Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Oversyn

1.1 Område

I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortinget sine eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementet sin proposisjon, og beløpa er tekne med i oversyn over løyvingar på Finansdepartementet sitt område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

1.2 Hovudoppgåver og organisering

Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å

  • medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet

  • sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter

  • samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten

  • forvalte statleg formue og gjeld

  • medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd

  • medverke til velfungerande finansmarknader

Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017, Prop. 1 S (2016–2017) Statsbudsjettet for budsjettåret 2017 og Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.

Nedanfor er eit oversyn over verksemder på Finansdepartementets område.

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2017

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2017

1 Ansvarstilhøvet mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert ved lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet mv.

2 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

3 Verksemd med eige styre.

1.3 Oversyn over budsjettframlegget for Finansdepartementet

1.3.1 Programområde under departementet

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

2 287 422

2 646 500

2 675 300

1,1

Programområde 23 Finansadministrasjon

35 897 655

36 746 392

38 963 800

6,0

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

71 223 439

10 760 820

75 008 700

597,1

Sum utgifter

109 408 516

50 153 712

116 647 800

132,6

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

37 719

24 600

27 900

13,4

Programområde 23 Finansadministrasjon

2 824 121

2 770 440

2 958 400

6,8

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

20 512 153

17 009 600

27 502 400

61,7

Sum inntekter

23 373 993

19 804 640

30 488 700

53,9

Utgifter

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2017 under dette programområdet utgjer 2 675,5 mill. kroner som er ein auke med 28,8 mill. kroner frå saldert budsjett 2016. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det en auke med 60,1 mill. kroner som særleg heng saman med ny modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse og styrking av Regjeringsadvokaten.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar, gjer ein framlegg om å redusere løyvingane med 31,3 mill. kroner. Lågare utgifter til rehabilitering av Stortingets eigedom Prinsens gate 26 er hovudårsak til reduksjonen. Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar, er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2017 under dette programområdet utgjer 38 963,8 mill. kroner. Det er ein auke på 2 217,4 mill. kroner frå saldert budsjett 2016. Av auken gjeld 811,6 mill. kroner ny ordning for betaling av premie til Statens pensjonskasse og 940 mill. kroner auka meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren. Auken speglar òg høgare aktivitet i større IT-prosjekt under Skatteetaten og fornyinga av KOSTRA-systemet i Statistisk sentralbyrå.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 75 008,7 mill. kroner. Hovudgrunnen til ein auke her på 64 247,9 mill. kroner frå saldert budsjett 2016 er at eit stort obligasjonslån har forfall i 2017, medan det for 2016 ikkje var rekna med nokon avdrag.

Inntekter

Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 30 488,7 mill. kroner. Av det er 19 502,1 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 17 700 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2017 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01–23

Driftsutgifter

15 878 980

16 168 812

17 433 600

7,8

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

538 911

791 400

821 300

3,8

50–59

Overføringar til andre statsrekneskap

20 000

20 000

20 000

0,0

60–69

Overføringar til kommunar

19 760 468

20 350 000

21 200 000

4,2

70–89

Overføringar til private

13 291 157

12 823 500

13 846 100

8,0

90–99

Utlån, avdrag m.m.

59 919 000

63 326 800

Sum under departementet

109 408 516

50 153 712

116 647 800

132,6

1.3.2 Betaling av premie til Statens pensjonskasse

Frå 2017 av tek ein i bruk ein forenkla modell for betaling av premie til Statens pensjonskasse for verksemder som ikkje betaler premie i dag. Finanstilsynet har allereie ei ordning med aktuarberekna premie. Stortinget og underliggjande institusjonar og kap. 21 Statsrådet kjem ikkje inn under nyordninga.

