Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 800 – 882, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudprioriteringar

Barn og familiar er forskjellige og har ulike behov. Regjeringa vil leggje til rette for at familiane har fridom til å organisere kvardagen slik dei sjølve ønskjer. Ein godt utforma familiepolitikk legg grunnlaget for ein trygg oppvekst, betre livskvalitet for den einskilde og på sikt auka deltaking i samfunnslivet. Dette kan gi samfunnsøkonomiske gevinstar, både i dag og i framtida.

Familien er den viktigaste ramma rundt livet og utviklinga til barn. Å høyre til i ein familie inneber forpliktingar og tilknyting til fellesskap. Familieliv handlar om å få kvardagen til å fungere ved å samarbeide om omsorg og huslege oppgåver, og om å vareta det sosiale nettverket i og rundt familien. I familien skal barn få kjærleik, tryggleik til å vere seg sjølve og støtte til å vekse og utforske verda på eiga hand. Barn treng nære relasjonar som er gode og stabile.

Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst. Barn er sjølvstendige individ med individuelle rettar, og regjeringa vil leggje det beste for barna til grunn for politikken.

Ein god barndom varer livet ut. Gir vi barn ein god oppvekst og forhindrar utanforskap blant dei unge, har dei betre føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske og til å kunne forme sitt eige, gode liv – til dømes ved å skaffe seg ei utdanning og ein jobb og ved å skape ein heim for seg og sine. Det er fyrst og fremst viktig for den einskilde, men det er òg viktig for samfunnet. Eit berekraftig velferdssamfunn er avhengig av ein rimeleg balanse mellom å bidra og å ta imot velferdstenester.

Regjeringa vil bevare tryggleiken og tilliten i det norske samfunnet. Dei fleste barn i Noreg veks opp i gode økonomiske kår. Samstundes er det familiar som lever med vedvarande låg inntekt. Svak økonomi over tid er ei belasting og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar. Det pregar livet til barn her og no, men òg moglegheitene deira til å delta i samfunnslivet på ein fullverdig måte i framtida. Arbeidet regjeringa gjer mot fattigdom, omfattar innsats på tvers av alle velferdsdepartementa. Målet er å støtte opp om familiane, gi fleire barn høve til å delta på viktige samfunnsarenaer i oppveksten og leggje til rette for auka sosial mobilitet.

Regjeringa vil at alle skal få moglegheit til å delta, både i arbeidsliv og i samfunnsliv. Arbeid er det viktigaste verkemiddelet mot fattigdom. Derfor har tiltak som støttar aktiv deltaking i samfunnet for alle, prioritet. Å delta i sosiale lag og fellesskap er viktig. Alle barn og unge treng å kunne etablere stabile vennskap når dei veks opp, ha håp og kjenne seg verdfulle i samfunnet. Barn som veks opp i familiar med låg inntekt, skal kunne delta i sosiale aktivitetar saman med venner.

Vald mot og misbruk av barn, både fysisk og psykisk, er alvorlege overgrep. Regjeringa sitt arbeid mot vald og overgrep er mellom anna forankra i Prop. 12 S (2016–2017), Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Regjeringa vil styrkje innsatsen mot, og førebygginga av, vald og overgrep ytterlegare.

Barnevernet skal medverke til at alle barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår, og at dei blir møtte med tryggleik, kjærleik og forståing. Barn som lever under tilhøve som kan skade helsa eller utviklinga deira, skal få naudsynt hjelp, omsorg og vern. Regjeringa vil styrkje rettstryggleiken til barn og foreldre i barnevernet ved å leggje fram ei ny barnevernslov. Lova vil vere eit meir tidsriktig regelverk og eit betre arbeidsverktøy for barnevernstenestene. Regjeringa vil at flest mogleg skal vekse opp saman med foreldra sine, og at barn og familiar skal få hjelp der dei bur. Den nye barnevernslova og barnevernsreforma til regjeringa skal leggje til rette for at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp. Auka kompetanse i barnevernstenestene og utvikling av tiltaka skal medverke til betre kvalitet i tilbodet frå barnevernet. Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod. Stabile fosterheimar som kan dekkje ulike behov og eit variert tilbod av institusjonar med høg kvalitet, er viktig for å gi kvart einskild barn god hjelp og omsorg.

Våren 2020 sette regjeringa i verk inngripande tiltak mot spreiing av covid-19. Tiltaka fekk stor verknad for barn og unge, med stenging av barnehagar, skular og fritidsaktivitetar, og reduserte tenestetilbod i kommunane. Barnevernet og krisesentera fekk status som kritiske samfunnsfunksjonar.

Regjeringa etablerte ei koordineringsgruppe1 på direktoratsnivå for å få fram eit kunnskapsgrunnlag om konsekvensane av pandemien og for å bidra til at sårbare barn og unge blei tekne vare på. Gruppa skulle betre samordninga mellom ulike etatar og fremje forslag til tiltak. Direktorata har arbeidd med å få tenestene som arbeider inn mot barn og unge, tilbake i normal drift. Det blei utarbeidd smittevernrettleiingar for forsvarleg drift av tenestene i tråd med gjeldande smittevernråd.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020 blei det løyvd 400 mill. kroner til ei tiltakspakke til sårbare barn og unge for å betre situasjonen deira. Tiltakspakka skal mellom anna hjelpe barn og unge til å ta igjen tapt progresjon på skulen, førebyggje vald og overgrep, betre tilgjenget til helsestasjons- og skulehelsetenesta, styrkje tilbodet om avlastningstiltak og aktivitetstiltak for barn med store behov, og bidra til at barn frå låginntektsfamiliar får delta på ferie- og fritidsaktivitetar. Undersøkingar viser at både frivillige organisasjonar og kommunar har prøvd å gi tilbod til barn og unge i sommar trass i ein krevjande situasjon. Mange tilbod blei gjennomførte, men med redusert kapasitet.

Tenestene til sårbare barn og unge er medio september i tilnærma normal drift. Likevel kan nedstenginga av tilbodet ha ført til ei opphoping av saker som fyrst blir synlege for tenestene framover i tid. Regjeringa vil framover følgje med på situasjonen og tenestetilbodet, og føre vidare samarbeidet mellom dei relevante direktorata.

Trus- og livssynsfridom er ein grunnleggjande menneskerett og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn. Regjeringa vil føre ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som anerkjenner den viktige rolla trus- og livssamfunna speler for einskildmenneske og som samfunnsskapande kraft. Det norske samfunnet skal vere eit livssynsope samfunn. Regjeringa vil hegne om og verne trus- og livssynsfridommen for den einskilde borgaren og respektere eigenarten til dei ulike trus- og livssynssamfunna og retten deira til sjølve å bestemme i lære- og ordningsspørsmål. Dette er viktig for å sikre eit trus- og livssynsmangfald.

Norske forbrukarar har eit sterkt vern. Rettane og interessene deira blir stadig sette på prøve av mellom anna digitalisering, nye marknadsføringsmetodar og meir komplekse marknader. Som følgje av virusutbrotet opplever forbrukarar at avtalar dei har inngått, ikkje blir innfridde, blir avlyste eller utsette. Regjeringa følgjer utviklinga. Det er framleis viktig å leggje til rette for at forbrukarane kan ta smartare og meir berekraftige forbruksval – og å sikre forbrukarvernet i ein stadig meir digital kvardag.

1.1 Familie og oppvekst

Regjeringa vil arbeide for ein familiepolitikk som omfattar alle familiar, og som tek utgangspunkt i kvardagen deira. Familien er eit sterkt og grunnleggjande sosialt fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge. Trygge og gode familiar gir barnet betre føresetnader i livet. Regjeringa vil leggje til rette for eit samfunn der familiane kan organisere og leve livet sitt slik dei sjølve ønskjer.

Familiepolitikken

Barn og familiar er forskjellige og har ulike behov. Regjeringa vil føre ein familiepolitikk som lyttar til familiane og til kva dei treng. Velfungerande familiar gir barn tryggleik og tilhøyrsle og skaper rom for utvikling. Dette har vore viktige tiltak for familiane i regjeringsperioden 2014–2020:

  • Ordinær barnetrygd er auka frå 970 kroner til 1 054 kroner i månaden frå 1. mars 2019.

  • Barnetrygda for barn under 6 år er i tillegg styrkt med 300 kroner i månaden frå 1. september 2020.

  • Familievernet er styrkt med 186 mill. kroner.

  • Det er lagt fram ein strategi for foreldrestøtte (2018–2021), den fyrste i Noreg.

  • Eingongsstønaden for barnefamiliar er auka frå 35 263 kroner i 2013 til 84 720 kroner i 2020.

  • Kontantstøtta er auka frå 6 000 kroner til 7 500 kroner i månaden frå 1. august 2017.

  • Kontantstøtte gradert etter kor lang opphaldstid barnet har i barnehagen, tok til å gjelde frå 1. august 2018.

  • Det blei i 2020 etablert eit eige tilbod om eit samlivskurs for fyrstegongsforeldre.

Hovudprioriteringar i 2021

Familiar, vaksne og born treng gode og trygge rammer rundt livet sitt. Ein godt utforma familiepolitikk skal bidra til dette. Regjeringa vil styrkje familiane og slik leggje grunnlag for livskvalitet og god helse.

