Prop. 1 S (2019–2020)

FOR BUDSJETTÅRET 2020 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1650 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4670, 5341, 5351, 5605, 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Oversikt

1.1 Område

I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

1.2 Hovudoppgåver og organisering

Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å

  • medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet

  • sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter

  • samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten

  • forvalte statleg formue og gjeld

  • medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd

  • medverke til velfungerande finansmarknader

Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020, Prop. 1 S (2019–2020) Statsbudsjettet for budsjettåret 2020 og Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.

Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2019

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2019

1 Ansvarstilhøvet mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert ved lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv. Frå 1. januar 2020 vert lova erstatta av lov 21. juni 2019 nr. 31 om Norges Bank og pengevesenet mv.

2 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

3 Verksemd med eige styre.

1.3 Oversikt over budsjettframlegget for Finansdepartementet

Programområde under departementet

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

2 969 494

2 763 700

2 527 000

-8,6

Programområde 23 Finansadministrasjon

43 682 355

44 239 800

48 370 700

9,3

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

54 583 443

87 047 900

10 015 800

-88,5

Sum utgifter

101 235 292

134 051 400

60 913 500

-54,6

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

88 685

31 800

29 400

-7,5

Programområde 23 Finansadministrasjon

2 952 608

3 060 600

2 983 032

-2,5

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

46 642 200

23 659 700

16 207 537

-31,5

Sum inntekter

49 683 493

26 752 100

19 219 969

-28,2

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med tilknytte organ. Framlegg til løyving for 2020 under dette programområdet utgjer 2 527 mill. kroner som er ein reduksjon med 236,7 mill. kroner frå saldert budsjett 2019. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det ein auke med 22,2 mill. kroner eller 5,1 pst. Av auken gjeld 5 mill. kroner ekstraordinær investering i regjeringa si bilteneste og 8 mill. kroner er ein følgje av endringar i regjeringa 22. januar 2019. Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ, gjer ein framlegg om å redusere løyvingane med 117,1 mill. kroner. Reduksjonen kjem serleg av at rehabilitering av Stortingets eigedom Prinsens gate 26 mv. i det alt vesentlege vert sluttført i 2019.

Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2020 under dette programområdet utgjer 48 370,7 mill. kroner. Det er ein auke på 4 130,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2019. Av auken gjeld 2 500 mill. kroner auka meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og 800 mill. kroner meir til nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift. Til Skatteetaten og Skatteklagenemnda ligg det inne ein auke med 511 mill. kroner som særleg heng saman med Skatteetatens overtaking av skatteinnkrevjinga frå kommunane.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 10 015,8 mill. kroner. Hovudgrunnen til ein reduksjon her med 77 032,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2019 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2019, medan det for 2020 ikkje vert rekna med nokon avdrag.

Inntekter

Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 19 220 mill. kroner. Av det er 16 136,8 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 13 900 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2020 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

01–23

Driftsutgifter

19 023 531

19 289 000

20 812 700

7,9

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

971 028

709 200

530 100

-25,3

50–59

Overføringar til andre statsrekneskap

10 000

8 000

10 000

25,0

60–69

Overføringar til kommunar

24 349 493

24 600 000

27 000 000

9,8

70–89

Overføringar til private

12 982 240

12 930 200

12 560 700

-2,9

90–99

Utlån, avdrag m.m.

43 899 000

76 515 000

-100,0

Sum under departementet

101 235 292

134 051 400

60 913 500

-54,6

2 Nokre viktige oppgåver i 2020

Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2020, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.

2.1 Statens pensjonsfond

Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.

Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 9 414 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2019. Av dette var 9 160 mrd. kroner i SPU og 255 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.

Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor akseptabel risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.

Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.

Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019 og i Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020.

2.2 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samstundes skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slag finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapporteringa av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalt under kap. 1600 Finansdepartementet i del II av proposisjonen.

Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette arbeidet og stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2019–2020) Nasjonalbudsjettet 2020 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 24 (2018–2019) Finansmarkedsmeldingen 2019 vart lagd fram i april 2019 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 366 S (2018–2019). Arbeidet i internasjonale fora som G 20, Baselkomiteen og EU for å styrkje reguleringa i finansmarknadene etter den internasjonale finanskrisa i 2008–2009, er langt på veg sluttført. Noreg, Island og Liechtenstein samarbeider med EU om å utvikle EØS-avtalen ved å ta inn ei stor mengd nye rettsaktar på finansmarknadsområdet, og som skal gjennomførast i nasjonal rett. Sentrale soliditetskrav og krav til krisebehandling i tråd med internasjonale anbefalingar og vedtekne EU-reglar, er allereie gjennomførte. I del II i denne proposisjonen er det under kap. 1600 Finansdepartementet, Rapport, gjeve ei meir detaljert framstilling av arbeidet med EØS-relevante forordningar og direktiv, og om anna regelverksarbeid.

2.3 Skatte- og avgiftsområdet

Regelverksarbeid

Det er vorte gjennomført store endringar i skatte- og avgiftslovgivinga dei siste åra, mellom anna ei skatteomlegging for å fremje omstilling og vekst. I del II er det under kap. 1600 Finansdepartementet rapportert om fleire regelrevisjonar og nytt regelverk som det òg vil verte arbeidd med etter 2019, og om aktivitetar i 2020 og seinare. Dette gjeld mellom anna:

  • Digital økonomi og skatt

  • Kraftskatteutval

  • Havbruksskatteutval

  • Utval om særavgift på sjokolade- og sukkervarer og alkoholfrie drikkevarer

  • Utval om ei enklare meirverdiavgift

  • Berekraftige bilavgifter

  • Verdsetjing av fritidseigedom

  • Reglar for kjeldeskatt på renter og royalty

Flytting av skatteoppkrevjinga

Regjeringa gjer framlegg om å overføre skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten. Dagens organisering av skatteoppkrevjinga er ikkje føremålstenleg, korkje når det gjeld fag, styring eller ressurshandtering. Ansvaret for skatteoppkrevjinga er i dag delt mellom Skatteetaten, som har det faglege ansvaret, og kommunane, som har det administrative ansvaret. Ein god del kommunar har skipa interkommunale einingar, og det er i dag 227 kommunale skatteoppkrevjarkontor som nyttar om lag 1 300 årsverk på skatteoppkrevjarfunksjonen. I tillegg til skatteoppkrevjing driv kontora arbeidsgjevarkontroll og fører skatterekneskapen. Skatteoppkrevjing vert brukt som ei sams nemning om dei samla oppgåvene som ligg til skatteoppkrevjarfunksjonen. Skatteetaten på si side nyttar om lag 70 årsverk til å følgje opp skatteoppkrevjarane.

