Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 4
Særlege tema

4 Ein sektorovergripande klima- og miljøpolitikk

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. For ei omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Mangfaldige skogar

I skogbruket er skogbruksplanlegginga, forskingsprosjektet Miljøregistrering i skog (MiS-prosjektet) og Landsskogtakseringa sentrale kunnskapskjelder saman med FoU knytt til skogbruk og biologisk mangfald. Daud ved er viktig for det biologiske mangfaldet, og årleg aukar mengda daud ved med om lag 3 mill. kubikkmeter i dei norske skogane, mellom anna som følgje av at hogsten berre er rundt halvparten av tilveksten. Areala med gamal skog i Noreg har vore aukande i lang tid.

Samarbeid med miljøstyresmaktene om frivillig vern og vidareutvikling av miljøstandardar i skogbruket er viktig for å ta vare på naturmangfaldet i skogen.

Landbruks- og matdepartementet gav òg i 2019 støtte til vidare arbeid med MiS-prosjektet, som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,550 mill. kroner til dette arbeidet for 2019. Det er til no sett til side livsmiljø med eit samla areal på omkring 1 mill. dekar. Registreringane gir grunnlag for miljøomsyn, for miljøsertifisering, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern.

Stortinget har vedteke at det er klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) som Artsdatabanken har ansvaret for som skal brukast ved offentleg kartlegging av natur. NiN er eit verktøy for å gjere greie for variasjon i naturen, og sikrar mellom anna eit dokumentert og etterprøvbart kunnskapsgrunnlag til bruk i vurderingar av bruk og vern. NiN er teke i bruk og innarbeidd i miljøregistreringane i skogbruksplanlegginga.

Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Attgroing, deling og nedbygging av kulturlandskapet er eit trugsmål mot naturmangfaldet, særleg i artsrike naturtypar som slåttemyr, slåttemark og beitelandskap. Kulturlandskap og verdifulle naturverdiar i landbruksområde skal sikrast gjennom eit aktivt landbruk, og det skal leggjast til rette for at verkemidla i naturmangfaldlova kan verke saman med verkemidla i landbruks- og matpolitikken. Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakker. Nasjonalt miljøprogram for perioden 2019–2022 blei ferdigstilt hausten 2018. I 2019 blei det gjennomført tiltak hos 20 880 føretak for 525 mill. kroner innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) for å redusere erosjon og avrenning av næringsstoff, hindre attgroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Om lag 60 pst. av dei lokale midlane til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) blei løyvde til tiltak for å fremje verdiar i kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 40 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureininga av vatn.

Samarbeidet mellom Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet med ordninga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ført vidare. I jordbruksavtalen 2020 blei midlane til Utvalde kulturlandskap i jordbruket og midla til verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap heldt uendra, slik at det i alt er avsett 23,0 mill. kroner for 2021.

Beiting i utmark er viktig for å ta vare på kulturlandskapet og for mange plante-, sopp- og dyreartar. Ein større del av tilskotta er dei seinaste åra blitt retta inn mot beiting. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau beiter. Det var registrert om lag 2,2 mill. beitedyr i utmark i 2019. Talet på sau på utmarksbeite har variert mellom 1,9 og 2,1 mill. i perioden 2000–2019. Talet på storfe på utmarksbeite har variert mellom 230 000 og 250 000 sidan 2000. I 2019 var det 239 000 storfe på utmarksbeite. Prinsippet om differensiert forvaltning i rovdyrforliket frå 2011 vil påverke utmarksbeite for sau i prioriterte rovdyrområde.

Kulturlandskapet i jordbruket inneheld eit stort mangfald av kulturminne og kulturmiljø, frå gravhaugar og rydningsrøyser til bygningar, ferdselsvegar og steingjerde. Landbruket er ein viktig kulturberar gjennom vidareføring av kunnskap om tradisjonell byggjeskikk, materialbruk og tradisjonell handverkskompetanse, mattradisjonar og andre kulturhistoriske verdiar. Delar av jordbruksdrifta, som til dømes pløying, grøfting og nydyrking, kan utgjere eit trugsmål mot kulturminne. Det gjeld spesielt automatisk freda kulturminne, både over og under bakkenivå.

Eit godt samarbeid mellom kulturminnesektoren og landbrukssektoren er avgjerande for å bevare kulturminne i jordbruket. Det å ta vare på kulturminne er eit prioritert område for SMIL- og RMP-midlane, og i tillegg bidreg midlar til Utvalde kulturlandskap i jordbruket til bevaring og bruk av kulturminne.

Genetiske ressursar

Landbruks- og matdepartementet fastsette hausten 2019 ein strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk, som kjem til å bli lagt til grunn for arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar framover. 7,8 mill. kroner til 62 prosjekt blei i 2019 gitt som tilskott til tiltak som skal styrkje arbeidet med bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar i jord- og skogbruket. Genetiske ressursar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for matsikkerheita i verda. Landbruks- og matdepartementet bidreg til bevaring og berekraftig bruk av dei genetiske ressursane i landbruket gjennom internasjonalt og nordisk samarbeid, kontakt med næringsaktørar og tiltak for å stimulere næring, bønder og frivillige aktørar til å ta i bruk dette mangfaldet. For å sikre tilgang av funksjonelle husdyr til klimasoner og produksjonsformer som ein har i dag, og som ein kan få i framtida, er det viktig å ta vare på ein stor variasjon innanfor og mellom husdyrrasar. Norsk genressurssenter har vurdert dei gamle husdyrrasane i Noreg. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg, er 16 i kategorien «kritisk truga» i 2019. To av storferasane og tre hesterasar er mellom desse. Ytterlegare 12 rasar blir rekna som «truga». Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. Talet på bevaringsverdige kyr aukar jamt for kvart år, og i 2019 var det ei positiv utvikling for alle seks bevaringsverdige storferasar.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er naudsynt for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, arter og rasar. Svalbard globale frøhvelv er etablert av den norske regjeringa for sikker lagring av sikringskopiar av frøa i verdas genbankar. Den store tekniske oppgraderinga av frøkvelvet som starta opp i 2018 blei ferdig i 2019, og gir ein vasstett tilkomsttunnel, auka tryggleik og betre kjølesystem som samla gjer frøkvelvet betre rusta mot klimaendringar på lang sikt. I 2019, under dei pågåande arbeida, blei samla 32 572 nye frøprøver frå 7 depositører sikra i frøkvelvet, med institusjonar frå Slovakia, Sudan og Polen som første gangs depositørar. Samtidig blei tilbakesendinga av frø frå den internasjonale genbanken for tørrlandsjordbruk som i 2015 måtte reetablerast utanfor Syria, fullført i 2019.

Jordvern

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa den 8.12.2015, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140, 8. desember 2015, som blei vedteke i samband med handsaminga, fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponering av dyrka mark til under 4 000 dekar, og bad regjeringa sørgje for at målet blir nådd gradvis innan 2020. Regjeringa oppdaterte jordvernstrategien i 2018, jf. Prop. 1 S (2018–2019), i tråd med oppmodingsvedtak 444, 6. februar 2018. Målet for omdisponering blei ført vidare. For 2019 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 3 617 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk. Dette er under jordvernmålet for tredje året på rad, og om lag på same nivå som for 2018 og 2017, då omdisponeringa av dyrka jord var på høvesvis om lag 3 600 og 3 900 dekar. For fjerde året på rad aukar talet på godkjent areal for nydyrking. I 2019 blei om lag 28 100 dekar godkjent, noko som er om lag 3 300 dekar meir enn året før, og det høgaste talet sidan KOSTRA-rapporteringa starta i 2005.

Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. I perioden 1999–2019 er det estimert ein reduksjon på 5,4 pst., jf. tabell 3.1. Denne nedgangen kjem i stor grad av at eit nytt kartgrunnlag gir eit meir oppdatert og nøyaktig areal enn tidlegare, men òg av at areal har gått ut av drift i den aktuelle perioden. Etter 2013 har arealnedgangen blitt redusert frå om lag 60 000 dekar per år til om lag 10 000 dekar per år. Godkjent nydyrka areal har sidan 2010 vore meir enn dobbelt så stort som den varige omdisponeringa av dyrka jord, noko som bidreg til å redusere denne nedgangen i totalarealet.

Sjå òg omtale i del III.

Aktivt friluftsliv

Landbruksareala utgjer ein stor del av arealet i landet vårt og har store verdiar knytte til natur og kulturarv. Skogen, utmarksareala, vegane og stiane i kulturlandskapet er viktige for ferdsel, friluftsliv og grønt reiseliv. Regjeringa la i 2017 fram ein strategi for reiseliv basert på ressursane i landbruket og reindrifta, Opplevingar for ein kvar smak. Dette er eit bidrag frå landbruket til oppfølginga av reiselivsstrategien til regjeringa, Destinasjon Noreg. Statskog SF har ei viktig rolle i å leggje til rette for friluftsliv på statsgrunn.

Plantevernmiddel

Kjemiske plantevernmiddel kan ha uønskte verknader på helse og miljø. Arbeid for å redusere både bruken og risikoen ved bruk av plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel (2016–2020) er ein viktig reiskap i dette arbeidet. Planen fastset mål og tiltak for å redusere risiko for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel og for å redusere bruken av slike middel. Handlingsplanen legg mellom anna vekt på auka kunnskap om rett bruk av plantevernmiddel og alternativ til kjemiske plantevernmiddel.

Forureining

Avrenning av næringsstoff frå jordbruksareala er framleis ei utfordring for vasskvaliteten i utsette vassdrag og kystområde. Mildare vintrar med kortare frostperiodar har bidrege til utfordringa med at avrenninger har auka.

Reduksjon av vassforureining frå mellom anna avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel er ein viktig del av miljøarbeidet i landbruket. Den samla gjennomføringa av ulike jordarbeidingstiltak, grasdekte areal m.m. i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala, men verknaden på vassdraga er ikkje så stor som venta. Undersøkingar frå NIBIO viser at meir nedbør og ustabile vintrar har ført til meir avrenning, som skjuler verknaden av tiltaka.

I tråd med målet i vassforskrifta om god økologisk tilstand, arbeider landbruksforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå med å følgje opp sektoransvaret, mellom anna ved å setje i verk naudsynte tiltak i landbruket. Gjeldande vassforvaltningsplanar med tilhøyrande tiltaksprogram for åra 2016–2021 skal no oppdaterast for planperioden 2022–2027, i samsvar med ny kunnskap, endra føresetnader, krava i vassforskrifta og nasjonale føringar. Det er behov for forsterka innsats mot avrenning frå jordbruket, særleg i utsette vassdrag med mykje jordbruk. Dette blir følgt opp med forsterka innsats med bruk av miljøverkemidla over jordbruksavtalen.

Noreg har eigne utslepp av luftforureining, og mottek òg utslepp frå andre land. Gjennom samarbeid innanfor Gøteborgprotokollen og direktivet om nasjonale utsleppstak (NEC-direktivet) arbeider Noreg for å avgrense slike utslepp. Vi har framleis store utslepp av nitrogenoksid, og mykje svovelsambindingar frå andre land. Desse kjeldene har likevel minka i løpet av dei siste tiåra. Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining går no ut på å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen og NEC-direktivet. Utsleppa av ammoniakk (NH3) frå husdyrgjødsel er avhengig av fleire faktorar, til dømes dyreslag, nitrogeninnhald i fôr, lagringsmetode for gjødsel, klima, spreiingsmetode for gjødsel, dyrkingspraksis og eigenskapane til jorda. Noreg har etter Gøteborgprotokollen av 1999 plikt til å halde dei årlege utsleppa av ammoniakk til luft på maksimalt 23 000 tonn frå 2010. Forpliktinga er òg innlemma i EØS-avtalen (Direktivet om nasjonale utsleppstak for forureining til luft). Ved revisjon av Gøteborgprotokollen i 2012 tok Noreg på seg å redusere dei årlege utsleppa frå 2020 med 8 pst. samanlikna med utsleppa i 2005. Denne forpliktinga gjeld frå 2020. Dette svarar til eit maksimalt årleg utslepp på 31 800 tonn (SSB des. 2019). For 2018 var utsleppa 34 750 tonn, dvs. både over forpliktinga som gjeld frå 2010 og 3 000 tonn over den nye forpliktinga som gjeld frå 2020. Utslepp av ammoniakk frå jordbruket var på 32 950 tonn i 2018. Talserien kan ikkje samanliknast med tidlegare år fordi ein ny utsleppsmodell for nitrogenkomponentar blei brukt i utrekninga frå hausten 2018.

Om lag 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer ved lagring og bruk av gjødsel i landbruket. Det er sett i gang ein gjennomgang av gjødselregelverket. Eit av formåla med gjennomgangen er å redusere utslepp til luft.

Over jordbruksavtalen finst støtteordningar for å ta betre vare på gjødsla under lagring og spreiing. I dei siste jordbruksoppgjera er tilskott til miljøvenleg spreiing over regionale miljøprogram styrkte. Gjennom investeringsordninga SMIL er det opna for støtte til å installere dekke på opne gjødselkummar.

Økologisk mat

Forbrukarane etterspør i aukande grad økologiske produkt. Økologisk jordbruk har påverka praksisen i den konvensjonelle jordbruksdrifta på ulike område. Rettleiing og kompetanseutvikling i heile verdikjeda er viktig for å styrkje økologisk produksjon.

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk blei lagt fram av regjeringa og handsama av Stortinget i 2018. Det blir lagt til grunn at økologisk produksjon og forbruk må skje med utgangspunkt i marknaden og etterspørselen etter økologiske produkt. Målet er å stimulere til økologisk produksjon som er etterspurd i marknaden. Strategien blir no følgt opp.

I 2019 utgjorde arealet i økologisk drift om lag 4,2 pst. av det samla jordbruksarealet i Noreg, 4,7 pst. medrekna karensarealet. For 2019 er det ikkje laga statistikk for omsetnaden av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel. Omsetnaden utanfor daglegvarehandelen auka i alle kanalar.

Klimautfordringa

Regjeringa vil nå klimamåla for landbrukssektoren, både jordbruks- og skogsektoren, gjennom iverksetjing av tiltak som følgjer av regjeringsplattforma og klimaforliket. Det er behov for meir kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa, om potensialet for lagring av karbon i jord, og korleis ein kan tilpasse seg eit klima i endring. Det er difor viktig i det vidare arbeidet å leggje vekt på at produksjon av mat skal skje med lågast mogleg klimagassutslepp per produsert eining. I juni 2019 underteikna regjeringa og organisasjonane i jordbruket ei klimaavtale. Jordbruket er ei av dei første næringane i Noreg som inngår ein slik avtale med regjeringa. Det er sett eit mål om at utsleppa skal reduserast med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Klimaavtalen vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover.

Skogen og andre areal sto for eit høgt netto opptak av CO2 tilsvarande 23,7 mill. tonn i 2018. Det er ein auke på om lag 14 mill. tonn frå 1990.

