Prop. 98 S (2012–2013)

Utbygging og drift av Ivar Aasen-feltet

Til innhaldsliste

5 Konklusjonar og vilkår

Olje- og energidepartementet vil godkjenne plan for utbygging og drift av Ivar Aasen-feltet i samsvar med planane som operatøren har lagt fram, dei merknadene som går fram av denne proposisjonen, og på følgjande vilkår:

  1. Endeleg avtale om samordning av ressursane (unitiseringsavtale) mellom utvinningsløyva 001 B og 457 og fordeling av førekomsten 16/1-9 Ivar Aasen mellom desse utvinningsløyva skal vere utarbeidd og send til departementet innan 30.6.2014.

  2. Fram til endeleg avtale om samordning av ressursane (unitiseringsavtale) er utarbeidd og send til departementet, skal rettshavarane i utvinningsløyve 001 B regelmessig informere rettshavarane i utvinningsløyve 457 om oppdatering av geofagleg og reservoarteknisk arbeid, ressursestimering, utvinningsstrategi og utforming og plassering av utvinningsbrønnar for førekomsten 16/1-9 Ivar Aasen.

  3. Ein plan for avgrensing av førekomsten 16/1-9 Ivar Aasen, oppdatert plan for utvinning av førekomsten og grunnlaget for denne planen og oppdatert hovudplan for bore- og brønnaktiviteten skal leggjast fram for departementet til godkjenning innan 30.6.2014. Departementet krev retten til å stille vilkår til ei forsvarleg utnytting av ressursane, basert på framlegginga av dei oppdaterte planane.

  4. Det må gjennomførast ei vurdering av kommunikasjons- og strøymingseigenskapane internt i Sleipner- og Skagerrakformasjonane for å utforme ein god utvinningsstrategi for desse formasjonane. Moglegheita for og den eventuelle gevinsten av formasjons- /interferenstestar i desse formasjonane skal inngå i vurderinga. Vurderinga skal leggjast fram for Oljedirektoratet innan 30.6.2014.

  5. Rettshavarane i Ivar Aasen-feltet skal bidra aktivt i arbeidet med å greie ut ei samordna kraft frå land-løysing for den sørlege delen av Utsirahøgda. Rettshavarane i Ivar Aasen-feltet skal òg dekkje den forholdsmessige delen sin av kostnadene til utgreiinga.

  6. Dersom departementet finn at ei samordna kraft frå land-løysing for den sørlege delen av Utsirahøgda skal realiserast, skal Ivar Aasen-feltet tilknytast ei slik løysing, med mindre departementet av særskilde grunnar bestemmer noko anna.

  7. Dersom departementet finn at ei samordna kraft frå land-løysing for den sørlege delen av Utsirahøgda skal realiserast og Ivar Aasen-feltet skal tilknytast, skal rettshavarane i Ivar Aasen-feltet dekkje den forholdsmessige delen sin av investerings- og driftskostnadene ved ei slik løysing.