Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

7 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område, jf. likestillingslova § 1 bokstav a. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementets arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

7.1 Finansdepartementet

Personalpolitikken til Finansdepartementet byggjer på prinsippet om likeverd og like høve for alle uavhengig av kjønn, alder og etnisk tilhøyrsle.

56 pst. av medarbeidarane i departementet er i aldersgruppa 30–49 år. 25 pst. er i gruppa 50–59 år, 9 pst. er under 30 år og 10 pst. er over 60 år. 2 pst. av mennene og 11 pst. av kvinnene arbeider deltid.

Kvinner utgjorde 45 pst. av dei tilsette per 1. oktober 2014. Blant leiarane var talet 26 pst. og på mellomleiarnivå 30 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 38 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 77 pst. kvinner. 49 pst. av juristane og 38 pst. av økonomane var kvinner.

Finansdepartementet legg til rette for at tilsette med varig eller mellombels redusert funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si. Dette går òg fram av tilsettingspolitikken.

Ved utgangen av 2014 hadde om lag 3 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 20 pst. i 2014, dvs. noko høgare enn gjennomsnittet på 14 pst. for dei siste fem åra.

7.2 Etatane under Finansdepartementet

Tabell 7.1 gjev ei oversikt over prosentdelen kvinner og prosentdelen kvinnelege leiarar per 1. oktober 2014 i verksemdene som ligg under Finansdepartementet.

Tabell 7.1 Likestilling og mangfald i etatane under Finansdepartementet

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Tilsette

6 080 (6 156)

1 920 (1 935)

909 (931)

371 (359)

360 (364)

273 (269)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62 (62)

48 (48)

51 (52)

61 (61)

70 (70)

53 (53)

Kvinnelege leiarar, heile etaten

52 (51)

35 (37)

47 (49)

59 (58)

77 (70)

52 (48)

Kvinnelege toppleiarar

36 (38)

27 (20)

36 (36)

50 (43)

60 (57)

50 (50))

Kvinnelege mellomleiarar

52 (54)

36 (47)

50 (52)

61 (63)

81 (75)

53 (47)

Tabellen under viser at med nokre unntak hadde kvinnene i gjennomsnitt lågare løn enn sine mannlege kollegaer.

Tabell 7.2 Kvinner sin del av løna til menn i eit utval kodar

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Prosentdelar:

Leiar nivå 2 kode 1477 og 1062

100 (101,51)

99,9 (100,51)

98,3 (98,3)

Leiar nivå 2 kode 1060

97,8 (97,0)

100,9 (102,4)

94,1 (95,5)

100 (103,7)

Leiar nivå 2 kode 1538

99,4 (99,4)

Leiar nivå 3 kode 1280

98,8 (99,11)

Leiar nivå 3 kode 1211 og 1059

96,7 (98,7)

109,3 (107,8)

101,2 (98,6)

100,4 (97,2)

91,1 (91,3)

93,4 (94,3)

Leiar nivå 4 kode 1059 og 1054

98,2 (98,6)

94,4 (97,7)

Seniorrådgjevar kode 1364

98,3 (98,6)

95,3 (95,0)

97,2 (95,7)

95,6 (96,5)

89,9 (90,0)

94,1 (96,7)

Rådgjevar kode 1434

99,1 (98,0)

96,7 (97,9)

100,1 (99,7)

98,2 (96,0)

102,2 (95,5)

98,7 (100,1)

1 Berre på regionnivå.

Nokre leiarar kan vere plasserte i andre kodar, og det kan òg skje at kodane inkluderer medarbeidarar utan leiaransvar.

I Finansdepartementet tener ein kvinneleg avdelingsdirektør 99,7 pst. av det ein mannleg avdelingsdirektør tener. Kvinnelege seniorrådgjevarar har 97,2 pst. og kvinnelege rådgjevarar har 96,9 pst. av den løna som menn har.

Tabell 7.3 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Statleg tariffområde

Tilsette med innvandrarbakgrunn

7,1 (6,6)

5,4 (5,2)

11,2 (11,1)

9,6 (8,2)

4,4 (3,3)

6,4 (6,6)

7,1 (6,7)

9,6 (9,0)

Landgruppe 11

2,6 (2,3)

2,4 (2,1)

4,0 (3,8)

3,4 (2,2)

0,5 (0,5)

2,1 (2,1)

2,6 (2,3)

4,8 (4,6)

Landgruppe 22

4,5 (4,3)

3,0 (3,1)

7,2 (7,3)

6,3 (6,0)

3,8 (2,7)

4,3 (4,5)

4,5 (4,4)