Formålet med nyordninga er å gjere verksemdene ansvarlege for eigne pensjonskostnader. Utan slik premiebetaling vil dei kunne tilsetje fleire enn om innsatsfaktoren arbeidskraft var riktigare prisa. Vurderinga av t.d. alternativ som automatisering, digitalisering eller kjøp av tenester vil då kunne verte annleis.

Under programkategorien 00.40 Regjeringa, gjev nyordninga ei meirutgift på 19,2 mill. kroner, medan meirutgifta på programområde 23 Finansadministrasjon, er 811,6 mill. kroner. Motstykket til desse meirutgiftene er lågare løyvingar på kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse og kap. 613 Arbeidsgjevaravgift til folketrygda. Sjå nærare omtale i Gul bok 2017.

2 Nokre viktige oppgåver i 2017

Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet i 2017 skal utføre, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.

2.1 Statens pensjonsfond

Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.

Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 7 374 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2016. Av dette var 7 175 mrd. kroner i SPU og 199 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.

Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor moderat risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.

Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.

Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 23 (2015–2016) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2015 og i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017.

2.2 Produktivitet og effektivisering

Produktivitetskommisjonen hadde som mandat å vurdere produktivitetsutviklinga i Noreg og sjå nærare på årsaker til at veksten har vore svakare dei seinaste åra. Kommisjonen har lagt fram to utgreiingar – NOU 2015: Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd, og NOU 2016: 3 Ved et vendepunkt: Fra ressursøkonomi til kunnskapsøkonomi.

Finansdepartementet har viktige oppgåver i det vidare arbeid med å auke produktiviteten i Noreg, mellom anna på grunnlag av kommisjonens vurderingar og tilrådingar. I den siste utgreiinga peika kommisjonen i kapittel 7 Økt effektivitet i offentlig sektor, mellom anna på at med fleire eldre og lågare oljeinntekter vert effektiv bruk av ressursane i offentleg sektor enda viktigare framover.

I eigenskap av budsjettdepartement har Finansdepartementet eit særleg ansvar for å peike på område og ordningar i heile staten som synest eigna for forbetringar og ta naudsynte initiativ til at dette vert følgt opp. Regjeringa har som føresetnad at alle statlege verksemder kvart år gjennomfører tiltak for å auke produktiviteten. Gevinstar frå mindre byråkrati og meir effektiv pengebruk kan ein trekkje inn for å kunne nytte til andre føremål.

Arbeidet med å avdekkje og realisere effektiviseringspotensial er ein systematisk og kontinuerleg prosess som skal vere ei sentral leiaroppgåve i både departementet og i underliggjande etatar. Ut frå dette har Finansdepartementet i 2015–2016 følgt etatane særskilt opp gjennom føringar i tildelingsbrev, seminar med utveksling av erfaringar og møte med kvar etat.

Etatane under Finansdepartementet har omfattande kontakt med næringsliv, organisasjonar og publikum. Nokre av dei forvaltar kompliserte og omfattande regelverk. Alle vert dei møtte med store forventningar til service, enkelheit, tilgjengelegheit og informasjon. Enklare og ofte IT-baserte prosedyrar, samordning og automatisering kjem mange slike forventningar i møte. Samstundes kan slike tiltak ofte gje grunnlag for lågare ressursbruk i etatane. Bruken av elektronisk rapportering og annan digital kommunikasjon bør framleis aukast.

Regjeringa vedtok i juni 2016 å overføre løns- og rekneskapstenestene for departementa frå Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa til Direktoratet for økonomistyring (DFØ). Frå 1. januar 2018 skal desse tenestene leverast frå DFØs noverande kontor i Stavanger og Trondheim. Innsparingane som følgjer av dette, tek ein sikte på å hente ut i 2018.

Omstillinga til færre kontorstader i DFØ er no nesten sluttført. Resultatet er ei årleg innsparing på 20 mill. kroner for staten, samtidig som driftsstabiliteten i løns- og rekneskapstilbodet har auka.