I 2021 vil regjeringa halde fram med å kartleggje kva for utfordringar familiane sjølve finn mest krevjande å handtere i ulike livsfasar, og kva som er dei største hindera for at dei kan leve slik dei sjølve ønskjer. Regjeringa vil i 2021 auke innsatsen retta mot samlivet til småbarnsforeldre og betre deira økonomiske situasjon. Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2021:

  • Auke barnetrygda med 3 600 kroner i året for barn under 6 år. Dette utgjer 300 kroner i månaden, og auken skal gjelde frå 1. september.

  • Auke eingongsstønaden til 90 300 kroner frå 1. januar. Styrkinga av ytinga vil medføre ein auke i løyvingane på om lag 70 mill. kroner.

  • 5,7 mill. kroner til lokale samlivskurs og nettbaserte samlivskurs for fyrstegongsforeldre.

Auken i barnetrygda er viktigast for familiar med låg inntekt. Småbarnsforeldre har ofte kortare tid i yrkeslivet og kan derfor ha ein svakare privatøkonomi enn foreldre med eldre barn. Auken i barnetrygda skal òg komme familiar som får sosialstønad, til gode. Regjeringa vil derfor heve dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald.

Alle barn treng å oppleve at dei er viktige og likeverdige med andre. Barn skal kunne delta i samfunnslivet på måtar som utviklar dei, og som styrkjer opplevinga av å høyre til. Fritidsaktivitetar er ein viktig del av kvardagen for barn. Regjeringa meiner det skal vere mogleg for alle barn å delta i fritidsaktivitetar uavhengig av økonomi. Arbeidet med fritidskort er omtalt nedanfor.

Regjeringa vil òg styrkje samisk kompetansesenter for barnevern, familievern og krisesentertilbod og Familie for første gang, sjå omtale under Vald og overgrep.

Oppvekst i familiar med vedvarande låg inntekt og deltaking i samfunnet

Regjeringa har som mål å føre vidare eit samfunn med små forskjellar og vil difor prioritere innsatsen retta mot barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Store forskjellar kan bidra til å svekkje tillit og fellesskap blant innbyggjarane. Tillit til kvarandre og til offentlege styremakter gjer samhandlinga i samfunnet enklare og meir effektiv. Dette legg grunnlag for ein produktiv økonomi gjennom god ressursbruk og er slik òg viktig for berekrafta i velferdsstaten.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at delen barn i hushald med vedvarande låg inntekt har auka frå 7,6 prosent i 2008 til 11,3 prosent i 2018. Statistikken baserer seg på EU-definisjonen av låginntekt2. Auka innvandring er den viktigaste årsaka til utviklinga. Over halvparten av barna i låginntektsfamiliar kjem i dag frå familiar som har bakgrunn frå andre land, medan den tilsvarande delen i 2008 var 41,7 prosent. Barn av einslege forsørgjarar er særskilt utsette.3

Låg inntekt heng i stor grad saman med manglande eller låg deltaking i arbeidsmarknaden. Denne samanhengen ser ut til å vare ved. Låg inntekt og svak tilknyting til arbeidsmarknaden ser ut til å gå i arv. At større grupper av befolkninga har svak eller inga tilknyting til arbeidsmarknaden, kan vere krevjande for den einskilde og er samstundes dårleg bruk av arbeidskraftsressursar. Det gir eit verdiskapingstap og tap av skatteinntekter. I tillegg kan ein få auka offentlege utgifter gjennom sosiale stønader.

Arbeids- og velferdspolitikken er viktig for å dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i låginntekt. Politiske tiltak skal bidra til å skape likare høve for alle barn, auke trivsel og forhindre at dårlege levekår går i arv.

I barne- og familiepolitikken står auka deltaking i fritidsaktivitetar blant barn og unge sentralt. Eit særleg mål er å inkludere fleire barn og unge frå familiar med mindre sosiale og økonomiske ressursar. Desse barna deltek sjeldnare i organiserte fritidsaktivitetar. Årsakene til dette er samansette: Familieøkonomi, avgrensa sosiale nettverk, geografisk bustad og innvandrarbakgrunn er faktorar som viser seg å påverke deltaking.

For å leggje til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, har regjeringa styrkt innsatsen rundt utsette familiar. Dette har vore dei viktigaste tiltaka i regjeringsperioden 2014–2020:

  • Barn som lever i fattigdom – regjeringens strategi (2015–2017) var den fyrste i sitt slag. I haust legg regjeringa fram ein ny samarbeidsstrategi for barn som veks opp i familiar med låg inntekt.

  • Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge er auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 310 mill. kroner i 2020. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 blei det òg løyvd 53. mill. kroner ekstra til seks frivillige organisasjonar som tilbyr ferie- og fritidsaktivitetar for sårbare barn og unge, grunna virusutbrotet.

  • 60 mill. kroner er i 2020 løyvde til utprøving av ei fritidskortordning for alle barn frå 6 til fylte 18 år i 12 kommunar. Kortet kan barna nytte til å dekkje deltakaravgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar.

  • Fritidserklæringa, eit samarbeid mellom regjeringa, frivillige organisasjonar og KS, har som mål at alle barn, uavhengig av økonomi, skal få delta i minst éin organisert fritidsaktivitet saman med andre.

  • Tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blei auka med 20 mill. kroner i 2019. Losane følgjer opp unge som fell ut av skule og arbeidsliv på grunn av samansette relasjonsmessige, helsemessige eller velferdsmessige utfordringar.

  • Den nasjonale grunnstøtta som skal bidra til at barn og ungdom kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonane, blei auka frå om lag 100 mill. kroner i 2014 til om lag 146 mill. kroner i 2020. I tillegg kjem ei eingongsløvying for 2020 på ytterlegare 10 mill. kroner, grunna virusutbrotet.

  • Barnehageplass for familiar med låg inntekt har blitt rimelegare, og det er innført ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for barn i familiar med låg inntekt. Ordninga gjeld frå barna er to år, sjå omtale i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Gratis kjernetid i barnehage for eittåringar i asylmottak og heiltidsplass i barnehage for to- og treåringar i asylmottak, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet og for Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Innføring av ei nasjonal moderasjonsordning med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO på 1. og 2. trinn og gratis skulefritidsordning for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet frå hausten 2020.

  • Eit prøveprosjekt med gratis deltidsplass i SFO (Drammen, Oslo, Stavanger og Trondheim)

  • I tillegg kjem ei eingongsløyving på 170 mill. kroner i 2020 til innhenting av tapt progresjon i grunnopplæringa grunna virusutbrotet, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta har fått over 1 mrd. kroner meir, sjå omtale i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet. I tillegg kjem ei eingongsløyving på 150 mill. kroner i 2020 til auka tilgang til helsestasjons- og skulehelseteneste og til avlastningstiltak og aktivitetstiltak for barn og unge med store behov, grunna virusutbrotet.

  • Bustøtta til barnefamiliar og andre store husstandar er auka, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

  • Områdesatsinga i einskilde område i dei store byane der det er særskilt store levekårsutfordringar i befolkninga, er styrkt, sjå omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Hovudprioriteringar i 2021

Hovudprioriteten til regjeringa er å arbeide for den retten alle barn og unge har til ein trygg og god oppvekst. Regjeringa har styrkt politikken retta mot barn og familiar. Den samla politikken utgjer barnereforma til regjeringa. Målet med barnereforma er å gi alle barn like moglegheiter og styrkje økonomien til familiar med låg inntekt.

Regjeringa vil førebyggje at fattigdom går i arv, leggje til rette for sosial mobilitet, støtte opp om familiane og gi fleire ein veg ut av fattigdommen. Hovudprioriteringane i 2021 er å sørgje for at fleire barn deltek i fritidsaktivitetar, og å redusere barnefattigdommen i Noreg.

Å delta i aktivitetar saman med andre barn og unge gir ei oppleving av fellesskap. Det er ein arena for å få venner, for å lære og er viktig i ei meiningsfull fritid. Deltaking fremjar inkludering og førebyggjer utanforskap. Å ikkje kunne ta del i slike fellesskap saman med jamgamle vil mange barn og unge oppleve som vanskeleg.

Regjeringa vil gjere det lettare å delta i fritidsaktivitetar for barn frå 6 til fylte 18 år gjennom eit prøveprosjekt med ei nasjonal fritidskortordning. Tiltaket er del av ei generell styrking av familiepolitikken, men vil vere særleg viktig for barn som veks opp i låginntektsfamiliar, og skal bidra til at fleire barn og unge har høve til å vere med i organiserte aktivitetar.

Regjeringa vil leggje fram ein samarbeidsstrategi som skal fremje deltaking og styrkje moglegheitene til barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt.

Auken i barnetrygda for barn opp til 6 år vil bety mest for foreldre med vedvarande låg inntekt. Ein auke i eingongsstønaden vil ha ein liknande verknad. Tal frå SSB syner at familieytingane speler ei større rolle i økonomien til denne gruppa samanlikna med familiar med høgare inntekter.4 Mottakarar av eingongsstønad står ofte svakare økonomisk stilt enn foreldre med foreldrepengar. Styrkinga av desse ytingane er tiltak i innsatsen mot barnefattigdom.

Regjeringa vil òg arbeide vidare med å sikre gode helsetenester og eit trygt bumiljø for alle barn og unge. Det er dessutan lagt vekt på å redusere økonomiske hindringar for å gå i barnehage og i skulefritidsordninga.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2021:

  • Auke barnetrygda med 3 600 kroner i året for barn under 6 år. Dette utgjer 300 kroner i månaden, og auken skal gjelde frå 1. september.

  • Auke eingongsstønaden til 90 300 kroner frå 1. januar. Styrkinga av ytinga vil medføre ein auke i løyvingane på om lag 70 mill. kroner.

