Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskap gir moglegheiter

Regjeringa har høge ambisjonar for Noreg som kunnskapsnasjon. Kunnskap er fundamentet for moglegheitene for den einskilde og for utviklinga av samfunnet. Høg kvalitet i alle ledd frå barnehage og skole til høgre utdanning og forsking gir kompetente arbeidstakarar og gode føresetnader for nyskaping, verdiskaping og velferd. Kunnskap er avgjerande for å møte vår tids store samfunnsutfordringar. Sundvolden-erklæringa viser dei ambisjonane regjeringa har for auka kvalitet i alle ledda i læringskjeda.

Kunnskapsdepartementet arbeider etter tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

  • kompetanse som trengst i dag og i framtida

  • kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Dei tre måla utgjer mandatet og samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. Måla rettar seg mot samfunnseffektane av barnehage, opplæring og høgre utdanning og forsking. Samtidig er moglegheitene for kvar einskild til eit godt liv i kunnskapssamfunnet no og i framtida det viktigaste for regjeringa.

Utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

Regjeringa vil realisere eit inkluderande kunnskapssamfunn der mangfald og samhald er kjennemerke. Utdanningsinstitusjonane våre er gode fellesarenaer for utvikling av kvar einskild i tråd med den felles kulturarva vår, dei felles verdiane våre og demokratiske prinsipp. Deltaking i barnehage, skole, læreverksemder og høgre utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet, demokratisk forståing og medverknad. Sosial deltaking og samarbeid er, saman med fagleg læring, avgjerande for å lykkast i yrkeslivet og for å kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Den danninga og utdanninga vi gir skal bidra til at individa kan forme si eiga framtid basert på evner, innsats og interesser.

Arbeidet med å skape det inkluderande kunnskapssamfunnet må starte tidleg, og regjeringa prioriterer derfor å løfte kvaliteten i barnehagesektoren. Ein god barndom og eit barnehagetilbod av høg kvalitet legg grunnlaget for positiv utvikling for barna. Alle barnehagebarn skal ha trygge rammer for utvikling og læring i gode barnehagar med nok tilsette med høveleg fagkompetanse. Eit hovudfunn i barnehageforskinga er at kompetansen til personalet er den viktigaste enkeltfaktoren for at barn skal trivast og utvikle seg i barnehagen. Hovudutfordringa i barnehagesektoren er den store variasjonen i kvaliteten på tilbodet, særleg når det gjeld kompetanse. I dei ti pst. av barnehagane som har høgst pedagogdekning, er det færre enn elleve barn per barnehagelærar mot meir enn 24 barn per barnehagelærar i dei ti pst. av barnehagane som har lågast pedagogdekning. Det manglar om lag 3 700 barnehagelærarar for å oppfylle lovkrava om godkjend utdanning for styrarar og pedagogiske leiarar. Regjeringa vil derfor heve kvaliteten gjennom å auke satsinga på etter- og vidareutdanning av dei tilsette.

Skolen skal vere ein trygg arena for læring og meistring. Regjeringa vil sikre alle elevane eit godt læringsmiljø gjennom kontinuerleg arbeid for å førebyggje og kjempe mot mobbing. 18. mars 2015 la Djupedalutvalet fram NOU 2015: 2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø. Utvalet fekk i oppdrag å vurdere kva som må til for å betre skolemiljøet og redusere mobbinga. Utvalet meiner det er behov for ei rekkje større endringar i regelverket og ei storskala kompetanseheving i sektoren for å møte dei største utfordringane. Regjeringa vil vurdere grundig desse og andre tiltak, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte med forslag til oppfølging. Foreldre og barn skal oppleve at det nyttar å seie frå.

Noreg har ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor med lærestader over heile landet, og tilbod om fagskoleutdanning i alle fylka. Saman med offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir dette god tilgang til høgre utdanning og fagskoleutdanning. Høgre utdanning skal gi den einskilde høve til ny erkjenning og danning og gi betre føresetnader for å delta i samfunns- og arbeidsliv. I dei siste ti åra har norske universitet og høgskolar handtert ein kraftig vekst i talet på studentar og høge forventningar til forsking og utviklingsarbeid. Sektoren har handtert auken i studentar og stipendiatar godt og har hatt monaleg auke i publisering. Trass i positiv utvikling på fleire område tyder ulike evalueringar og indikatorar på at det er nødvendig å arbeide meir med kvaliteten i utdanningane og forskings- og utviklingsaktivitetane. Regjeringa meiner det er nødvendig med ein mindre fragmentert sektor med meir målretta bruk av ressursane til forsking og utdanning for å auke kvaliteten, og ho la derfor våren 2015 fram Meld. St. 18 (2014–2015) Konsentrasjon for kvalitet. I Innst. 348 S (2014–2015) slutta Stortinget seg til måla i meldinga og viser til brei semje om at meir robuste fagmiljø vil styrkje sektoren samla sett. Som oppfølging av stortingsmeldinga vil fleire universitet og høgskolar bli slåtte saman i 2016.

