn at det ikkje ligg føre ”særlige grunner”, jf. politiregisterlova § 39 andre ledd, som tilseier at færre eller fleire straffeføresegner bør gå fram av politiattestar etter opplæringslova og privatskolelova enn det som går fram av politiregisterlova § 39 første ledd.

Vidare vart det yrkesforbodet i grunnskolen for dei som har gjort seg skuldige i seksuelle overgrep mot barn, foreslått vidareført i høringsforslaget. Ordet ”barn” er vidare skifta ut med ordet ”mindreårig” for betre å harmonisere med ordbruken i politiregisterlova. Men denne endringa er ikkje meint å innebere noka realitetsendring.

Det vart vidare foreslått at politiattest kan krevjast av den som blir tilsett i skoleliknande aktivitetstilbod, dvs. aktivitetstilbod i regi av kommune eller fylkeskommune med karakter av opplæring, eksempelvis kommunal sommarskole. Politiattesten skal ha same innhald som politiattest kravd av den som blir tilsett i t.d. ein grunnskole. I tillegg vart det foreslått at kravet til politiattest også skal gjelde den som regelmessig oppheld seg i eit slikt aktivitetstilbod utan å vere tilsett der. Det vart foreslått yrkesforbod tilsvarande det som gjeld for grunnskolen og ein forskriftsheimel. Yrkesforbodet vil også gjelde dei som t.d. i ein sommarskole underviser elevar frå vidaregåande skole. Det er strengare enn det som gjeld i ordinær vidaregåande skole. Det vart foreslått slik fordi det i ein sommarskole lett kan tenkjast tilfelle der same person skal undervise elevar på ulike alderstrinn. Dette er vurdert som mindre praktisk i ordinær skole.

Forskriftsheimelen vart foreslått behalden som før. Dessutan vart det foreslått ein del mindre justeringar for å ajourføre tilvisingar i § 13-6 om musikk- og kulturskolar og i § 13-7 om skolefritidsordning etter ny § 10-9.

Utover dei konkrete forslaga vart også spørsmålet om å innføre krav om butid for dei som ikkje kan leggje fram politiattest frå Noreg eller frå eit EØS-land, omtalt i høringsforslaget. Det vart bedt om synspunkt på dette med tanke på ein vidare prosess felles med andre departement for å utarbeide parallelle reglar.

Privatskolelova

Privatskolelova § 4-3 vart foreslått endra tilsvarande som § 10-9, sjå ovanfor. Desse to føresegnene er parallelle. Det er likevel to mindre forskjellar frå føresegna i opplæringslova § 10-9. Den eine er at styret etter § 4-3 har kompetanse til å krevje framlagd politiattest, ikkje kommunen eller fylkeskommunen. Den andre er at skoleliknande aktivitetstilbod etter § 4-3 må vere i regi av skoleeigaren for den private skolen, ikkje i regi av kommunen eller fylkeskommunen.

3.3.2 Synspunkt frå høringsinstansane

3.3.2.1 Generelt

Det er motteke ca. 120 høringsfråsegner. 73 høringsinstansar har ingen kommentarar til forslaget.

13 høringsinstansar støttar forslaget utan nærmare grunngiving. Desse er Likestillings- og diskrimineringsombodet, Telemark fylkeskommune, Aurskog-Høland, Horten, Kristiansand, Meland, Skien, Stjørdal og Tromsø kommunar, Norsk Lektorlag, Skolenes landsforbund, Akademikerne og Norske Fag- og Friskolers Landsforbund.

32 høringsinstansar støttar forslaget, mange rett nok med atterhald, endringsforslag eller nærmare kommentarar. Desse er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Utlendingsdirektoratet, Datatilsynet, Barneombodet, Fylkesmannen i Hedmark, Nord-Trøndelag, Oppland og Østfold, Buskerud, Nordland og Troms fylkeskommunar, Arendal, Bergen, Giske, Haugesund, Karasjok, Nittedal, Oslo, Stavanger og Ås kommunar, LO, NHO, KS, UNIO, Utdanningsforbundet, Norsk Skolelederforbund, Universitets- og høgskolerådet, FUG, Universitetet i Agder, NTNU, Høgskolen i Bergen og Fagleg Råd for Service og samferdsel.

To høringsinstansar støttar delar av forslaget, men har nokre kritiske innvendingar. Desse er Utdanningsdirektoratet og Fylkesmannen i Rogaland. Førstnemnde fremjar også eit alternativt forslag (sjå punkt 3.3.2.6 nedanfor).

3.3.2.2 Konsekvensar av merknader i politiattesten

Dei høringsinstansane som har uttalt seg om dette, gir tilslutning til at yrkesforbodet for seksuelle overgrep mot barn skal behaldast i grunnskolen, skolefritidsordninga, musikk- og kulturskolar og leksehjelpa.

Somme høringsinstansar meiner at yrkesforbodet må utvidast til også å gjelde vidaregåande opplæring. Dette blir grunngitt med at omsynet til sikring av elevar også for denne aldersgruppa må vege tyngre enn at nokre personar vil bli utestengde frå yrkeslivet og dermed mister sitt høve til resosialisering.

Ein høringsinstans ønskjer yrkesforbod også i vidaregåande opplæring fordi det finst skolar med både ungdomstrinn og vidaregåande opplæring. Det blir hevda at det ved desse skolane vil vere uhensiktsmessig med ulike reglar om konsekvensane av merknader i politiattestane. Andre meiner ei slik utviding er naturleg fordi det blir foreslått yrkesforbod for skoleliknande aktivitetstilbod anten desse gjeld for elevar i grunnskolen eller i vidaregåande opplæring. Forslaget inneber strengare reglar om politiattest for skoleliknande aktivitetstilbod enn i ordinær skole. Om dette seier NTNU i si høringsfråsegn:

”Pedagogisk institutt foreslår her en utvidelse av det generelle yrkesforbudet for personer som har anmerkning om seksuelle overgrep mot barn, til også å gjelde for arbeid i videregående opplæring. Pedagogisk institutt mener det er lite tilfredsstillende at et slikt generelt yrkesforbud skal gjelde for skolelignende aktivitetstilbud som for eksempel kommunale sommerskoler for elever i videregående skole, men ikke for arbeid i det ordinære skoletilbudet.”

