Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 3
Andre saker

6 Likestilling og mangfald

Nedanfor kjem ei oversikt over stoda i arbeidet med likestilling og mangfald på Finansdepartementets område. Som nemnt i pkt. 1.1 i del I omfattar denne proposisjonen av praktiske grunnar òg programkategori 00.30 Regjering, som Statsministerens kontor har ansvaret for. Difor er likestillingsstoda for denne programkategorien òg teken med.

Budsjettkapitla på området til Finansdepartementet gjeld for det aller meste administrasjon og statens gjeld og krav. Disponeringa av desse løyvingane har lite å seie for kjønns- og likestillingstilhøve. Departementet sitt arbeid med til dømes skatte-, avgifts- og pensjonsspørsmål har i nokre tilfelle følgjer for likestillinga. Det same gjeld personalpolitikken til departementet og dei underliggjande etatane.

6.1 Finansdepartementet

Kvinner utgjorde 45 pst. av dei tilsette ved utgangen av 2015. Blant leiarane var talet 33 pst. Av seniorsaksbehandlarane var 39 pst. kvinner, og av juniorsaksbehandlarane var 68 pst. kvinner. 48 pst. av juristane og 37 pst. av økonomane var kvinner.

Kvinneleg avdelingsdirektørar tener i snitt 98,2 pst. av det mannlege gjer. Kvinnelege seniorrådgjevarar har 98 pst. og kvinnelige rådgjevarar 101,4 pst. av den løna som menn har.

Det følgjer av tilsettingspolitikken at Finansdepartementet skal leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan bruke kompetansen sin og røynsla si.

Ved utgangen av 2015 hadde om lag 4 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn. Talet på søkjarar med innvandrarbakgrunn var 14 pst. i 2015, dvs. noko lågare enn gjennomsnittet på 15 pst. for dei førre fem åra.

Sjukefråværet har vore lågt i mange år og er no på det lågaste sidan departementet vart IA-verksemd i 2003. Det legemeldte sjukefråværet var 1,7 pst. for båe kjønn, 2,3 pst. for kvinner og 1,2 pst. for menn.

6.2 Etatane under Finansdepartementet

6.2.1 Likestilling

Tabellen under gjev ei oversikt over prosentdelen kvinner og prosentdelen kvinnelege leiarar per 1. oktober 2015 i verksemdene under Finansdepartementet. Tal i parentes er frå 2014.

Tabell 6.1 Likestilling mellom kjønna

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Tilsette

6 3741 (6 080)

1 930 (1 920)

904 (909)

363 (371)

264 (273)

Prosentdelar:

Kvinner i etaten

62 (62)

48 (48)

51 (51)

62 (61)

53 (53)

Kvinnelege leiarar, heile etaten

55 (52)

38 (35)

51 (47)

50 (59)

57 (52)

Kvinnelege leiarar region, direktorat og avdeling nivå 2

37 (42)

20 (31)

40 (36)

33 (50)

60 (50)

Kvinnelege leiarar nivå 3

60 (52)

49 (46)

54 (50)

54 (61)

56 (53)

Kvinnelege leiarar nivå 4

55 (54)

35 (30)

1 Statens innkrevjingssentral med 365 tilsette vart ein del av Skatteetaten 1.1.2015.

Tabellen under syner at med nokre unntak hadde kvinnene i gjennomsnitt lågare løn enn sine mannlege kollegaer.

Tabell 6.2 Kvinner sin del av løna til menn på nokre nivå1

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Prosentdelar:

Leiar nivå 2

99,5

107,5

97,2

92

100,7

Leiar nivå 3

90,2

100,9

100,1

102

95,8

Leiar nivå 4

98,4

90,9

Rådgjevar, senior

94,5

98,5

99,0

100

95.4

Rådgjevar

87,8

93,2

99,5

93

98,2

1 Pga. endra kodebruk og overgang til a-ordninga finnast ikkje gode nok samanliknbare 2014-tal.

Det legemeldte sjukefråværet har gått ned i etatane frå 2014 og 2015. Tabellen nedanfor syner tal for legemeldt sjukefråvær for 2015 for båe kjønn, kvinner og menn.