Spørsmålet om å flytte skatteoppkrevjinga til Skatteetaten er utgreidd fleire gonger, seinast i 2004 (NOU 2004: 12 Bedre skatteoppkreving) og i 2007 (NOU 2007: 12 Offentlig innkreving). Fleirtalet i desse utvala tilrådde overføring av oppgåva.

Skatteoppkrevjarfunksjonen er i dag ved lov lagt til kommunane. Denne organiseringa er historisk og ikkje fagleg underbygd i dag. Skatteoppkrevjing er ikkje ei naturleg kommunal oppgåve der lokalpolitiske forhold har innverknad, men ei regelstyrt oppgåve som vert utført på vegner av skattekreditorane staten, fylkeskommunen og kommunane. Desse oppgåvene er i liten grad prega av skjøn, og behovet for nærleik til publikum er lite. I behandlinga av Prop. 95 S (2013–2014) (om kommunereforma) slutta Stortinget seg til at eit av kriteria for vurderinga av oppgåvefordelinga mellom stat og kommune er at «oppgaver som ikke skal la seg påvirke av lokalpolitiske oppfatninger og lokalpolitiske forhold, og som derfor er kjennetegnet av standardisering, regelorientering og kontroll, bør i utgangspunktet være et statlig ansvar».

I dag har skatteoppkrevjinga mange svært små einingar. Fleire fagmiljø er kritisk små: Over 15 pst. av kontora nytter under eit årsverk og over 44 pst. av kontora nyttar to eller færre årsverk. Regjeringa vil overføre dei kommunale skatteoppkrevjarane sine oppgåver til Skatteetaten. Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skatter og avgifter. Oppgåvene som skatteoppkrevjarkontora gjer for kommunane, medrekna innkrevjing og rekneskapsføring av kommunale krav og kommunal inkasso, skal ikkje flyttast, men Skatteetaten vil kunne krevje inn kommunale krav for kommunane der dei sjølve ynskjer det.

Regjeringa foreslår å lokalisere skatteoppkrevjinga til 40 skattekontor, sju fleire enn då saka var oppe i 2015. Dei resterande 16 skattekontora (Svalbard unnateke) skal tilførast to stillingar eller meir til rettleiingsoppgåver i samband med skatteoppkrevjinga, slik at det vil utførast skatteoppkrevjaroppgåver på alle 56 skattekontor. Forslaget inneber at det vert oppretta mange store fagmiljø med kompetansearbeidsplassar i heile landet, også utanfor dei største byane. Samla sett gjev dette forslaget ein god balanse mellom lokaliseringspolitiske omsyn og behovet for ei meir heilskapleg og effektiv skatteoppkrevjing. Med ny organisering vil arbeidsmarknadsregion Oslo ha i overkant av 23 pst. av årsverka til skatteoppkrevjinga, ein klar nedgang frå 28 pst. i dag. På lengre sikt vil etableringa av større fagmiljø og kompetansearbeidsplassar utanfor Oslo-området kunne gje grunnlag for å vri ressursbruken på området ytterlegare i retning ut av Oslo.

Tiltaket vil gje større og betre fagmiljø, auka grad av likebehandling av skattytarar og betre rettstryggleik. For dei skatte- og avgiftspliktige vil tiltaket gje ei forenkling sidan dei no berre treng å ha kontakt med ein etat med heile ansvaret for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Endå viktigare er kampen mot svart økonomi og arbeidslivskriminalitet. Dette er ei nasjonal oppgåve som ikkje bør styrast av korleis kvar einskild kommune vel å prioritere ressursane sine. Ei samordning av arbeidsgjevarkontrollen med Skatteetatens andre kontrollaktivitetar vil gje betre og meir effektive kontrollar, større og meir kompetente kontrollmiljø og gjere det lettare å arbeide heilskapleg med kontroll av bedrifter og enkeltpersonar. Oppgåva vert ikkje godt nok handtert i dag. Årsakene er både at delt kommunalt og statleg ansvar gjev eit fragmentert kontrollansvar og at mange kommunar prioriterer denne oppgåva for lågt. Sjølv om talet på årsverk brukt til arbeidsgjevarkontroll i kommunane, auka med 6 pst. frå 2016 til 2018, er det framleis mange kommunar som bruker for små ressursar på dette. I 2018 var det 16 kommunar som ikkje gjennomførte ein einaste arbeidsgjevarkontroll. Interkommunale kontrollordningar kan gje større og meir kompetente fagmiljø, men fører ikkje til ei samordning med Skatteetatens kontrollverksemd. Det siste er avgjerande for betre nedkjemping av svart økonomi og arbeidslivskriminalitet. Bortsett frå dei som dreiv med kommunal skatteoppkrevjing, gav høyringa i 2014 om ei slik overføring eintydig støtte til at samordninga vil styrkje kampen mot arbeidslivskriminalitet og svart økonomi.

Overføringa inneber at Skatteetaten må styrkjast med om lag 850 årsverk. Til saman skal Skatteetaten nytte 918 årsverk på skatteoppkrevjinga. Finansdepartementet vil tilby at oppgåveoverføringa for alle kommunar vert handtert etter reglane i arbeidsmiljølova om verksemdsoverføring. Med dette vert alle medarbeidarane som overføringa får verknad for, behandla likt. Som følgje av overføringa må budsjettet til Skatteetaten styrkjast med 558,3 mill. kroner i 2020. Ramma til kommunane vert redusert med til saman 644,4 mill. kroner. Inkludert i løyvingsframlegget for Skatteetaten for 2020 er 130 mill. kroner til å dekkje ein del av Skatteetatens eingongs meirkostnader i samband med overføringa. Meirkostnadane gjeld mellom anna eigedom, kontorutstyr og mindre tilpassing av IKT-system. Gevinsten av overføringa i 2020 vert då 86,1 mill. kroner. Med heilårsverknad og utan eingongskostnader vert gevinsten frå overføringa rekna til 370,1 mill. kroner årleg.

Sjå Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020 for ein grundigare omtale av regjeringas vurderingar og framlegg. Det vert lagt opp til overføring frå 1. juni 2020.

2.4 Fornye, forenkle og forbetre

Skatte- og avgiftsområdet

Skatteetaten har dei seinare åra gjennomført fleire store omstillingsprosessar der målet er ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning. Frå 1. januar 2019 fekk etaten ein ny organisasjonsmodell, basert på landsdekkjande oppgåveløysing. Prosessen med innføring av ein ny kontorstruktur med færre kontor og større fagmiljø vert sluttført i 2019. Den nye organiseringa legg til rette for at Skatteetaten kan løyse sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte. Finansdepartementet foreslår no å overføre skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten, jf. omtale under punkt 2.3. Skatteetaten vil med dette få eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter.

Forenklingar er naudsynt av omsyn til både dei skattepliktige og Skatteetaten. Som ei oppfølging av omtala i Prop. 1 LS (2017–2018) har Finansdepartementet saman med Skatteetaten starta eit forenklingsprosjekt. Resultata frå prosjektet er omtalte i Prop. 1 LS (2019–2020), del IV.