Klimagassutsleppa frå jordbruket er først og fremst metan og lystgass frå husdyrhald, gjødsling og jordarbeiding. Førebelse tal frå SSB viser at utsleppa frå norsk jordbruk utgjorde om lag 8,7 pst. av dei samla nasjonale klimagassutsleppa i 2019 (4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar av i alt 50,3 mill. tonn). Sidan 1990 er utsleppa frå jordbruket reduserte med om lag 6 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Optimal utnytting av husdyrgjødsel bidreg til reduserte klimagassutslepp, redusert behov for mineralgjødsel og betre vassmiljø. Endra jordarbeiding er eit sentralt tiltak innanfor Regionalt miljøprogram som både reduserer klimagassutsleppa og betrar vassmiljøet. Oppslutninga om miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel som er spesielt innretta mot å redusere utslepp til luft, har auka vesentleg dei seinaste åra.

I dag er det nokre få gardsbaserte biogassanlegg i drift i Noreg. Desse svarar til bruk av om lag 1 pst. av gjødsla. Gjennom Klima- og miljøprogrammet, programma BIONÆR og ENERGIX til Forskingsrådet, Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket og pilotordninga for biogass, som blir forvalta av Innovasjon Norge, blir det arbeidd aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjonen og dermed redusere klimagassutsleppa frå norsk jordbruk.

Meir nedbør som følgje av klimaendringar vil kunne vere til skade for avlingar og føre til auka erosjon. Med eit varmare og våtare klima vil dessutan nye sjukdommar og skadegjerarar kunne etablere seg i Noreg og gjere stor skade i plantedyrkinga og påverke skog, kulturlandskap og naturmangfald. Eit aukande problem med sjukdom og skadegjerarar kan føre til auka bruk av plantevernmiddel som har negative verknader på helse og miljø. Generelt ligg Noreg likevel i den delen av Europa der klimaendringane óg vil kunne gi nokre gevinstar for landbruket. Tilpassing av landbruket til klimaendringane er avgjerande for å førebyggje og avgrense skadane frå både ekstremvêr og gradvise endringar, og samstundes oppnå ein mogleg auke i produksjonen som følgje av høgare temperatur og lengre vekstsesong. Ein føresetnad for dette er at det blir teke i bruk planter og sortar som kan utnytte ei lengre veksttid. Høgare temperatur og lengre veksttid kan òg gi grunnlag for nye og meir varmekrevjande produksjonar, som til dømes meir haustsådd korn og matkornproduksjon i område der kort veksttid hindrar dette i dag. Lengda på dagen vil likevel vere ein avgrensande faktor, sjølv om ein temperaturauke opnar for lengre vekstsesong. Dette vil slå sterkast ut i Nord-Noreg. I område der redusert sommarnedbør ikkje gir underskott på markvatn, vil ein lengre vekstsesong i kombinasjon med auka CO2-innhald i lufta gi grunnlag for auka tilvekst av skog.

Skog og klima

Netto CO2-opptak i norske skogar har lege på mellom 26 og 36 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg dei siste åra. Det høge talet har samanheng med at avverkinga i norske skogar har lege på eit lågare nivå enn tilveksten, som stadig har auka. Dei siste åra har avverkinga vore på under halvparten av tilveksten. Framskrivingar syner at hogsten kjem til å auke i åra framover som følgje av at meir ny skog blir hogstmogen i område eigna for skogsdrift. Skogen er den viktigaste råstoffkjelda til bioenergi som kan erstatte fossile utslepp. Eit lønsamt skogbruk og satsing på bioenergi er avhengig av god infrastruktur tilpassa moderne driftsutstyr.

Regjeringa vil halde fram med tilskott til dei tre tiltaka for auka karbonopptak i skog; tettare planting, gjødsling og planteforedling i 2021. Klimatiltak i skog vil først ha ein verknad på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO2, med unntak av gjødsling, der ein vil sjå resultat allereie etter ti år. Det er difor vanleg å sjå på den potensielle verknaden i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført, vil verknaden komme gradvis utover i omløpet. Kor stor effekten vil vere i form av auka CO2-opptak, vil vere avhengig av kor lenge tiltaka varer og graden av opptrapping. Dei tre tiltaka er estimerte til potensielt å kunne medverke til eit årleg auka opptak på 3,7 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv.

Miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar

I samsvar med handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar innførte Landbruks- og matdepartementet eit miljøleiingssystem i departementet og blei EMAS-registrert i mars 2016. EMAS (Eco Management and Audit Scheme) er EU sin frivillige fellesskapsordning for miljøstyring og miljørevisjon. Frå 2020 er EMAS-arbeidet organisert i ein konsernliknande struktur for departementsfellesskapet og DSS. Styringsstrukturen gjer at departementa og DSS har ein sams miljøpolicy og arbeider mot felles miljømål. Alle miljøkontaktar i departementa og DSS vil nytte same miljøhandbok, med like rutinar, som skisserer ansvar, roller og oppgåver knytt til EMAS-arbeidet i Grønne departementer. DSS skal koordinere og leggje til rette for miljøarbeidet på vegner av departementsfellesskapet.

EMAS krev at departementsfellesskapet, med merksemd på kartlagde vesentlege miljøaspekt, har rutinar som skildrar arbeidsoppgåver som skal gjennomførast, i tillegg til å gjere greie for kven som har ansvar for gjennomføringa av den gitte oppgåva. Rutinane skal evaluerast i samband med internrevisjonane kvart år. I denne samanhengen er departementa særleg opptekne av miljøaspekta knytte til anskaffingar av varer og tenester, transport og forbruk av energi og papir.

5 Nasjonal oppfølging av berekraftmål 2

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere den nasjonale oppfølginga av berekraftmål 2 om å «utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk». Landbruk omfattar i denne samanhengen all matproduksjon, inkludert fiskeri- og havbruk. Den nasjonale landbruks- og matpolitikken, helse- og sosialpolitikken og fiskeripolitikken oppfyller i stor grad berekraftmål 2.

Statusen for matsikkerheit i Noreg er god og er basert på:

  1. Berekraftig forvaltning av naturressursar for matproduksjon

  2. Langsiktig produksjon av mat frå land og hav

  3. Eit velfungerande handelssystem

Den nasjonale politikken for å oppnå matsikkerheit i samsvar med berekraftmål 2, er tufta på ein kombinasjon av nasjonale politiske mål og internasjonalt samarbeid og handel for å sikre nok, trygg og sunn mat.

Ernæringsstatusen for norske innbyggjarar er jamt over god. Det er likevel mange utfordringar knytt til for høgt inntak av salt, sukker og metta feitt, og for lågt inntak av frukt, bær og grønsaker, grove kornprodukt og fisk. Usunt kosthald utgjer ein risiko for sjukdom og for tidleg daud, og er slik sett knytt til berekraftmål 3 om helse. Det er eit aukande omfang av overvekt og fedme. Om lag ein av fire menn og ein av fire kvinner i aldersgruppa 40–45 år lir av fedme. Denne delen har auka dei siste 40–50 åra. Det er stor variasjon i den delen som slit med overvekt og fedme etter landsdel og utdanningsnivå.

Regjeringa følgjer opp kosthaldsarbeidet gjennom ein tverrsektoriell handlingsplan for betre kosthald i folket (2017–21) og Folkehelsemeldinga, (Meld. St. 19 (2018–2019)). Handlingsplanen skildrar ei rekkje mål for kosthaldsarbeidet. Den inkluderer mellom anna tiltak for skular, SFO, barnehagar og helsetenesta. Det offentlege og matvarebransjen samarbeider godt om tiltak for betre helse og ernæring. Dette samarbeidet er formalisert gjennom ein intensjonsavtale for eit sunnare kosthald som blei inngått mellom regjeringa og ulike delar av matvarebransjen i 2016. I 2020 er meir enn 100 aktørar tilslutta avtalen.