4,6 (4,4)

1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia, New Zealand

2 Resten av verda.

Skatteetaten

Om lag halvparten av leiarane i Skatteetaten er kvinner. Det er ei overvekt av menn på dei to høgaste leiarnivåa, medan dei to lågaste leiarnivå har ei overvekt av kvinner. På dei høgare nivåa er det flest menn, medan det på dei lågare er flest kvinner. Tabell 7.2 viser at mannlege leiarar tener meir enn kvinnelege leiarar på alle nivå utanom det høgaste (regiondirektørar). Mannlege seniorrådgjevarar og rådgjevarar tener òg meir enn dei kvinnelege, men skilnadene er ikkje store.

Etaten har m.a. som mål at del av innvandrarar av tilsette skal vise det same bilete som befolkningssamansetjinga i landet. Av dei som vart rekrutterte i 2014 hadde 4,4 pst. innvandrarbakgrunn.

Om lag 7 pst. av medarbeidarane i etaten opplyste at dei har nedsett funksjonsevne. Etaten har som mål at 5 pst. av dei nytilsette kvart år skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Tiltaka omfattar m.a. deltaking i traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne, IA-plassar eller praksisplassar, kurs i mangfaldsrekruttering og profileringstiltak.

Tolletaten (namn fram til 1.1.2016: Toll- og avgiftsetaten)

Det har vorte fleire kvinnelege leiarar i dei siste tre åra. Auken har skjedd blant førstelinjeleiarane i direktoratet. Drygt ein tredel av leiarane i etaten er kvinner. I mangfaldsstrategien til etaten er det m.a. mål om balansert kjønns- og alderssamansetnad og om å få fleire medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne. Det vert nytta målretta stillingsutlysingar, og kvinnelege leiarkandidatar vert prioriterte til leiarutviklingsprogram.

Kandidatar med innvandrarbakgrunn vert prioriterte til leiaropplæringsprogram og ved opptak av tollaspirantar. Nokre regionar har som mål å innkalle minst to med innvandrarbakgrunn. Det er utarbeidd ein rekrutteringsrettleiar og eit leiaropplæringsprogram der mangfald er med som eige tema. Etaten er òg med i det statlege nettverket for mangfald som består av sju statlege verksemder, i tillegg til Likestillings- og diskrimineringsombudet.

Det er svært få søkjarar som opplyser om funksjonsnedsetting. Enda færre er kvalifisert. Etaten har i stor grad klart å behalde tilsette som både får og har nedsett funksjonsevne.

Statistisk sentralbyrå (SSB)

Knapt halvparten av leiarane i SSB er kvinner, og på mellomleiarnivå er det no fleire kvinner enn menn. Verksemda har gjennom mange år rekruttert tilsette med innvandrarbakgrunn som har høgare utdanning, og denne medarbeidargruppa har ståande tilbod om norskundervisning. Statistisk sentralbyrå har via Arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ)

Vel halvparten av leiarane og knapt to tredelar av mellomleiarane i verksemda er kvinner. Verksemda prøver å tilsetje medarbeidarar med nedsett funksjonsevne når kvalifikasjonane til søkjarane elles er like. Målet er at det alltid skal vere tilsette med nedsett funksjonsevne i sentraleininga og ved kvar kontorstad.

Statens innkrevjingssentral (SI)

Kjønnsfordelinga på leiarnivå er om lag som fordelinga i heile verksemda. Innkrevjingssentralen ynskjer jamnare kjønnsfordeling mellom kvinner og menn og vil ta i bruk verkemidla i likestillingsregelverket. Innkrevjingssentralen har via Arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Finanstilsynet (FT)

Om lag halvparten av leiarane i verksemda er kvinner. Kvinner sin del av løna til menn har auka dei siste åra, frå 85,9 pst. i 2010 til 90,9 pst. ved slutten av 2013.

7.3 Legemeldt sjukefråvær i Finansdepartementet og dei underliggjande etatane

Legemeldt sjukefråvær

Tabellane nedanfor syner tal for legemeldt sjukefråvær i perioden 2010–2014 for statlig tariffområde, sjølve Finansdepartementet (FIN) og etatane som ligg under departementet.

Tabell 7.4 Legemeldt sjukefråvær – i alt

(pst.)