Tolletaten

Tolletaten har starta arbeidet med å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og etablere ei ny løysing for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling). Føremålet er mellom anna å effektivisere oppgåveløysinga for både næringslivet og Tolletaten. Ekspressfortollingsløysinga vil gje ei føreseieleg og smidig grensepassering for næringslivet. For aktørar som fortollar på grensa, betyr dette at ein, i normalsituasjonen, slepp å stanse for å få behandla papira sine i ekspedisjonen. Det har vorte gjennomført eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling på Ørje tollstad i 2018. Prosjektet for ekspressfortolling vert i 2020 utvida til fleire tollstader og vidareutvikla med fleire tollprosedyrar.

Tolleetaten vart omorganisert 1. juni 2019 og består no av eit direktorat og to fagdivisjonar som båe har ansvar og oppgåver for heile landet. Fram til 1. juni var etaten organisert med eit direktorat og seks underliggjande tollregionar. Tolletaten vil halde fram med å tilpasse organiseringa si til tida og tilhøva.

Tiltaka er òg omtalte under kap. 1610 Tolletaten.

Interne fellestenester i staten

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til statlege verksemder. Gjentekne, regelbaserte oppgåver med store volum gjer slike tenester godt eigna for digitalisering og automatisering. DFØ har teke i bruk robotisert prosessautomatisering på utvalde løns- og rekneskapsprosessar. Robotisert prosessautomatisering bidreg til å redusere ressursbruk og auke kvaliteten på prosessar der dei vert nytta. DFØ har også utvikla ein «praterobot» som på lønsområdet gjev kundane støtte heile døgnet.

Direktoratet bidrar òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe løysingar som mange kundar kan nytte. Fleire store og komplekse verksemder skal verte kundar av DFØ. Dette gjeld m.a. Kriminalomsorgen. Dei fire store universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø vil ta i bruk DFØs løns- og rekneskapstenester frå 2021.

DFØ vert i 2020 omorganisert. Frå 1. januar 2020 vert fagområda til avdelinga for leiing og avdelinga for utgreiing og analyse i Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) flytta til DFØ. I andre halvår 2020 vert òg fagområdet innkjøp flytta frå Difi til DFØ. Ved å flytte desse fagområda vert fagområda økonomi, innkjøp, styring, leiing og organisering samla i DFØ. Dette legg til rette for ei meir samordna utvikling av desse områda, og at statlege verksemder kan få betre og meir heilskaplege tenester enn før.

Finansområdet

Finanstilsynet ventar fortsatt auke i oppgåver. Særleg omfattande regelverksutvikling i EU gjer at tilsynet må bruke betydelege ressursar på å utvikle tilsvarande norsk regelverk. Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar kravet til effektiv utnytting av tilsynet sine ressursar og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda. Redusert saksbehandlingstid gjennom systematisk forbetring av interne arbeidsprosessar, samstundes som eksterne og interne kvalitetskrav skal møtast, er sentralt. Utnytting av IT skal bidra til eit effektivt tilsyn gjennom å utvikle effektive rapporterings- og analyseløysingar og etablere moderne informasjons- og samhandlingskanalar internt og mot tilsynseiningar og publikum.

Finanstilsynet har gjennomført ei rekkje tiltak som har auka kvaliteten på data og effektivisert og forenkla verksemda. Utan desse tiltaka villa auka tilsynskrav og -volum dei seinaste åra ha vore vanskeleg å handsame. Tiltak som har hatt, og vil ha god effekt, er til dømes bruk av Altinn ved innrapporteringar og konsesjonssøknader.

Modernisering av statistikkproduksjonen

For å møte auka krav frå brukarane og utnytte tilgangen til nye datakjelder, samstundes som det vert sett krav til å effektivisere verksemda, må SSB modernisere statistikkproduksjonen. I dagens produksjonssystem vert statistikkane produserte i eigne produksjonsløp, ofte med eigne system og prosessar for kvar statistikk. Endringar som kjem av endra rammevilkår, må difor verte implementerte i mange ulike system. Dette er vanskeleg å sameine med krav til reduserte kostnader og lågare oppgåvebør og med krav om meir og betre statistikk. SSB må difor betre evna til å produsere statistikk og analysar på ein effektiv måte, mellom anna gjennom å automatisere og straumlineforme arbeidsprosessane. Dette arbeidet er komplisert og ressurskrevjande.

SSBs moderniseringsprogram er retta mot nettopp desse behova. Programmet er omgjort til eit moderniseringsprosjekt og planlagt på nytt med mindre omfang, lågare risiko, lågare kostnadsramme og kortare tidshorisont.

For 2020 er det øyremerkt 20 mill. kroner til dette prosjektet.

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2018–2019 og alle vedtak frå tidlegere sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2018–2019) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettframlegget gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst.

I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor er oppgitt om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no vert avslutta eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt fyrst verte avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Finansdepartementet viser til at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) har streka under at det i einskilde høve er naudsynt å gje framlegg om å oppheve eit oppmodingsvedtak før saka kan avsluttast. Finansdepartementet gjer i tråd med dette framlegg om slikt opphevingsvedtak, jf. romartalsvedtak XII.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering vert avslutta (Ja/Nei)

