Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2020–2021) frå Klima- og miljødepartementet er samansett av fire delar:

Del I presenterer hovudutfordringar, resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor departementet sitt budsjett i 2021.

Klima- og miljødepartementet er eit sektorovergripande departement med ansvar for å samordne klima- og miljøpolitikken til regjeringa. I del I er det derfor gitt eit oversyn over klima- og miljøsatsingar i andre departement. I del I er det òg ei oversikt over oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Klima- og miljødepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I tillegg blir det gjort greie for politikk for å nå dei nasjonale måla.

Del III har ein omtale av klima- og miljøpolitikk i dei andre departementa og Klima- og miljødepartementets oppfølging av berekraftsmåla. Del III gir òg ein omtale av arbeidet miljøforvaltninga gjer innan samfunnstryggleik og beredskap, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Del IV er rapportering til Stortinget i samsvar med klimalova.

Til forsida