Kompetanse som trengst i dag og i framtida

I framtida vil vi vere avhengige av at arbeidstakarar og samfunnsborgarar høyrer til og forstår det samfunnet vi har og det samfunnet vi skal forme for framtida. Skolen som arena for danning og utdanning betyr mykje for moglegheitene til den einskilde og for utviklinga av samfunnet. Dei investeringane i kunnskap som vi gjer i dag, formar arbeids- og næringslivet i framtida. Satsing på kunnskap og kompetanse gjer arbeidsplassane tryggare, aukar velferda og medverkar til at vi får løyst samfunnsutfordringar. Regjeringa vil derfor investere i utdanning og kompetanseheving.

Hausten 2013 publiserte Statistisk sentralbyrå (SSB) nye framskrivingar av etterspurnaden etter arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn. Rapporten viser at medan 58 pst. av dei sysselsette i 1972 hadde grunnskole som høgste fullførte utdanning, hadde denne delen falle til 22 pst. i 2010, jf. figuren nedanfor. Denne gruppa omfattar òg personar med uoppgitt utdanning, og storleiken på gruppa blir derfor påverka av innvandringa. Utviklinga med fallande etterspurnad i arbeidslivet etter dei som berre har grunnskoleutdanning, er venta å halde fram.

Figur 1.1 Sysselsetjing etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figur 1.1 Sysselsetjing etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Etter 2010 viser figuren framskrivingar av etterspurnaden etter arbeidskraft (fordelt etter utdanningsnivå)

Kjelde: SSB

Hausten 2014 kom nye framskrivingar frå SSB av tilbodet av arbeidskraft etter utdanningsbakgrunn fram mot 2030. Når ein ser framskrivingane av etterspurnad og tilbod i samanheng, tyder dei på at etterspurnaden etter arbeidskraft med vidaregåande fagutdanning vil vekse raskare enn tilbodet. Vidare tyder framskrivingane på at etterspurnaden etter lærar- og pleie- og omsorgsutdanna arbeidskraft vil bli større enn tilbodet. Tilbodet ser ut til å auke meir enn etterspurnaden særleg for høgre utdanning innanfor økonomi og administrasjon, men òg for høgre utdanning i humanistiske og estetiske fag og samfunnsvitskaplege fag.

Det norske samfunnet er prega av høg deltaking i arbeidslivet, låg arbeidsløyse og gode dugleikar i befolkninga. Samtidig er det ein monaleg del av befolkninga som står utanfor eller står i fare for å falle utanfor arbeidslivet. Dette er særleg personar med lite formell utdanning og med svake grunnleggjande dugleikar, og vegen inn att i arbeidslivet kan ofte vere krevjande. Ved å leggje til rette for at fleire vaksne kan halde ved like og tileigne seg ny kunnskap gjennom utdanning og opplæring, vil ein både handtere kompetansebehova i arbeidslivet og medverke til at fleire eldre arbeidstakarar kan stå lenger i arbeid.

Det er vesentleg at skolen er i stand til å gi barn og unge det kompetansegrunnlaget som framtidig samfunns- og arbeidsliv vil krevje, og eit godt utgangspunkt for å meistre eige liv. Ludvigsenutvalet leverte utgreiinga, NOU 2015: 8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser 15. juni 2015. I tråd med mandatet har utvalet vurdert kva for kompetanse elevane vil ha bruk for i framtida. Utvalet foreslår å utvikle Kunnskapsløftet vidare ved ei fornying av innhaldet i faga, mellom anna slik at læreplanane legg betre til rette for djupnelæring og progresjon. Utgreiinga er send ut til brei høyring med frist 15. oktober 2015. Departementet vil deretter vurdere forslaga i rapporten grundig.

Det er vesentleg at det blir rekruttert nok elevar til dei utdanningane samfunnet treng, og at fråfallet frå desse utdanningane blir redusert. Fråfall frå eit utdanningsløp er såleis ikkje berre eit stort problem for den einskilde, men òg for samfunnet, jf. NOU 2015: 1 Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd. Fråfallet er spesielt høgt innanfor yrkesfaga i vidaregåande opplæring. SSB peiker på den svake gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa som ei forklaring på den udekte etterspurnaden etter slik kompetanse. Regjeringa styrkjer fag- og yrkesopplæringa gjennom Yrkesfagløftet. Viktige tiltak er å arbeide for at fleire får læreplass, og for at skole og arbeidsliv blir knytte betre saman. Auka satsing på fagskoleutdanning er òg ein viktig del av Yrkesfagløftet, og regjeringa vil i 2016 leggje fram ei stortingsmelding om fagskolefeltet. Regjeringa vil leggje til rette for alternative opplæringsløp fram mot fag- eller sveinebrev og gode overgangar til fagskoleutdanning og høgre utdanning.