2018–2019

40

Solidarisk alkoholpolitikk

Ja

2018–2019

45

Solidarisk alkoholpolitikk

Nei

2018–2019

46

Solidarisk alkoholpolitikk

Ja

2018–2019

85

350-kronersgrensa

Ja

2018–2019

86

Biodrivstoff

Ja

2018–2019

93

Oppfølging av tilrådingar i årsmeldinga for 2017 frå NIM

Ja

2018–2019

189

Kommunesamanslåing – eigedomsskatteinntektene

Ja

2018–2019

404

Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar

Nei

2018–2019

406

Pensjon frå fyrste krone

Ja

2018–2019

424

Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning

Nei

2017–2018

3

Stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft

Ja

2017–2018

37

Meirverdiavgift – fritak for digital journalistikk

Ja

2017–2018

56

Betydning av familien og hushaldstrukturen for norsk økonomi

Ja

2017–2018

596

Tilsyn med OTP-ordningar

Nei

2017–2018

660

Klimaverkemiddel i oppdrettsnæringa

Ja

2017–2018

693

Spillselskap – Statens pensjonsfond utland

Ja

2017–2018

711

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Ja

2017–2018

712

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Ja

2017–2018

713

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Ja

2017–2018

727

Om tiltak for å styrkje forbrukaranes rettar i handel med bustad

Ja

2017–2018

858

Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon

Nei

2017–2018

868

Finansskatt – omlegging der finansskatt på løn vert fjerna

Ja

2017–2018

869

Fjerning av avgiftsfritak for sending av varer med låg verdi

Ja

2017–2018

871

Kolkriteriet – Statens pensjonsfond utland

Ja

2017–2018

874

Etablering av regulatorisk sandkasse

Ja

2017–2018

877

Utgreiing av ulike modellar for rentetak

Ja

2017–2018

1004

Leggje om avgiften på alkoholfrie drikkevarer

Ja

2017–2018

1006

Kursreguleringsfond

Ja

2016–2017

48

Land-for-land rapportering

Nei

2016–2017

1040

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Nei

2016–2017

1104

Differensiert avgift på biodrivstoff

Ja

2015–2016

1002

Vegbruksavgift – fritak for naturgass som erstatning for biogass

Ja

2014–2015

602

Register over reelle rettshavarar

Ja

3.1 Stortingssesjon 2018–2019

Solidarisk alkoholpolitikk

Vedtak nr. 40, 20. november 2018

«Stortinget ber regjeringen innføre sterkere tiltak mot smugling av alkohol til Norge gjennom bedre kontrollmekanismer, som blant annet tilstrekkelige driftsmidler til kontrollarbeid.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:141 S (2017–2018) Representantforslag om en offensiv og solidarisk alkoholpolitikk, jf. Innst. 38 S (2018–2019).

Regjeringa har dei siste åra styrkt Tolletatens grensekontroll. Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2016 og 2017 vart det sett av midlar til styrking av Tolletatens grensekontroll. Nivået på Tolletatens driftsbudsjett er auka med om lag 150 mill. kroner til dette føremålet. Det er òg løyvt over 130 mill. kroner ekstra til investeringar, hovudsakleg til elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR) på landevegs grenseovergangar. Det er òg løyvt midlar til å utvikle og etablere ny og forbetra systemstønad for oppgåver i alle ledd av Tolletatens kontrollprosessar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S (2018–2019). Dette arbeidet vil finne stad fram til 2023. Ny og forbetra systemstønad vil mellom anna gjere at Tolletaten kan oppnå meir treffsikre kontrollar, betre kontrollresultat og styrkt kriminalitetsnedkjemping på Tolletatens ansvarsområde.

Tolletaten gjer ikkje eigne kontrollar berre retta mot alkohol, men beslag av alkohol og tobakk utgjer samla om lag 71 pst. av alle beslag. Beslaglagt mengde alkohol i 2017 var den største på femti år. Tolldirektøren skreiv i Tolletatens årsrapport for 2017 at regjeringa si styrking av grensekontrollen truleg har vore ei viktig årsak til at Tolletaten aldri før hadde gjort så mange beslag som i 2017. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Solidarisk alkoholpolitikk

Vedtak nr. 45, 20. november 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere en reversering av den siste endringen av taxfree-kvoten ut ifra en evaluering av hvordan kvoten påvirker Vinmonopolets salg og stilling som et av de viktigste alkoholpolitiske instrumentene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:141 S (2017–2018) Representantforslag om en offensiv og solidarisk alkoholpolitikk, jf. Innst. 38 S (2018–2019).

Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med saka.

Solidarisk alkoholpolitikk

Vedtak nr. 46, 20. november 2018

«Stortinget ber regjeringen reversere utvidelsen som ble gjort i taxfree-ordningen i 2014 fra 1/1-2020.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:141 S (2017–2018) Representantforslag om en offensiv og solidarisk alkoholpolitikk, jf. Innst. 38 S (2018–2019).

Finansdepartementet viser til at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 291 S (2018–2019) har streka under at det i einskilde høve er naudsynt å gje framlegg om å oppheve eit oppmodingsvedtak før saka kan avsluttast. I følgje Granavolden-plattforma vil regjeringa «videreføre tax free-endringen som ble gjennomført i 2014 der tobakkskvoten kan byttes inn i alkohol». Finansdepartementet gjer i tråd med dette framlegg om slikt opphevingsvedtak, jf. framlegg til romartalsvedtak XIII. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

350-kronersgrensa

Vedtak nr. 85, 3. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2020 fremme forslag om å fjerne avgiftsfritaket for varesendinger fra utlandet av mindre verdi (350–kronersgrensen) fra 1. januar 2020. I utformingen av regelverket må man se hen til EUs vedtatte ordning med avgiftsfri grense, som skal iverksettes fra 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 2 S (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2019 og forslaget til statsbudsjett for 2019.

I Prop. 1 LS (2019–2020) foreslår regjeringa å avvikle 350-kronersgrensa. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Biodrivstoff

Vedtak nr. 86, 3. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen utforme et helhetlig forslag til virkemidler og avgifter i biodrivstoffpolitikken for å utelukke biodrivstoff med høy avskogingsrisiko både innenfor og utenfor omsetningskravet. Disse rammebetingelsene skal legges frem i forbindelse med statsbudsjettet for 2020 og innføres fra 1. januar 2020.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019) Statsbudsjettet 2019, jf. Innst. 2 S (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2019 og forslaget til statsbudsjett 2019.

I Prop. 1 LS (2019–2020) foreslår regjeringa å innføre vegbruksavgift på alt flytande biodrivstoff. I Prop. 1 S (2019–2020) Klima- og miljødepartementet, er det signalisert moglege endringar i omsetningspåbudet for biodrivstoff. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Oppfølging av tilrådingar i årsmeldinga for 2017 frå NIM

Vedtak nr. 93, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

På side 20 i årsmeldinga rår NIM til at «utredningsinstruksen bør endres slik at plikten til å utrede menneskerettslige spørsmål i forbindelse med lovgivningsarbeid fremgår eksplisitt

I utredningsinstruksens kap. 2–1 Minimumskravene til utredning krevst det m.a. svar på «hvilke prinsipielle spørsmål reiser tiltakene?» Den plikten til utgreiing som NIM ber om, går slik fram av rettleiaren til instruksen: «Begrensninger for tiltaksutforming vil ofte være nedfelt i de menneskerettslige forpliktelsene som Norge har påtatt seg gjennom internasjonale konvensjoner. En utredning av prinsippspørsmål vil derfor ofte bestå i en systematisk gjennomgang av slike forpliktelser, der man avklarer grensene for forpliktelsene og hvilket handlingsrom som finnes. I noen tilfeller vil ulike menneskerettslige forpliktelser kunne være i et innbyrdes spenningsforhold som må avklares og avveies på en balansert og helhetlig måte.»

Finansdepartementet meiner etter dette at ynskjet frå NIM allereie er vareteke gjennom instruksen og den eksplisitte referansen til menneskerettslege spørsmål som går fram av rettleiinga. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Kommunesamanslåing – eigedomsskatteinntektene

Vedtak nr. 189, 12. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et lovforslag som gir kommuner som slår seg sammen til en ny kommune forutsigbarhet for eiendomsskatteinntektene fra vannkraft, vindkraft og prosessanlegg, og som legger til rette at disse kan videreføres i den nye kommunen etter sammenslåing. Regelendringen må ikke føre til brå økninger i eiendomsskatten for boliger, fritidsboliger eller forretningseiendom fra ett år til et annet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2018–2019) og Innst. 4 L (2018–2019).