Tabell 6.3 Legemeldt sjukefråvær i pst. – båe kjønn, kvinner og menn

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Båe kjønn

4,6

4,4

3,4

3,4

2,4

Kvinner

5,8

6,1

4,6

4,8

3,8

Menn

2,7

3,1

2,1

1,2

1,1

Nokre tiltak

I Skatteetaten har prosentdelen kvinnelege leiarar gått opp med 3 prosentpoeng sidan 2014. I «Plan for likestilling og mangfald 2015–2018» har etaten som mål: «- likeverd, likestilling og mangfald skal vere ein del av etaten sin organisasjonskultur». Målet vert støtta av delmål for dei ulike diskrimineringsgrunnlaga og tiltak.

I Tolletaten har prosentdelen kvinnelege leiarar gått opp med 3 prosentpoeng sidan 2014. På nivå 2 har prosentdelen gått ned fordi nyrekrutterte leiarar er menn. Majoriteten av søkjarane på høgare leiarstillingar er menn, men etaten har ei jamn kjønnsfordeling på dei som vert kalla inn til intervju. På lågare leiarnivå har kvinnedelen auka. Det er òg større gjennomtrekk blant leiarane i direktoratet, og fleire blir rekrutterte eksternt. Etaten arbeider kontinuerleg med å sikre likebehandling og auke prosentdelen kvinnelege leiarar. Kvinner blir oppmoda om å søkje leiarstillingar internt, og kvinnelege tilsette som ynskjer det, vert oppmoda til å tileigne seg leiarkompetanse både internt og eksternt.

6.2.2 Nedsett funksjonsevne (inkluderande arbeidsliv)

Alle etatane i departementsområdet er IA-verksemder og har plikt til å leggje til rette for at tilsette med varig eller mellombels nedsett funksjonsevne kan vere i arbeid. Etatane har innarbeidd statleg praksis om innkalling av søkjarar som opplys om funksjonsnedsetting.

Nokre tiltak

Skatteetaten viste Mangfaldsfilmen på ulike arrangement og leiarsamlingar i 2015. Målet med filmen er å auke bevisstgjeringa om verdien av ein mangfaldig arbeidsplass. Av dei som vart rekrutterte i 2015, har fire personar oppgjeve at dei har nedsett funksjonsevne. Dette er ein auke på tre personar frå 2014. Som eit tiltak for å auke delen av tilsette med nedsett funksjonsevne, deltek etaten i statens trainee-program for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne.

Tolletaten har utarbeidd standardiserte verktøy og metodar for utveljing for å sikre likebehandling og for å nå personar med nedsett funksjonsevne. Svært få søkjarar opplyser om funksjonsnedsetting. Etaten har i stor grad klart å halde på tilsette med nedsett funksjonsevne gjennom tilpassa turnus, fleksibel arbeidstid, tilrettelegging av arbeidsoppgåver og fysisk tilpassing av arbeidsplassen.

Statistisk sentralbyrå har via Arbeids- og velferdsetaten motteke og lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Direktoratet for økonomistyring har mål om at det alltid skal vere tilsette med nedsett funksjonsevne i sentraleininga og ved kvar kontorstad.

Finanstilsynet legg vekt på å leggje til rette forholda slik at tilsette som har eller får nedsett funksjonsevne, kan fortsetje i vere i arbeid, til dømes i deltidsstillingar og/eller gjennom endra arbeidsoppgåver. Det er fleire medarbeidarar som har redusert stilling i kombinasjon med delvis uførepensjon, og tilsynet legg vekt på individuelle tiltak for å behalde desse i arbeid. Finanstilsynet bruker tiltak som mellom anna tilskot til løn og IA-praksisplass.

6.2.3 Etnisitet

Tabellen under syner prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i statleg tariffområde, departementsområdet og etatane. Tala er frå 2015, med 2014-tal i parentes.

Tabell 6.4 Tilsette med innvandrarbakgrunn

Prosentdeler

Skatteetaten

Tolletaten

SSB

DFØ

Finanstilsynet

Heile dep.omr.

Statleg tariffomr.