Universitetet i Agder hevdar at det kan vere problematisk for ei tilsetjingsmyndigheit å ta stilling til om det skal leggjast vekt på ein merknad, og i så fall kva vekt. Det blir her peika på den vanskelege avveginga mellom på den eine sida behovet for lærarar og på den andre sida behovet for vern mot ein stillingssøkjar med alvorlege merknader i politiattesten. Om dette heiter det i høringsfråsegna:

”Vi bifaller at antallet lovovertredelser på politiattestene blir utvidet. Men det er problematisk at konsekvensene av eventuelle anmerkninger skal avgjøres av ansettende myndigheter. Vi frykter at akutte behov for lærere vil kunne overskygge alvorlige merknader.”

Eit anna spørsmål er om yrkesforbodet skal utvidast i grunnskolen, skolefritidsordninga, musikk- og kulturskolar og leksehjelpa til å gjelde for andre merknader enn seksuelle overgrep mot barn. Her gir høringsinstansane tilslutning til departementet sitt forslag om at dette må det overlatast til tilsetjingsmyndigheita i kvart enkelt tilfelle å ta stilling til, dvs. same ordning som gjeld for vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet peikar på at det kan vise seg nødvendig med kunnskap om strafferetten for den som skal tilsetje ein person. I høringsfråsegna om dette heiter det:

”Det fremgår av Ot.prp. nr. 108 (2008-2009) at konsekvensene av anmerkninger på politiattesten må fastsettes i særlovgivningen. Departementet foreslår å videreføre yrkesforbudet når personen er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige. Direktoratet er enig i dette, men er usikker på om de som skal tilsette en person er kjent med hvilke bestemmelser dette er. I gjeldende § 10-9 og forskrift til opplæringsloven § 15-2 er dette enkelt i og med at politiattesten kun inneholder anmerkninger knyttet til om vedkommende er siktet, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. Ved utvidelsen av bestemmelser som skal anmerkes på politiattesten (nå skal det i tillegg til seksuelle overgrep mot barn også anmerkes om vedkommende er siktet, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot voksne, volds- og ransforbrytelser eller grov narkotikakriminalitet), er det vanskeligere for skoleeier å avgjøre om forholdet som er anmerket kvalifiserer til yrkesforbud. Dette krever kjennskap til strafferetten. Det vil trolig være nødvendig med veiledning i etterkant til skoleeier om hvilke bestemmelser det er i opplistningen som vil føre til yrkesforbud.”

Bergen kommune ønskjer sentrale retningslinjer frå styresmaktene, slik at ei tilsetjingsmyndigheit kan få rettleiing om korleis ein skal gå fram når det skal tilsetjast nokon med merknader i politiattesten.

Somme ønskjer omgrepet ”mindreårig” fjerna frå lova. I høringa har departementet foreslått at dette skal erstatte omgrepet ”barn” for betre å komme i harmoni med ordbruken i ny politiregisterlov. Dette inneber inga realitetsendring. Fylkesmannen i Rogaland seier følgjande om det i høringsfråsegna:

”I forslaget til § 10-9 i opplæringslova og tilsvarande § 4-3 i privatskolelova vert ordet ”mindreårig” nytta. Fylkesmannen i Rogaland meiner at det eksisterande tilsetjingsforbodet i grunnskolen bør utvidast til òg å gjelde vidaregåande skolar i høve til seksuelle overgrep mot mindreårige, i og med at det etter lova vil vere mindreårige elevar òg i vidaregåande skole.
Fylkesmannen i Rogaland vil streke under at elevar i vidaregåande skole framleis er i ein sårbar alder. Dei vaksne som arbeider der, vil ofte vere autoritetspersonar i høve til elevane. Det vil derfor vere viktig at elevane kan kjenne seg trygge på at ingen av dei som arbeider i vidaregåande skole er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige.”

3.3.2.3 Politiattest for dei som har budd i andre land

Det er stor tilslutning mellom høringsinstansane til at spørsmålet om innføring av føresegner om butid bør vurderast gjennom eit interdepartementalt arbeid for å oppnå felles reglar gjeldande for fleire sektorar.

Somme høringsinstansar ønskjer krav om butid innført i lova, da dei meiner at omsynet til barna uansett må vere heilt avgjerande. Andre meiner det er urettferdig at somme må dokumentere sin vandel gjennom politiattest for å få ei stilling i skolen, medan andre kan bli tilsette pga. butid, men utan vandelsklarering gjennom politiattest.

Enkelte høringsinstansar peikar på at det vil vere fordelaktig med eit krav om butid, fordi dei aktuelle personane etter gjennomført butid betre vil beherske det norske språket.

Somme høringsinstansar fryktar at ei stor arbeidsgruppe gjennom ei føresegn om butid kan bli utelukka frå arbeidslivet. Dette, blir det hevda, vil vere uheldig i ei tid med lærarmangel ein del stader, og fordi særleg ein del innvandrarar vil bli ramma. Dette er ei gruppe arbeidssøkjarar som allereie har ein del problem på arbeidsmarknaden.

Andre høringsinstansar understrekar det viktige i å ha gode rutinar for den avveginga som her må gjerast mellom motstridande omsyn.

Somme høringsinstansar meiner ein god nok sikringsventil er lagd inn i politiregisterlova sitt system gjennom kravet om at butid kan krevjast når ”vesentlige samfunnsmessige hensyn” tilseier det.

Andre høringsinstansar er opptekne av kor viktig det er å vurdere kva som skal liggje i dette omgrepet.