  • 120 mill. kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjektet med ei nasjonal fritidskortordning for barn frå 6 til fylte 18 år

  • 38,5 mill. kroner til å styrkje Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, inkludert 2 mill. kroner til forvalting av ordninga.

  • 3 mill. kroner til forsking og evaluering av tiltak på barnefattigdomsområdet

  • 3 mill. kroner til pilotprosjekt med foreldrestøtte til foreldre til tenåringar

  • 25 mill. kroner til inntektsgradert foreldrebetaling i SFO for 3. og 4. trinn, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

  • 3 mill. kroner til å opprette ein tilskotsordning for SFO ved friskular som ønskjer å tilby inntektsgradert foreldrebetaling i SFO på 1.–4. trinn.

  • 15,2 mill. kroner til forsøk med gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

  • 170 mill. kroner til vidareføring av tilskotsordninga for å kunne ta igjen tapt progresjon i skulen som følgje av covid-19, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

  • 9,2 mill. kroner for å likestille begge foreldra i bustøtteordninga i tilfelle der barnet har delt bustad, sjå Prop. 1 S for Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • 70 mill. kroner til å heve buutgiftstaket i bustøtta for både einslege og barnefamiliar

  • Auke Husbankens låneramme med 4 mrd. kroner, til 20 mrd. kroner i 2021

  • Styrkje arbeidsmarknadstiltaka retta mot arbeidssøkjarar i 2021. Satsinga gir rom for å styrke inkluderingsdugnaden, ungdomsinnsatsen og oppfølginga av unge mottakarar av arbeidsavklaringspengar

Vald og overgrep

Vald og overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det er eit mål å avdekkje vald og overgrep så tidleg som mogleg og å hindre at nye overgrep skjer. Mange av dei mest alvorlege barnevaldssakene kunne vore oppdaga tidlegare dersom barn blei høyrde. Det er derfor avgjerande at yrkesutøvarar som møter barn og unge, har kompetanse til å snakke med barn om vanskelege tema. Barn og unge sjølve må òg få god kunnskap om vald og overgrep.

Regjeringas arbeid mot vald og overgrep er mellom anna forankra i Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Arbeidet har høg prioritet. Regjeringa vil følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep gjennom førebyggjande tiltak, behandling og oppfølging.

Den samla satsinga i opptrappingsplanen er på over 1 mrd. kroner i 2020. Av dei 88 tiltaka i opptrappingsplanen er 37 alt gjennomførte, 51 er påbyrja. Av desse er 30 løpande, det vil seie at dei går føre seg kontinuerleg – òg utover planperioden. Viktige tiltak og satsingsområde i perioden 2014–2020 har vore:

  • eit nytt verktøy for å samtale med barn om vald og overgrep, med mål om at dei som arbeider med barn, skal avdekkje vald tidlegare

  • nye retningslinjer om vald og overgrep mot barn og unge med nedsett funksjonsevne

  • eit nytt opplæringsprogram til bruk i barnehagar og skular om mobbing, vald og digitale krenkingar

  • ein ny strategi for foreldrestøtte

  • informasjonskampanjar for å førebyggje vald og overgrep

  • satsing på familievernet sitt tilbod til familiar som lever med vald

  • eit familiemandat til stiftinga Alternativ til Vold (ATV) og etablering av fleire nye ATV-kontor

  • ein lågterskel-hjelpetelefon for foreldre

  • forsking om krisesentertilbodet

  • styrkt etterforsking av vald og overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • auka kapasitet og kompetanse i Statens barnehus, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • styrkt arbeidet mot Internett-relaterte overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • styrkt arbeid med vald og overgrep i folkehelsearbeidet, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • betre behandlingstilbod og tiltak som varetek utsette barn, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • satsing på behandling av personar som er dømde for seksuelle overgrep, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • etablering av eit heilskapleg tilbod til personar som står i fare for å gjere seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • eit betre tilbod til barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • auka satsing på utvikling av kunnskap og kompetanse i helsetenestene, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • tydeleggjering av ansvaret for arbeidet mot vald og overgrep i helselovene, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • satsing på arbeidet mot mobbing og digitale krenkingar, sjå Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet

  • forsking om førebygging av seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • ein tverrdepartemental strategi mot Internett-relaterte overgrep mot barn som etter planen skal leggjast frem i løpet av 2020, av Justis- og beredskapsdepartementet

  • ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar som etter planen skal leggjast fram hausten 2020, av Justis- og beredskapsdepartementet

På grunn av virusutbrotet kjem i tillegg eingongsløyvingar for 2020 til Mental helse – Foreldresupport, Raudekross-tenesta Kors på halsen og Alarmtelefonen for barn og unge under BFD. Under Justis- og beredskapsdepartementet blei det òg løyvd midlar til utvikling av innsatsen mot overgrep mot barn over Internett og til oppfølging av ungdom som gjennomfører ungdomsstraff.

Hovudprioriteringar i 2021

Regjeringa vil følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep ved å føre vidare det viktige arbeidet som er i gang, og setje i verk dei tiltaka som står att å følgje opp i 2021. God førebygging og tidleg innsats er avgjerande fordi det kan redusere behovet for meir inngripande tiltak seinare. Målretta støtte til foreldre i ein særleg utfordrande livssituasjon reduserer sjansen for at barn blir utsette for omsorgsvikt, vald og overgrep. Tenestene treng meir kompetanse til å avdekkje vald og overgrep mot barn. Vidare er det behov for å auke kompetansen om samisk språk og kultur i tenester som møter valdsutsette og valdsutøvarar. God hjelp og behandling til rett tid kan motverke dei alvorlege konsekvensane av vald og overgrep. Unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd må få hjelp så tidleg som mogleg for å førebyggje nye overgrep. Den samla satsinga i opptrappingsplanen på over 1 mrd. kroner i 2020 blir ført vidare. Regjeringa styrkjer satsinga ytterlegare og vil prioritere desse tiltaka i 2021:

  • 45,3 mill. kroner til ei utviding av Familie for første gang

  • 10 mill. kroner til å vidareutvikle Regionalt samisk kompetansesenter (RESAK) til eit nasjonalt samisk kompetansesenter for både det statlege og det kommunale barnevernet, familievernet og det kommunale krisesentertilbodet

  • 8 mill. kroner til Alarmtelefonen for barn og unge for å oppretthalde ein døgnopen telefon og chatløysing

  • 15 mill. kroner til å betre behandlingstilbodet til unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 9 mill. kroner i auka løyving til etablering av eit heilskapleg tilbod til personar som står i fare for å gjere seksuelle overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

Den samla satsinga i 2021 er med desse forslaga på om lag 1,1 mrd. kroner.

Satsingane må sjåast i samanheng med Opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse (2019–2024).

Dessutan vil arbeidet med å utvikle ein nasjonal kompetansestrategi mot vald og overgrep bli ført vidare i 2021.

1.2 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnet sin rett til vern og prinsippet om det beste for barnet er grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å ta vare på og støtte opp om den retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre.

Regjeringa ønskjer at flest mogleg skal vekse opp saman med foreldra sine, og at utsette barn og familiar skal få hjelp der dei bur. Barnevernstenestene skal bli betre til å komme tidleg inn med gode, verksame tiltak for å hjelpe barn og familiane deira. I nokre familiar kan problema utvikle seg, og det kan bli naudsynt at barna flyttar i fosterheim eller på institusjon for å få tryggleiken og vernet som dei har behov for. Regjeringa har som mål å betre tilbodet til barn som ikkje kan bu hos foreldra sine, og som treng ein trygg heim. Eit variert tilbod av institusjonar av høg kvalitet og stabile fosterheimar som kan dekkje ulike behov, er viktig for at det einskilde barnet skal kunne få god hjelp og omsorg.

Dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i regjeringsperioden 2014–2020 har vore:

  • oppfølging av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016)

  • ei barnevernsreform, jf. Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) og Innst. 354 L (2016–2017)

  • Prop. 169 L (2017–2018) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre), jf. Innst. 151 L (2017–2018), som mellom anna skal betre rettstryggleiken for barn og foreldre

  • Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.), jf. Innst 310 L (2019–2020), som skal medverke til betre barnevernstenester, og som opnar for samtaleprosess i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

  • eit kompetanseløft i barnevernet, mellom anna gjennom kompetansestrategien for det kommunale barnevernet 2018–2024

  • betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene, mellom anna ved at det er oppretta to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som treng både langvarig omsorg utanfor heimen og psykisk helsehjelp

  • eit digitalt løft for det kommunale barnevernet gjennom prosjektet DigiBarnevern, med mellom anna lansering av ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar våren 2020

  • ei satsing på rekruttering og oppfølging av fosterheimar

Hovudprioriteringar i 2021

Regjeringa har sett i verk fleire endringar for å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet. Våren 2021 planlegg regjeringa å leggje fram eit heilskapleg forslag til ny barnevernslov som skal styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre ved å gi barnevernstenestene eit betre arbeidsverktøy, styrkje det førebyggjande arbeidet og auke kompetansen i tenestene. Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har handsama saker som viser at det på einskilde område i barnevernet er behov for å justere praksisen. I lovproposisjonen vil departementet grundig vurdere dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har, og ny praksis frå EMD og Høgsterett.