Staten

FIN

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2010

4,4

2,0

4,9

4,8

4,2

4,4

5,1

2,2

2011

4,6

2,4

5,4

4,7

3,7

4,7

5,8

2,3

2012

4,4

2,5

5,1

4,2

4,0

5,0

7,2

2,4

2013

4,3

1,9

4,7

4,8

4,1

4,8

6,2

2,3

2014

4,3

2,6

4,8

4,6

3,7

3,8

7,0

3,1

Tabellen over syner at det legemeldte sjukefråværet er under nivået for statleg tariffområde i Finansdepartementet, Finanstilsynet, Statistisk sentralbyrå og Direktoratet for økonomistyring. I sistnemnde har det òg gått ned to år på rad. Statens innkrevjingssentral har framleis eit høgt legemeldt sjukefråvær, medan Skatteetaten og Tolletaten ligg noko over nivået for statleg tariffområde.

Tabell 7.5 Legemeldt sjukefråvær – kvinner

(pst.)

Staten

FIN

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2010

6,3

3,2

6,2

6,4

6,0

6,1

6,3

3,1

2011

6,4

4,6

6,7

6,3

4,8

7,0

6,8

2,8

2012

6,3

3,9

6,4

6,1

6,1

6,5

8,0

3,7

2013

6,0

3,1

5,9

6,2

5,8

6,0

7,8

2,8

2014

6,0

4,7

5,9

6,1

4,7

4,9

8,5

3,7

Det legemelde sjukefråværet blant kvinner var framleis klårt høgast i Statens innkrevjingssentral og lågast i Finanstilsynet i 2014.

Det legemeldte sjukefråværet blant kvinner er på veg nedover (eller stabilt) i alle etatane under Finansdepartementet unntatt i Statens innkrevjingssentral og Finanstilsynet.

Tabell 7.6 Legemeldt sjukefråvær – menn

(pst.)

Staten

FIN

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

2010

2,9

1,1

2,8

3,4

2,2

2,2

2,1

1,4

2011

3,1

0,8

3,4

3,3

2,6

1,5

3,5

1,9

2012

2,9

1,4

3,3

2,5

1,8

2,8

5,1

1,2

2013

2,9

0,9

2,9

3,6

2,1

3,0

2,6

1,7

2014

2,8

1,0

3,1

3,4

2,6

2,1

3,8

2,5

Tabellen over syner at det legemeldte sjukefråværet blant menn har gått opp i alle etatar unntatt i Tolletaten og Direktoratet for økonomistyring. Det har gått opp mykje i Statens innkrevjingssentral, men meir moderat i dei andre etatane.

Tabell 7.7 Legemeldt sjukefråvær i 2014 – etter aldersgrupper (tal for 2013 i parentes)

(pst.)

FIN

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

SI

Finanstilsynet

21–29 år

4,6 (2,9)

3,6 (3,7)

3,6 (2,6)

3,2 (2,4)

3,4 (5,5)

6,4 (6,5)

3,3 (0,9)

30–39 år

2,4 (1,8)

4,7 (4,8)

3,7 (5,3)

3,1 (2,6)

4,1 (5,9)

9,2 (8,5)

2,7 (1,8)

40–49 år

3,0 (1,7)

4,6 (4,2)

5,2 (4,8)

2,5 (3,9)

2,0 (3,4)

5,8 (5,5)

2,6 (2,0)

50–59 år

1,6 (1,9)

4,8 (5,2)

4,8 (5,1)

4,3 (4,3)

4,9 (5,4)

6,7 (6,0)

2,5 (2,4)

60–69 år

2,6 (1,8)

5,6 (6,7)

5,9 (5,2)

5,0 (5,9)

6,7 (5,9)

11,0 (5,9)

6,9 (5,1)

Tabellen viser ingen klåre utviklingstrekk eller andre forskjellar mellom etatane enn dei som går fram av tabellane ovanfor. Med nokre unntak har kvinner høgare legemeldt sjukefråvær enn menn i alle aldersgrupper i alle etatar. I dei yngre aldersgruppene er svangerskap med på å forklare fråværet, medan årsakene er meir samansette i dei eldre aldersgruppene.

7.4 Programkategori 00.30 Regjeringa

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 1. oktober 2014. For at det ikkje skal vere mogleg å identifisere enkeltmedarbeidarar, er opplysningar om deltid, bruk av mellombels tilsette og foreldrepermisjon ikkje spesifisert i stillingskategoriar.

Fordeling tilsette i %

Kvinner sin del av løna til menn i %

Menn

Kvinner

Alle tilsette

56

44

96 (103)

Toppleiing

50

50

113 (105)

Adm. leiargruppe

75

25

106 (103)

Seniorrådgjevarar

67

33

93 (88)

Andre saksbehandlarar o.a.