Vedtaket er følgt opp med eit lovforslag i Prop. 1 LS (2019–2020), kap. 7. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar

Vedtak nr. 404, 7. februar 2019

«Stortinget har vedtatt regjeringens forslag til ny lov om register over reelle rettighetshavere og bedt regjeringen presisere i forskrift hvem som skal identifiseres som reelle rettighetshavere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 109 L (2017–2018), jf. Innst. 143 L (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om Lov om register over reelle rettighetshavere.

Finansdepartementet arbeider med forskrifter til lova og vil sende desse på høyring.

Pensjon frå fyrste krone

Vedtak nr. 406, 7. februar 2019

«Stortinget ber regjeringen sette ned et partssammensatt utvalg for å vurdere pensjon fra første krone.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:218 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Audun Lysbakken, Hadia Tajik, Karin Andersen, Rigmor Aasrud og Lise Christoffersen om pensjon fra første krone, jf. Innst. 142 S (2018–2019).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved at departementet har sett ned ei arbeidsgruppe som består av LO, NHO, Virke, YS, Arbeids- og sosialdepartmentet og Finansdepartementet. Gruppa skal levere si utgreiing til departementet innan våren 2020, jf. omtale i Meld. St. 24 (2018–2019) Finansmarkedsmeldingen 2019. I Innst. 366 S (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2019, tek finanskomiteen omtalen i meldinga til orientering.

Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning

Vedtak nr. 424, 5. mars 2019

«Stortinget ber regjeringen inkludere utredning av ny teknologi som kan erstatte dagens bompengeordning, som en del av gjennomgangen av dagens avgiftssystem for bil.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:26 S (2018–2019) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Tore Storehaug, Olaug V. Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad om å fjerne dagens ordning med bompengeinnkreving og Dokument 8:35 S (2018–2019) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sverre Myrli, Ingalill Olsen, Øystein Langholm Hansen og Kirsti Leirtrø om å utrede vegprising til erstatning for dagens bompenger og andre driftsrelaterte bilavgifter, jf. Innst. 175 S (2018–2019).

Oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Samferdselsdepartementet. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

3.2 Stortingssesjon 2017–2018

Stortingsmelding om ulikskap og sosial berekraft

Vedtak nr. 3, 11. oktober 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme en stortingsmelding om tiltak mot den økende ulikheten i makt og rikdom i Norge.»

Vedtaket vart gjort i samband med trontaledebatten i 2017, jf. forslag nr. 3 frå representanten Audun Lysbakken.

1. mars 2019 la regjeringa frem Meld. St. 13 (2018–2019) Muligheter for alle – Fordeling og sosial bærekraft. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Innst. 291 S (2018–2019), jf. Meld. St. 12 (2018–2019), kvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen ut vedtaket.

Meirverdiavgift – fritak for digital journalistikk

Vedtak nr. 37, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede utvidelse av merverdiavgiftsfritaket for medier til å gjelde all digital journalistikk, herunder betydningen for uavhengige journalister, og legge dette frem i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2018.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.

I Prop. 115 LS (2018–2019) kap. 2 vart det gjort framlegg om meirverdiavgiftsfritak for elektroniske tidsskrift. Framlegget vart vedteke av Stortinget og trådte i kraft 1. juli 2019. I Innst. 291 S (2018–2019), jf. Meld. St. 12 (2018–2019), kvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen ut vedtaket.

Betydning av familien og hushaldstrukturen for norsk økonomi

Vedtak nr. 56, 4. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen om at betydningen av familien og husholdningsstrukturen for norsk økonomi, herunder utviklingen i fødselstallene, omtales i nasjonalbudsjettet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2017–2018), Prop. 1 S (2017–2018) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2017–2018), jf. Innst. 2 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2018 og forslaget til statsbudsjett for 2018.

Oppmodingsvedtaket er omtalt i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019, kap. 2. Departementet omtalar mellom anna utviklinga i hushalds- og familiestruktur opp mot utviklingstrekk i bustadmarknaden i Meld. St. 1 (2018–2019) Nasjonalbudsjettet 2019, kap. 2. Ein omtale av fødselstall opp mot folketilvekst er gjeve i kap. 3 i same melding. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

I Innst. 291 S (2018–2019) til Meld. St. 12 (2017–2018) kvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen ut vedtaket.

Tilsyn med OTP-ordningar

Vedtak nr. 596, 10. april 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere å etablere en tilsynsordning med tilhørende sanksjoner, som skal sikre at bedriftene følger opp den lovbestemte plikten til å opprette og beholde obligatorisk tjenestepensjon for sine ansatte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:101 S (2017–2018), Innst. 197 S (2017–2018), jf. forslag nr. 5 frå representanten Tore Storehaug.

Oppmodingsvedtaket vart omtala i Prop. 1 S (2018–2019) frå Finansdepartementet. Departementet sa der at oppmodingsvedtaket ville verte følgt opp i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet og at departementet ville kome tilbake til Stortinget om saka. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Innst. 291 S (2018–2019), jf. Meld. St. 12 (2018–2019), kvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen ikkje ut vedtaket.

Departementet sette i juni i gang ei utgreiing om korleis informasjon frå a-ordninga kan brukast i samband med obligatorisk tenestepensjon. Eit av måla med utgreiinga er å auke talet på arbeidsgjevarar som etterlever sine pensjonsforpliktingar. Arbeidet vert leia av Skatteetaten og skal ferdigstillast i november 2019. Departementet vil følgje opp oppmodingsvedtaket, m.a. gjennom vidare oppfølging av denne utgreiinga.

Klimaverkemiddel i oppdrettsnæringa

Vedtak nr. 660, 3. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede virkemidler for at oppdrettsnæringen kan kutte sine klimagassutslipp, og komme tilbake til Stortinget med dette.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid, jf. Innst. 253 S (2017–2018).

I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen i Prop. 1 S (2018–2019) til orientering.

I Innst. 291 S (2018–2019), jf. Meld. St. 12 (2018–2019), kvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen ikkje ut vedtaket.

Vedtaket er følgt opp gjennom framlegg i Prop. 1 LS (2019–2020) om å auke CO2-avgifta på mineralske produkt. I Handlingsplanen for grønn skipsfart er det varsla at regjeringa vil vurdere krav om innføring av null- og lågutslippsløysingar for servicefartøy i havbruksnæringa. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020.

Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Spillselskap – Statens pensjonsfond utland

Vedtak nr. 693, 7. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede grunnlaget for å trekke Statens pensjonsfond utland (SPU) ut av pengespillselskaper med sikte på en vurdering i forbindelse med den årlige forvaltningsmeldingen om fondet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:110 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anette Trettebergstuen og Geir Jørgen Bekkevold om en mer ansvarlig spillpolitikk, jf. Innst. 242 S (2017–2018).

Saka vart omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og vedtaket er følgt opp i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019. Departementets vurdering er at å grunngje utestenging av utanlandske pengespillselskap med at selskapa undergrev norsk lov og den norske einerettsmodellen for spelpolitikk, vil bryte både med målsetjinga for fondet og utgangspunktet om at utestengingar av selskap skal vere baserte på etiske kriterium utforma i tråd med eit breitt nasjonalt verdigrunnlag og internasjonale normer. På denne bakgrunnen vert det ikkje etablert etiske kriterium for observasjon og utestenging av spelselskap frå Statens pensjonsfond utland.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen kvitterte ut saka ved behandling av Meld. St. 12 (2018–2019), jf. Innst. 291 S (2018–2019). Det er konsistent med at fleirtalet i finanskomiteen ikkje hadde merknader til departementets vurdering ved behandling av Meld. St. 20 (2018–2019), jf. Innst. 344 S (2018– 2019).

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Vedtak nr. 711, 14. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen betydelig forsterke arbeidet med skattlegging av multinasjonale selskaper med liten fysisk tilstedeværelse blant annet gjennom aktivt arbeid i OECD samt støtte til arbeidet i G20, og vurdere mulige midlertidige modeller for skattlegging av selskaper med digital inntjeningsplattform, i tråd med intensjonen i Representantforslag 69 S (2017–2018).»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt», jf. Innst. 242 S (2017–2018). Sjå også oppmodingsvedtaka 712 og 713.

Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2019–2020), kap. 21. Her orienterer departementet om det internasjonale arbeidet med skattlegging av multinasjonale selskap og omtalar mellombels løysingar som ein omsetjingsavgift på digitale tenester. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Vedtak nr. 712, 14. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, og senest innen høsten 2019, med en vurdering av hvordan Norge skal følge opp arbeidet som er gjort i OECD.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt», jf. Innst. 242 S (2017–2018). Sjå også oppmodingsvedtaka 711 og 713.

Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2019–2020), kap. 21. Her orienterer departementet om det internasjonale arbeidet med skattlegging av multinasjonale selskap og omtalar mellombels løysingar som ein omsetjingsavgift på digitale tenester. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Omsetjingsavgift – digital økonomi

Vedtak nr. 713, 14. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilke konsekvenser innføring av en omsetningsavgift tilsvarende den som er foreslått av EU-kommisjonen, vil ha for skattlegging av multinasjonale selskaper, norsk næringsliv og norsk eksportnæring».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av dokument 8:69 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentant Une Bastholm om å utrede en norsk skatt for selskaper med digitale inntektsmodeller – en «Google-skatt». Sjå også oppmodingsvedtaka 712 og 713.

Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2019–2020), kap. 21. Her orienterer departementet om det internasjonale arbeidet med skattlegging av multinasjonale selskap og omtalar mellombels løysingar som ein omsetjingsavgift på digitale tenester. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Om tiltak for å styrkje forbrukaranes rettar i handel med bustad

Vedtak nr. 727, 15. mai 2018

«Stortinget ber regjeringen legge innstilling 477 S (2016–2017) til grunn for oppfølging av stortingsvedtakene 1035, 1036, 1037, 1038, 1039 og 1040, om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bustad.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 7 (2017–2018) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2016–2017, jf. Innst. 275 S (2017–2018).

I Prop. 1 S (2018–2019) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på i inneverande stortingssesjon å setje ned eit lovutval for å revidere eiendomsmeglingslova. Utvalet vil også kunne vurdere reglane om bodgjeving som ledd i ein revisjon av lova. Finansdepartementet vil leggje Innst. 477 S (2016–2017) til grunn for å følgje opp stortingsvedtak nr. 1040 (2016–2017) om å sikre behovet hos bustadkjøparar for meir tid i bustadhandelen. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

Saka vart omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019), jf. Innst. 291 S (2018–2019) der kontroll- og konstitusjonskomiteen kvitterte ut saka. Sjå òg omtale i oppmodingsvedtak 1040 (2016–2017).

Likestille praksis frå kommunal og privat revisjon

Vedtak nr. 858, 7. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i revisjonsloven gjennom å likestille praksis fra kommunal og privat revisjon når det gjelder godkjenning som statsautorisert og registrert revisor.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 46 L (2017–2018) Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven), jf. Innst. 369 L (2017–2018).

Finansdepartementet opplyste i Prop. 1 S (2017–2018) at det vil behandle oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2017: 15 Revisorloven – forslag til ny lov om revisjon og revisorer. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

Finansdepartementet vil framleis behandle oppmodingsvedtaket i samband med oppfølginga av NOU 2017: 15.

Finansskatt – omlegging der finansskatt på løn vert fjerna

Vedtak nr. 868, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget på eigna måte, seinast i samband med statsbudsjettet for 2020, med framlegg om ei provenynøytral omlegging av finansskatten og der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:190 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna, jf. Innst. 365 (2017–2018).

Ein modell for ein endra finansskatt er presentert i Prop. 1 LS (2019–2020) Skatter, avgifter og toll 2020, sjå kap. 22. Denne modellen kan gje same proveny som gjeldande finansskatt. Det vil derimot ikkje verte fremja eit slikt forslag med verknad for 2020. Omlegginga bør utstå til blant anna prosessen overfor ESA, knytt til like konkurransevilkår for offentlege og private verksemder, er avklart.

Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Fjerning av avgiftsfritak for sending av varer med låg verdi

Vedtak nr. 869, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede fjerning av avgiftsfritaket for varesendinger fra utlandet med verdi under 350 kroner og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok 8:213 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad, Knut Arild Hareide og Olaug V. Bollestad om å utrede fjerning av 350-kronersgrensen for varesendinger fra utlandet, jf. Innst. 364 S (2017–2018).

I Prop. 1 S (2018–2019) opplyste Finansdepartementet at regjeringa på bakgrunn av ei utgreiing av dette ikkje ville leggje opp til å gjere endringar i grensa på 350 kroner (inkl. kostnader til forsikring og frakt til Noreg). I Prop. 1 LS (2018–2019), kap. 35, omtala regjeringa grensa for avgiftsfrie varesendingar frå utlandet og den utgreiinga som er gjort. I Innst. 3 S (2018–2019) tok finanskomiteen denne omtalen til orientering. Fleirtalet i komiteen viste samstundes til budsjettsemja om å oppheve avgiftsfritaket for varesendingar frå utlandet med verdi under 350 kroner frå 1. januar 2020, jf. Innst. 2 S (2018–2019) og vedtak nr. 85 (2018–2019) i Stortinget 3. desember 2018.