Barnevernsreforma vil gi kommunane eit større ansvar for barnevernet frå 2022. Regjeringa har som mål at reforma skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane, slik at fleire barn kan vekse opp i nærmiljøet sitt og få hjelp der dei bur. Den storstilte satsinga på kompetanse for å betre kvaliteten i tenestene er ein viktig del av reforma. Regjeringa vil òg styrkje kvaliteten i hjelpetiltaka og tydeleggjere kva slags oppfølging og hjelp barnevernet skal tilby. Aldersgrensa for rett til hjelpetiltak etter at barnet har fylt 18 år, vil bli utvida frå 23 til 25 år for at unge skal kunne få støtte frå barnevernet lenger inn i overgangsfasen til vaksenlivet. Betre kvalitet i sakshandsaminga i den kommunale barnevernstenesta og god støtte for dei tilsette i tenestene krev riktige verktøy. Det digitale løftet for det kommunale barnevernet vil derfor halde fram i 2021.

Barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, skal få eit trygt og godt tilbod i fosterheim eller på institusjon. Regjeringa vil betre helsetenestene til barn i barnevernet ved betre kartlegging av helseutfordringar gjennom rutinemessig, tverrfagleg utgreiing av barn som er plasserte utanfor heimen. God opplæring og oppfølging er viktig for at fosterheimane skal klare den viktige omsorgsoppgåva dei har, og gi barna den tryggleiken dei treng. Regjeringa vil leggje betre til rette for rekruttering av fosterheimar i familien og nettverket til barnet og gi fosterheimane føreseielege rammer og god oppfølging, slik at alle barn kan få ein stabil heim.

Under utbrotet av covid-19 har statleg og kommunalt barnevern omstilt seg på kort tid. Utsette barn, unge og familiar skal få den hjelpa dei treng frå barnevernet, også under utbrotet. Alarmtelefonen for barn og unge har hatt ein markant auke i kontakt frå sårbare barn og unge under utbrotet. Tiltaket er utvida til å vere ope heile døgnet og tilbodet er styrkt med ei chatløysing. Regjeringa vil føre vidare tilbodet i 2021.

I 2021 vil regjeringa prioritere

  • 30 mill. kroner til betre helsetenester til barn i barnevernet

  • 24 mill. kroner til ettervern for unge mellom 23 og 25 år

  • 8 mill. kroner til Alarmtelefonen for barn og unge for å oppretthalde ein døgnopen telefon og chatløysing

Regjeringa vil òg

  • styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet gjennom å leggje fram forslag til ei ny barnevernslov

  • sørgje for eit kompetanseløft i barnevernet

  • klargjere rammene for bruk av private aktørar i barnevernet

  • vidareutvikle det digitale løftet for det kommunale barnevernet gjennom prosjektet DigiBarnevern

  • leggje fram ein fosterheimsstrategi for korleis alle barn skal få ein trygg heim

1.3 Stillinga til forbrukarane

Gode forbrukarrettar er avgjerande for velfungerande marknader. Ikkje minst er dette viktig i den digitale økonomien. Nesten grenselaus tilgang til informasjon og handel gjennom digitale medium gir forbrukarane mange moglegheiter, men òg utfordringar. Forbrukarrettane er mellom anna utfordra av meir komplekse marknader, nye marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Som følgje av virusutbrotet blir grunnleggjande forbrukarrettar utfordra i større grad enn normalt. Ein del næringsdrivande har problem med å levere ytingar. Mange forbrukarar opplever derfor at avtalar dei har inngått, ikkje blir innfridde, eller blir avlyste eller utsette. Regjeringa følgjer utviklinga. Det er framleis viktig å leggje til rette for at forbrukarane kan ta smartare og meir berekraftige forbruksval – og å sikre forbrukarvernet i ein stadig meir digital kvardag.

Bruk av sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress, utviklar uheldige kroppsideal og blir utsette for mobbing og annan skadeleg påverknad. BFD har derfor i 2020 bede Forbrukartilsynet om å prioritere tilsyn med marknadsføring retta mot barn og unge som kan føre til kroppspress.

Etter eit initiativ frå regjeringa i 2018 ferdigstilte Mediebedriftenes Landsforening og Annonsørforeningen i 2019 retningslinjer mot kroppspress i sosiale medium. Retningslinjene gjeld for påverkarar, nettverk og annonsørar, og blir handheva av eit utval oppretta i 2019 (Fagutvalget for influencermarkedsføring). BFD har i 2018 og 2019 gitt tilskot til etableringa og drifta av utvalet. Departementet føreslår at utvalet òg skal få støtte i 2021.

Med heimel i gjeldsinformasjonslova blei det 1. juli 2019 sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar eit betre grunnlag for kredittvurderingar. Gjennom at bankar får meir korrekt informasjon om kor mykje usikra kreditt einskildpersonar har frå før, er det lagt eit grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem.

BFD er i gang med å revidere gjeldsordningslova frå 1993. Departementet vil særleg sjå på om dei noverande prosessane kan forenklast, slik at det blir raskare å få fastsett ei gjeldsordning for dei som fyller vilkåra.

Regjeringa sette i 2018 ned eit ekspertutval (Etikkinformasjonsutvalet) til å greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Utvalet leverte i november 2019 innstillinga si og forslag til ei openheitslov. Utvalet føreslår mellom anna at verksemder på førespurnad skal informere om korleis dei arbeider med å vareta grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve. Forslaga har vore ute på høyring, og saka er no til vurdering i BFD.

Regjeringa vil at forbrukarane i kjøpssituasjonar skal vere i stand til å ta informerte val og kjenne rettane sine og framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane skal ha vern mot svindel og ulovleg marknadsføring. Det gjeld òg i samband med handel på nett. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse tvistane på ein rimeleg og god måte.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i regjeringsperioden 2014–2020:

  • Tvisteløysingstilbodet i Forbrukarrådet er utvida og profesjonalisert.

  • Forbrukarombodet er gjort om til eit tilsyn, Forbrukartilsynet, med vedtakskompetanse.

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet er auka for å styrkje arbeidet med tilsyn og rettleiing på digitalområdet.

  • Det er sett i verk ei ordning med gjeldsinformasjon som gir bankar betre grunnlag for kredittvurderingar.

  • Det er etablert ein straumprisportal.

  • Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, som legg særleg vekt på den digitale kvardagen til forbrukarane, er lagt fram.

Vidare er det sett i verk særskilde tiltak på pakkereiseområdet grunna virusutbrotet. Utbrotet har auka risikoen for at pakkereisearrangørar skal gå konkurs. Etter forslag frå regjeringa blei det derfor i mars 2020 vedteke eit tilskot på 100 mill. kroner til Reisegarantifondet og ei overskridingsfullmakt på ytterlegare 200 mill. kroner i 2020. Midlane skal gjere Reisegarantifondet i stand til å betale tilbake forskotsbetalingar for reiser som ikkje blir leverte på grunn av konkurs. I april 2020 blei det òg fastsett ei mellombels forskrift til pakkereiselova som forlengde fristen for pakkereisearrangørar til å betale tilbake forskotsinnbetalingar frå forbrukarar for reiser frå 14 dagar til 3 månader. Den mellombelse forskrifta gjaldt for avbestillingar og avlysingar i perioden frå 1. mars til 14. juni 2020. Departementet vil følgje utviklinga framover og vurdere den økonomiske situasjonen til Reisegarantifondet.

Hovudprioriteringar i 2021

Den teknologiske utviklinga med omfattande digitalisering har ført til store endringar innanfor dei fleste samfunnsområde – òg i forbrukaråtferda. Regjeringa vil møte desse endringane og andre utviklingstrekk med ein aktiv forbrukarpolitikk.

Regjeringa vil i 2021 prioritere å

  • følgje opp forslag frå Etikkinformasjonsutvalet om ei openheitslov som mellom anna inneber at verksemder på førespurnad skal informere om korleis dei arbeider med å vareta grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve

  • vurdere å innføre eit krav om merking av retusjert reklame

  • revidere gjeldsordningslova med sikte på å skape ei klarare, meir effektiv og moderne lov

  • styrkje utvikling og drift av Finansportalen med 6 mill. kroner

  • følgje opp endringar i verkemiddelapparatet på forbrukarområdet frå 1. januar 2021, slik at forbrukarane blir sikra eit meir effektivt og brukarvennleg klagehandsamingstilbod

  • etablere eit nasjonalt samarbeidsforum for tilsyn som arbeider med forbrukar- og personvernspørsmål i digitale tenester og produkt

  • gå i gang med å lage ein strategi for forbrukarvern i den digitale kvardagen som legg føringar for aktivitetar og tiltak på dette området framover

1.4 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis, og for eit livssynsope samfunn. Trus- og livssynssamfunn er viktige for truslivet til mange menneske og verkar ofte som eit lim i samfunnet.

Utviklinga av eit fleirreligiøst og mangfaldig samfunn aukar behovet for dialog og eit oppdatert lovverk som kan spegle det fleirkulturelle samfunnet. I eit fleirreligiøst og mangfaldig samfunn trengst det òg kjennskap til eigne kulturelle røter. Når ein er trygg på si eiga historie og sin eigen identitet, er det enklare å møte kulturen og trua til andre.

Stortinget vedtok våren 2020 ei ny trussamfunnslov – Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 L (2019–2020). Den nye trussamfunnslova tek til å gjelde 1. januar 2021. Lova erstattar lov om Den norske kirke, lov om trudomssamfunn og ymist anna og lov om tilskott til livssynssamfunn og skal sikre likehandsaming av alle trus- og livssynsamfunn og større fridom til Den norske kyrkja som følgje av at statskyrkja er avvikla. Vidare har det vore eit mål å sikre føreseielege tilhøve for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn.