Barneombodet peikar spesielt på det behov barna har for vern, og at dette omsynet må vege tyngre enn andre omsyn som resosialisering, personvern og ressursar. I høringsfråsegna frå Barneombodet blir det vist til FNs Barnekonvensjon art. 3 om omsynet til barnet som eit grunnleggjande prinsipp, og til same konvensjon art. 19 som understrekar at alt må gjerast for å verne barn mot vald og overgrep.

Utdanningsdirektoratet har peika på at det i høringsforslaget burde ha vore vist til dei krava som er stilte til politiattest i samband med godkjenning av utanlandsk lærarutdanning. Denne godkjenningsordninga blir handtert av direktoratet.

3.3.2.4 Skoleliknande aktivitetstilbod

Høringsinstansane har gjennomgåande stilt seg positive til forslaget om å innføre krav om politiattest i slike tilbod. Somme har komme med forslag til endringar i forslaget.

Mange høringsinstansar er opptekne av at omgrepet ”skoleliknande aktivitetstilbod” må bli tydeleg presisert, slik at det ikkje herskar tvil om kva som ligg i omgrepet.

Buskerud fylkeskommune seier at det må gå klart fram at omgrepet skal gjelde også tilbod i feriar.

KS peikar i høringsfråsegna på at skoleliknande aktivitetstilbod må omfatte tilbod til elevar og lærlingar ved nærmare oppgitte skoleslag.

Utdanningsdirektoratet hevdar at omgrepet er utfordrande, særleg når det gjeld tilsyn, og at det derfor må leggjast ein del arbeid i å avgrense det nærmare. Direktoratet hevdar også at omgrepet bør omfatte leksehjelp frå femte årstrinn og oppover. Vidare foreslår direktoratet at ”i tilknyting til skolen” bør tilføyast i sjølve lovteksten.

Fylkesmannen i Oppland meiner at lovverket må trekkje opp ei fornuftig grense mellom på den eine sida dei som innehar ein profesjonell eller assisterande rolle i aktivitetstilbodet, og på den andre sida foreldre eller andre pårørande som er i kontakt med barna i samband med tilbodet.

Datatilsynet peikar i høringsfråsegna på at forslaget frå departementet ikkje vil innebere noka endring i rettstilstanden i praksis. Grunnen er at det i dag er heimel i forskrifta til strafferegistreringslova for å gjere unntak for sommarskolar o.l.

Fleire høringsinstansar sluttar seg til departementet sitt syn – at det hadde vore mest formålstenleg med ei felles regulering på området for fleire sektorar, t.d. i forskrifta til politiregisterlova.

3.3.2.5 Andre forhold i tilknyting til forslaget om politiattest

Om verkeområdet for lova har Fylkesmannen i Østfold uttalt:

”Vi vil imidlertid peke på at forslaget etter vår vurdering er med på å synliggjøre behovet for en ny vurdering av opplæringslovens virkeområde. I § 1-2 heter det (noe forenklet) at loven gjelder grunnskoleopplæring og videregående opplæring i offentlige skoler og lærebedrifter, private grunnskoler som ikke mottar statstilskudd etter privatskoleloven og privat hjemmeundervisning i grunnskolen.
Opplæringsloven omfatter etter hvert mange aktiviteter som ikke regnes som opplæring, bl.a. skolefritidsordning, leksehjelp og musikk- og kulturskoler. Forslaget til endringer i §§ 10-9, 13-6, 13-7 og 13-7a bringer spørsmålet om lovens virkeområde opp på nytt.”

Utdanningsdirektoratet peikar på at overskrifta til kapittel 10 i opplæringslova er for snau med ordlyden ”Personalet i skolen”, når det blir foreslått at politiattest også skal kunne krevjast for ”skoleliknande aktivitetstilbod”. Direktoratet foreslår at ”m.v.” blir tilføydd i overskrifta. Samtidig blir det foreslått at kapitteloverskriftene i opplæringslova og privatskolelova på dette området blir gjorde likelydande, utan at dette er meint å innebere realitetsendringar.

Nittedal kommune peikar på, som eit administrativt problem, at det er lang saksbehandlingstid i politiet. Dette har til følgje at det blir vanskeleg å skaffe politiattest i ein del saker, t.d. der ein raskt skal tilsetje ein vikar på korttidsengasjement.

Somme høringsinstansar ønskjer gjennom reglane om politiattest å få silt ut personar som er rekna for uskikka til lærarutdanning.

Ein høringsinstans ønskjer at rusmisbruk skal gå fram av politiattesten.

Utdanningsdirektoratet er kritisk til at ”skoleliknande aktivitetstilbod” blir regulerte i privatskolelova. I høringsfråsegna står det om dette:

”Når det gjelder forslag til endringer i § 4-3, bør departementet vurdere om privatskoleloven i det hele tatt bør omhandle ”skoleliknande aktivitetstilbod”. Det vises til privatskoleloven § 2-2 første ledd om at skolen ikke har anledning til å drive annen virksomhet enn skole i samsvar med privatskoleloven. Slik aktivitet vil fordre dispensasjon etter § 2-2 første ledd, siste punktum. Dersom departementet velger å fastholde forslaget foreslår direktoratet at det presiseres i § 4-3 at det skoleliknende aktivitetstilbudet ikke må være i strid med privatskoleloven § 2-2 første ledd.”

Fleire høringsinstansar peikar på at førebyggjande arbeid, bevisstgjering, opplæring, det å vere kontinuerleg årvaken for å sikre barn, samt gode rammer for eit trygt og ope læringsmiljø, er viktigare enn politiattestar aleine.