I alt

7,5 (7,1)

5,9 (5,4)

12,2 (11,2)

10,9 (9,6)

6,5 (6,4)

7,5 (7,1)

10,2 (9,4)

– Frå landgruppe 11

2,8 (2,6)

2,5 (2,4)

3,7 (4,0)

3,3 (3,4)

2,2 (2,1)

2,7 (2,6)

5,3 (4,8)

– Frå landgruppe 22

4,7 (4.5)

3,4 (3,0)

8,5 (7.2)

7,7 (6,3)

4,3 (4.3)

4,8 (4,5)

4,9 (4,6)

1 EU/EFTA-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand

2 Resten av verda

Nokre tiltak

Alle etatane har innarbeidd statleg praksis om innkalling av minst ein kvalifisert søkjar med innvandrarbakgrunn til jobbintervju. Fleire av etatane deltek òg i mangfaldsnettverk.

Statistisk sentralbyrå har gjennom mange år rekruttert tilsette med innvandrarbakgrunn som har høgare utdanning, og denne medarbeidargruppa har ståande tilbod om norskundervisning.

Skatteetaten har som mål at delen av tilsette med innvandrarbakgrunn skal speile befolkninga lokalt. I 2015 er det gjennomført fleire mangfaldsdagar i dei ulike driftseiningane med formål å syne verdien av eit mangfaldig arbeidsmiljø og auke kompetansen knytt til mangfaldsrekruttering og mangfaldsleiing. I Skatteopplysningen er det gjennomført eit mangfaldsprogram for å sikre at etatens fyrstelineteneste har god nok fleirkulturell kompetanse til å kunne møte og rådgje personar med innvandrarbakgrunn på ein god måte.

Tiltak for å hindre diskriminering

På overordna nivå skal alle verksemder leggje til rette for at ingen vert diskriminerte, jamfør òg krava i diskrimineringslovane. Kvar arbeidsplass skal òg leggje forholda til rette for eit godt arbeidsmiljø som inkluderer alle.

6.3 Programkategori 00.30 Regjering

Statsministerens kontor

Statsministerens kontor har som mål å fremje likestilling og mangfald gjennom personalpolitikken. Kontoret legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit til utvikling i oppgåver og kompetanse, og dermed same høve til lønsutvikling.

Tilstandsrapport kjønn

Tala i tilstandsrapporten er per 1. oktober 2015. For at det ikkje skal vere mogleg å identifisere enkeltmedarbeidarar, er opplysningar om deltid og foreldrepermisjon ikkje spesifisert i stillingskategoriar.

Fordeling tilsette i %

Kvinner sin del av løna til menn i %

Menn

Kvinner

Alle tilsette

58

42

104

Toppleiing

33

67

104

Adm. leiargruppe

71

29

107

Seniorrådgjevarar

73

27

101

Andre saksbehandlarar o.a.

34

66

91

Sjåførar

84

16

99

Målet er å halde på den jamne kjønnsfordelinga blant dei tilsette ved kontoret. Fordelinga kan verte betre i enkelte grupper, som sjåførgruppa og gruppa andre saksbehandlarar og støttefunksjonar. I sekretærgruppa var det 11 kvinner og ein mann, og i sjåførgruppa var det 16 menn og tre kvinner.

I 2015 var samla sjukefråvær 1,4 pst. – 0,4 pst. for menn og 2,4 pst. for kvinner.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Funksjonshemma og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje ledige stillingar ved kontoret. Dersom det finst kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, vert minst ein søkjar kalla inn til intervju.

Statsministerens kontor er IA-verksemd. Kontoret legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr, arbeidsoppgåver og arbeidstid for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne eller for andre med behov for særskild tilrettelegging, for eksempel på grunn av sjukdom, operasjonar, graviditet eller omsorgsoppgåver.

Kontoret ynskjer å leggje til rette for gode arbeidsvilkår for ulike fasar i livet. I IA-avtalen er det teke inn fleire tiltak for å førebyggje tidleg avgang frå arbeidslivet. Dette omfattar både haldningsskapande arbeid og andre generelle seniorpolitiske tiltak. For tilsette over 60 år vert det i medarbeidarsamtalen kartlagt eventuelle ynskjer om endra arbeidsoppgåver, tilrettelegging av arbeidssituasjonen og andre tiltak som kan styrkje moglegheita for å stå lenge i stillinga.

Arbeidsmiljøutvalet har ein årleg gjennomgang av likestillingssituasjonen i dei ulike stillingsgruppene ved kontoret.

Det vert med jamne mellomrom gjennomført undersøkingar av arbeidsmiljøet.