Etter 200 år utan at det har vore trekt slutningar, har regjeringa i Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond meisla ut ei løysing der eigedelane i fondet blir delte mellom Den norske kyrkja og staten. Meldinga er handsama av Stortinget våren 2020, og innstillinga blir følgd opp i departementet.

Dei eldre kyrkjebygga er blant dei viktigaste kulturminna i landet, og mange er i svært dårleg stand. Regjeringa vil setje i verk tiltak for å betre tilstanden for dei viktigaste kyrkjebygga, jf. meldinga om Opplysningsvesenets fond. Løysinga i meldinga legg eit grunnlag for ein vesentleg styrkt statleg innsats for istandsetjing og sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg. Kommunane skal ha det same økonomiske ansvaret for kyrkjebygga som før.

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i regjeringsperioden 2014–2020 har vore:

  • Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven (omdanning av Den norske kirke til eget rettssubjekt m.m.), jf. Innst. 256 L (2015–2016)

  • oppheving av tenestebustad- og bupliktordninga for prestane i Den norske kyrkja i 2015

  • Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn (trossamfunnsloven), med ein meldingsdel om trus- og livssynspolitikken, jf. Innst. 208 L (2019–2020)

  • Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020)

  • Prop. 86 L (2019–2020) Endringer i gravferdsloven mv. (urnevegg mv.), jf. Innst. 313 L (2019–2020)

  • investeringsramme for rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg med i alt 3,75 mrd. kroner i perioden 2014–2019

  • 40 mill. kroner i 2019 og 72 mill. kroner i 2020 til tiltak for sikring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg

Hovudprioriteringar i 2021

Arbeidet med å følgje opp stortingsvedtak ved handsaming av forslag til nytt lovverk på trus- og livssynsområdet og meldinga om Opplysningsvesenets fond vil vere prioriterte i 2021. Regjeringa held òg fram med satsinga på kyrkjebygg. Regjeringa vil i 2021 prioritere:

  • 50 mill. kroner til kulturhistorisk viktige kyrkjebygg fra før 1850

  • effektiv forvalting av tilskota til Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn i tråd med ny lovgiving

  • nytt og oppdatert regelverk på gravferdsområdet

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Administrasjon

800

Barne- og familiedepartementet

161 524

162 658

161 197

-0,9

Sum kategori 11.00161 524162 658161 197-0,9

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

238 128

262 324

271 396

3,5

841

Samliv og konfliktløysing

34 805

53 408

55 555

4,0

842

Familievern

613 699

605 008

612 500

1,2

843

Adopsjonsstønad

8 712

11 000

9 200

-16,4

844

Kontantstøtte

1 611 337

1 560 000

1 510 000

-3,2

845

Barnetrygd

15 756 523

16 459 000

17 358 000

5,5

846

Familie- og oppveksttiltak

687 763

754 786

982 043

30,1

847

EUs ungdomsprogram

8 715

8 597

10 605

23,4

848

Barneombodet

22 280

22 364

22 377

0,1

Sum kategori 11.1018 981 96219 736 48720 831 6775,5

Barnevernet

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

232 299

234 427

234 765

0,1

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 088 473

1 160 428

1 190 821

2,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 245 547

7 112 860

7 218 350

1,5

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

121 057

118 729

118 693

0,0

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

312 507

610 536

617 986

1,2

Sum kategori 11.208 999 8839 236 9809 380 6141,6

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

155 094

154 256

109 731

-28,9

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

10 630

10 915

11 264

3,2

865

Forbrukarpolitiske tiltak

19 761

16 232

17 259

6,3

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

14 731

14 361

-100,0

868

Forbrukartilsynet

35 338

34 078

104 370

206,3

Sum kategori 11.30235 554229 842242 6245,6

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

880

Den norske kyrkja

2 356 800

2 302 901

2 365 123

2,7

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

401 871

434 949

963 528

121,5

882

Kyrkjebygg og gravplassar

59 138

98 631

87 782

-11,0

Sum kategori 11.50

2 817 809

2 836 481

3 416 433

20,4

Sum programområde 1131 196 73232 202 44834 032 5455,7

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530

Foreldrepengar

20 451 248

20 589 000

21 624 000

5,0

Sum kategori 28.50

20 451 248

20 589 000

21 624 000

5,0

Sum programområde 28

20 451 248

20 589 000

21 624 000

5,0

Sum utgifter

51 647 980

52 791 448

55 656 545

5,4

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

Familie og oppvekst

3842

Familievern

498

760

784

3,2

3847

EUs ungdomsprogram

2 324

2 364

2 364

0,0

Sum kategori 11.102 9173 1243 1480,8

Barnevernet

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

471

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 480 057

1 505 441

1 543 803

2,5

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

105 864

113 082

116 118

2,7

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

5 610

499

515

3,2

Sum kategori 11.201 592 0021 619 0221 660 4362,6

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

2 500

Sum kategori 11.30

2 500

Sum programområde 11

1 594 919

1 622 146

1 666 084

2,7

Sum inntekter

1 594 919

1 622 146

1 666 084

2,7

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

01–23

Drift

8 315 902

8 507 095

8 686 379

2,1

30–49

Nybygg og anlegg

16 487

20 116

10 029

-50,1

50–59

Overføringar til andre statsrekneskapar

183 484

185 662

146 929

-20,9

60–69

Overføringar til kommunar

1 618 399

1 949 434

2 135 824

9,6

70–98

Overføringar til private

41 513 708

42 129 141

44 677 384

6,0

Sum under departementet

51 647 980

52 791 448

55 656 545

5,4

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2021 kan:

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842, post 01

kap. 3842, post 01

kap. 847, post 01

kap. 3847, post 01

kap. 855, post 01

kap. 3855, postane 01, 02 og 60

kap. 856, post 01

kap. 3856, post 01

kap. 858, post 01

kap. 3858, post 01

kap. 868, post 01

kap. 3868, post 01 og 02

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og familiedepartementet (BFD). Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2019–2020 og alle vedtak frå tidlegare stortingssesjonar der rapporteringa ikkje blei varsla avslutta i Prop. 1 S (2019–2020) og vedtak som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 373 S (2019–2020) meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det annanstad i budsjettforslaget gitt ei meir omfattande framstilling av oppfølginga. I slike tilfelle er det vist til kvar denne framstillinga finst.

I kolonnen lengst til høgre i tabellen nedanfor står det om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket er avslutta, eller om det vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal leggje fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt vere avslutta fyrst når saka er lagd fram for Stortinget.

Sjølv om det står i tabellen at rapporteringa er avslutta, vil det i ein del tilfelle kunne vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er endeleg avslutta. Dette kan til dømes gjelde ei oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. Stortinget vil i desse tilfella vere orientert om den vidare oppfølginga, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2019–2020

637

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Nei

2019–2020

595

covid-19-regelverket for barnevernet og fylkesnemnda

Ja

2019–2020

514

vurdere å utvide gjeldsinformasjonsordninga til fleire typar gjeld

Nei

2019–2020

513

offentlege tenester i eit forbrukarperspektiv

Nei

2019–2020

502

utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Nei

2019–2020

501

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Nei

2019–2020

500

oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Nei

2019–2020

499

etter-skule-tilbod for barn med overnatting i verksemdsrapportering

Nei

2019–2020

498

forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Nei

2019–2020

418

covid-19 – kritiske tenester for barn og unge

Ja

2018–2019

301

kjøp av institusjonsplassar i barnevernet

Ja

2017–2018

853

god marknadsføringsskikk overfor barn

Nei

2017–2018

848

reisegaranti transportdel pakkereise

Ja

2017–2018

847

angrerett pakkereiser

Ja

2017–2018

181

lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår for barnevernsaktørar

Nei

2017–2018

169

verknader av forenklinga i foreldrepengeperioden

Nei

2016–2017

790

oppfølging av adopterte og familiane deira

Nei

2016–2017

789

sakshandsamingstida ved utanlandsadopsjon

Ja

2016–2017

786

evaluering av ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Nei

2016–2017

779

årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret

Ja

2016–2017

607

ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn

Nei

2016–2017

606

politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Nei

2016–2017

491

evaluering av felles foreldreansvar

Nei

2015–2016

890

lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar

Nei

2015–2016

745

pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Nei

2015–2016

744

best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Nei

2015–2016

740

bruk av tvang i barnevernet

Ja

2014–2015

16

nytt felles anbod for faste barnevernsplassar

Nei

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Vedtak 637, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»

Vedtaket blei gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren la fram for Stortinget 26. mai 2020.

I arbeidet med ny barnevernslov går departementet grundig gjennom dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har. Både FN-konvensjonen om barnerettane og den europeiske menneskerettskonvensjonen er sentrale i dette arbeidet.

Regjeringa sette 7. desember 2018 ned barnelovutvalet, som skal gå gjennom og modernisere heile barnelova. Utvalet skal levere utgreiinga si innan 1. desember 2020. Det følgjer av mandatet til utvalet at pliktene som følgjer av menneskerettane, skal gjennomførast og komme til uttrykk i forslaget til ny barnelov. Utvalet skal vurdere særskilt om rettane til barn kjem godt nok fram i lova i dag, og korleis dei grunnleggjande prinsippa kan komme tydelegare til uttrykk i lova. Mellom anna skal utvalet gå gjennom retten til medverknad for barn, sjølvråderetten og retten til å bli høyrd.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket i samband med forslaga til ny barnevernslov og ny barnelov.