Eit par høringsinstansar peikar på at reglane om politiattest også må gi vern om vaksne, ikkje berre barn/mindreårige. I høringsfråsegna frå KS heiter det om dette:

”KS støtter forslaget om å opprettholde det eksisterende yrkesforbudet om at personer som er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige, ikke skal kunne tilsettes i grunnskolen. Departementet foreslår å endre ordlyden fra ”barn” til ”mindreårig”. Opplæringsloven omfatter også voksenopplæring, herunder spesialundervisning for voksne. KS mener at enkelte voksne, ikke minst voksne som mottar spesialundervisning, vil kunne ha behov for det samme vernet som mindreårige. KS ber derfor departementet vurdere om det vil være hensiktsmessig å ta inn en formulering om dette i loven.”

Utdanningsdirektoratet har foreslått at det bør lovfestast krav om politiattest for personar som blir tilsette for å gi spesialpedagogisk hjelp etter opplæringslova § 5-7, og seier om dette i høringsfråsegna:

”Direktoratet mener også at det bør lovfestes krav om politiattest for personer som tilsettes for å gi barnet spesialpedagogisk hjelp etter opplæringsloven § 5-7. Det minnes om at spesialpedagogisk hjelp også kan gis utenfor barnehagen og i disse tilfeller kommer ikke kravene om politiattest i barnehageloven til anvendelse. Dette kan særlig være aktuelt ved bruk av assistenter m.v.”

3.3.2.6 Alternativt forslag til lovformulering

Utdanningsdirektoratet har fremja eit alternativt forslag til lovformulering da det meiner at lovgivingsteknikken på dette området i opplæringslova og privatskolelova har gitt eit fragmentarisk og uoversiktleg lovverk, og seier om dette i høringsfråsegna:

”Krav om politiattest i forbindelse med virksomhet etter opplæringsloven er regulert i opplæringsloven §§ 10-9, 13-6, 13-7 og 13-7a. Paragraf 13-6, 13-7 og 13-7a inneholder henvisning til § 10-9 for henholdsvis musikk- og kulturskolen, SFO og leksehjelp på 1.-4. årstrinn. Resultatet av dette er at hjemmelsgrunnlagene for når det kan og skal kreves politiattest er spredt i ulike bestemmelser i opplæringsloven og det er vanskelig å få oversikt over de ulike bestemmelsene i opplæringsloven som regulerer politiattest. ……
Direktoratet mener også at dersom krav om politiattest kun er regulert i en bestemmelse i opplæringsloven vil det være enklere for skoleeier og for politiet som skal utstede politiattester å få oversikt over når det foreligger hjemmel til å kreve politiattest etter opplæringsloven. Det vil også være enklere lovteknisk i forhold til forskrift til politiregisterloven og oversikten over bestemmelser i særlovgivningen her dersom det ikke er mange bestemmelser som må henvises til.”

3.4 Vurderingar og forslag frå departementet

3.4.1 Generelt

Høringsinstansane har i hovudsak støtta forslaget om å justere føresegnene om politiattest i samsvar med ny politiregisterlov. Nedanfor vil departementet sjå nærmare på høringsfråsegnene knytte til dei ulike delane av lovendringsforslaget.

3.4.2 Konsekvensar av merknad i politiattesten

Kva konsekvensar ein merknad i politiattesten skal få, må regulerast i spesiallovgivinga. Opplæringslova og privatskolelova har i dag føresegner om at seksuelle overgrep mot barn skal medføre forbod mot tilsetjing i grunnskolen. Det same gjeld for skolefritidsordninga, musikk- og kulturskolar og leksehjelpordninga.

For vidaregåande opplæring er ordninga ei anna. Her er det opp til tilsetjingsmyndigheita om ein merknad i ein politiattest skal få betydning i ei konkret tilsetjingssak.

Talet på lovbrot som skal medføre merknad i politiattestane, vil gjennom den foreslåtte tilvisinga til den nye politiregisterlova § 39 første ledd bli utvida. Også grov valds-, rans- og narkotikakriminalitet skal medføre merknad. I høringa reiste departementet spørsmålet om dette medfører behov for endring i regelverket om kva konsekvensar ein slik merknad i politiattesten skal få i ei tilsetjingssak.

Ingen høringsinstansar har teke til orde for å utvide yrkesforbodet til å gjelde også for andre regelbrot enn seksuelle overgrep. Men i høringa er det peika på at ei tilsetjingsmyndigheit kanskje ikkje vil vite kva straffebod som gjeld seksuelle overgrep, og kva straffebod som gjeld andre regelbrot. Dette er likevel eit praktisk forhold som kan løysast gjennom informasjon og rettleiing.

Når det gjeld andre regelbrot, er det derfor foreslått at vedkommande tilsetjingsmyndigheit sjølv må avgjere kva konsekvensar eit lovbrot skal få. På den måten skjer inga automatisk utestenging frå arbeidsforhold i skolen i fleire tilfelle enn i dag. Samtidig vil ei tilsetjingsmyndigheit, m.a. gjennom tilsetjingsintervju og andre undersøkingar, kunne gjere seg nærmare kjend med bakgrunnen til den som blir tilboden ei stilling. På den måten kan ulike omsyn bli tekne vare på gjennom ei totalvurdering i kvart enkelt tilfelle.

Når det gjeld yrkesforbodet i grunnskolen, meiner somme at dette hindrar overgriparar frå resosialisering og tek frå dei sjansen til å komme tilbake i arbeid. Departementet understrekar at eit slikt forbod berre hindrar aktuelle lovbrytarar i å få tilsetjing i grunnskolen, skolefritidsordninga, musikk- og kulturskolar og leksehjelpa. Det er ikkje til hinder for annan type arbeid. Departementet ser på seksuelle overgrep mot barn som svært alvorleg og som klart diskvalifiserande frå arbeid i grunnskole, skolefritidsordning, musikk- og kulturskole og leksehjelp. Dette er stader der nettopp mange barn oppheld seg over lange periodar.

Departementet ønskjer derfor å halde fast ved ordninga med at seksuelle overgrep mot barn framleis skal føre til tilsetjingsforbod i grunnskole, skolefritidsordning, musikk- og kulturskole og leksehjelp.