Miljø- og klimautfordringane står sentralt i innsatsen for matsikkerheit i eit berekraftperspektiv. Matproduksjonen på landjorda og i havet er avhengig av klimatilhøva. Tilpassing til klimaendringane vil vere viktig framover for å sikre berekraftig produksjon i norsk landbruk, fiske og havbruk. Dette er den største endringa for norsk matproduksjon sidan 2030-agendaen blei vedteken i 2015. Som del i arbeidet med å følgje opp dei internasjonale pliktene våre, har regjeringa inngått ei klimaavtale med jordbruksnæringa.

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar, særleg husdyrhald, er òg opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Klimagassutsleppa frå jordbruket i Noreg utgjorde 8,7 pst. av dei samla norske utsleppa i 2019

Jordbrukspolitikken skal leggjast om i ei meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2020 blei klimainnsatsen styrkt ved å prioritere ordningar som skal bidra til å redusere utsleppa og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Lågare utslepp per produsert eining vil bidra til å redusere klimaavtrykket frå den norske matproduksjonen. Klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket vil liggje til grunn for klimaarbeidet i sektoren framover. Betre ressursutnytting i heile verdikjeda, med reduksjon av matsvinn, er eit viktig mål for regjeringa.

Matsvinn blir følgt opp under berekraftmål 12. Frå 2010 til 2016 blei matsvinnet redusert med 14 pst. per innbyggjar i Noreg. Bransjeavtalen mellom regjeringa og representantar for alle ledd i matverdikjeda om redusert matsvinn, er eit viktig nasjonalt tiltak for å redusere matsvinnet og inneber ei sams forplikting om å redusere matsvinnet med 50 pst. innan 2030. Avtalen er viktig for oppfølging både av berekraftmål 2 og delmål 12.3. Avtalen skal følgjast opp med eit detaljert system for rapportering for heile verdikjeda for mat, slik at ein og får betre tal og statistikk for utviklinga.

Forvaltning og bruk av genetiske ressursar og anna biologisk mangfald er viktig for matsikkerheit og berekraftmål 2. Dette krev kontinuerleg og langsiktig innsats og er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I november 2019 fastsette difor Landbruks- og matdepartementet ein ny strategi: «Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk». Frøformerte planter er tekne vare på i ein sams nordisk genbank. 23 klonarkiv tek vare på planter som er vegetativt formert. I Noreg er 17 av dei nasjonale småfe-, storfe- og hesterasane i landbruket rekna som verneverdige. Her ser vi at både talet på dyr og buskapar aukar eller held seg stabilt.

Internasjonal oppfølging

Det er over 820 millionar menneske på verdsbasis som er ramma av svolt og underernæring. Dei fleste av desse bur i Afrika, sør for Sahara. Folketalet i denne regionen veks raskt og regionen treng meir mat. For å bidra i den globale kampen mot svolt lanserte regjeringa i 2019 «Handlingsplanen for bærekraftige matsystemer i norsk utenriks- og utviklingspolitikk 2019–23». I oppfølginga av planen vil regjeringa særleg arbeide for å nå småskala bønder og fiskarar, særleg i dei minst utvikla landa og i Afrika sør for Sahara. Ressursane for matproduksjon må takast vare på. Samstundes med den negative utviklinga for svolt og underernæring, er òg feilernæring og ekstrem overvekt i ferd med å bli eit nesten enda større problem i Afrika. Klimautfordringane er venta å gi auka utfordringar for matproduksjon i sårbare land.

Noreg har sterke kompetansemiljø innan sjømat og klimatilpassa jordbruk, som har utstrekt fagleg samarbeid med ei rekkje utviklingsland. Noreg gir i tillegg støtte til internasjonal forsking på matproduksjon og innovasjon. Dei norske forskingsmiljøa deltek aktivt i ei rekkje forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom Horisont 2020. Tema i desse prosjekta omfattar mellom anna berekraftige matsystem og samarbeid om klimasmart landbruk i Afrika.

Internasjonalt blir berekraftmål 2 òg følgt opp gjennom samarbeidet med FN-organisasjonar som FAO, WFP, IFAD og WHO om matsikkerheit, mattryggleik, ernæring og helse. Ein ser gode resultat av norsk støtte til kunnskapsbasert landbruksutvikling. Samla norsk støtte til matsikkerheit og landbruk auka i 2019 til om lag 1,1 mrd. kroner.

Noreg arbeider gjennom WTO for meir rettferdige globale handelssystem for matvarer. Noreg leiar óg ei global arbeidsgruppe for berekraftig mat frå hav og innlandsvatn under FNs ernæringstiår som har som mål å bidra til å nå berekraftmål 2.

Gjennom drifta av Svalbard globale frøhvelv bidreg Noreg til sikker langtidslagring av frø frå heile verda i eit fjellager i tråd med internasjonale standardar for genbankar. I 2019 blei ei omfattande oppgradering av frøkvelvet sluttført. Noreg gir årleg eit bidrag tilsvarande 0,1 pst. av omsetnaden av såvarer i Noreg til Fondet for fordelsdeling under Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. I tillegg leiar Noreg, saman med India, ei ekspertgruppe under traktaten som greier ut bønder sine rettar med sikte på å styrkje lokal forvaltning av plantegenetisk mangfald.

6 Fornye, forenkle og forbetre

I tråd med Meld. St. 30 (2019–2020) En innovativ offentlig sektor, er regjeringa sitt mål ein effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane, har høg tillit i folkemengda, og finn nye løysingar på utfordringar i samarbeid med innbyggjarane, næringslivet, forskingsmiljø og sivilsamfunnet. I tråd med Granavolden-plattforma har regjeringa eit mål om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapen og vil arbeide for ein enklare kvardag for folk og verksemder.

Dei seinare åra er det lagt vekt på å utvikle stønadsordningar, reguleringar og ei organisering av forvaltninga som er enklare, meir målretta og som gir betre gjennomføringskraft i politikken for landbruks- og matsektoren. I jordbruksoppgjera er det mellom anna gjennomført fleire forenklingstiltak, som endringar av regelverk og støtteordningar, og fjerning av avgrensingar som har hindra ei effektiv utnytting av kapasiteten i næringa. For å forenkle eigedomslovgivinga i landbruket er priskontrollen for reine skogeigedommar fjerna, og arealgrensa for konsesjonsplikt, lovbestemt buplikt og odlingsjord er heva. Med denne endringa må færre søkje konsesjon og færre får buplikt. Endringane fører til forenklingar i regelverket og ei styrking av den private eigedomsretten. Dette inneber mindre ressursbruk for forvaltninga og dei næringsdrivande.

I Granavolden-plattformen går det fram at regjeringa vil jobbe for ytterlegare forenklingar på politikkområdet landbruk og mat. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp regjeringserklæringa, både gjennom dei årlege jordbruksoppgjera og andre prosessar rundt lover, forskrifter og andre tiltak. Målet er ytterlegare forenkling, forbetring og fornying i tråd med det som er vedteken politikk for landbruks- og matsektoren.

Forenklingar og forbetringar i underliggjande verksemder

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet arbeider kontinuerleg med å fornye, forenkle og forbetre regelverk, prosessar og system på alle nivå i forvaltninga og særleg ordningane og løysingane mot brukarane. Ved hjelp av digitalisering forenklar, fornyar og forbetrar direktoratet sine tenester. Gjennom utviklingsprosjekt og systemet Agros, har direktoratet digitalisert over 20 ordningar. Brukarane får med dette tilgang til enkle, einskaplege og brukarvenlege tenester. Gevinstane har vist seg å vere store, for bonden, kommunane, fylkesmannen og i direktoratet.