Mellombels lov for å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19 for barnevernet og fylkesnemnda

Vedtak 595, 19. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å forlenge virketiden for hele eller deler av midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbruddet av covid-19 utover 22. oktober 2020 dersom regjeringen vurderer dette som nødvendig for å sikre at barnevernet kan løse sine oppgaver.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 112 L (2019–2020) Midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbruddet av covid-19, jf. Innst. 289 L (2019–2020) og Lovvedtak 100 (2019–2020). I lys av dagens smittesituasjon og erfaringane med den mellombelse lova meiner departementet at det er behov for å forlengje verketida til den mellombelse lova. Departementet vil i lovproposisjon denne hausten føreslå å forlengje verketida til 1. juni 2021.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Vedtak nr. 514, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere utvidelse av gjeldsinformasjonsordningen til å omfatte flere typer gjeld, for eksempel boliggjeld og studiegjeld, i forbindelse med planlagt evaluering i 2021.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, jf. Innst. 171 S (2019–2020). Etter at ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon er evaluert i 2021, jf. omtale av vedtak nr. 786 av 7. juni 2017, vil departementet orientere Stortinget om vurderinga av ei utviding på eigna vis.

Forbrukarmeldinga – offentlege tenester i eit forbrukarperspektiv

Vedtak nr. 513, 21. april 2020

«Stortinget ber regjeringen på egnet måte komme tilbake til Stortinget med en omtale av offentlige tjenester i et forbrukerperspektiv.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 25 (2018–2019) Framtidas forbrukar – grøn, smart og digital, jf. Innst. 171 S (2019–2020). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Vedtak nr. 502, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbedring av verneverdige kirkebygg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Departementet tek sikte på at planen skal femne om eitt eller fleire verneprogram for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Departementet vil orientere Stortinget om framdrifta på eigna måte seinare.

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Vedtak nr. 501, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med sak om fondseiendommene staten overtar etter at Opplysningsvesenets fond er oppdelt. Det bes om at regjeringen belyser spørsmål som angår det statlige fondets formål, dets samfunnsansvar, organisering, vilkår for salg av eiendommer, sikkerhetsspørsmål ved eventuelle salg til utenlandske aktører samt andre forhold som er av betydning for forvaltningen av det gjenværende fondet staten overtar.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020). Departementet vil på eigna måte komme tilbake til dei spørsmåla som vedtaket omhandlar, mellom anna i eit forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond som etter planen skal fremjast neste år. Eit prosjekt om deling av verdiane mellom staten og Den norske kyrkja har starta arbeidet, som venteleg vil ta fleire år. Dette arbeidet vil utgjere grunnlaget for ei eiga sak til Stortinget om mellom anna fondseigedommane staten overtek etter at fondet er delt.

Oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Vedtak nr. 500, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med oppdelingen av Opplysningsvesenets fond ivareta følgende:
  • 1. Staten og kirken skal være likeverdige parter i prosessen som skal avklare hvilke bygninger kirken skal overta, og det legges til grunn at staten kommer til enighet med Den norske kirke om dette.

  • 2. Kirkens verdier skilles ut først, deretter bør staten gjøre egne vurderinger av forvaltning av de verdier som ligger igjen i fondet.

  • 3. Betingelsen for delingen av fondet er at staten øker sin innsats for bevaring av de kulturhistorisk viktige kirkebyggene i et omfang som svarer til de verdiene som staten blir eier av på et bestemt tidspunkt. Når eiendelene i Opplysningsvesenets fond er endelig fordelt mellom staten og kirken, må det gjøres beregning av den reelle verdien. Den reelle verdien skal komme de kulturhistorisk viktige kirkebyggene til gode ved istandsetting og sikring av kirkene. Statens økte innsats for bevaring av kirkene må over tid minst svare til denne verdien (inflasjonsjustert).

  • 4. Statens økte innsats overfor kirkebyggene skal ikke avløse kommunenes økonomiske ansvar for kirkebyggene eller komme til erstatning for andre tiltak eller ordninger som finnes på området.

  • 5. I samråd med kirkelige instanser, antikvariske myndigheter mfl. igangsettes arbeidet med bevaringsprogrammer for ulike kategorier av kulturhistorisk viktige kirkebygg, for eksempel ved å kategorisere kirkebyggene etter alder, verneverdi eller vedlikeholdstilstand.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) om Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020). BFD har etablert eit femårig prosjekt, der Den norske kyrkja òg deltek, og der oppgåva er å identifisere eigedommar under Opplysningsvesenets fond som det er aktuelt at Den norske kyrkja blir eigar av. Departementet er òg i kontakt med Den norske kyrkja, Riksantikvaren med fleire i arbeidet med å utforme verneprogram for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga. Departementet vil orientere Stortinget om framdrifta på eigna måte seinare, mellom anna i samband med forslag til ny lov om Opplysningsvesenets fond.

Etter-skule-tilbod for barn med overnatting i verksemdsrapportering

Vedtak nr. 499, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at det rapporteres om etter-skole-tilbud med overnatting gjennom tros- og livssynssamfunns årlige virksomhetsrapportering. Ved bekymring for aktiviteter som strider mot barns rettigheter, eller som kan synes å ha negativ effekt på barns integrering, bidrar til segregering, negativ sosial kontroll eller radikalisering skal det foretas tilsyn.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020). Eit forslag til forskrifter i medhald av ny trussamfunnslov, jf. lov 24. april 2020 nr. 31 om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) blei sendt på høyring, med frist 10. september 2020. I utkastet til forskrift, § 15 tredje ledd, er det teke inn krav om at trus- og livssynssamfunna skal gjere greie for særskilde tilbod for barn og unge, mellom anna om undervising eller andre trusopplæringstilbod og andre aktivitetar. Samfunna skal kort gjere greie for omfanget av undervisingstilbod, innhaldet i undervisinga og kva form undervisinga har. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at trus- og livssynsamfunna innrettar seg i tråd med lova. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Vedtak 498, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer med sikte på å forby faste etter-skole-tilbud med overnatting over lengre tid for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020). Det er naudsynt med ei utgreiing av moglege lovendringar i tråd med vedtaket. BFD har byrja på utgreiingsarbeidet i samarbeid med Kunnskaps- og integreringsdepartementet. BFD vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Utbrotet av covid-19 – kritiske tenester for barn og unge

Vedtak nr. 418, 16. mars 2020

«Stortinget ber regjeringen understreke overfor kommunene at kritiske tjenester, som apparatet for særlig utsatte barn og unge, avlastningstiltak for familier med stor omsorgsbelastning, barnevernet og krisesentrene sikres forsvarlig drift, og fremme eventuelle bevilgningsforslag som er nødvendig for å sikre dette i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2020.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 52 S (2019–2020), jf. Innst. 197 S (2019–2020).

Sidan barnehagar og skular blei stengde, har regjeringa retta stor oppmerksemd mot tilbodet til sårbare barn og unge. Allereie i vedtaket av 12. mars om stenging av barnehagar og skular blei det gjort eit unntak frå stenginga for barn med særlege omsorgsbehov som ikkje kan varetakast når barnehagar, skular og andre dagtilbod er stengde. Informasjon om dette blei formidla på fleire måtar, mellom anna ved brev frå Helsedirektoratet til alle kommunane i landet. Allereie 14. mars blei barnevernet definert som ein kritisk samfunnsfunksjon, slik at dei tilsette kunne halde fram med å jobbe for at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og vern til rett tid. Krisesentera blei òg tidleg rekna som ein kritisk samfunnsfunksjon.

Oppdatert informasjon og oppmodingar til kommunane om tenestetilbodet til sårbare barn og unge har heile tida blitt gitt på heimesidene til direktorata, via brev og via pressemeldingar og pressekonferansar. Fylkesmannsembeta har òg hatt ei viktig oppgåve når det gjeld å følgje med på tilbodet i kommunane og å gi kommunane informasjon og rettleiing.

Regjeringa føreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 tiltak for å betre situasjonen for sårbare barn og unge. Det er løyvd 400 mill. kroner på ansvarsområda til ulike departement i 2020. Tiltaka omfattar mellom anna auka løyvingar til helsestasjonar og skulehelsetenesta, til avlastningstiltak og aktivitetstiltak for barn og unge med store behov og til det arbeidet frivillige organisasjonar gjer retta mot utsette og sårbare barn og unge. Vidare skal tiltaka bidra til at sårbare barn og unge får hjelp til å ta igjen tapt progresjon på skulen, og til å førebyggje vald og overgrep.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Kjøp av institusjonsplassar i barnevernet

Vedtak nr. 301, 17. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen se på bruken av enkeltkjøp av institusjonsplass i barnevernet, og komme tilbake til Stortinget på egnet vis innen utgangen av 2019 med forslag til tiltak for å redusere denne praksisen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om menneske framfor marknadar i barnevernet, jf. Dok. 8: 12 S (2018–2019) og Innst. 87 S (2018–2019).

I 2018 auka talet på tilvisingar frå kommunane om institusjonsplassar. Auken gjaldt særleg for barn med samansette utfordringar og omfattande omsorgs- og behandlingsbehov. Dette utfordra kapasiteten ved fleire statlege institusjonar i periodar, samstundes som Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) måtte kjøpe private plassar utover inngåtte rammeavtalar. Styringa av kapasitet er ein del av Bufetat sitt ansvar for drift av institusjonsbarnevernet. Det er høg merksemd om ønsket om å redusere omfanget av enkeltkjøp. Derfor har departementet, Bufdir og Bufetat sett i verk fleire tiltak på området.