Stadig fleire statlege verksemder brukar DFØs løns- og rekneskapstenester. DFØ leverer no slike tenester til fire av fem verksemder i staten. Gevinsten ved reduserte kostnader kan verksemdene nytte til å styrkje kjerneverksemda.

Statistisk sentralbyrå er i ferd med å oppgradere og forbetre KOSTRA – eit nasjonalt informasjonssystem som gjev styringsinformasjon og tener som datakjelde for offisiell statistikk om kommunal verksemd. Etter fornyinga skal KOSTRA verte eit betre, enklare, meir påliteleg og rimelegare verktøy for både planlegging, styring, rapportering og informasjon. Det meste av moderniseringsprosjektet vert utført i 2016 og 2017.

Skatteetaten har dei siste åra greidd ut ein ny kontorstruktur for etaten. Den nye strukturen inneber om lag ei halvering av talet på kontor og vert innførd gradvis i løpet av 2017–2019. Ny struktur vil gje større og meir berekraftige fagmiljø, meir effektiv drift og administrasjon og reduserte kostnader til husleige mv. Sjå nærare omtale i del II, kap. 1618 Skatteetaten, Sentrale utfordringar og tiltak.

Skattedirektoratet skal innan 1. mars 2017 greie ut den overordna organiseringa i etaten. Ein sentral del av oppdraget er å vurdere potensialet for meir effektiv oppgåveløysing gjennom mellom anna auka spesialisering og arbeidsdeling, meir einsarta arbeidsprosessar og meir heilskapleg bruk av verkemiddel. Vidare er det fleire, store IT-moderniseringsprosjekt i gang i etaten. I tillegg til eksterne gevinstar vil dei òg gje interne effektiviseringsgevinstar for etaten.

I Tolletatens prosjekt Nye Toll inngår ei betre og meir systematisk oppfølging av effektiviseringstiltak. På store aktivitetsområde som vareførsle, kontroll og administrasjon er det allereie identifisert gevinstpotensial. Nytt senter for etterretning og analyse er under oppbygging og vil blant anna leggje til rette for meir koordinert kontrollinnsats og meir effektiv bruk av kontrollressursane.

2.3 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

På finansmarknadsområdet har det gjennom mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadane og finansinstitusjonane er effektive. Samtidig skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slags finansinstitusjon som tek risikoen. Kundane sine interesser skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapportering av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalte i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.

Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette området og av stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 29 (2015–2016) Finansmarkedsmeldingen 2015 vart framlagd i april 2015 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 325 S (2015–2016). Som følgje av den internasjonale finanskrisa i 2008–2009 er det sett i gang omfattande internasjonale prosessar for å få på plass nye og betre reguleringar av finansmarknadene, jf. arbeidet til G 20, Baselkomiteen og EU. Mellom anna har EU stramma inn på kapitalkrava for bankar og innført eit nytt og meir risikokjensleg soliditetsregelverk for forsikringsføretak, kalla Solvens II. I Noreg vart dei nye bankkrava innført frå 2013, medan Solvens II-regelverket trådde i kraft 1. januar 2016 (same tidspunkt som i EU).

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Omtalen av oppmodingsvedtak er fordelt mellom fleire av dokumenta frå Finansdepartementet i samband med statsbudsjettforslaget for 2017 etter kor dei ut frå samanhengen passar best. I kolonna «Omtale i dokument» nedanfor viser «Prop. 1 LS» til Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 og «Meld. St. 1»» til Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017, medan Prop. 1 S (2016–2017) viser til dokumentet her.

