Prop. 96 L (2010–2011)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.)

Til innhaldsliste

7 Forslag om endringar i § 1-2 andre ledd (tekniske endringar)

Det er oppdaga at det ved ei tidlegare lovjustering er komme inn ein teknisk feil i andre ledd i opplæringslova § 1-2 om verkeområdet for lova. Opplæringslova § 1-2 andre ledd seier at lova skal gjelde også for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i private grunnskolar som ikkje mottek statstilskott etter privatskolelova.

Det er her brukt omgrepet vidaregåande opplæring i private grunnskolar. Det gir inga meining å omtale noko som vidaregåande grunnskolar sidan dette er to ulike opplæringstilbod for to ulike aldersgrupper. Det har heller aldri vore meininga at privat vidaregåande opplæring skulle vere omfatta av lova. Ved ein feil har orda ogvidaregåande opplæring komme inn i føresegna i 2009 da det vart gjort endringar i kapitlet i samband med ny formålsparagraf. Desse orda var ikkje med i ordlyden før det.

Departementet foreslår at opplæringslova § 1-2 andre ledd blir endra slik at dette blir retta opp. Det blir foreslått at orda og vidaregåande opplæring blir tekne ut av § 1-2 andre ledd. Dette betyr at lova, i samsvar med den opphavlege formuleringa, berre vil gjelde for grunnskoleopplæring i private grunnskolar som ikkje får statstilskott etter privatskolelova, og for privat heimeundervisning i grunnskolen. Departementet foreslår i tillegg at ordet mottek blir bytta ut med ordet får som ei språkeleg retting.

Til forsida