Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

1 Kap. 41 Stortinget – byggeprosjekt Prinsens gate 26 mv.

1.1 Innleiing

I dette vedlegget blir det gjort greie for rehabiliteringa av Prinsens gate 26, etablering av ein ny innkjøringstunnel til stortingsgarasjen og bygging av eit nytt post- og varemottak under Wessels plass, i samband med behov for auka ramme for totalprosjektet, jfr. kap. 41 Stortinget, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald.

1.2 Bakgrunn for prosjektet

1.2.1 Prinsens gate 26 og post- og varemottak

Prinsens gate 26 blei bygt i 1880–1881. I 1898–1899 blei det bygt på ein femte etasje, og bygget skifta karakter frå å ha tradisjonelt saltak til mansardtak og arker. Stortinget erverva bygget i 1972. Det blei då pussa opp og tilpassa Stortingets verksemd. Etter dette er det gjennomført fleire vedlikehaldsprosjekt og bygningsmessige tilpassingar, bl.a. i samband med samankoplinga til andre bygardar i stortingskvartalet.

I 2011 blei det utarbeidd planar for framtidig rehabilitering av Stortingets bygningar. Det blei klarlagt at stortingsbygningen, tilbygget mot Akersgata og Prinsens gate 26 trengte omfattande rehabilitering. Med bakgrunn i dette blei det i april 2011 utarbeidd ein overordna plan for rehabilitering av bygningane, og det blei sett i gang arbeid med å planleggje rehabilitering av Prinsens gate 26 som første prosjekt i planen.

Rehabilitering av Prinsens gate 26 var nødvendig av fleire grunnar. Bygget hadde eit stort behov for oppgradering av alle tekniske anlegg (ventilasjon, varme, kjøling, sanitæranlegg, elkraft, tele). Vidare hadde bygget ein svært mangelfull brannteknisk tilstand, og trebjelkelaga hadde til dels store deformasjonar. Bygget hadde også store skader frå svelling av alunskifer. Risikoanalysane som blei gjennomførte etter 22. juli-terroren i 2011, viste også at bygget hadde eit stort behov for å bli oppgradert sikringsmessig.

Det blei vurdert to alternativ for rehabiliteringa av Prinsens gate 26. Det eine alternativet var å halde på den innvendige strukturen som etasjeskilje og berekonstruksjonar. Det andre var å rive heile bygget innvendig og byggje eit nytt hus innanfor den eksisterande fasaden.

Bygget ligg i «område regulert for bevaring». Det inneber at det noverande eksteriøret ikkje skal endrast utan løyve frå antikvariske styresmakter. Medan prosjektet har vorte gjennomført, har det vore kontinuerleg dialog med Riksantikvaren om kva for element i bygget som skal vernast. Gjennom denne dialogen blei det vedteke at ein skal ta vare på fasaden og bl.a. trappeløpet til hovudtrappa.

Konklusjonen var at ein gjekk inn for å rive heile huset bak fasaden. Denne løysinga er den beste for å kunne å sikre bygget på den mest forsvarlege måten. Løysinga gjer det også mogleg å auke talet på arbeidsplassar frå ca. 100 til ca. 180 og gjev eit meir funksjonelt bygg tilpassa Stortingets behov.

Det var nødvendig å ta ut ei større mengd med alunskifer for å få ei permanent løysing på problemet med svelling. Dette gjorde det samtidig mogleg å få til en ny kjellaretasje som kunne nyttast til tekniske rom.

I oktober 2012 blei det vedteke å setje i gang å planleggje rehabilitering av Prinsens gate 26 basert på alternativet med å rive heile bygget med unntak av fasaden.

1.2.2 Sikkerheit og sårbarheit

Sommaren 2012 blei det sett i gang arbeid med ein fullstendig risikoanalyse knytt til alle sider av sikringa på og rundt Stortinget. Risikoanalysen blei utarbeidd i samarbeid med bl.a. Oslo politidistrikt, Nasjonalt tryggingsorgan, PST og Forsvarsbygg. Her blei det peika på at tilhøva rundt den eksisterande vareleveringa var sårbar, og det blei tilrådd at ein fekk til eit nytt post- og varemottak eller fann ei annan løysing som kunne syte for ein sikker kontroll av vareflyten inn til Stortinget.