30

70

93 (99)

Sjåførar

89

11

97 (98)

Målet er å halde på den jamne kjønnsfordelinga blant dei tilsette ved kontoret. Fordelinga kan verte betre i enkelte grupper, som sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støttefunksjonar. I sekretærgruppa var det 11 kvinner og ein mann, og i sjåførgruppa var det 17 menn og tre kvinner.

På leiarnivå har kvinner noko høgare gjennomsnittsløn enn menn. Gjennomsnittsløna for menn og kvinner i andre grupper varierer, avhengig av fagområde, kompetanse og arbeidserfaring.

3,8 pst. av de tilsette arbeider deltid etter eige ynskje. Ingen av desse er menn.

Det var to tilsette vikarar i 2014; båe var kvinner. Tre kvinner og ein mann tok ut foreldrepermisjon i 2014. 1,2 pst. av det samla talet på permisjonsdagar vart brukt av mannen og 98,7 pst. av kvinnene.

I 2014 hadde kontoret fem tilsette over 62 år – tre kvinner og to menn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. av moglege dagsverk

SMK

Kvinner

Menn

2010

1,4

2,4

0,6

2011

4,8

6,3

3,5

2012

2,3

2,8

1,8

2013

2,0

4,1

0,8

2014

0,5

0,7

0,4

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i grupper med skeiv kjønnsfordeling vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Målet er at ein på sikt kan få til ei betre kjønnsfordeling i alle gruppene.

Funksjonshemma og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevn, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, for eksempel på grunn av graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. I IA-avtalen er det teke inn fleire tiltak for å førebyggje tidleg avgang frå arbeidslivet. Dette omfattar både haldningsskapande arbeid og andre generelle seniorpolitiske tiltak. Desse tiltaka er dei same for menn og kvinner. For tilsette over 60 år vert det gitt tilbod om ein seniorsamtale for å kartleggje eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lengjer i stillinga enn fyrste moglege pensjonsalder.

Arbeidsmiljøutvalet har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret.

Det vert med jamne mellomrom gjennomført undersøkingar av arbeidsmiljøet.

Eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret inneheld òg forhold som diskriminering.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er frå 1. oktober 2014. Tre av sju medlemer i leiargruppa var kvinner. Kvinnene utgjorde 39,4 pst. av advokatane ved embetet og heile 78 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane arbeidde i 100 pst. stilling. Fire kvinneleg tilsette på administrativ side arbeidde deltid. Ingen mannleg tilsette arbeidde i redusert stilling.

Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) er marginalt lågare enn for mannlege advokatar (inkludert leiarar og vikarar), tilsvarande 87,5 pst. av løna til menn. Differansen er tilfeldig og heng saman med den aldersmessige samansetjinga av kjønnsgruppene. Hos Regjeringsadvokaten får advokatane eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Eitt av måla i likestillingsplanen er at «det skal vere akseptabelt og rosverdig at fedrar tek like stor del i omsorgsoppgåvene som mødrer». Også i 2014 tok fleire av dei mannlege advokatane som var i omsorgspermisjon, noko lengre permisjon enn dei lovmessige vekene som er sette av for far.

Det samla legemelde sjukefråveret i 2014 var 3,4 pst. for embetet. Sjukefråveret for menn var 0,1 pst. og 6,1 pst. for kvinner.

I 2014 hadde Regjeringsadvokaten fem tilsette over 60 år – tre kvinner og to menn, og den eine kvinna var 73 år.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i dei gruppene der det er skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. Målet er at ein på sikt kan få til ei betre kjønnsfordeling i alle gruppene. I alle kunngjeringar som gjeld administrative stillingar, er det gitt uttrykk for målet om å rekruttere fleire med innvandrarbakgrunn. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringsadvokaten er ei IA-verksemd, og legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane. Embetet tilbyd arbeidsplassvurdering til alle tilsette og gir moglegheit til trening. Kvar veke er det Mensendieck-trening for dei tilsette for å førebyggja belastningsskadar. I tillegg vert det tilbode eiga oppfølging for gravide arbeidstakarar gjennom tilrettelegging av arbeidsplass og oppgåver. Det vert også gjeve tilbod om gratis bistand frå bedriftshelsetenesta ved livskriser.

For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Formålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å føreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjera det attraktivt å stå lengjer i stillinga. For at dei eldre skal stå lengre i stillinga har embetet innført betre ordningar for seniorar, til dømes full lønskompensasjon ved uttak av seniordagar. Individuelle ordningar vert vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Arbeidsmiljøutvalet hos Regjeringsadvokaten har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret. Embetet har regelmessige undersøkingar av arbeidsmiljøet. Det er utarbeidd eigne rutinar for varsling av kritikkverdige forhold ved kontoret.