Resultat frå internasjonale undersøkingar syner at mange norske elevar har for svak kompetanse på sentrale område. Ein nøkkel til å heve kunnskapsnivået til elevane er å satse på kompetansen til lærarane. Vi har allereie mange gode lærarar i Noreg, men gode lærarar kan bli enda betre, og dei treng fagleg påfyll undervegs i lærargjerninga. Regjeringa gjennomfører derfor eit lærarløft gjennom mellom anna å gi eit utvida tilbod om etter- og vidareutdanning. Faga matematikk, engelsk og norsk har fått særleg prioritet. Parallelt med det vil regjeringa òg styrkje lærarutdanninga slik at ho trekkjer til seg fleire høgt kvalifiserte og motiverte studentar som representerer mangfaldet i befolkninga. Regjeringa innfører hausten 2017 femårig grunnskolelærarutdanning på mastergradsnivå, og samstundes skal opptakskrava til lærarutdanninga bli strengare frå 2016.

Stadig fleire søkjer seg til høgre utdanning. Talet på uteksaminerte kandidatar var over 41 000 i 2014. Dette er ein auke på nær 38 pst. i dei siste ti åra. Arbeidslivet har behov for dyktige arbeidstakarar med rett kompetanse. Det er derfor viktig å sikre at studietilboda har god kvalitet og er relevante for arbeidslivet. Institusjonane må derfor ha god kvalitet innanfor forsking og utdanning og ha høge ambisjonar på vegner av studentane. Rapportar og evalueringar tyder på at universitets- og høgskolesektoren framleis har utfordringar med fråfall og gjennomføring, og at det er store forskjellar i karakterpraksis mellom institusjonar og mellom fag. Det er behov for meir innovative og studentaktiviserande læringsformer og tilstrekkeleg oppfølging og rettleiing av studentar. Resultata frå Studiebarometeret 2015 tyder på at mange studium har for låge faglege ambisjonar og at for mange studentar bruker for lite tid på studium. Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning som vil bli lagd fram i 2017. Siktemålet med meldinga er mellom anna å styrkje kvaliteten på utdanningar og stimulere til at det blir utvikla fleire framifrå utdanningar.

Kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Kunnskap og evnen til å ta i bruk kunnskap er den viktigaste konkurransefaktoren vi har. Forsking og utdanning påverkar økonomien ved å heve kvaliteten på arbeidskrafta og gjere det mogleg å ta i bruk og utvikle kunnskap om nye løysingar, produkt og tenester. Ei kunnskapsbasert tilnærming er avgjerande for å møte nokre av dei største utfordringane samfunnet står overfor, til dømes klimaendringane, betre behandlingsmetodar på sjukehusa og korleis vi skal produsere trygg og sunn mat.

Regjeringa vil vri ressursane inn mot satsingar der forsking og høgre utdanning kan medverke vesentleg til å møte dei utfordringane vi står overfor. Regjeringa la fram Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 saman med statsbudsjettet for 2015, jf. Innst. 137 S (2014–2015) og Meld. St. 7 (2014–2015). Planen gir forpliktande mål for opptrapping av midlar til vitskapleg utstyr og laboratorium (forskingsinfrastruktur), rekrutteringsstillingar og tiltak for å sikre god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Satsinga legg til rette for den nødvendige omstillinga som det norske samfunnet og næringslivet må gjennom. I 2015 følgjer regjeringa opp langtidsplanen med over 800 mill. kroner. Løyvingane går særleg til satsingar på verdsleiande fagmiljø og næringsretta forsking. Satsinga på vitskapleg utstyr og laboratorium gjorde det mogleg for Forskingsrådet å tildele rekordhøge 1,3 mrd. kroner til viktige prosjekt av framifrå kvalitet våren 2015.