Tabell 3.1 Oversyn over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Omtale i dokument

Kor

2014–2015

398

Insentiv medeigarskap

Prop. 1 LS

Kap. 5.4

2014–2015

399

Aksjesparekonto (KLAS)

Prop. 1 LS

Kap. 5.3

2014–2015

482

Meirverdiavgift og transportverksemd

Prop. 1 LS

Kap. 25.1

2014–2015

483

Transportnæringa – skattekontroll

Prop. 1 S

Kap. 1600

2014–2015

513

Skatteetaten – tvangsmiddel

Prop. 1 S

Kap. 1600

2014–2015

514

Skatteetaten – informasjonsdeling

Prop. 1 S

Kap. 1600

2014–2015

602

Offentleg eigarskapsregister

Prop. 1 S

Kap. 1600

2014–2015

792

LLR-rapportering

Prop. 1 S

Kap. 1600

2015–2016

60

El-avgiftsgrense – fartøy

Prop. 1 LS

Kap. 10.6

2015–2016

70

Grønt skatteskifte

Prop. 1 LS

Kap. 26

2015–2016

71

Taxfree-ordninga

Prop. 1 LS

Kap. 27

2015–2016

72

El-avgift – ladeanlegg

Prop. 1 LS

Kap. 10.6

2015–2016

73

El-avgift – verknad for hydrogenproduksjon

Prop. 1 LS

Kap. 10.6

2015–2016

77

Vegbruksavgift – naturgass

Prop. 1 LS

Kap. 10.5

2015–2016

88

Skatteinsentiv for oppstartselskap

Prop. 1 LS

Kap. 21

2015–2016

90

Reiarskatteordninga – fartøy til bruk i utanskjers vindmølleverksemd

Prop. 1 LS

Kap. 8.6

2015–2016

97

Mva-kompensasjon – utleigebustader

Prop. 1 LS

Kap. 9.3

2015–2016

99

Skattefrådrag for gåver til stiftingar

Prop. 1 LS

Kap. 22

2015–2016

105

Vekting av kommunelån

Prop. 1 S

Kap. 1600

2015–2016

631

Eigedomsskattegrunnlag – innsynsrett for kommunar

Prop. 1 LS

Kap. 24

2015–2016

634

Krav til offentleg finansiert tenesteproduksjon

Prop. 1 S

Kap. 1600

2015–2016

761

Kost-/nytteverdi – investeringsstrategiar

Prop. 1 S

Kap. 1600

2015–2016

762

Styringsmodellar – Statens pensjonsfond utland

Prop. 1 S

Kap. 1600

2015–2016

763

Forventningsdokument – skatt

Prop. 1 S

Kap. 1600

2015–2016

868

Synleggjering – utslippsbaner

Meld. St. 1

Kap. 3.6

2015–2016

1002

Vegbruksavgift – naturgass

Prop. 1 LS

Kap. 10.5

2015–2016

1003

Lågare el-avgift – datasenter

Prop. 1 LS

Kap. 10.6

4 Oversynstabellar for budsjettet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Regjeringa

20

Statsministerens kontor

100 328

100 300

117 900

17,5

21

Statsrådet

162 725

159 600

169 500

6,2

24

Regjeringsadvokaten

83 691

84 600

117 200

38,5

Sum kategori 00.30

346 744

344 500

404 600

17,4

Stortinget og underliggjande institusjonar

41

Stortinget

1 393 988

1 688 800

1 658 500

-1,8

42

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

6 256

7 000

7 100

1,4

43

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

63 747

74 100

76 300

3,0

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

12 499

14 300

15 000

4,9

45

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

4 229

9 700

20 600

112,4

51

Riksrevisjonen

459 959

508 100

493 200

-2,9

Sum kategori 00.40

1 940 678

2 302 000

2 270 700

-1,4

Sum programområde 00

2 287 422

2 646 500

2 675 300

1,1

Finansadministrasjon

1600

Finansdepartementet

382 781

406 154

440 800

8,5

1602

Finanstilsynet

340 098

350 944

362 900

3,4

1605

Direktoratet for økonomistyring

365 118

348 128

394 600

13,3

1608

Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

12 806

15 664

16 000

2,1

Sum kategori 23.10

1 100 803

1 120 890

1 214 300

8,3

Skatte- og avgiftsadministrasjon

1610

Tolletaten

1 571 362

1 367 516

1 598 700

16,9

1618

Skatteetaten

5 486 966

5 786 354

6 418 900