Risikoanalysen peika òg på at det var sårbart at det mangla alternative utkøyringar frå garasjeanlegget. Med bakgrunn i dette blei det utarbeidd ein studie om moglege plasseringar av eit post- og varemottak og ny innkøyringstunnel til stortingsgarasjen på nedre del av Wessels plass.

I januar 2013 blei det vedteke å inkludere eit nytt post- og varemottak i forprosjektet for rehabilitering av Prinsens gate 26.

Det nye post- og varemottaket vil isolere varetrafikken frå persontrafikken til og frå garasjen, og gjer det mogleg å kontrollere varer og køyretøy på ein effektiv måte. Vidare vil sikringa i stortingskvartalet bli forbetra ved at tre vareinngangar i Nedre Vollgate kan fjernast.

Det blei utgreidd ulike alternative innkøyringar til det nytt post- og varemottaket. I samråd med Oslo kommune v/Plan- og bygningsetaten og Bymiljøetaten, gardeigarar i området og antikvariske styresmakter blei det vedteke å lage innkøyring frå Rådhusgata med tunnel i Nedre Vollgate. Forprosjekt blei utarbeidd, og økonomiske rammer for innkøyringstunnelen blei vedtekne i mai 2014.

1.2.3 Omlegging av kollektivtrafikken rundt Stortinget

Medan utgreiingsarbeidet vedr. Prinsens gate 26 gjekk føre seg, blei det klart at Oslo kommune planla ei større omlegging og oppgradering av kollektivtraseane i sentrum, noko som bl.a. ville innebere at heile Prinsens gate og delar av Wessels plass skulle gravast opp for å få lagt dobbelt trikkespor. Med tanke på ein framtidig situasjon der stortingskvartalet ville få kollektivtrafikk på alle sider, såg ein det som tilrådeleg å få gjennomført viktige byggeprosjekt før denne kollektivomlegginga.

1.3 Rammer for prosjektet

1.3.1 Organisering

Då det blei vedteke å setje i verk planlegginga av bygget i oktober 2012, blei det utlyst ein konkurranse i arkitekt- og rådgivingstenester. I konkurransen blei det lagt vekt på at tilbydarane hadde god kompetanse på å gjennomføre kompliserte rehabiliteringsprosjekt. I tillegg til teknisk rådgjeving skulle kontraktspartnaren (prosjekteringsgruppa) også bistå prosjektleiinga til byggherren med kompetanse innanfor planlegging og gjennomføring av det nemnde byggeprosjektet.

Prosjektet blir styrt frå Stortingets side av eit prosjektråd som tek stilling til alle større styringsmessige spørsmål i prosjektet.

1.3.2 Kostnadsrammer

I forprosjektet for Prinsens gate 26 og post- og varemottak utarbeidde prosjekteringsgruppa kostnadsestimat for prosjektet. Det blei gjennomført ei usikkerheitsanalyse av kostnadsestimata med støtte frå Det Norske Veritas. Resultatet av usikkerheitsanalysen la grunnlaget for kostnadsrammene for gjennomføringa. Kostnadsramma for Prinsens gate 26 og post- og varemottaket blei godkjent i mai 2013. Samtidig blei det lagt fram eit kostnadsestimat for innkøyringa til post- og varemottaket då den endelege løysinga ikkje var avgjort på dette tidspunkt.

Hausten 2013 blei konkurransegrunnlaget for entreprisen utarbeidd. Tilbod på arbeida blei motteke våren 2014. Det viste seg då at kostnadene låg vesentleg over dei budsjetta som prosjekteringsgruppa hadde utarbeidd i forprosjektet. Prosjektet var derfor ikkje realiserbart innanfor dei økonomiske rammene som var fastlagte i mai 2013. På grunnlag av dei innkomne tilboda blei kostnadsoverslaget justert. Forslag til nye kostnadsrammer blei lagt fram og godkjent.