Landbruksdirektoratet har utvikla nye digitale tenester for reindriftsnæringa. Ny digitale tenester var klar i 2019, og erstatta melding om reindrift og søknad om tilskott på papir. Dette medførte at 82 pst. leverte melding om reindrift digitalt, og 92 pst. søkte tilskott digitalt.

Direktoratet starta i 2018 med utvikling av ei ny løysing for forvaltning av importvernet og ordninga med råvarepriskompensasjon. Det nye systemet skal gjere kvardagen enklare og meir effektiv for målgruppa. Dette omfattar mellom anna Tollkalkulatoren, som blei ferdig hausten 2019 og sett i drift i 2020. Tollkalkulatoren bereknar tollsatsar og er tilgjengeleg for alle brukarar. Utvikling av ei enklare teneste for importvernet held fram i 2020.

Landbruksdirektoratet har òg arbeidd for å forbetre tenestene og fagsystema for skogbruksforvaltninga i tillegg til nye digitale løysingar for kvoteordninga for mjølk. Etter planen skal desse prosjekta vere ferdige i 2021.

Vidare blir det i 2020 arbeidd med fleire framtidige forbetringar av tenestene til direktoratet. Døme på dette er forbetring av systemet for produksjons- og avløysartilskott, nye digitale løysingar for erstatningar ved klimaskadar og digitalisering av skjema for eigenmelding etter konsesjonslova.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) arbeider kontinuerleg med å forbetre tenestene instituttet leverer.

NIBIO sin geografiske informasjon er lett tilgjengeleg ved hjelp av eigenutvikla applikasjonar og informasjon formidla gjennom standardiserte tenester og format, og gjennom den nasjonale portalen GeoNorge. NIBIO bidreg med dette til forenkling og forbetring av offentleg sektor, og dessutan tilgang og forenkling for næringsdrivande i jord- og skogbruk.

Instituttet sin kart- og statistikkproduksjon har eit breitt nedslagsfelt, og leverer kritisk informasjon til mange viktige prosessar i forvaltninga. NIBIO si satsing på digitalisering har medført at landbruksforvaltninga på alle nivå, har effektiv tilgang til informasjon om arealressursar. Gjennom Gårdskart på internett får den næringsdrivande tilgang til same informasjon som forvaltninga, og dei kan dermed handtere sentrale oppgåver sjølve.

NIBIO utviklar og driftar nettbaserte tenester for forvaltninga. Dette omfattar mellom anna kartverktøy som kommunane nyttar for å berekne areal av omdisponert dyrka og dyrkbar jord. Verktøyet forenklar denne oppgåva og fører til ei meir effektiv forvaltning, og løysinga blei publisert i januar 2019.

NIBIO sin Markslagstatistikk viser kartlagt areal, fordelt på arealtyper og arealtilstand, saman med treslag og bonitet i skog. I 2019 blei det utvikla eit «Arealbarometer», ei teneste som leverer oppdatert arealstatistikk for kommunar og fylke.

Forsking på kart, geodata og arealressursar er eit av NIBIO sine område som er prega av kontinuerleg innovasjon. Ein vesentleg innsats er retta mot å utvikle betre og meir effektive metodar for datafangst, ta i bruk teknologi og metodar for forvaltning av data og utvikling av metodar for dataanalyse. NIBIO satsar vesentleg på bruk av «stordata». NIBIO utviklar teknikkar for å handtere store datamengder, til dømes maskinlæring, for så å nytte dette i eit breitt spekter av aktivitetar.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet (VI) undersøkjer prøver frå dyr, fôr og mat. Alle prøvene blir registrerte i instituttet sitt prøvejournalsystemet (PJS), som inkluderer journalføring, analysar, resultat, rapportering og fakturering. Elektronisk prøvesvar og innsendingsskjema (EPI) er ei webløysing som gjer det mogleg for eksterne brukarar å registrere og følgje prøver, ta i mot varslingar og lese prøvesvar.

Hausten 2019 starta instituttet opp eit prosjekt som i første omgang har ei tidsramme fram til år 2022. Prosjektet har som formål å digitalisere «prøvereisa» frå prøveuttak i felt til utsending av analysesvar til eigar av prøvene. Digitale system vil forenkle bestilling av analysar, oppfølging av bestillingar, korte ned svartid og gi ei raskare formidling og forvaltning av analyseresultat. Desse prosessane gir mogelegheit for meir effektiv dataflyt mellom næringsaktørar og instituttet, og etablering av ei plattform for betre informasjonsutveksling mellom ulike aktørar.

VI starta hausten 2019 digitalisering av hispatologi (diagnostikk ut frå tynne snitt av vev). Prosjektet omhandlar å digitalisere avlesing og kontroll av fiskeprøve, framfor manuell bruk av mikroskop. Gjennom prosjektet vil VI forenkle bestilling av analysar, gi kundane moglegheit til å følgje bestillingane og tilpasse formidling og forvaltning av analyseresultat og data. Moderniseringa inneber vidare at prøvesvar vil bli formidla raskare til forvaltninga og næringa, som då kan setje i verk tiltak mot sjukdom. Det er estimert at næringa kan spare større beløp på det nye systemet. Moderniseringsprosjektet opnar for ei fagleg nyorientering generelt innan hispatologi, som inneber å nytte digitale prosessar på dette området i framtida. På sikt ser ein moglegheit for å nytte maskinlæring for å utvide bruk av automatiserte analysar av digitale snitt.

Mattilsynet

Mattilsynet har sett i verk fleire viktige utviklingsprosjekt knytte til arbeidsmetodane sine. Digitalisering skal forbetre måten Mattilsynet løyser samfunnsoppdraget sitt på. Målet for Mattilsynet er å bruke teknologien til dei oppgåvene den løyser best, og bruke menneskelege ressursar og skjønn til komplekse problem og til rettleiing.

Mattilsynet er godt i gang med ein meir framtidsretta kjøttkontroll, som gjer kontrollen meir effektiv og målretta, samstundes som slakteria sitt arbeid blir enklare. Digital systemstøtte skal sørgje for betre informasjonsflyt og utnytting av dataa frå husdyrnæring, slakteri og Mattilsynet sine eigne data. Dataverktøyet for utvida sjukdomsregistrering i kjøttkontrollen (USR) blei klar til bruk i 2020. Dette gir Mattilsynet meir kunnskap om status og eit betre grunnlag for risikobasert tilsyn med dyrevelferd hos produksjonsdyr.

Prosjekta «Ferdig på staden» og «Systemstøtte kjøttkontroll» er første steg for utvikling av nye digitale løysingar i Mattilsynet. Desse skal bidra til at Mattilsynet gjer det enklare for brukarane, at Mattilsynet og næringa arbeider saman om utveksling av data, og at Mattilsynet kan nytte eigne data og data frå næringa i risikobasering av tilsyn.

Mattilsynet har utvikla ei ny pakke for rettleiing til nye matbedrifter, som gjer det enklare for desse bedriftene å setje seg inn i eit komplekst regelverk. Mattilsynet har òg laga rettleiar for sporbarheit og trygg mat i barnehagar, og er godt i gang med ein rettleiar om tilsetjingsstoff. Det er viktig at brukarane kan møte Mattilsynet i kanalar som er enkelt for brukarane å kommunisere i, og Mattilsynet arbeider med at fleire tenester skal bli tilgjengelege digitalt. For å møte denne utviklinga sette Mattilsynet i 2020 i gang med å utvikle nye nettløysingar.