Regjeringa vil framleis prioritere å heve kvaliteten i høgre utdanning og forsking og å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid gjer det mogleg å dele kostnader ved kostbar forskingsinfrastruktur og gir betre tilgang til slike. Ved å medverke internasjonalt vil Noreg trekkje til seg dei beste forskarane nasjonalt og internasjonalt, og internasjonal forsking kan nyttast på best mogleg vis i Noreg. I tillegg vil vi vere eit attraktivt land for framtidige investeringar i kunnskapsbasert næringsliv og bidra til å komme fram til nye måtar å skape eit berekraftig samfunn på. I juni 2014 la regjeringa fram ein strategi for Noregs samarbeid med EU om forsking og innovasjon. Regjeringa følgjer opp den varsla opptrappinga av stimuleringsmidlar for god norsk deltaking i Horisont 2020. I 2015 har opptrappinga særleg gått til å styrkje rammevilkåra for forskingsinstitutta si deltaking og til å styrkje rådgivingsapparatet for norske deltakarar.

1.2 Hovudprioriteringar

I statsbudsjettet for 2016 vil regjeringa prioritere tiltak for å fremme arbeid, aktivitet og omstilling. Det er ei særleg utfordring at mange nå mistar arbeidet i dei næringar og fylke som blir råka sterkast av den låge oljeprisen. Som ein del av budsjettet legg regjeringa fram ei særskilt tiltakspakke for auka sysselsetting på i alt 4 mrd. kroner. Dei særskilte tiltaka i denne pakka vil vere mellombelse og er innretta slik at dei lett skal kunne bli reverserte. Også ut over denne særskilte pakka fremmer budsjettet for 2016 aktivitet og omstilling. Tiltaka skal fremme auka sysselsetting på kort sikt, samtidig som dei legg til rette for ei langsiktig omstilling av norsk økonomi. For Kunnskapsdepartementet gjeld dette mellom anna fleire rekrutteringsstillingar, studieplassar innanfor praktisk-pedagogisk utdanning, auka løyving til regionale forskingsfond på Vestlandet og i Agder, og løyvingar til auka byggjeaktivitet.

Barnehage

Regjeringa har i si politiske plattform lova å sikre likebehandling av alle barnehagar og foreslår i statsbudsjettet for 2016 å bruke 180 mill. kroner til å auke tilskottet til ikkje-kommunale barnehagar frå 98 pst. til 100 pst. av det dei kommunale barnehagane i gjennomsnitt får i offentleg finansiering. Med denne auken er ein milepæl nådd, og kommunale og ikkje-kommunale barnehagar vil få likeverdige rammevilkår. Auken legg mellom anna til rette for ei styrking av bemanninga i dei ikkje-kommunale barnehagane.

Kompetansen til personalet i barnehagen er avgjerande for kvaliteten på tilbodet, og regjeringa foreslår å styrkje arbeidet med kompetanse og kvalitet med om lag 160 mill. kroner i 2016. Satsinga skal støtte opp under strategien Kompetanse for framtidens barnehage. Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Totalt vil om lag 440 mill. kroner bli nytta til tiltak for å fremme kvaliteten i barnehagane i 2016.

Satsingane på likeverdig behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar og auka kvalitet i barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom endringar i finansieringsordninga for ikkje-kommunale barnehagar. Regjeringa vil gjennomføre endringar, mellom anna i utrekning av tilskott for pensjons- og kapitalkostnader, som samla sett gir ei innsparing for kommunane på 338 mill. kroner. Endringane i finansieringsordninga vil gi betre samsvar mellom kostnadene i dei ikkje-kommunale barnehagane og tilskottet dei får frå kommunen.

Regjeringa har i si politiske plattform lova å arbeide for større fleksibilitet i barnehageopptaket. I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvt 333 mill. kroner til kommunane som frie inntekter for å leggje til rette for meir fleksible opptaksløysingar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 400 mill. kroner i 2016 for å dekkje heilårseffekten av satsinga. Løyvinga gir samla sett rom for etablering av om lag 3 400 fleire småbarnsplassar i perioden 2015–2016. Regjeringa foreslår også 10 mill. kroner til informasjons- og rekrutteringsarbeid for å auke deltakinga i barnehage blant barn frå ressurssvake familiar og barn med minoritetsspråkleg bakgrunn.

Regjeringa foreslår å føre vidare maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehagar på same reelle nivå som i 2015. For å sikre ein god sosial profil på foreldrebetalinga i barnehagen vil regjeringa føre vidare det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt som vart innført 1. mai 2015. For å dekkje heilårseffekten av tiltaket foreslår regjeringa å auke løyvingane til kommunane med om lag 160 mill. kroner i 2016. Regjeringa foreslår også å føre vidare ordninga med gratis kjernetid for alle fire- og femåringer frå familiar med låg inntekt.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om innhald og kvalitet i barnehagen våren 2016. Meldinga vil danne grunnlag for revideringa av rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen.