I høringsfråsegnene er det frå somme hald teke opp at yrkesforbodet bør utvidast til å gjelde også i vidaregåande opplæring. Dette er grunngitt med at det må leggjast større vekt på omsynet til å sikre også disse elevane, enn på omsynet til å opne opp yrkeslivet for fleire søkjarar. Departementet er samd i at omsynet til elevane, uansett alder, har stor betydning. Dette omsynet kan det likevel takast vare på gjennom ei grundig vurdering frå tilsetjingsmyndigheita si side i kvart enkelt tilfelle. Dette har vore den ordninga som tilsynelatande har fungert tilfredsstillande i ei årrekkje. Departementet understrekar også at elevane i vidaregåande opplæring er eldre, også etter kvart over 18 år, og såleis i større grad enn elevar i grunnskolen kan ta vare på seg sjølv.

Somme har peika på at det for skolar som har både ungdomstrinn og vidaregåande opplæring er uhensiktsmessig med yrkesforbod i grunnskolen, men ikkje i vidaregåande opplæring. Departementet meiner at sjølv om dette i enkelte tilfelle kan opplevast upraktisk, så er det få slike skolar. Dette aleine kan ikkje leggjast til grunn for å utvide yrkesforbodet.

Eit ønske om å utvide yrkesforbodet er av somme høringsinstansar grunngitt med at det er stor lærarmangel ein del stader, og at det derfor kan vere problematisk for ei tilsetjingsmyndigheit å stengje ute ein lærar pga. ein merknad. Av rekrutteringsomsyn vil kanskje læraren i nokre tilfelle bli tilsett trass i at vedkommande ikkje burde vore tilsett, og omsynet til elevane vil komme i andre rekkje. Departementet har likevel tillit til at tilsetjingsmyndigheitene lokalt vil gjere ei trygg avveging av motstridande omsyn i slike tilfelle. Det kan neppe dreie seg om mange tilfelle i praksis der ei slik problemstilling kjem på spissen. Departementet kan derfor ikkje gå inn for å utvide yrkesforbodet av desse grunnane.

Ein høringsinstans peikar på behovet for å innføre sentrale retningslinjer for den interesseavveginga ei tilsetjingsmyndigheit må gjere dersom ein søkjar har merknader i politiattesten. Departementet har tru på at tilsetjingsmyndigheitene framleis kan gjere slike vurderingar utan sentralt fastsette retningslinjer.

Ein høringsinstans ønskjer ”mot mindreårige” fjerna frå lovføresegna, slik at seksuelle overgrep, uansett om dei er mot ein mindreårig eller ikkje, inneber yrkesforbod. Det er grunngitt med at alle seksuelle overgrep er alvorlege. Dette vil innebere ei skjerping i høve til dagens reglar. Seksuelle overgrep mot andre enn barn vil kunne spenne over seksuelle handlingar med svært varierande alvorsgrad. Alle slike, også dei mindre alvorlege, vil i så fall gi yrkesforbod. Departementet meiner at ei slik ordning vil bryte heilt med gjeldande rett på området, og kan ikkje gi tilslutning til ei slik utviding av yrkesforbodet. Eit slikt forslag har dessutan heller ikkje vore til høring.

I høringsfråsegnene er det også vist til at det er unaturleg med strengare krav til politiattest i skoleliknande aktivitetstilbod enn i ordinær skole. Det blir her vist til at yrkesforbod ikkje gjeld vidaregåande opplæring, men er foreslått å skulle gjelde for skoleliknande aktivitetstilbod anten dei blir tilbodne i samband med grunnskole eller vidaregåande. Departementet ser at dette isolert sett kan verke unaturleg. Det er likevel grunngitt med at det bør vere ein regel for alle skoleliknande aktivitetstilbod – både av praktiske omsyn og fordi det vil kunne vere felles tilbod på tvers av aldersgruppene/skolane. Dessutan vil ein lærar, t.d. på ein sommarskole, kunne få oppgåver for elevar både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Med ein regel for alle skoleliknande aktivitetstilbod er det mest naturleg å ha tilsvarande regel som for grunnskolenivå fordi det er grunn til å tru at det vil vere fleire tilbod for barn i denne aldersgruppa.

På bakgrunn av det ovannemnde held departementet fast ved det forslaget som vart fremja i høringa. Det inneber at yrkesforbodet ved seksuelle overgrep mot barn blir foreslått halde oppe i grunnskolen, skolefritidsordninga, musikk- og kulturskolane og i leksehjelpa. Dessutan er det foreslått innført for skoleliknande aktivitetstilbod. Det er ikkje foreslått utvida til å gjelde for vidaregåande opplæring, heller ikkje for andre overgrep det er merknad om i politiattesten. Her er det foreslått same ordning som i vidaregåande opplæring i dag, nemleg at her skal tilsetjingsmyndigheita vurdere i kvart enkelt tilfelle kva betydning ein merknad i politiattesten skal få. I vidaregåande opplæring gjeld dette også for seksuelle overgrep mot barn.

3.4.3 Politiattest for dei som har budd i andre land

Opplæringslova og privatskolelova krev at den som skal tilsetjast i skolen, må leggje fram politiattest. Det er ikkje sagt noko nærmare om forholdet når den som skal tilsetjast, har budd i eit anna land, og om eventuelle politiattestar utferda i andre land. Dagens strafferegistreringslov seier heller ikkje noko om dette.

Etter hovudregelen i den nye politiregisterlova § 36 skal ein basere seg på opplysningar som kjem fram av den norske attesten. Etter § 36 nr. 1 er politiattest utferda i eit anna EØS-land likestilt med norsk politiattest. Dette har samanheng med plikter Noreg har etter EØS-avtalen. Her heiter det at EØS-borgarar ikkje skal diskriminerast, og at politiattestar utferda i deira heimland må godtakast. Det blir vist til at det i desse landa finst forholdsvis pålitelege system for registrering av strafferettslege reaksjonar, og vidare at straffelovgivinga i desse landa i stor grad er samanfallande med den norske.