Miljødirektoratet (haustbare viltressursar)

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på området haustbare viltressursar, og for regelverk om utøving av jakt og fangst. 516 000 personar er registrerte i Jegerregisteret. Alle som skal drive med jakt, lisensfelling eller fangst må betale jegeravgift, og dei som skal jakte storvilt må óg ta skyteprøve. Av dei som er registrerte i Jegerregisteret var det om lag 190 000 personar som løyste jegeravgiftskort for jaktåret 2019–2020. Tidlegare fekk dei som sto i Jegerregisteret brev og giro for innbetaling av avgift på papir. Frå og med 2019 er jegeravgifta digitalisert og kan betalast elektronisk. Alle jegerar har fått si eiga side – «Min jegerside» – der dei kan logge seg på Jegerregisteret, og få oversikt over alle data som er registrerte for vedkommande. Ein ny app lansert i 2020 – «Min jegerdokumentasjon», er førebels det siste resultatet av eit langvarig arbeid for å gjere tenester for norske jegerar digitale. Den nye appen hentar data frå Jegerregisteret og gir dokumentasjonen som er naudsynt på at jegeravgift er betalt, at skyteprøve er bestått, og at til dømes registrering som lisensjeger er utført. Jegerane må sjølve sørgje for at kontrolløren av skyteprøva på skytebanen gir digital kvittering i appen på at prøva er gjennomført og bestått. Den dokumentasjonen som er naudsynt under jakta kan ein no lett ta med og vise fram med mobiltelefonen ved eventuell kontroll. Med dette er det oppnådd ei effektivisering for samfunnet og forenkling for jegerane.

7 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling

Det er eit uttrykt mål i landbrukspolitikken at kvinner og menn skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er viktige for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet.

Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter. For delar av desse ordningane er kvinner og næringsdrivande under 35 år særskild prioritert. I 2019 blei halvparten av tilskottsmidlane over investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket innvilga til kvinner. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping (lokalmat, reiseliv og Inn på tunet m.m) skal stimulere vekstbedrifter og bygging av bedriftsnettverk og kompetanse. Satsing på sirkulærøkonomi, bioøkonomi og teknologiutvikling i og i tilknytning til landbruket vil vere viktig i framtida og krevje ny kompetanse. Regjeringa vil skape interesse og grobotn for innovasjon og entreprenørskap både hos menn og kvinner som kan støtte opp om ei positiv utvikling.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2019 var litt over 37 000 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Av desse var 16,4 pst. kvinner. I 2018 var talet på jordbruksføretak drivne av kvinner 16,1 pst., mens det var på 12,9 pst. i 1999. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Dette sidan det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak, og for slike verksemder som til dømes ansvarleg selskap, har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB, var det ved utgangen av 2019 180 933 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 67 pst. av eigedommane er det mannleg eigar, mens kvinner eigde 26 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane er eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje er oppgitt.

Gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er høgare enn for menn. Derimot er gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar er i 2019 på 48,9 år, noko som er 3,4 år lågare enn for menn. Kvinnelege brukarar er i gjennomsnitt 11 år yngre enn alle kvinnelege eigarar av landbrukseigendom. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksbedrifter for å drive jordbruk sjølv. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.

Tal frå SSB for 2018 syner at det er vanlegare med høgare utdanning for nye eigarar blant kvinner enn blant menn, og i aldersgruppa under 39 år har 54 pst. av kvinnene og 20 pst. av mennene utdanning på universitets- og høgskulenivå, som er ein liten nedgang for begge gruppene frå 2017.

Arbeidsforbruket i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er sterkare for kvinner. I 2016 utførte kvinner 22 pst. av arbeidet, mot 26 pst. i 1989/90. Kvinner utfører arbeid både som brukarar, ektefelle eller sambuar til brukarane, familiemedlem og som anna hjelp.

Innanfor det tradisjonelle jordbruket er kvinnedelen høgast blant bønder med hestar og/eller geiter og innanfor saueproduksjon. Kvinneandelen er lågast blant storfeprodusentar. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn.

Dei siste 10–20 åra har utviklinga av andre landbruksbaserte næringar innanfor lokalmat, reiseliv, velferdstenester med garden som arena til skule, omsorg og arbeid (Inn på tunet) og serviceyting generelt vore god. Utvikling av entreprenørskapsverksemd på desse områda krev ofte ein annan kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. Kvinner er særleg aktive innan desse næringane.

Kvinner har i fleire år blitt prioriterte ved tildeling av midlar over jordbruksavtalen til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar) i landbruket. Kvinneretta tiltak er definert som tiltak som primært har kvinner som målgruppe, gir sysselsetjing hovudsakeleg for kvinner eller har kvinnelege søkjarar. Prosentdelen kvinnelege mottakarar av investerings- og bedriftsutviklingstilskott er framleis høg, særskild innanfor landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Det blei i 2019 innvilga 536,8 mill. kroner til saman i investeringstilskott til tradisjonelt jord- og skogbruk, ein nedgang på 5 mill. kroner frå 2018. Tilskott til tradisjonelt jord- og hagebruk utgjorde 84 pst. av samla innvilga IBU-tilskott, det er det same som i 2018. Delen av talet på løyvingar til kvinneretta tiltak innan tradisjonelt jord- og hagebruk var i 2019 på 42 pst. mot 44 pst. i 2018. Delen av løyvd tilskott til kvinner var 47 pst., opp frå 46 pst. i 2018.

Det blei i 2019 innvilga vel 100 mill. kroner i tilskott til andre landbruksbaserte næringar. Dette er om lag det same som i 2018, og utgjer 16 pst. av dei samla løyvingane. Prosentdelen av tilsegna til kvinner innan bygdenæringar blei redusert frå 75 pst. i 2018 til 70 pst. i 2019. Prosentdelen løyvingar til kvinneretta tiltak innan tradisjonelt jord- og hagebruk var i 2019 på 47 pst. Det vil seie ein oppgang frå 46 pst. i 2018.

Det blei i 2019 innvilga 137 etablerartilskott der 105 tilskott (77 pst.) gjekk til kvinner. Den samla løyvinga utgjorde 17,9 mill. kroner der 13,4 mill. kroner (75 pst.) gjekk til kvinnelege etablerarar. Tilsvarande tal for 2018 var 71 pst. for tal på tiltak og 66 pst. for sum løyving, dvs. ein større del både av tal på tiltak og kroner har i 2019 gått til kvinner. Dette må sjåast i samanheng med at det er forholdsvis små beløp, og at kvinnedelen for desse tilsegna har vore mellom dei aller høgaste av tenestene i Innovasjon Norge.

Talet på etablerartilskott har auka med 33 frå 2018. Denne auken må forklarast med større kjennskap til ordninga og større etterspørsel. Tilsvarande har tilsegna auka med 1,7 mill. kroner til saman og kvinneretta tilskott med 2,7 mill. kroner. 68 av tilsegna og 7,2 mill. kroner gjeld idèavklaring/marknadsavklaring, mens 69 tilsegn og 10.7 mill. kroner gjeld etablering/kommersialisering.

Innovasjon Norge peikar i årsrapporten sin for 2019 på at årsaka til ein relativt stor prosentdel kvinneretta tilsegner innanfor landbruksbaserte næringar kan vere eit resultat av ei planlagt satsing på kvinnetiltak, med handlingsplanar, eit godt fungerande nettverk og informasjons- og mobiliseringsarbeid.

Landbruks- og matdepartementet har bedt Innovasjon Norge om å arbeide vidare for å auke kvinnerepresentasjonen i styre og i leiinga for verksemder som tek imot støtte, og å synleggjere statistikk knytt til utviklinga innanfor aktuelle program og tenester. Det blir rapportert på resultatmål og resultatindikatorar som gjeld kvinner og kvinneretta tiltak.

Dei fylkesvise midlane til rekruttering og kompetansebyggjande tiltak er retta inn mot næringsutøvarar med mål om å bidra til auka verdiskaping i landbruket. Midlane skal òg nyttast til likestillingstiltak i næringa. For 2019 rapporterte fleire fylkeskommunar at midlane mellom anna blei nytta til kvinneretta tiltak som til dømes eigne ammekukurs, jordbrukskurs, og ulike nettverksgrupper for kvinner.