8 Omtale av klima- og miljørelevante saker

8.1 Finansdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle sektorar i samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. Styresmaktene i kvar sektor har ansvar for å gjennomføre dei tiltaka på eigne område som trengst for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. I Prop. 1 S (2015–2016) for Klima- og miljødepartementet finst ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker for regjeringa.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvalting. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, er avgifter dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minka utsleppa der det er billegast, og sikrar at forureinarane betaler. Difor vert det lagt stor vekt på miljørelaterte avgifter.

Det har vore ei klar dreiing i retning av grøne skattar. Miljø- og energirelaterte avgifter er auka med nærare 2,7 mrd. kroner frå 2013 til 2015. Mellom anna er CO2-avgifta på mineralolje til innanriks luftfart, gass og autodiesel auka til same nivå som bensin.

I tråd med Sundvolden-erklæringa har regjeringa sett ned ein ny grøn skattekommisjon som fram til 1. desember 2015 skal vurdere om og korleis ei grøn skatteomlegging kan bidra til betre ressursbruk og til å oppfylle måla i klimaforliket. Det er viktig å sjå bruken av virkemiddel samla.

I budsjettet for 2016 foreslår regjeringa mellom anna å innføre vegbruksavgift på naturgass og LPG. Ei vegbruksavgift på mineralsk gass vil prise dei eksterne kostnadene ved bruk av slik gass på veg. Endringa vil i tillegg gje insentiv til bruk av biogass i vegtransport. Utforminga av eingongsavgifta motiverer kraftig til val av bilar med låge utslipp. Det er ein av grunnane til at CO2 -utsleppa frå nye personbilar har gått kraftig ned. CO2 -utsleppa frå nye personbilar har gått ned frå 177 g/km i 2006 til 99 g/km i dei fyrste åtte månadane av 2015. Økt elbilsal er hovudårsaka til nedgangen i utslepp frå nye personbilar dei siste åra. Elbilsalet utgjorde 18 pst. av samla sal av nye personbilar i dei fyrste åtte månadane av 2015, opp frå knapt 3 pst. i 2012. Regjeringa varsla i den helheitlege gjennomgangen av bilavgiftene i Revidert nasjonalbudsjett 2015 ei retning for ein framtidig politikk for bilavgiftene. Målet er ein nyare, sikrare og meir miljøvenleg bilpark.

8.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Kyoto-protokollen og til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO2 i skog. Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram.

Statistikk over avfall og attvinning skal dekkje både rapporteringskrav frå EU og nasjonale behov. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. Statistisk sentralbyrå (SSB) skal òg følgje opp statistikkforordninga om materialrekneskapar.

SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Ein tek sikte på å etablere gode formidlingskanalar for arealrekneskap og endringar i denne.

SSB skal vidareføre viktige statistikkar, basert på rapportering i KOSTRA, over kommunal og fylkeskommunal miljøforvalting. Dessutan kjem SSB til å arbeide vidare med statistikk over støyforureining og kjemikaliebruk.

Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande. Frå 2013 vart ei ny EU-forordning for miljørekneskapar sett i kraft, og tal for næringsfordelte utslepp etter nasjonalrekneskapsstandarden (NAMEA), miljørelaterte skattar og rekneskapar for materialstraumar (EW-MFA) vert rapporterte. Nye internasjonale rapporteringar til Eurostat over miljøvernutgifter (EPEA), miljørelaterte varer og tenester (miljønæringar – EGSS) og næringsfordelt energibruk etter standarden for nasjonalrekneskap som følgjer av NAMEA, skal skje frå 2017.

Innafor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er fleire store analyseprosjekter sett i gang det siste året knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og utnytting av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodeller av norsk, europeisk og global økonomi. I prosjekt om økosystemtenester og naturressursverdiar bidrar forskinga til statistikkarbeidet på feltet. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmenta, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnare, mellom anna gjennom det samfunnsfaglege senteret for energiforsking, CREE, som miljø- og energiforskarane i SSB er ein del av.

8.3 Avsetning til tapsfond for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken

Sida 1997 har Finansdepartementet hatt fullmakt til å gje garanti for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken. I åra 1998–2004 vart det gjennom løyvingar på statsbudsjettet bygt opp eit tapsfond på 45 mill. kroner til dekking av eventuelle tap. Som følgje av tap i 2014 og varsla, ytterlegare tap, er det for 2015 løyvd til tapsfondet. Også for 2016 vert det gjort framlegg om 20 mill. kroner til fondet.

Til forsida