I politiregisterlova § 36 nr. 3 siste punktum heiter det vidare at det i lov eller forskrift gitt i medhald av lov kan stillast krav om inntil fem års butid i Noreg dersom det i samband med vandelskontroll ikkje kan leggjast fram politiattest som nemnt i første ledd nr. 1, og dersom vesentlege samfunnsmessige omsyn tilseier det.

Krav om butid er inngripande, og politiregisterlova krev også at ”vesentlige samfunnshensyn” tilseier det før eit slikt krav kan innførast. Dersom det skal innførast lovreglar i spesiallovgivinga om butid som alternativ til politiattest, synest det naturleg at identiske eller likelydande reglar blir innførte på ulike sektorar. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har i eit høringsbrev våren 2010 med forslag til endringar i reglane om politiattest på barnevernsområdet gitt uttrykk for at spørsmålet om å innføre krav om butid mest hensiktsmessig bør vurderast samla for alle område der slik politiattest er kravd. Departementet er samd i dette og fremja derfor i høringsbrevet sitt ikkje forslag til nye føresegner på dette området. Men departementet oppfordra høringsinstansane til å komme med synspunkt på dette temaet. Departementet har derfor referert ein del av dei synspunkta som kom fram om dette under høringa, sjå punkt 3.3.2.3 ovanfor.

Sidan departementet ikkje har fremja noko forslag på dette punktet, men avventar eit seinare arbeid på området, blir det både unødvendig og uhensiktsmessig å kommentere og vurdere særskilt synspunkt frå dei enkelte høringsinstansane her. Departementet vil likevel ta innspela med i det vidare arbeidet med dette spørsmålet.

3.4.4 Skoleliknande aktivitetstilbod

Det har vore reist spørsmål om å innføre i opplæringslova og privatskolelova ein eigen heimel for å krevje politiattest framlagd av personar som blir tilsette i skoleliknande aktivitetstilbod. Oslo kommune sitt sommarskoletilbod er eit eksempel på eit slikt tilbod.

Departementet ser her behovet for krav om politiattest. Dei som blir tilsette i slike aktivitetstilbod, får like stor og nær kontakt med mindreårige som tilsette i skolar, skolefritidsordningar, musikk- og kulturskolar og leksehjelptilbod. Det er såleis dei same omsyna og dei same avvegingane som gjer seg gjeldande her som ved krava om politiattest i skolesektoren generelt.

Ein lovheimel i opplæringslova og i privatskolelova om politiattest i samband med denne typen tilbod bør etter departementet si vurdering omfatte alle aktuelle skoleliknande aktivitetstilbod i regi av kommunar, fylkeskommunar og private skoleeigarar, ikkje berre sommarskolar. Opplæringslova og privatskolelova bør ikkje regulere forhold som ikkje har noko med skole å gjere i det heile teke. Skoleliknande aktivitetstilbod må derfor avgrensast mot andre og reine fritidstilbod som det ikkje er naturleg med eigne føresegner om i opplæringslova og privatskolelova. Det bør etter departementet sitt syn ikkje leggjast opp til innføring av føresegner om politiattest i opplæringslova og privatskolelova om aktivitetstilbod med avgrensa eller inga tilknyting til skole. Departementet meiner derfor at ein lovheimel om politiattest her altså bør gjelde ”skoleliknande aktivitetstilbod”. Dette er presisert i forslaget til lovtekst til å vere ”aktivitetstilbod i regi av kommune eller fylkeskommune med karakter av opplæring”. Det avgjerande for kva som skal falle inn under omgrepet må vere at det gjeld fritidsaktivitetar som blir arrangerte i regi av skoleeigar som kommune og fylkeskommune, eventuelt privat skoleeigar, og har nær tilknyting til skolen. Det må vere eit tilbod med karakter av opplæring, og vere slik utforma at det gir noko fagleg kompetanse, men det må ikkje stillast strenge krav til det faglege innhaldet, heller ikkje med tanke på kva ein kan sjå på som fag.

Av ein høringsinstans er det peika på at det i sjølve lovteksten bør gå fram at tilbodet skal ha tilknyting til skole. I høringsforslaget nøgde departementet seg med å nemne dette i omtalen av lovføresegna. Departementet har komme til at dette med fordel kan takast inn i sjølve lovteksten.

Somme høringsinstansar har peika på behovet for at omgrepet ”skoleliknande aktivitetstilbod” må vere presist og tydeleg, bl.a. at det må gå klart fram at det også skal gjelde i feriar. Departementet er samd i at omgrepet må gjerast mest mogleg tydeleg både i sjølve lovteksten og i merknadene, sjølv om det ikkje er mogleg å gi noka konkret opplisting av kva som er omfatta og kva som ikkje er. Det er ikkje tvil om at omgrepet skal omfatte tilbod som blir gitt i skoleferiar. Oslo kommune sitt sommarskoletilbod er nettopp eit eksempel på dette.

Av ein høringsinstans er det peika på at det må gjelde tilbod til elevar og lærlingar ved nærmare oppgitte skoleslag. Departementet meiner det er uhensiktsmessig å nemne konkrete skoleslag. Skoleliknande aktivitetstilbod er tilbod ein skole, kommune eller fylkeskommune tilbyr, der barn og unge i ordinær skolealder vil vere målgruppa, og der tilbodet skal ha eit skoleliknande innhald. Reine vaksentilbod, dvs. tilbod målretta til dei som normalt er ferdige med ordinær vidaregåande opplæring, vil ikkje vere omfatta. Leik- og fritidstilbod utan tilknyting til skole vil heller ikkje vere omfatta.