Velferdsordningane i jordbruket

Gode velferdsordningar i landbruket er viktig for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Tilskott til avløysing ved ferie og fritid bidreg til finansiering av leigd arbeidshjelp, og på den måten til at husdyrprodusentane kan ta ferie og få ordna fritid. Satsane for avløysartilskott ved ferie og fritid blei ved jordbruksoppgjeret 2020 auka med 2,8 pst., og maksimalt avløysartilskott per jordbruksføretak blei heva med 2 400 kroner til 85 800 kroner. Saman med auken i satsar og maksimalbeløp på nær 6 pst. ved jordbruksoppgjeret i 2019, inneber dette at avløysartilskotet har blitt vesentleg styrkt i dei siste åra.

Ved jordbruksoppgjeret 2020 var avtalepartane samde om å endre regelverket for tilskott til avløysing ved sjukdom og fødsel gjennom å auke talet på dagar foreldre med sjuke barn kan motta tilskott til avløsying ved sjukdom. Talet på avløysardagar på dette grunnlaget blei auka frå 20 til 30 dagar per forelder og år, for aleineforeldre til 60 dagar per år.

Etter føresegna om tidlegpensjon for jordbrukere skal ordninga bidra til å lette generasjonsoverganger i jordbruket for dei som har hatt hovvuddelen av sine inntekter frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Tilskottssatsane blei auka med 5 200 og 8 320 kroner for respektive einbrukar- og tobrukarpensjon.

Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket skal finansiere meirutbetalinga av sjukepengar til jordbrukarar, slik at dei kan motta denne ytinga på like høgt nivå som arbeidstakarar. Løyvinga til tilskottet blei auka med 5,2 mill. kroner for å finansiere prognosert auka forbruk over ordninga i 2021.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.

I 2019 var 78 kvinner innehavar av sin eigen siidaandel, noko som utgjer 14 pst. av i alt 537 siidaandelar. Dette er same nivå som tidlegare år. I tillegg er det 120 siidaandelar som er eigd av mann og kvinne i fellesskap. Dersom ein tek med sams siidaandelar, er talet på siidaandelar eigd av kvinner 36 pst.

149 årsverk blei utførte av kvinner i 2018. Dette utgjer 16 pst. av alle årsverk, ein auke på 1 pst. frå 2017. I 2019 hadde kvinner 25 pst. av det samla reintalet i Noreg.

Frå 2019 blir det gitt eit særskild driftstilskott over reindriftsavtalen til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I tillegg kan det givast tilskott til kvinneretta tiltak over Reindriftens utviklingsfond. Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) kan óg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling.

I Reindriftsavtalen 2020/2021 har avtalepartane understreka at det er eit mål å styrkje deltaking frå kvinner i reindrifta. Det krevd at NRL skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. NRL vil óg setje i gang eit arbeid for å styrkje kvinnene si rolle i distriktsstyra.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Departementet har over lang tid hatt merksemd på kjønnsbalanse på leiarnivå og i dei ulike stillingskategoriane i departementet. Lønsforskjellen mellom kvinner og menn i departementet er liten, og i stillingsgruppene rådgivar og avdelingsdirektør har kvinnene høgare løn enn mennene. Fleksible arbeidstidsordningar og ordningar for arbeid heimanfrå skal leggje til rette for fleksibilitet i ulike livsfasar for tilsette av begge kjønn ved behov. Kvinnene utgjer 57 pst. av arbeidsstokken i departementet. Kvinnene utgjer eit fleirtal av dei tilsette både i sakshandsamargruppa og blant mellomleiarar med personalansvar.

Departementet følgjer opp satsinga på lærlingar i staten. Departementet har óg ført vidare samarbeidet med Fontenehuset. Denne ordninga gir personar som har falle utanfor arbeidslivet arbeidserfaring i departementet i opp til seks månader. I tillegg har departementet inngått avtale med NAV om å formidle aktuelle kanidatar til relevante ledige stillingar i departementet.

Sjukefråværsstatistikken og foreldrepermisjon viser tal frå heile året, dei andre tala er per 1.1.2020. For omtale av likestilling i dei underliggjande verksemdene, sjå dei respektive årsrapportane. Det er ikkje avdekt barrierar mot likestilling i verksemdene.

Tabell 7.1 Likestilling: kjønnsrapportering – del 1

Kjønnsbalanse

Løn

Tal menn

Menn %

Tal kvinner

Kvinner %

Total (N)

Menn (kr)

Kvinner (kr)

Kvinner % av menn si løn

Samla i verksemda

2019

60

43

80

57

140

761 951

681 157

89

2018

60

43

80

57

140

728 532

662 570

91

Toppleiing (departementsråd, kommunikasjonssjef, ekspedisjonssjefar)

2019

3

60

2

40

5

1 333 333

1 292 500

97

2018

4

67

2

33

6

1 248 750

1 207 500

97

Mellomleiing (avdelingsdirektørar)

2019

10

53

9

47

19

884 443

897 492

101

2018

9

47

10

53

19

854 689

876 215

103

Kategori 1 (spesialrådgivarar, fagdirektørar, underdirektørar, arkivleiar og prosjektleiar)

2019

17

65

9

35

26

823 392

740 741

90

2018

11

65

6

35

17

772 095

735 533

95

Kategori 2 (seniorrådgivarar)

2019

26

36

45

64

71

647 086

643 022

99

2018

31

40

46

60

77

644 461

628 698

98

Kategori 3 (rådgivarar)

2019

4

25

12

75

16

512 675

559 515

109

2018

5

28

13

72

18

510 680

540 123

106

Kategori 4 (seniorkonsulentar)

2019

-

-

3

100

3

-

504 433

-

2018

-

-

3

100

3

-

472 900

-

Tabell 7.2 Likestilling: kjønnsrapportering – del 2

Deltid

Mellombels tilsetjing

Foreldrepersmisjon

Sjukefråvær

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

Menn %

Kvinner %

2019

5,0

15,0

6,7

2,5

3,2

6,5

2018

5,2

15,0

8,8

1,3

0

3,9

3,3

6,8

8 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Tabell 8.1 Statskog SF

Utgifter 2019

Kroner

Løn, adm. dir

1 823 000

Pensjonsutgifter

136 000

Anna godtgjersle

11 000

Tabell 8.2 Staur gård AS (under avvikling)

Utgifter 2019

Kroner

Løn, dagleg leiar

1 008 293

Pensjonsutgifter

159 700

Anna godtgjersle

23 590

9 Standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Frå og med statsbudsjettet for 2010 har departementet presentert standardiserte nøkkeltal for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter (nettobudsjetterte verksemder) som departementet har ansvaret for. Dette gjeld følgjande verksemder:

  • Norsk institutt for bioøkonomi

  • Veterinærinstituttet

Formålet med nøkkeltala er i første rekkje å forbetre kontroll og innsyn frå Stortinget og regjeringa ved å presentere same type informasjon som blir gitt for dei bruttobudsjetterte verksemdene i dei ordinære oppstillingane i statsbudsjettet og statsrekneskapen. Framstillinga er basert på kontantprinsippet for gjeldande budsjettår og rekneskapstala for dei tre siste åra. Nærare omtale av status for den enkelte verksemd går fram av kap. 1137, post 51.

Kort gjennomgang av tabellmaterialet

Den første tabellen under kvar enkel verksemd gir ei oversikt over utgifter og inntekter etter art. Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter same prinsipp som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Den andre tabellen under kvar enkel verksemd gir ei oversikt over inntekter etter inntektskjelde. Dei fleste nettobudsjetterte verksemder har fleire inntektskjelder og formålet med den andre tabellen er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene.