Regjeringsadvokaten

Regjeringsadvokaten har ein likestillingsplan med mål som skal hindre forskjellsbehandling på grunn av kjønn innanfor område som bemanning, leiing, faglege utfordringar, løn, tilrettelegging for omsorgsplikter m.m. Embetet legg vekt på å gje kvinner og menn same moglegheit for utvikling gjennom oppgåver og kompetansetiltak.

Tilstandsrapport kjønn

Alle tal i tilstandsrapporten er frå 1. oktober 2015. Tre av sju medlemer i leiargruppa var kvinner. Kvinnene utgjorde 41,5 pst. av advokatane ved embetet, og 85,7 pst. av dei administrativt tilsette. Alle advokatane arbeidde i 100 pst. stilling. Gjennomsnittsløna for kvinnelege advokatar (inkludert leiarar og vikarar) utgjer 90,6 pst. av løna til menn. Differansen heng saman med den aldersmessige samansetjinga av kjønnsgruppene og at advokatane får eit betydeleg lønshopp når dei får møterett for Høgsterett. Tildeling av prøvesaker for Høgsterett følgjer i stor grad ansienniteten og vil såleis alltid skje på kjønnsnøytrale premiss.

Det samla legemelde sjukefråveret i 2015 var 2,4 pst. for embetet. Sjukefråveret for menn var 0,4 pst. og 4,3 pst. for kvinner.

Tiltak for å fremje likestilling og mangfald

Ved utlysing av stillingar i dei gruppene der det er skeiv kjønnsfordeling, vert det underrepresenterte kjønnet oppmoda til å søkje. I alle kunngjeringar som gjeld administrative stillingar, er det gitt uttrykk for målet om å rekruttere fleire med innvandrarbakgrunn. Regjeringsadvokaten kallar som hovudregel inn minst ein søkjar, som regel fleire, med innvandrarbakgrunn til intervju. Tilsvarande gjeld dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne.

Regjeringsadvokaten er ei IA-verksemd og legg vekt på å tilpasse den fysiske arbeidsplassen, utstyr og arbeidsoppgåver for medarbeidarane. Embetet tilbyr arbeidsplassvurdering til alle tilsette og gir moglegheit til trening. For dei som har minimum fem år til fyrste moglege avgangstidspunkt, vert det lagt opp til ein seniorsamtale. Formålet er å diskutere framtidsutsikter og kva moglegheiter arbeidsgjevar har til å foreslå utfordrande oppgåver og kompetansehevande tiltak som kan gjera det attraktivt å stå lenger i stillinga. For at dei eldre skal stå lengre i stillinga har embetet innført betre ordningar for seniorar.

7 Omtale av klima- og miljørelevante saker

7.1 Finansdepartementet

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle sektorar i samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla. I Prop. 1 S (2015–2016) for Klima- og miljødepartementet finst ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker for regjeringa.

Berekraftig utvikling

Finansdepartementet har eit sektorovergripande ansvar for å leggje grunnlaget for effektiv ressursforvalting. I arbeidet med den økonomiske politikken skal Finansdepartementet medverke til at den økonomiske utviklinga skjer på eit miljømessig forsvarleg grunnlag.

Sektorovergripande klima- og miljøverkemiddel

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for innretting av avgifter i miljøpolitikken. Saman med omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar, er avgifter dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gjev tildriv til å minke utsleppa der det er billegast, og sikrar at forureinarane betaler. Difor vert det lagt stor vekt på miljørelaterte avgifter.

Det har vore ei klar dreiing i retning av grøne skattar. Miljø- og energirelaterte avgifter er auka med om lag 4,6 mrd. kroner frå 2013 til 2016.

Regjeringa fremjar forslag om eit grønt skatteskift som del av oppfølginga av Grøn skattekommisjon. Forslaget inneber auka avgifter på utslepp av klimagassar og bruk av drivstoff. Avgiftsaukane vert motsvarte av sektorvis reduksjon av andre skattar og avgifter og direkte kompensasjonar. Bilistar og transportørar feng lågare årsavgift, reduserte bompengar, auka reisefrådrag og auka satsar for avskriving. Denne omlegginga forsterkar klimaforliket og reduserer utslepp av klimagassar. Med dette følgjer regjeringa opp oppmodingsvedtaket om eit grønt skatteskift frå behandlinga av 2016-budsjettet i Stortinget.