Ein høringsinstans har peika på at omgrepet også bør gjelde for leksehjelptilbod frå femte årstrinn og oppover, fordi slik leksehjelp ikkje er lovregulert. Departementet er samd i at slike leksehjelptilbod som blir gitt i regi av skole, kommune eller fylkeskommune, vil vere omfatta av omgrepet skoleliknande aktivitetstilbod.

Ein høringsinstans har foreslått at lovverket må seie klart frå om kven som i det skoleliknande aktivitetstilbodet skal avkrevjast politiattest og kven som ikkje skal det. Det må her skiljast mellom den som har ein profesjonell og assisterande rolle på den eine sida og kven som på den andre sida berre medverkar som forelder eller annan type av pårørande. Departementet sluttar seg til at det er den som skal tilsetjast, engasjerast eller på annan måte av tilbydaren bli gitt oppgåver i tilknyting til tilbodet, som skal avkrevjast politiattest. Foreldre, pårørande eller andre som berre er til stades og i avgrensa grad hjelper til, vil falle utanfor den gruppa det kan krevjast politiattest av.

Departementet ser, som somme peikar på, at omgrepet kan vere utfordrande m.a. når det gjeld tilsyn. Tydeleggjering av omgrepet i lov og lovforarbeid vil såleis også vere til hjelp i samband med tilsynsfunksjonar.

I høringsforslaget har departementet peika på at ei alternativ og meir hensiktsmessig løysing kunne ha vore å regulere skoleliknande aktivitetstilbod i ei generell forskriftsføresegn i medhald av politiregisterlova. Ei slik føresegn kunne ha omfatta særtilfelle på fleire område enn opplæringsområdet og fungert som ei fellesføresegn. Ei slik samleføresegn kunne ha gjort lovregulering i kvar enkelt særlov unødvendig.

Enkelte høringsinstansar støttar departementet sitt syn på at det ideelle hadde vore ei felles regulering av dette for fleire sektorar, f.eks. i forskrifta til politiregisterlova. Departementet får likevel støtte for å foreslå eigne føresegner om dette i eiga lovgiving så lenge slik felles forskriftsregulering ikkje finst. All den tid ei slik forskrift ikkje ligg føre eller er foreslått, meiner departementet det er hensiktsmessig med ei eiga lovregulering for sitt område.

På bakgrunn av det som har komme fram på dette punktet i høringsfråsegnene, vil departementet halde fast ved det forslaget som vart sendt til høring om å utvide politiattestkravet til også å gjelde for skoleliknande aktivitetstilbod. Lovteksten blir foreslått ytterlegare presisert ved at det blir teke inn eit krav om tilknyting til skole.

3.4.5 Andre forhold i tilknyting til forslaget om politiattest

Under høringa er det komme fram synspunkt om ein del forhold der det ikkje var bedt om innspel.

Ein høringsinstans peikar på at høringsforslaget aktualiserer spørsmålet om å sjå på verkeområdet til lova på ny, m.a. fordi lova etter kvart omfattar ein del andre aktivitetar enn dei som fell inn under § 1-2 om verkeområdet. Departementet ser problemstillinga det blir peika på. Dette er likevel eit omfattande og sentralt spørsmål som i så fall må vurderast og hørast som ei eiga problemstilling.

Utdanningsdirektoratet peikar på at det bør tilføyast m.v. i kapitteloverskrifta både til kap. 10 i opplæringslova og til kap. 4 i privatskolelova. Sidan skoleliknande aktivitetstilbod nå blir ein del av lova, sluttar departementet seg til dette.

Enkelte høringsinstansar foreslår at reglane om politiattestar skal vere ei hjelp til å sile ut personar frå lærarutdanninga. Departementet merkjer seg synspunktet, men reglane om politiattest i opplæringslova og privatskolelova har eit anna siktemål enn å regulere kven som skal få utdanne seg til lærar. Departementet kan derfor ikkje slutte seg til forslaget. Det har heller ikkje vore til høring.

Ein høringsinstans ønskjer at rusmisbruk skal føre til merknad i politiattesten. Rusmisbruk må sjåast som eit relativt bagatellmessig brot på straffelovgivinga, i alle høve samanlikna med dei brot som følgjer av politiregisterlova § 39. Merknad om eit slikt lovbrot vil derfor bryte sterkt med politiregisterlova sitt system. Departementet kan derfor ikkje slutte seg til dette forslaget.

Av ein høringsinstans er det hevda at skoleliknande aktivitetstilbod ikkje bør regulerast i privatskolelova, sidan private skolar ikkje skal drive anna verksemd enn skole utan dispensasjon. Dersom det likevel blir regulert i privatskolelova, blir det peika på at det i lova klart må gå fram at det skoleliknande aktivitetstilbodet ikkje må vere i strid med privatskolelova § 2-2 første ledd. Sidan dispensasjon etter lova kan givast, meiner departementet at politiattest for skoleliknande aktivitetstilbod også bør inngå i privatskolelova. Eit eventuelt skoleliknande aktivitetstilbod må sjølvsagt ikkje bryte med privatskolelova § 2-2 første ledd. Ei føresegn om politiattest for slike tilbod inneber inga endring i føresegnene elles i lova om høve til å tilby dette. Departementet finn det unødvendig å lovregulere at andre føresegner i lova må haldast, da dette uansett vil gjelde.

Somme høringsinstansar peikar på andre forhold som dei reknar med har større betydning enn politiattestar aleine – førebyggjande og haldningsskapande arbeid, bevisstgjering, gode rammer osv. Departementet er samd i at desse forholda er viktige.

I høringa er det også peika på behovet for å verne om vaksne gjennom reglane om politiattest. Det blir spesielt peika på vaksne som får spesialundervisning. Departementet ser at det kan tenkjast tilfelle der vaksne kunne ha behov for eit vern som nemnt. Men departementet meiner at dette betre kan løysast gjennom tiltak som er nemnde ovanfor, nemleg førebyggjande arbeid, bevisstgjering, kontinuerleg årvakenheit og gjennom grundige tilsetjingsprosessar. Eit forslag om ei slik utviding har heller ikkje vore til høring.