Barne- og familiedepartementet gav i 2019 Bufdir i oppdrag å greie ut kostnadsdrivarar i institusjonsbarnevernet og tilrå tiltak for betre økonomistyring. Oppdraget inkluderte mellom anna vurderingar av årsakar til enkeltkjøp og tiltak for å møte dei utfordringane Bufdir ser på området.

For å betre kapasitets- og økonomistyringa og redusere omfanget av enkeltkjøp, er det mellom anna planlagt og sett i verk følgjande tiltak:

  • Standardisert arbeidsprosess for kapasitetsstyring i regionane.

  • Styrking av rapportering frå og oppfølging av regionane i månadlege økonomioppfølgingsmøte.

  • Nye rutinar for registrering av og informasjon om tilgjengeleg kapasitet i statlege og private institusjonar.

  • Dialogmøter og konferansar med leverandørane av tiltak, mellom anna for å oppnå felles forståing av rammeavtalar og formidle etaten sitt kapasitetsbehov.

  • Tett oppfølging av eining for inntak for god bruk av rammeavtaleplasser.

  • Utprøving av alternative kontraktsformer og sterkare regionalt eigarskap til kontraktar og oppfølging.

Bufdir har vidare utarbeida ein tolkingsuttale som presiserer Bufetat sin avgjerdskompetanse ved val av institusjonsplass, og at omsynet til god ressursutnytting skal vere ein del av vurderinga.

Ved tildeling av institusjonsplass vil Bufetat leggje stor vekt på å utnytte kapasiteten i statlege institusjonar og private institusjonar med rammeavtalar. Bufetat vil òg arbeide vidare med å sikre kvaliteten i innskrivinga av barn og unge frå kommunane. Tilbodet som Bufetat gir, skal alltid vere fagleg forsvarleg, gi riktig hjelp til det einskilde barnet og ta omsyn til at dei samla ressursane på området skal utnyttast på best mogleg måte.

Erfaringar frå dei sakene der det har vore naudsynt at barn har fått eit tilbod utanfor den planlagde institusjonskapasiteten, vil bli brukte til å vurdere korleis dei statlege institusjonane og rammeavtalane med private leverandørar kan betrast, slik at dei betre kan dekkje behova til dei barna kommunane tilviser til institusjon.

Departementet vil i styringsdialogen med Bufdir framleis ha høg merksemd på ønsket om å redusere omfanget av enkeltkjøp.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

God marknadsføringsskikk overfor barn

Vedtak nr. 853, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen foreslå endring av markedsføringsloven § 21, som regulerer god markedsføringsskikk overfor barn, for å hindre reklame rettet mot barn generelt, og motvirke kroppspress mot unge spesielt.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om kroppspress og reklameindustrien, jf. Dok. 8:187 S (2017–2018) og Innst. 344 S (2017–2018).

Departementet greier ut moglege endringar i marknadsføringslova som kan bidra til å motverke kroppspress. Framlegg om endring av marknadsføringslova har vore på høyring. Departementet arbeider vidare med innspela frå høyringa og vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket.

Reisegaranti transportdel pakkereise

Vedtak nr. 848, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å videreføre reisegaranti for transportdelen av en pakkereise i den nye pakkereiseloven.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 54 L (2017–2018) Lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiseloven) (gjennomføring av direktiv 2015/2302/EU om pakkereiser og sammensatte reisearrangementer), jf. Innst. 354 S (2017–2018).

Eit framlegg om å endre pakkereiselova har vore på høyring. Høyringsinstansane var delte i synet på om reisegaranti for transport som blir seld av pakkereisearrangørar, bør innførast att. I Prop. 48 L (2019–2020) Endringer i pakkereiseloven (angrerett og reisegaranti), som blei fremja 28. februar 2020, føreslo departementet at pakkereiselova blei endra slik at pakkereisearrangørane på ny fekk plikt til å stille reisegaranti ved sal av berre transport. Ved Meld. St. 18 (2019–2020), som blei fremja 27. mars 2020, blei Prop. 48 L (2019–2020) trekt tilbake. Årsaka var at tiltaka mot virusutbrotet råkar reisenæringa svært hardt. Regjeringa meinte at ein ikkje kan påleggje pakkereisearrangørane den ekstra økonomiske børa som framlegget om reisegaranti for berre transport inneber. Kultur- og familiekomiteen innstilte 17. april 2020 i Innst. 238 (2019–2020) på at Stortinget tek meldinga til etterretning, og at meldinga blir lagd ved protokollen. Den 21. april 2020 sa Stortinget seg samrøystes samd i innstillinga. Departementet ser saka som avslutta.

Angrerett pakkereiser

Vedtak nr. 847, 6. juni 2018

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre i den nye pakkereiseloven en angrerett på pakkereiser som er kjøpt utenom faste forretningslokaler.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 54 L (2017–2018) Lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiseloven) (gjennomføring av direktiv 2015/2302/EU om pakkereiser og sammensatte reisearrangementer), jf. Innst. 354 S (2017–2018).

Eit framlegg om endring av pakkereiselova har vore på høyring. Høyringsinstansane var delte i synet på om ein bør innføre angrerett på pakkereiser som er kjøpte utanom faste forretningslokale.

I Prop. 48 L (2019–2020) Endringer i pakkereiseloven (angrerett og reisegaranti) føreslo departementet at pakkereiselova blei endra slik at den som kjøper ei pakkereise utanom faste forretningslokale, får angrerett. Ved Meld. St. 18 (2019–2020), som blei fremja 27. mars 2020, blei Prop. 48 L (2019–2020) trekt tilbake. Årsaka var at tiltaka mot virusutbrotet råkar reisenæringa svært hardt. Regjeringa meinte at ein ikkje kan påleggja pakkereisearrangørane den ekstra økonomiske børa som framlegget om angrerett inneber. Kultur- og familiekomiteen innstilte 17. april 2020 i Innst. 238 (2019–2020) på at Stortinget tek meldinga til etterretning, og at meldinga blir lagd ved protokollen. Den 21. april 2020 sa Stortinget seg samrøystes samd i innstillinga. Departementet ser saka som avslutta.

Lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår for barnevernsaktørar

Vedtak nr. 181, 12. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at aktører som mottar offentlige tilskudd for drift av barnevernstjenester, har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår på linje med det som gjelder i offentlige virksomheter.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8:19 S (2017–2018) Representantforslag om å sikre et trygt og stabilt barnevern uten profitt, jf. Innst. 43 S (2017–2018).

Fafo har gjennomført ei utgreiing av lønns-, arbeids- og pensjonsvilkåra i offentlege og private barnevernsverksemder og eventuelle tiltak for å gjere vilkåra likare. Departementet vil sjå tiltaka i rapporten i samanheng med andre prosessar som er i gang i sektoren, til dømes barnevernsreforma og gjennomgangen av rammevilkåra for ideelle og kommersielle aktørar i barnevernet. Departementet tek sikte på å komme tilbake til saka i proposisjonen om ny barnevernslov som departementet planlegg å leggje fram for Stortinget våren 2021.

Verknader av forenklinga i foreldrepengeperioden

Vedtak nr. 169, 11. desember 2017

«Stortinget ber regjeringen i løpet av en toårsperiode fra ikrafttredelse, orientere Stortinget om negative virkninger av forenklingen i foreldrepengeordningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med Prop. 168 L (2016–2017) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen), jf. Innst. 58 L (2017–2018).

Nokre av lovendringane blei sette i kraft 1. januar 2018, men dei fleste endringane tok fyrst til å gjelde 1. januar 2019. Arbeids- og velferdsdirektoratet har fått i oppdrag å gjere greie for eventuelle negative verknader av forenklingane. Direktoratet opplyser at etaten ikkje har statistikk over saker som er knytte til dei aktuelle forenklingane som blei gjorde i samband med Prop. 168 L (2017–2018). Ein omtale av negative verknader vil derfor bli ei kvalitativ vurdering, basert på erfaringar etaten har gjort ved handsaming av saker sidan endringane kom. Arbeids- og velferdsdirektoratet har på grunn av utbrotet av covid-19 våren 2020 ikkje hatt kapasitet til å gi ei kvalitativ vurdering av eventuelle negative verknader av forenklingane. Arbeids- og velferdsdirektoratet tek sikte på å gjere ei slik vurdering i løpet av tredje tertial 2020, så framt ressurssituasjonen i samband med utbrotet av covid-19 ikkje blir vesentleg forverra. Departementet vil orientere Stortinget om saka på eigna vis.

Oppfølging av adopterte og familiane deira

Vedtak nr. 790, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for oppfølging av adopterte og familiene i tråd med Haagkonvensjonen artikkel 9, der en modell som den danske kan vurderes som ett alternativ, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaket i samanheng med vedtak nr. 744 av 31. mai 2016. Folkehelseinstituttet har fått i oppdrag å kartleggje behovet for mellom anna oppfølging av adopterte og adoptivfamiliar. Kartlegginga er venta å vere ferdig i desember 2020, og det kan etter det vurderast korleis ein kan følgje opp vedtaket. Departementet vil halde fram med å finansiere ei koordinatorstilling i ein av adopsjonsorganisasjonane. Hovudoppgåva til koordinatoren er å fungere som eit lågterskeltilbod for alle adopterte og familiar som har adoptert, og ha god oversikt over aktuelle instansar som finst for å kunne gi god rettleiing til dei som tek kontakt. Koordinatoren skal òg rettleie adoptivfamiliar og adopterte mellom anna der adopterte søkjer hjelp til å finne den opphavelege familien sin. Sjå nærare omtale under programkategori 11.10. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga av oppmodingsvedtaket på eigna vis.