10,9

Sum kategori 23.20

7 058 328

7 153 870

8 017 600

12,1

Offisiell statistikk

1620

Statistisk sentralbyrå

748 475

741 932

851 900

14,8

Sum kategori 23.30

748 475

741 932

851 900

14,8

Andre føremål

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

21 574 038

22 240 000

23 180 000

4,2

1633

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

5 416 011

5 489 700

5 700 000

3,8

Sum kategori 23.40

26 990 049

27 729 700

28 880 000

4,1

Sum programområde 23

35 897 655

36 746 392

38 963 800

6,0

Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

1650

Statsgjeld, renter m.m.

11 284 439

10 740 820

11 661 900

8,6

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

59 919 000

63 207 000

Sum kategori 24.10

71 203 439

10 740 820

74 868 900

597,1

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

1670

Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

20 000

20 000

139 800

599,0

Sum kategori 24.20

20 000

20 000

139 800

599,0

Sum programområde 24

71 223 439

10 760 820

75 008 700

597,1

Sum utgifter

109 408 516

50 153 712

116 647 800

132,6

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Regjeringa

3021

Statsrådet

100

3024

Regjeringsadvokaten

21 945

14 800

18 000

21,6

Sum kategori 00.30

21 945

14 800

18 100

22,3

Stortinget og underliggjande institusjonar

3041

Stortinget

13 268

7 400

7 700

4,1

3051

Riksrevisjonen

2 506

2 400

2 100

-12,5

Sum kategori 00.40

15 774

9 800

9 800

0,0

Sum programområde 00

37 719

24 600

27 900

13,4

Finansadministrasjon

4600

Finansdepartementet

1 304

698

400

-42,7

4602

Finanstilsynet

10 564

10 680

10 900

2,1

4605

Direktoratet for økonomistyring

53 243

41 900

49 600

18,4

5580

Sektoravgifter under Finansdepartementet

333 070

341 000

357 500

4,8

Sum kategori 23.10

398 181

394 278

418 400

6,1

Skatte- og avgiftsadministrasjon

4610

Tolletaten

59 943

44 602

41 800

-6,3

4618

Skatteetaten

2 107 383

2 097 588

2 252 700

7,4

Sum kategori 23.20

2 167 326

2 142 190

2 294 500

7,1

Offisiell statistikk

4620

Statistisk sentralbyrå

258 614

233 972

245 500

4,9

Sum kategori 23.30

258 614

233 972

245 500

4,9

Sum programområde 23

2 824 121

2 770 440

2 958 400

6,8

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

5341

Avdrag på uteståande fordringar

8 000 355

300

8 000 300

5351

Overføring frå Noregs Bank

10 419 188

14 800 000

17 700 000

19,6

5605

Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

2 002 655

2 119 600

1 691 300

-20,2

5692

Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

88 565

88 300

110 100

24,7

5693

Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

1 390

1 400

700

-50,0

Sum kategori 24.20

20 512 153

17 009 600

27 502 400

61,7

Sum programområde 24

20 512 153

17 009 600

27 502 400

61,7

Sum inntekter

23 373 993

19 804 640

30 488 700

53,9

4.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2016

Framlegg 2017

1600

21

Spesielle driftsutgifter

18 335

58 800

1608

21

Spesielle driftsutgifter

8 335

16 000

1618

22

Større IT-prosjekt

197 978

358 700

1620

21

Spesielle driftsutgifter

73 343

243 100

Overførbare løyvingar på Finansdepartementets område er knytte til prosjekt og ordningar som går over fleire år, og der det kan vera noko uvisse om framdrifta. Oversynet gjeld ikkje postgruppa 30–49 Nybygg, anlegg m.m.

Til forsida