Ein høringsinstans meiner at politiattest også bør krevjast av dei som gir spesialpedagogisk hjelp etter opplæringslova § 5-7 når slik hjelp blir gitt utanfor barnehagen. Da vil ikkje føresegnene i barnehagelova om politiattest gjelde. Men opplæringslova § 10-9 om politiattest vil gjelde for dei som gir slik spesialpedagogisk hjelp og som er tilsette i grunnskolen, jf. Ot. prp. nr. 46 (1997-98) s. 184. Noko slik hjelp blir likevel gitt også utanfor skolen, t.d. i sosiale og medisinske institusjonar. Departementet ønskjer ikkje no å utvide kravet om politiattest til også å omfatte dei som gir slik hjelp og er tilsette utanfor skole og barnehage. Dette kjem dels av at forholdet ikkje har vore til høring, dels av at det som ledd i oppfølginga av NOU 2009:18 Rett til læring blir vurdert om opplæringslova § 5-7 om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder skal flyttast til barnehagelova.

3.4.6 Forskrifter

Føresegnene om politiattest i kap. 15 i forskrifta til opplæringslova og kap. 8 i forskrifta til privatskolelova vil bli ajourførte og harmoniserte med endringar foreslått i lovverket. I dag inneheld dei nemnde forskriftsføresegnene kva straffebod som skal førast i politiattestane. Dette er no teke inn i politiregisterlova § 39 første ledd, som det er foreslått at opplæringslova § 10-9 og privatskolelova § 4-3 skal vise til, og det må såleis takast ut av forskrifta.

Det er teke sikte på at endringane i forskriftene vil bli sette i verk samtidig med lovendringane. Forslag om endringar i forskriftene er sendt på ordinær høring.

Ingen av dei høringsinstansane som har uttalt seg, har innvendingar mot at det blir gitt utfyllande forskrifter til lova.

3.4.7 Alternativt forslag til lovformulering

Utdanningsdirektoratet har kommentert fleire forhold knytte til høringsforslaget frå departementet. Desse er refererte og kommenterte fortløpande ovanfor under dei respektive punkta. I tillegg har Utdanningsdirektoratet fremja eit eige og alternativt forslag til lovføresegner, sjå punkt 3.3.2.6.

I dag er reglane om politiattest spreidde utover i opplæringslova og privatskolelova. I tillegg til ei hovudføresegn om politiattest i opplæringslova § 10-9 er det føresegner om politiattest i § 13-6 om musikk- og kulturskolar, § 13-7 om skolefritidsordninga og § 13-7a om leksehjelp. I tillegg er det foreslått teke inn ei ny føresegn om skoleliknande aktivitetstilbod i eit eige ledd i § 10-9. Alt dette fører, som direktoratet peikar på, til fragmentarisk lovgiving på området for politiattestar.

Direktoratet foreslår å regulere alt som gjeld politiattest i ei samla føresegn. Det betyr at reglane om politiattest for musikk- og kulturskolar, skolefritidsordninga, leksehjelp og skoleliknande aktivitetstilbod vil bli samla i opplæringslova § 10-9 saman med reglane om politiattest for grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet meiner at det er ein ryddig måte å regulere dette på og vil derfor foreslå ei slik samleføresegn.

Direktoratet har foreslått at det blir presisert i lovteksten at politiattest skal krevjast av den som blir tilsett, fast eller mellombels. Ei slik presisering i lovteksten er i samsvar med gjeldande rett, jf. Ot.prp. nr. 46 (1997-98) s. 184, og blir foreslått innteken.

Når det gjeld politiattest frå dei som regelmessig oppheld seg i skole eller nærmare oppgitt fritidsaktivitet, har direktoratet foreslått ei utviding ved at dette også skal gjelde for vidaregåande opplæring. Departementet har ingen innvendingar til dette, all den stund dette er noko skoleeigaren ikkje skal, men kan krevje. Det gir dessutan ein ryddigare og meir einsarta rettstilstand. Det kan også i vidaregåande opplæring liggje føre eit slikt behov.

Det er vidare teke inn eit forslag frå direktoratet om uttrykkeleg å slå fast i lovteksten at andre konsekvensar enn yrkesforbod må vurderast konkret. Dette inneber inga endring i gjeldande rett, men det er nytt at det blir teke inn i lovteksten. Det visast her også til Ot.prp. nr. 108 (2008–2009) hvor det er uttrykt at heimel for og konsekvensar av merknader i politiattesten å gå frem av særlovgivninga. Departementet sluttar seg til at lovteksten slår fast at andre konsekvensar enn yrkesforbod må vurderast konkret.

Forslaget frå direktoratet får konsekvensar for føresegnene i opplæringslova §§ 13-6 andre ledd, 13-7 sjette ledd og 13-7a tredje ledd. Direktoratet foreslår å oppheve desse. Departementet foreslår i staden at det i desse føresegnene blir vist til opplæringslova § 10-9. Det gir betre rettleiing for ein brukar av lova. Brukaren får da klar rettleiing om at det som t.d. gjeld skolefritidsordninga, ikkje fullt ut er regulert i § 13-7, men må supplerast med reglar om politiattest i § 10-9. Ei slik ordning med tilvisingar vil ikkje innebere realitetsendringar.

For privatskolelova er det foreslått tilsvarande endringar i § 4-3 som for § 10-9 i opplæringslova, sjå ovanfor. Dei to føresegnene er skorne over same leist. Det blir vidare foreslått ei tilvising i § 7-1e tredje ledd om leksehjelp til § 4-3, sjå tilsvarande ovanfor for opplæringslova.

Departementet sluttar seg altså i all hovudsak til forslaga frå direktoratet til lovføresegner for å få ei meir oversiktleg lovgiving på området for politiattest.

Til forsida