Grunnopplæring

Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa snu den negative trenden og forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på realfag med 20 mill. kroner til fleire realfagskommunar og andre målretta tiltak. Regjeringa foreslår òg å utvide timetalet i naturfag med ein time frå hausten 2016 på 5.-7. trinn. Budsjetteffekten utgjer 80 mill. kroner

Regjeringa foreslår å styrkje Yrkesfagløftet med 93 mill. kroner. Det omfattar 17 mill. kroner til etablering av eit godkjenningsorgan for personar med utanlandsk fagutdanning og ei styrking av tilskottet til lærlingar og lærekandidatar med særskilde behov på 6 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa 50 mill. kroner til å auke lærlingtilskottet. Det inneber at tilskottet er auka med 12 500 kroner per lærekontrakt under Solberg-regjeringa. Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til å styrkje kompetansen til yrkesfaglærarane og stimulere til auka rekruttering av fagarbeidarar til læraryrket. Departementet vil halde fram med å leggje til rette for at lærarar skal hospitere i bedrift, og for at instruktørar skal hospitere i skolen.

Regjeringa foreslår å styrkje satsinga på lesing og skriving med 20 mill. kroner. Regjeringa vil leggje fram ein strategi for kompetanseutvikling for lærarar i barnehagar og grunnopplæringa som ein del av regjeringa si satsing på lesing og skriving. Strategien skal rettast mot tidleg innsats i barnehage og grunnskole, og tiltak i vidaregåande skole.

I løpet av to år har regjeringa nesten tredobla talet på plassar i vidareutdanning for lærarar, og i 2016 vil over 5 000 lærarar få tilbod om vidareutdanning med løyvingsforslaget til regjeringa. Regjeringa har skjerpt kompetansekrava for undervisning i grunnskolen for alle lærarar som underviser i faga engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk i grunnskolen. Desse faga skal prioriterast i opptak til vidareutdanningstilboda. Departementet vil i 2016 føre nivået vidare noko som inneber at det vil bli nytta om lag 1 mrd. kroner til vidareutdanning av lærarar i 2016. I tillegg blir rektorutdanninga og stipendordninga retta mot ikkje-kvalifisert undervisningspersonell førte vidare.

I statsbudsjettet for 2009 vart det innført ei åtteårig ordning med rentekompensasjon til investering og rehabilitering av skole- og symjeanlegg. Regjeringa foreslår å fase inn 1,5 mrd. kroner av investeringsramma i 2016. Budsjetteffekten av forslaget utgjer 7,5 mill. kroner. Med dette forslaget er heile investeringsramma på 15 mrd. kroner fasa inn i budsjettet.

Vaksenopplæring m.m.

Gode grunnleggjande dugleikar og etterspurd kompetanse er nøkkelfaktorar for ei langvarig tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om livslang læring og utanforskap våren 2016. Meldinga vil komme med forslag til tiltak som kan bidra til å auke kompetansen til vaksne som ikkje får varig tilknyting til arbeidslivet. Kunnskapsdepartementet foreslår om lag 35 mill. kroner til oppfølging av meldinga i 2016.

Regjeringa vil òg leggje fram ein nasjonal kompetansepolitisk strategi i 2016 i dialog med partane i arbeidslivet. Strategien skal møte utfordringar knytte til tilbod og etterspurnad etter kompetanse, informerte utdannings- og yrkesval, læring i arbeidslivet og utvikling og bruk av kompetansen til vaksne, inkludert vaksne med svake grunnleggjande dugleikar.

Grunnleggjande dugleikar i norsk språk er viktig for å kunne ta del i det norske samfunnet. Undersøkingar tyder på at det er behov for opplæring i grunnleggjande norsk. Kunnskapsdepartementet har nå lagt til rette for eit slikt tilbod gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Departementet har i samband med utlysinga av tilskottsmidlar for 2016 utvida BKA-ordninga med opplæring i grunnleggjande norsk. Kunnskapsdepartementet vil òg utvide Program for basiskompetanse i frivilligheita (BKF) med same tilbod.

Høgre utdanning og forsking

Regjeringa har høge ambisjonar for det norske kunnskapssamfunnet. Den offentlege finansieringa av forsking og utvikling skal aukast. I budsjettforslaget for 2016 er den offentlege finansieringa førebels rekna til å vere om lag 32,5 mrd. kroner. Grunna lågare vekst i bruttonasjonalproduktet (BNP) enn forventa og ei sterk satsing på forsking og utvikling, er løyvingane til FoU på 1,01 pst. av BNP i 2016. Langtidsplanen tek atterhald om kortsiktige svingningar i BNP. Regjeringa tek sikte på å auke løyvingane til forsking og utvikling også i åra framover. Sjå nærmare omtale i del III, kap. 5 Oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgre utdanning.