Saka vart omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019), jf. Innst. 291 S (2018–2019) der kontroll- og konstitusjonskomiteen kvitterte ut vedtaket.

I Prop. 1 LS (2019–2020) foreslår regjeringa å avvikle 350-kronersgrensa. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Kolkriteriet – Statens pensjonsfond utland

Vedtak nr. 871, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen legge frem en vurdering i neste års stortingsmelding om Statens pensjonsfond av om dagens kriterier for uttrekk av kullselskaper fra SPU er tilstrekkelige med tanke på å ekskludere selskaper med en betydelig kullrelatert virksomhet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 13 (2017–2018) Statens pensjonsfond 2018, jf. Innst. 370 S (2017–2018).

Saka vart omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og vedtaket er følgt opp i Meld. St. 20 (2018–2019) Statens pensjonsfond 2019. Noregs Bank peikte i si utgreiing til departementet på at hovuddelen av attverande kolverksemd i Statens pensjonsfond utland (SPU) er i eit fåtal selskap som vert ansett å ha omfattande kolrelatert verksemd i absolutt forstand. Departementet si vurdering er at dei relative tersklane i kriteriet på 30 pst. av inntekt eller verksemd, ikkje bør endrast, men at desse bør supplerast med absolutte tersklar for kolutvinning og kapasitet frå kolkraft på respektive 20 mill. tonn og 10 000 MW.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen kvitterte ut saka ved behandlinga av Meld. St. 12 (2018–2019), jf. Innst. 291 S (2018–2019). Det er konsistent med at fleirtalet i finanskomiteen slutta seg til departementets vurdering ved behandling av Meld. St. 20 (2018–2019), jf. Innst. 344 S (2018–2019).

Etablering av regulatorisk sandkasse

Vedtak nr. 874, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen etablere en regulatorisk sandkasse for fintech i Norge innen utgangen av 2019. En regulatorisk sandkasse bør underlegges Finanstilsynet, men etableres i samarbeid med finansnæringen og om hensiktsmessig også inkludere øvrige relevante tilsynsorgan som for eksempel Datatilsynet, Konkurransetilsynet og Forbrukerombudet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2019, jf. Innst. 371 S (2017–2018) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2018.

Saka vart omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018, og i Meld. St. 24 (2018– 2019) Finansmarkedsmeldingen 2019 orienterte Finansdepartementet Stortinget om arbeidet med å etablere ei regulatorisk sandkasse for fintech, som Finanstilsynet skal drive, innan utgangen av 2019.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen kvitterte ut vedtaket ved behandling av Meld. St. 12 (2018–2019), jf. Innst. 291 S (2018–2019). I Innst. 366 S (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2019 legg finanskomiteen sitt fleirtal til grunn at ei regulatorisk sandkasse kjem på plass innan utgangen av 2019.

Utgreiing av ulike modellar for rentetak

Vedtak nr. 877, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for et rentetak i Norge og komme tilbake med dette i Finansmarkedsmeldingen 2019.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 14 (2017–2018) Finansmarkedsmeldingen 2018, jf. forslag nr. 9 frå representanten Åsunn Lyngdal.

Saka vart omtalt i Meld. St. 12 (2018–2019) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018 og er følgt opp i Meld. St. 24 (2018–2019) Finansmarkedsmeldingen 2019. På bakgrunn av utgreiinga konkluderte regjeringa med at det ikkje bør innførast rentetak for forbrukslån i Noreg no, då tiltaket ikkje vil vere tilstrekkeleg treffsikkert til å forsvare faren for uønskte konsekvensar, slik den norske marknaden ser ut i dag.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen kvitterte ut vedtaket ved behandling av Meld. St. 12 (2018–2019), jf. Innst. 291 S (2018–2019). I Innst. 366 S (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2019 viser finanskomiteen til at det i den norske forbrukslånsmarknaden er færre lån med kort løpetid og veldig høge renter. Fleirtalet i komiteen vil sjå verknadane av allereie innførte tiltak før innføring av eit rente- eller kostnadstak vert vurdert.

Leggje om avgiften på alkoholfrie drikkevarer

Vedtak nr. 1004, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede en reduksjon av særavgiften på alkoholfrie drikkevarer slik at avgiften differensieres ut fra sukkerinnhold, med utgangspunkt i modellene fra Storbritannia, Irland og Finland».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018). Vedtaket vert følgt opp i Prop. 1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019, kap. 13.15.» I Innst. 3 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Innst. 291 S (2018–2019), jf. Meld. St. 12 (2018–2019), kvitterte kontroll- og konstitusjonskomiteen ut vedtaket.

Kursreguleringsfond

Vedtak nr. 1006, 15. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen utrede nødvendige endringer i reglene om at en andel av kursreguleringsfondet kan holdes tilbake ved flytting av kommunale pensjonsordninger, slik at kommunene kan velge den pensjonsløsning de ønsker».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2017–2018) Revidert nasjonalbudsjett 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018).

I Innst. 3 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen i Prop. 1 S (2018–2019) til orientering. Departementet har sendt eit forslag til regelverksendring på høyring, med høyringsfrist 1. oktober 2019. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

3.3 Stortingssesjon 2016–2017

Land-for-land rapportering

Vedtak nr. 48, 15. november 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene), jf. Innst. 42 L (2016–2017).

I Prop. 1 S (2018–2019) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring våren 2019. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring.

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Vedtak nr. 1040, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017).

I Prop. 1 S (2018–2019) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på i inneverande stortingssesjon å setje ned eit lovutval for å revidere eiendomsmeglingsloven. Lovutvalet vil også kunne vurdere reglar om korleis ein skal gje bod. I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

Finansdepartementet tek sikte på å setje ned lovutvalet hausten 2019.

Differensiert avgift på biodrivstoff

Vedtak nr. 1104, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for differensiert avgift på biodrivstoff utenfor omsetningskravet med sikte på å fremme bærekraftig bio-drivstoff. EØS-rettslige konsekvenser må vurderes nærmere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017).

I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen i Prop. 1 S (2018–2019) til orientering.

I Prop. 1 LS (2019–2020) foreslår regjeringa å innføre vegbruksavgift på alt flytande biodrivstoff. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

3.4 Stortingssesjon 2015–2016

Vegbruksavgift – fritak for naturgass som erstatning for biogass

Vedtak nr. 1002, 17. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen påse at midlertidig ordning for 2016 med kr 0,00 i sats for veibruksavgift for naturgass (LNG) opphører i 2017 ved snarest mulig å utarbeide grunnlag for notifisering og iverksette prosessen med ESA, slik at det 1. januar 2017 kan innføres 100 pst. veibruksavgift på LNG i kombinasjon med en overgangsordning med unntak for veibruksavgift på naturgass brukt som supplement som settes til 50 pst. som et første skritt, men nedtrapping mot 0 pst i 2025.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2016, sjå Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016 og Innst. 400 S (2015–2016).