I tillegg foreslår Regjeringa auka vegbruksavgift på LPG og auka omsetningskrav for biodrivstoff. Eingongsavgifta for kjøretøy vert lagt vidare om i miljøvennleg retning. Det inneber auka CO2- og NOX-komponent, lågare vektkomponent og fjerning av effektkomponenten. Desse forslaga følgjer opp forliket om 2016-budsjettet. For ein nærare omtale av forslaga, sjå Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017, kap. 10, og om oppfølginga av Grøn skattekommisjon i kap. 26.

7.2 Statistisk sentralbyrå

Statistikk over utslepp til luft er eit prioritert område. Statistikken over utsleppa av klimagassar er mellom anna knytt til oppfølginga av Kyoto-protokollen og til ei ny forordning om miljørekneskapar i Eurostat. Statistikken over langtransportert forureining er mest knytt til oppfølginga av Gøteborg-protokollen. I tillegg til dei krava som Kyoto-protokollen set, vert det no teke med tal for utslepp frå internasjonal luft- og sjøfart og opptak av CO2 i skog. Utviklinga av statistikk over verkemiddelbruk, m.a. avgifter og utsleppskvotar, skal halde fram. Statistikk over avfall og attvinning skal dekkje både rapporteringskrav frå EU som føljer av statistikkforordninga og nasjonale behov. Statistikken over reinsing og utslepp av kommunalt avløpsvatn vert utvikla vidare. SSB følgjer òg opp statistikkforordninga om materialrekneskapar. SSB skal oppdatere og publisere arealstatistikken for Noreg (arealbruk og arealressursar) og andre meir analyseprega temastatistikkar om areal. Ein tek sikte på å etablere gode formidlingskanalar for arealrekneskap og endringar i denne. SSB skal vidareføre viktige statistikkar, basert på rapportering i KOSTRA, over kommunal og fylkeskommunal miljøforvalting. Dessutan kjem SSB til å arbeide vidare med statistikk over støyforureining. Etterspurnaden etter miljøstatistikk til internasjonale publikasjonar og indikatorsystem, særleg i EU og OECD, er aukande. Frå 2013 vart ei ny EUforordning for miljørekneskapar sett i kraft, og tal for næringsfordelte utslepp etter nasjonalrekneskapsstandarden (NAMEA), miljørelaterte skattar og rekneskapar for materialstraumar (EW-MFA) vert rapporterte. Nye internasjonale rapporteringar til Eurostat over miljøvernutgifter (EPEA), miljørelaterte varer og tenester (miljønæringar – EGSS) og næringsfordelt energibruk etter standarden for nasjonalrekneskap som følgjer av NAMEA, skal skje frå 2017. Innafor forskingsverksemda i SSB på miljø- og klimafeltet er det fleire store analyseprosjekter i gang knytt til energimarknadstrendar, klimapolitisk utvikling og utnytting av naturressursar. I desse nyttar ein økonomiske analysemodeller av norsk, europeisk og global økonomi. I prosjekt om økosystemtenester, naturressursverdiar og energiforbruk bidrar forskinga til statistikkarbeidet på feltet. Forskarane arrangerer og deltar i aktivitetar overfor norske brukarar i forvaltninga, nærings- og organisasjonslivet, allmennheita, samt nasjonale og internasjonale samarbeidspartnare, mellom anna gjennom det samfunnsfaglege senteret for energiforsking, CREE, som miljø- og energiforskarane i SSB er ein del av.

7.3 Avsetning til tapsfond for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken

Sida 1997 har Finansdepartementet hatt fullmakt til å gje garanti for miljølåneordninga i Den nordiske investeringsbanken. I åra 1998–2004 vart det gjennom løyvingar på statsbudsjettet bygt opp eit tapsfond på 45 mill. kroner til dekking av eventuelle tap. Som følgje av tap i 2014 og varsla, ytterlegare tap, er det for 2015 og 2016 løyvd 20 mill. kroner til tapsfondet. Fondet vert i 2014 belasta med vel 33,1 mill. kroner og i 2016 med vel 27,6 mill. kroner. Også for 2017 vert det gjort framlegg om 20 mill. kroner til fondet for å byggje dette opp igjen.

Til forsida