Regjeringa ønskjer ein meir formålstenleg struktur med høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar som er karakteriserte av solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet. Regjeringa foreslår totalt 175 mill. kroner til strukturreforma i universitets- og høgskolesektoren, ein auke på 100 mill. kroner i høve til 2015. Samanslåing av universitet og høgskolar krev ressursar, både til gjennomføring av samanslåingar og til andre tiltak for å auke kvaliteten. Regjeringa foreslår 15 mill. kroner som del av strukturmidlane for å etablere ei felles nasjonal nettskyteneste og til tiltak for betre administrative tenester for sektoren.

I instituttsektoren er det òg behov for samanslåingar og tettare samarbeid som kan føre til meir konkurransedyktige og robuste einingar, både innanfor instituttsektoren og mellom universitet og høgskolar og forskingsinstitutt. Regjeringa foreslår som del av strukturmidlane 10 mill. kroner til ei ordning der forskingsinstitutta kan søkje om midlar til fusjonar og tettare samarbeid med andre institusjonar.

Regjeringa foreslår endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar for å sikre betre måloppnåing. Endringane har budsjetteffekt frå 2017. Sjå nærmare omtale i del III, kap. 12 Endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskolar.

Som oppfølging av langtidsplanen foreslår regjeringa å opprette 238 nye rekrutteringsstillingar i 2016. 178 av desse blir tildelte miljø innanfor i hovudsak realfag, teknologi og sjukepleie. 20 stillingar blir fordelte til instituttsektoren og 40 stillingar innanfor ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. 113 av rekrutteringsstillingane er del av tiltakspakka for auka sysselsetting. Midlane til desse stillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode.

For 2016 foreslår regjeringa ein auke på 25 mill. kroner til forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse. Satsinga på forskingsinfrastruktur er viktig for å nå målet til regjeringa om å utvikle verdsleiande fagmiljø. Samtidig medverkar infrastruktur av høg kvalitet til auka internasjonalisering og rekruttering. Godt utvikla forskingsinfrastruktur vil òg vere avgjerande for å fremme innovasjon og kunnskapsproduksjon.

Deltaking i Horisont 2020 er ein indikator på kvaliteten i norsk forsking og innovasjon, og regjeringa prioriterer tiltak for å auke den norske deltakinga i forskingssamarbeidet. I 2016 foreslår regjeringa å trappe opp løyvinga ytterlegare med 135 mill. kroner. Midlane skal gå til å styrkje etablerte verkemiddel og andre målretta tiltak, til dømes prosjektetableringsstøtte (PES).

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av våre viktigaste verkemiddel for å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta i norsk forsking. Det nye verkemiddelet FRIPRO Toppforsk skal mellom anna hjelpe sterke forskingsmiljø på vegen mot å bli verdsleiande. For 2016 legg institusjonane inn 50 mill. kroner, og regjeringa foreslår å auke løyvinga til FRIPRO med eit tilsvarande beløp for å følgje opp sin del av Fellesløft III for 2016.

I Lærerløftet legg regjeringa vekt på solid fagleg og pedagogisk lærarkompetanse som ein føresetnad for eit kvalitetsløft i norsk skole. Regjeringa foreslår 62 mill. kroner for å styrkje lærarutdanninga i tråd med måla i Lærerløftet. Dette inneber mellom anna 50 nye rekrutteringsstillingar og andre tiltak i samband med innføringa av ei femårig grunnskolelærarutdanning. Midlane til halvparten av rekrutteringsstillingane blir fasa ut etter ein stipendiatperiode.

Kunnskapsdepartementet foreslår 38,3 mill. kroner til 350 nye studieplassar i praktisk-pedagogisk utdanning frå våren 2016. Søkjarar med utdanning i matematikk, naturfag eller teknologi frå område med aukande arbeidsløyse, vil bli prioritert.

For å betre tilgangen på helsepersonale foreslår Kunnskapsdepartementet 6,3 mill. kroner til totalt 55 nye studieplassar i psykologi og medisin.

Oppdaterte bygg og utstyr er ein føresetnad for å nå ambisjonen om fleire framifrå forskings- og undervisningsmiljø. Regjeringa foreslår totalt 135 mill. kroner i 2016 til oppgradering av bygg ved institusjonar som forvaltar eigen bygningsmasse. Av desse midlane er 60 mill. kroner ein del av tiltakspakka for auka sysselsetting og er derfor eittårige.

Regjeringa foreslår 40 mill. kroner for å setje i gang fase 2 av rehabiliteringa av Universitetsmuseet i Bergen, over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Gjennomføring av fase 2 er avgjerande for at universitetet igjen kan opne utstillingsdelen av museet.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til styrking av MARKOM2020, eit samarbeidsprosjekt for maritim profesjonsutdanning, og 15 mill. kroner til utstyr i maritim profesjonsutdanning. Dette er ei oppfølging av den langsiktige prioriteringa Hav i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og den maritime strategien til regjeringa.