Den tredje tabellen under kvar enkel verksemd gir ei oversikt over kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei formål kontantbehaldningane skal nyttast til. Formålet med tabellane er å vise dei samla overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Tabell 9.1 Norsk institutt for bioøkonomi – utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1000 kroner)

31.12.2017

31.12.2018

31.12.2019

Budsjett 2020

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønsutgifter

341 390

374 624

372 283

375 000

Varer og tenester

414 429

402 116

403 037

404 000

Sum driftsutgifter

755 818

776 739

775 320

779 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

37 188

41 830

27 342

25 000

Sum investeringsutgifter

37 188

41 830

27 342

25 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

56 475

0

0

0

Sum overføringsutgifter

56 475

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

849 481

818 570

802 662

804 000

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

9 658

10 512

16 864

17 000

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

70 469

15 323

60 478

59 914

Sum driftsinntekter

80 128

25 835

77 312

76 914

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

400 422

418 637

386 180

372 086

Andre innbetalingar

402 360

325 461

350 468

355 000

Sum overføringsinntekter

802 782

744 098

736 647

727 086

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

882 909

769 933

813 959

804 000

3. Netto endring i kontantbehaldninga (2–1)

33 428

-48 637

11 296

0

Tabell 9.2 Norsk institutt for bioøkonomi – inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

(i 1 000 kroner)

31.12.2017

31.12.2018

31.12.2019

Budsjett 2020

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

241 431

265 972

234 749

239 086

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

158 991

152 665

151 431

133 000

Sum løyvingar

400 422

418 637

386 180

372 086

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

24 353

19 813

14 342

15 000

Bidrag frå private

63 005

59 362

57 945

59 000

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

37 576

12 723

25 235

20 000

Sum bidrag

124 934

91 898

97 522

94 000

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

27 320

32 421

34 905

32 000

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

8 398

8 792

8 024

8 914

Oppdrag frå private

53 311

55 591

41 754

47 000

Andre inntekter

268 524

162 594

245 573

250 000

Sum oppdragsinntekter mv.

357 553

259 398

330 257

337 914

Sum inntekter

882 909

769 933

813 959

804 000

Tabell 9.3 Norsk institutt for bioøkonomi – forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar

Rekneskapspost

Endring (i 1 000 kroner)

31.12.2017

31.12.2018

31.12.2019

2018 til 2019

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

261 860

219 082

226 395

7 313

Behaldning på andre bankkonti

10 605

4 730

8 731

4 001

Andre kontantbehaldningar

10

26

8

-17

Sum kontantar og kontantekvivalentar

272 475

223 838

235 134

11 296

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

42 512

43 702

46 171

2 469

Skattetrekk og offentlege avgifter

43 439

43 334

52 811

9 477

Gjeld til leverandørar

39 055

8 482

33 631

25 149

Gjeld til oppdragsgjevarar

-70 140

-70 358

-76 410

-6 052

Anna netto gjeld/krav som har forfall i neste budsjettår

52 778

50 918

62 248

11 330

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

107 644

76 079

118 453

42 374

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

31 313

17 810

8 112

-9 698

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av løyvinga frå fagdepartement

87 584

96 268

83 002

-13 266

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

118 897

114 078

91 114

-22 965

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

39 002

25 502

17 630

-7 872

Fri verksemdskapital

6 864

8 149

7 878

-271

Sum andre avsetjingar

45 867

33 652

25 508

-8 143

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

67

29

59

30

Sum langsiktig gjeld

67

29

59

30

Sum nettogjeld og forpliktingar

272 475

223 838

235 134

11 296

Veterinærinstituttet (VI)

Tabell 9.4 Veterinærinstituttet – utgifter og inntekter fordelt etter art

Utgifter/inntekter

(i 1000 kroner)

31.12.2017

31.12.2018

31.12.2019

Budsjett 2020

1. Utgifter

Driftsutgifter

Lønsutgifter

237 107

250 031

271 105

271 747

Varer og tenester

114 226

151 983

123 295

155 693

Sum driftsutgifter

351 333

402 013

394 400

427 440

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrskjøp og vedlikehald

8 452

12 138

10 763

7 000

Sum investeringsutgifter

8 452

12 138

10 763

7 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskap

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringsutgifter

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum utgifter

359 785

414 151

405 163

434 440

2. Inntekter

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

188 292

176 824

152 766

190 031

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

51 704

11 009

33

27 303

Sum driftsinntekter

239 996

187 834

152 799

217 334

Investeringsinntekter

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

167 417

208 676

229 162

217 106

Andre innbetalingar

0

0

71 257

0

Sum overføringsinntekter

167 417

208 676

300 419

217 106

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle inntekter

-562

12

23

0

Sum finansielle inntekter

-562

12

23

0

Sum inntekter

406 851

396 522

453 241

434 440

3. Netto endring i kontantbehaldninga (2–1)

47 066

-17 629

48 078

0

Tabell 9.5 Veterinærinstituttet – inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

(i 1 000 kroner)

31.12.2017

31.12.2018

31.12.2019

Budsjett 2020

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartement

89 108

109 712

115 748

120 606

Løyvingar frå andre departement

53 135

67 528

63 805

65 500

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

25 168

31 435

25 816

31 000

Sum løyvingar

167 411

208 676

205 369

217 106

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

102 688

60 159

54 663

57 413

Bidrag frå private

0

0

28 504

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

3 194

-714

6 297

14 015

Sum bidrag

105 883

59 445

89 464

71 428

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

105 863

102 427

78 874

103 603

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

1 014

0

Oppdrag frå private

0

0

30 462

0

Andre inntekter

27 694

25 974

10 329

42 303

Sum oppdragsinntekter mv.

133 557

128 401

120 679

145 906

Sum inntekter

406 851

396 522

415 512

0

Tabell 9.6 Veterinærinstituttet – forholdet mellom kontantbehaldning, oppsamla kostnader og avsetjingar

Rekneskapspost

Endring (i 1 000 kroner)

31.12.2017

31.12.2018

31.12.2019

2018 til 2019

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjørskonto i Noregs Bank

90 428

72 881

120 960

48 078

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

83

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

90 511

72 881

120 960

48 078

Avsetjingar til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

20 517

21 603

21 336

-267

Skattetrekk og offentlege avgifter

21 245

27 189

28 359

1 170

Gjeld til leverandørar

-3 521

-26 746

-20 575

6 171

Gjeld til oppdragsgjevarar

3 635

5 286

12 587

7 301

Anna netto gjeld/krav som har forfall i neste budsjettår

13 845

22 290

28 220

5 929

Sum til dekning av oppsamla kostnader som har forfall i neste budsjettår

55 721

49 622

69 927

20 304

Avsetjingar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd

9 095

19 669

9 916

-9 753

Større påbyrja, fleirårige investeringsprosjekt av løyvinga frå fagdepartement

0

0

12 000

12 000

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvinga frå fagdepartementet

0

0

19 666

19 666

Andre avsetjingar til vedtekne formål, som ikkje er sett i gang

0

0

0

0

Konkrete påbyrja, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå andre departement

0

0

3 174

3 174

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

9 095

19 669

44 756

25 087

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre formål/ikkje spesifiserte formål

23 695

0

0

0

Fri verksemdskapital

2 050

3 640

6 327

2 687

Sum andre avsetjingar

25 745

3 640

6 327

2 687

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-50

-50

-50

0

Sum langsiktig gjeld

-50

-50

-50

0

Sum nettogjeld og forpliktingar

90 511

72 881

120 960

48 078

Til forsida