Sakshandsamingstida ved utanlandsadopsjon

Vedtak nr. 789, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at saksbehandlingen når det gjelder utenlandsadopsjon, ikke overskrider 30 dager.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–2017) Lov om adopsjon, jf. Innst. 359 L (2016–2017). Ny adopsjonslov tok til å gjelde 1. juli 2018.

Ut frå sakshandsaminga og omtalen i Innst. 359 L (2016–2017) har departementet forstått vedtaket slik at det gjeld tida frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) tek imot ei sak som skal handsamast i det faglege utvalet for adopsjonssaker, til det er avgjort om adopsjonsprosessen kan halde fram. I 2019 var den gjennomsnittlege handsamingstida i utvalet 27 dagar. Det er ein nedgang frå 2018, då handsamingstida var 1 månad og 2 dagar. Av dei 47 sakene som blei handsama i 2019, hadde 11 saker lengre handsamingstid enn 30 dagar.

Departementet vil arbeide vidare med tiltak overfor Bufdir for å få ned handsamingstida. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på vanleg måte, gjennom omtale av det relevante politikkområdet i budsjettproposisjonar og andre dokument.

Ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon

Vedtak nr. 786, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere ordningen med nasjonal gjeldsinformasjon og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette senest to år etter at valgte system er opprettet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven), jf. Innst. 356 L (2016–2017).

Forbruksforskingsinstituttet SIFO har fått i oppdrag å gjennomføre evalueringa. Evalueringa består av to forskingsprosjekt, eitt før ordninga med gjeldsinformasjon kom i gang sommaren 2019, og eitt etter. Det fyrste er ferdig. Det andre vil SIFO gå i gang med når gjeldsinformasjonsordninga har verka i minst to år, det vil seie tidlegast sommaren 2021. Etter at effekten av gjeldsinformasjonsordninga på kredittmarknaden er evaluert, vil departementet orientere Stortinget på eigna vis.

Årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret

Vedtak 779, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen innføre krav om årlig rapportering om barnevernet til kommunestyret.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform), jf. Innst. 354 L (2016–2017).

Ved handsaminga av Prop. 84 L (2019–2020) Endringer i barnevernloven (samtaleprosess, årlig tilstandsrapportering mv.) slutta Stortinget seg til forslaget om å innføre eit krav om årleg rapport til kommunestyret om tilstanden i barnevernet. Endringa trer i kraft 1. januar 2021. Rapporten skal gi betre innsikt i barnevernstenesta og bør mellom anna informere om kapasitet og kompetanse. Målet er å gi den øvste leiinga i kommunen eit betre grunnlag for å vareta sitt ansvar for barnevernet. Bufdir har publisert ein nettbasert rettleiar som skal bidra til god kvalitet og meir lik standard på dei årlege rapporteringane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 607, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en sertifiseringsordning som alle offentlig ansatte som er i kontakt med barn, må gjennomføre. Ordningen skal sikre at alle har kompetanse om vold og overgrep, den bør være enkel og praktisk å gjennomføre, og det bør stilles krav om fornyelse f.eks. hvert andre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Vedtaket vil bli sett i samanheng med arbeidet med å lage ein nasjonal kompetansestrategi mot vald og overgrep. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å greie ut forslaget om ei sertifiseringsordning for offentleg tilsette som er i kontakt med barn. Utgreiinga er venta å vere ferdig innan fyrste kvartal 2021. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket.

Politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 606, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Departementet gav Bufdir i oppdrag å vurdere behovet for å krevje politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, og som det i dag ikkje finst heimel til å krevje politiattest for, i spesiallovgivinga eller politiregisterforskrifta. Etter at departementet hadde fått vurderinga frå direktoratet, blei det sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å vurdere behovet for å krevje politiattest for nye grupper på tvers av sektorar. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i januar 2019, og rapporten blei send på høyring i juli. Høyringsfristen var 31. oktober 2019. Departementet arbeider no med oppfølginga av høyringa i samarbeid med andre departement. Departementet vil orientere Stortinget om vidare oppfølging på eigna måte.

Evaluering av felles foreldreansvar

Vedtak nr. 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020. Evalueringa skal skje etter at lovendringa har verka i tre år, og vil derfor ikkje kunne gjennomførast før i 2023.

Lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar

Vedtak nr. 890, 13. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag til lov om åpenhet om produksjonssteder og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukere og organisasjoner.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8:58 S (2015–2016) om eit representantforslag om lov om etikkinformasjon, jf. Innst. 384 S (2015–2016).

Det dåverande Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) sette i juni 2018 ned eit ekspertutval (etikkinformasjonsutvalet) med brei representasjon som skulle greie ut om det er føremålstenleg å påleggje næringsdrivande ei informasjonsplikt knytt til arbeid med samfunnsansvar og oppfølging av leverandørkjeder. Etikkinformasjonsutvalet konkluderte i juni 2019 i ein førebels statusrapport med at det er føremålstenleg å innføre ei informasjonsplikt, og i november 2019 kom utvalet med innstillinga si og eit forslag til ei openheitslov. Forslaget var på høyring frå 19. desember 2019 til 23. mars 2020. Saka er no til vurdering i departementet. Departementet vil orientere Stortinget om vidare oppfølging på eigna vis.

Pålagde barnevernstiltak under svangerskap

Vedtak nr. 745, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om også pålagte tiltak kan settes inn uten samtykke under svangerskap for å sørge for tidlig hjelp og forebygge omsorgssvikt for nyfødte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Bufdir har gitt Høgskulen i Innlandet i oppdrag å greie ut om ansvaret og oppgåver barnevernet har knytte til det ufødde livet. Dei skal òg vurdere å gi tilrådingar når det gjeld om det bør innførast eit høve eller ei plikt for helsepersonell til å melde frå til barnevernstenesta ved bekymring for ufødd liv, og om eit eventuelt høve eller ei plikt òg bør omfatte andre tenester enn helse- og omsorgstenestene. Utgreiinga er blitt forseinka og skal leverast våren 2021. Med rapporten som utgangspunkt skal Bufdir gi sine tilrådingar til departementet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket når utgreiinga er ferdig.

Best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn

Vedtak nr. 744, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen se på tiltak som kan gjøres for hvordan adopterte barn kan få best mulig oppfølging for å sikre en god oppvekst.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 (2015–2016).

Departementet vil sjå vedtaket i samanheng med oppmodingsvedtak 790 av 7. juni 2017.

Det er gitt eit oppdrag til Folkehelseinstituttet, som skal vurdere behovet for oppfølging av adoptivfamiliar og adopterte. Kartlegginga er venta å vere ferdig i løpet av 2020, og det kan etter det vurderast korleis vedtaket kan følgjast opp. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Bruk av tvang i barnevernet

Vedtak nr. 740, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå bruken av tvang når det gjelder barn innenfor barnevernet og fosterhjemsomsorgen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Folkehelseinstituttet har på oppdrag frå Bufdir gjennomgått og stilt saman kunnskap om grensesetjing og tvang i barnevernsinstitusjonar og fosterheimar. Samanstillinga viser at det er lite kunnskap om tvang og grensesetjing i barnevernet. I 2020 har Bufdir derfor sett i verk to forskingsprosjekt, som mellom anna tek føre seg grensesetjing og tvang i barnevernsinstitusjonar og fosterheimar.

Alle tilsette ved statlege institusjonar fekk i 2019 opplæring for å førebyggje bruk av tvang, tryggje dei tilsette og kvalitetssikre dei tilfella der tvang er naudsynt. Direktoratet har òg utvikla eit oppdatert kurs om forskrift om rettigheter og bruk av tvang under opphold i barneverninstitusjon. Kurset skal gjerast tilgjengeleg for alle tilsette i både statlege, kommunale og private institusjonsavdelingar innan utgangen av 2020.

Bufdir utviklar òg digitale kursmodular om opplæring og rettleiing av fosterheimar, inkludert grensesetjing i fosterheimar. Kunnskapen skal bli lett tilgjengeleg for fosterforeldre, men òg for kommunane, som har ansvaret for å rettleie og følgje opp fosterheimane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Nytt felles anbod for faste barnevernsplassar

Vedtak nr. 16, 13. november 2014

«Stortinget ber regjeringen, når nytt felles anbud på kjøp av faste barnevernsplasser blir utlyst, å legge til grunn at kontraktene gjøres langsiktige/løpende, med jevnlig kontraktsoppfølging og gjensidig oppsigelsesmulighet som ivaretar barnas behov for langsiktighet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Dok. 8:85 (2013–2014) om eit representantforslag om ideelle organisasjonar og skjerma anbod, jf. Innst. 31 S (2014–2015).

Vedtaket gjeld ved ny felles konkurranse om kjøp av faste plassar i institusjon. Dei fleste av dagens kontraktar blir forlengde til 2022, og dei resterande har òg opsjon slik at dei kan forlengjast til 2022. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Fotnotar

1.

Koordineringsgruppa blir leidd av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. I tillegg deltek Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Politidirektoratet og Sekretariatet for konfliktråda.

2.

Sjå SSB-artikkelen Nesten 111 000 barn vokser med vedvarende lave husholdningsinntekter frå mars 2020. EU-definisjonen av vedvarande låginntekt set grensa for låginntekt til 60 prosent av medianinntekta i samfunnet.

3.

Sjå SSB-rapporten Økonomi og levekår for lavinntektsgrupper 2019 frå oktober 2019.

4.

Sjå SSB-rapporten Økonomi og levekår for lavinntektsgrupper 2019 frå oktober 2019.

Til forsida