I samband med dette blei det også lagt fram forslag til moglege kostnadsreduserande tiltak. Felles for desse tiltaka var at dei gav etter måten liten innsparing. Samtidig blei dei vurderte til å ta bort viktige gevinstar av prosjektet. Spesielt galdt dette bygningsmessige tiltak som var tekne med som følgje av tryggingsmessige krav.

Vinteren og våren 2014 blei det utarbeidd forprosjekt for innkøyringstunnelen. Det blei gjennomført ein ny usikkerheitsanalyse av kostnadsestimata før ein la fram forslag til kostnadsrammer.

I mai 2014 godkjente ein ei kostnadsramme for Prinsens gate 26, post- og varemottaket og innkøyringstunnel på 1 137 mill. kroner (2014-priser). På grunnlag av dette blei det inngått kontrakt med entreprenør for Prinsens gate 26 og post- og varemottak.

Relativt kort tid etter at entreprenøren starta arbeida sommaren 2014, kom det fram omfattande manglar ved den framstillinga som prosjekteringsgruppa hadde utarbeidd, og som kontrakten med entreprenøren var basert på. Dei mest vesentlege manglane som kom fram, var førebuande arbeid med å leggje om tekniske anlegg i grunnen og mellombels stålavstiving av fasaden. Manglane har hatt store økonomiske og framdriftsmessige konsekvensar. Våren 2015 blei det derfor gjort ei ny gjennomgang av budsjetta for Prinsens gate 26 og post- og varemottak, og ein gjorde nye usikkerheitsanalysar.

Det viste seg òg at innkomne tilbod på innkøyringstunnelen låg vesentleg over kostnadsestimata som var utarbeidde som ein del av forprosjektrapporten. Budsjetta blei derfor reviderte, og nye usikkerheitsanalysar blei gjennomførte også for innkøyringstunnelen.

Samtidig med at det kom fram store avvik i entreprisekostnader, varsla prosjekteringsgruppa om ein vesentleg kostnadsauke for prosjekteringsarbeida sine.

Med bakgrunn i budsjettgjennomgangane og usikkerheitsanalysane blei det i juni 2015 vedteke ny kostnadsramme for prosjektet på 1 442 mill. kroner (2015-priser). Kostnadsramma blei lagt fram i budsjettproposisjonen for 2016.

1.3.3 Nye kostnadsrammer

Under arbeidet med budsjettet for 2017 er det utarbeidd nye kostnadsrammer for prosjektet. Det er behov for å auke kostnadsramma til inntil 1 800 mill. kroner (2016-priser).

Hovudårsaka til auken er at det stadig er omfattande manglar i framstillinga som prosjekteringsgruppa utarbeidde før ein inngjekk kontrakt med entreprenøren, og manglar ved leveransane til prosjekteringsgruppa som følgje av det.

Hausten 2015 blei det gjennomført ein ekstern og uavhengig revisjon av kvalitetssikringssystemet til prosjekteringsgruppa. Gjennomgangen stadfesta at det var svikt i kvalitetssikringa.

Prosjektet har sidan juni 2015 kome i ein situasjon der Stortinget som byggherre ikkje kan påleggje entreprenøren å gjennomføre endringar til einingsprisane i kontrakten. Dette kjem av at omfanget av endringane er så stort at det ikkje er dekt av forpliktingane i kontrakten (endringane er på meir enn 15 pst. av kontraktssummen). Det er derfor inngått ei ny tilleggsavtale med entreprenøren med nye vilkår for endringsarbeida som står att. Dette gjeld også ekstra kostnader ved at byggjetid blir forlenga.

Resultata av usikkerheitsanalysane som blei gjennomførte våren 2016, viser at det framleis er usikre sider ved prosjektet.

På bakgrunn av dei omfattande feil og manglar som er avdekka i prosjekteringsgruppas arbeid, blir det vurdert korleis Stortinget kan få dekka sine krav og rettigheiter etter kontrakten.

Til forsida