I Innst. 5 S (2018–2019) tok finanskomiteen omtalen i Prop. 1 S (2018–2019) til orientering.

I Prop. 1 LS (2019–2020) foreslår regjeringa å innføre vegbruksavgift på naturgass, men med ein låg sats som det vert varsla at skal trappast gradvis opp fram til 2025. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

3.5 Stortingssesjon 2014–2015

Register over reelle rettshavarar

Vedtak nr. 602, 5. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap og styrke innsatsen mot skattekriminalitet, korrupsjon og hvitvasking. Et slikt register må følge opp Financial Action Task Forces anbefalinger fra 2012 om internasjonale standarder for bekjempelse av hvitvasking og bekjempelse av terrorfinansiering og spredning, og registeret må også følge opp EU-reguleringen på dette området.»

Finansdepartementet gjorde greie for planlagd oppfølging i Prop. 1 S (2018–2019), der det vart vist til at eit lovforslag vart fremja for Stortinget og som skulle leggje til rette for å opprette eit register over reelle rettshavarar. Lovforslaget vart vedteke i mars 2019.

I Prop. 114 S (2018–2019) vart det foreslått å auke løyvinga til Brønnøysundsregistra med 20 mill. kroner til å etablere registeret. Forslaget vart vedteke. Finansdepartementet arbeider med naudsynte forskrifter til lov om register over reelle retthavarar. Forskriftene vil verte sende på høyring.

Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

4 Oversiktstabellar for budsjettet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Regjeringa

20

Statsministerens kontor

119 964

121 200

123 500

1,9

21

Statsrådet

179 375

190 200

207 800

9,3

24

Regjeringsadvokaten

109 632

120 200

122 500

1,9

Sum kategori 00.30

408 971

431 600

453 800

5,1

Stortinget og tilknytte organ

41

Stortinget

1 882 248

1 595 800

1 345 800

-15,7

42

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

6 909

7 300

7 500

2,7

43

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

87 881

88 900

91 100

2,5

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

18 952

51 200

26 000

-49,2

45

Noregs institusjon for menneskerettar

22 951

25 000

25 700

2,8

51

Riksrevisjonen

541 582

563 900

577 100

2,3

Sum kategori 00.40

2 560 523

2 332 100

2 073 200

-11,1

Sum programområde 00

2 969 494

2 763 700

2 527 000

-8,6

Finansadministrasjon

1600

Finansdepartementet

455 836

494 400

499 300

1,0

1602

Finanstilsynet

385 929

415 400

444 000

6,9

1605

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

525 223

523 400

630 300

20,4

1608

Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

20 321

Sum kategori 23.10

1 387 309

1 433 200

1 573 600

9,8

Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

1610

Tolletaten

1 625 096

1 612 800

1 765 000

9,4

1618

Skatteetaten

6 708 409

6 947 400

7 387 200

6,3

1619

Skatteklagenemnda

71 200

Sum kategori 23.20

8 333 505

8 560 200

9 223 400

7,7

Offisiell statistikk

1620

Statistisk sentralbyrå

860 986

866 400

893 700

3,2

Sum kategori 23.30

860 986

866 400

893 700

3,2

Andre føremål

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

26 444 679

26 780 000

29 280 000

9,3

1633

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

6 655 876

6 600 000

7 400 000

12,1

Sum kategori 23.40

33 100 555

33 380 000

36 680 000

9,9

Sum programområde 23

43 682 355

44 239 800

48 370 700

9,3

Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

1650

Statsgjeld, renter m.m.

10 674 443

10 532 900

10 015 800

-4,9

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

43 899 000

76 515 000

-100,0

Sum kategori 24.10

54 573 443

87 047 900

10 015 800

-88,5

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

1670

Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

10 000

Sum kategori 24.20

10 000

Sum programområde 24

54 583 443

87 047 900

10 015 800

-88,5

Sum utgifter

101 235 292

134 051 400

60 913 500

-54,6

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2018

Saldert budsjett 2019

Forslag 2020

Pst. endr. 19/20

Regjeringa

3021

Statsrådet

39

100

100

0,0

3024

Regjeringsadvokaten

74 552

19 000

19 600

3,2

Sum kategori 00.30

74 591

19 100

19 700

3,1

Stortinget og tilknytte organ

3041

Stortinget

11 296

10 400

7 400

-28,8

3051

Riksrevisjonen

2 798

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 00.40

14 094

12 700

9 700

-23,6

Sum programområde 00

88 685

31 800

29 400

-7,5

Finansadministrasjon

4600

Finansdepartementet

4 337

400

400

0,0

4602

Finanstilsynet

11 828

12 500

12 800

2,4

4605

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

103 584

51 600

62 332

20,8

5580

Sektoravgifter under Finansdepartementet

388 738

418 400

445 700

6,5

Sum kategori 23.10

508 487

482 900

521 232

7,9

Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

4610

Tolletaten

58 922

52 300

58 600

12,0

4618

Skatteetaten

2 141 408

2 244 300

2 122 400

-5,4

Sum kategori 23.20

2 200 330

2 296 600

2 181 000

-5,0

Offisiell statistikk

4620

Statistisk sentralbyrå

243 791

281 100

280 800

-0,1

Sum kategori 23.30

243 791

281 100

280 800

-0,1

Sum programområde 23

2 952 608

3 060 600

2 983 032

-2,5

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

4670

Den nordiske investeringsbanken

70 237

5341

Avdrag på uteståande fordringar

28 006 161

8 000 500

500

-100,0

5351

Overføring frå Noregs Bank

14 332 630

12 000 000

13 900 000

15,8

5605

Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

4 190 808

3 545 900

2 151 700

-39,3

5692

Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

112 014

112 700

84 200

-25,3

5693

Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

587

600

900

50,0

Sum kategori 24.20

46 642 200

23 659 700

16 207 537

-31,5

Sum programområde 24

46 642 200

23 659 700

16 207 537

-31,5

Sum inntekter

49 683 493

26 752 100

19 219 969

-28,2

4.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2019

Forslag 2020

41

21

Spesielle driftsutgifter

-

3 600

1600

21

Spesielle driftsutgifter

39 812

84 600

1618

22

Større IT-prosjekt

189 942

247 100

1620

21

Spesielle driftsutgifter

9 931

259 900

4.2 Talet på tilsette

I omtala av kvar verksemd under Finansdepartementet er det gjeve tal for tilsette, målt i årsverk. Alle tal er henta frå verksemdene sine årsrapportar. I noko utstrekning er det skilnader mellom reknemetodane som er brukte for dette, og ein kan difor ikkje jamstille tala direkte. Difor vil det òg vere avvik mellom tala frå verksemdene og dei berekningar Statistisk sentralbyrå gjer av årsverk i offentleg sektor.

Til forsida