Regjeringa foreslår 25 mill. kroner for å etablere fleire nye senter for framifrå utdanning. Dette er eit sentralt område i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning og særs viktig for å medverke til å utvikle verdsleiande fagmiljø i Noreg.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, bioteknologi og nanoteknologi er eksempel på mogleggjerande teknologiar. Desse teknologiane er viktige for fornying og omstilling i næringslivet og offentleg sektor, og satsinga på desse teknologiområda er viktig for å følgje opp langtidsplanen. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til mogleggjerande teknologiar med 30 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2016.

Dei sju regionale forskingsfonda skal styrkje regional forsking og forskingsbasert innovasjon. For å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet foreslår regjeringa ein eittårig auke i løyvinga til dei regionale forskningsfonda i Agder og på Vestlandet på totalt 19 mill. kroner i 2016.

Regjeringa ønskjer å styrkje program for kommersialisering av forskingsresultat blant forskarar og foreslår å auke løyvinga til FORNY2020 med 15 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 20 mill. kroner til ulike tiltak for rask arbeidslivsintegrering for personar med utanlandsk høgre utdanning. 13 mill. kroner vil gå over Kunnskapsdepartementets budsjett og 7 mill. kroner over budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet la hausten 2015 fram Panorama – strategi for høgre utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika. Strategien skal leggje til rette for eit meir målretta og langsiktig samarbeid innanfor høgre utdanning og forsking og vil gjelde for perioden 2016–20. Kunnskapsdepartementet foreslår 32,4 mill. kroner til oppfølging av strategien i 2016.

For at Meteorologisk institutt skal kunne byggje ferdig vêrradaren på Hafjell i 2016, foreslår departementet å løyve 15 mill. kroner.

Studentvelferd og utdanningsstøtte

Gode studentvelferdstilbod er viktig for å kunne ta høgre utdanning. Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2016 og foreslår å føre vidare nivået frå 2015 på tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

Som i dei to føregåande budsjetta går regjeringa inn for å betre dei økonomiske vilkåra til studentane gjennom å auke basisstøtta ut over prisveksten. I undervisningsåret 2016–17 foreslår regjeringa å styrkje basisstøtta med 3,1 pst., noko som er 0,6 prosentpoeng meir enn venta prisvekst i 2016 per august 2015. Basisstøtta utgjer fundamentet i utdanningsstøtteordninga for høgre utdanning og andre utdanningar som er omfatta av same regelverk, og ho har særleg mykje å seie for dei som studerer på heiltid.

Betre støtteordningar for språkkurs vil kunne føre til at fleire studentar vel å ta utdanning i ikkje-engelskspråklege land. Kunnskapsdepartementet foreslår derfor endringar i dei eksisterande ordningane, for å gjere det meir attraktivt å søkje seg til studium i ikkje-engelskspråklege land.

Regjeringa foreslår å justere tilleggsstipendordninga gjennom å endre dei kvalitetskriteria som skal liggje til grunn for å velje ut kva for lærestader som skal vere med i ordninga. Lista over desse institusjonane vil bli oppdatert årleg. Departementet tek sikte på å fastsetje ei ny tilleggsstipendliste for undervisningsåret 2016–17 innan utgangen av året.

Regjeringa er oppteken av å målrette støtteordningane best mogleg, og foreslår derfor å innføre ein behovsprøvingsregel i bustipendordninga i vidaregåande opplæring. Dette inneber at dei høgst lønte lærlingane, om lag ein tredel, vil få ein reduksjon i dette stipendet.

Andre saker

Departementet foreslår 15 mill. kroner til fornying og utbygging av lokala til Stiftelsen Arkivet i Kristiansand i 2016. Dette er ein del av ein pakke med tiltak for å auke sysselsettinga som regjeringa legg fram i budsjettet.

Regjeringa vil byggje politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Som i næringslivet er det også i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektive. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder set i verk tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har også gode moglegheiter til å planleggje og setje i verk tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av vinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir tekne inn til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er satt til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga totalt blir redusert med om lag 200 mill. kroner på utgiftssida.

Regjeringa foreslår å opprette ei eining som skal inngå og forvalte sentrale rammeavtalar på vegner av statlege forvaltningsorgan. Dette skal gi meir effektive innkjøp i staten. Ordninga vil bli finansiert innanfor eksisterande rammer gjennom rammeoverføringar frå departementa. Kunnskapsdepartementets del av dette er 1,4 mill. kroner.

Figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2016

Figur 1.2 Målbilete for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2016

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

282 039

268 328

268 626

0,1

Sum kategori 07.10282 039268 328268 6260,1

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

491 053

457 575

465 932

1,8

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 469

13 845

13 974

0,9

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

101 223

92 916

90 317

-2,8

223

Sametinget

39 043

40 331

41 501

2,9

224

Senter for IKT i utdanninga

102 004

84 646

84 983

0,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 638 672

1 678 299

1 594 799

-5,0

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

1 948 006

2 621 900

3 120 120

19,0

227

Tilskott til særskilde skolar

125 207

133 798

140 737

5,2

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

3 831 599

3 841 184

4 085 065

6,3

229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

27 555

24 296

24 427

0,5

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

714 141

705 554

709 278

0,5

Sum kategori 07.209 032 9729 694 34410 371 1337,0

Barnehagar

231

Barnehagar

369 013

453 226

623 176

37,5

Sum kategori 07.30369 013453 226623 17637,5

Vaksenopplæring m.m.

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

324 848

439 921

513 780

16,8

253

Folkehøgskolar

744 043

771 297

797 064

3,3

254

Tilskott til vaksenopplæring

230 719

214 903

221 136

2,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra

125 791

106 526

99 595

-6,5

256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

70 703

63 615

64 769

1,8

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

121 508

168 710

168 834

0,1

258

Tiltak for livslang læring

88 303

100 139

128 725

28,5

Sum kategori 07.501 705 9151 865 1111 993 9036,9

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

29 312 568

31 057 048

32 641 938

5,1

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

430 495

505 199

816 950

61,7

276

Fagskoleutdanning

65 376

66 747

68 683

2,9

280

Felles einingar

467 493

493 495

522 744

5,9

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

466 063

399 252

559 489

40,1

Sum kategori 07.6030 741 99532 521 74134 609 8046,4

Forsking

283

Meteorologiformål

360 478

379 191

434 086

14,5

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

17 871

18 132

17 025

-6,1

285

Noregs forskingsråd

2 986 629

3 259 895

3 614 730

10,9

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

501 508

498 155

518 833

4,2

288

Internasjonale samarbeidstiltak

1 845 653

2 348 719

2 695 185

14,8

Sum kategori 07.705 712 1396 504 0927 279 85911,9

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

33 761 256

35 156 812

35 807 485

1,9

Sum kategori 07.80

33 761 256

35 156 812

35 807 485

1,9

Sum utgifter

81 605 329

86 463 654

90 953 986

5,2

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-29

Driftsutgifter

4 153 618

4 627 374

5 153 123

11,4

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

154 511

42 748

39 138

-8,4

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

37 613 749

39 934 123

42 250 379

5,8

60-69

Overføring til kommunesektoren

2 211 460

2 471 865

2 654 575

7,4

70-89

Overføring til private

15 267 054

15 804 430

16 528 525

4,6

90-99

Utlån, avdrag o.a.

22 204 937

23 583 114

24 328 246

3,2

Sum under departementet

81 605 329

86 463 654

90 953 986

5,2

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

7 447

Sum kategori 07.107 447

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

11 818

5 107

5 228

2,4

3221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

24

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

12 668

5 030

5 150

2,4

3224

Senter for IKT i utdanninga

7 190

1 594

1 632

2,4

3225

Tiltak i grunnopplæringa

51 558

69 297

84 692

22,2

3229

Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar

6 241

2 784

2 857

2,6

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

59 504

74 712

76 194

2,0

Sum kategori 07.20149 003158 524175 75310,9

Vaksenopplæring m.m.

3256

Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk

15 347

11 323

11 593

2,4

Sum kategori 07.5015 34711 32311 5932,4

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles einingar

1 420

1 297

1 328

2,4

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.601 4201 3071 3382,4

Forsking

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

219 022

6 000 000

-100,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 717

4 599

5 578

21,3

Sum kategori 07.70223 7396 004 5995 578-99,9

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

13 427 663

14 578 245

14 841 348

1,8

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 753 415

3 757 151

3 800 168

1,1

Sum kategori 07.80

17 181 078

18 335 396

18 641 516

1,7

Sum inntekter

17 578 034

24 511 149

18 835 778

-23,2

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

234 142

239 280

241 561

1,0

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

4 072 170

4 020 764

3 990 197

-0,8

90-99

Utlån, avdrag o. a.

13 271 722

20 251 105

14 604 020

-27,9

Sum under departementet

17 578 034

24 511 149

18 835 778

-23,2

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 528, 10. juni 2013, jf. Innst. 372 S (2012–2013) og Meld. St. 18 (2012–2013). Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding om studiekvalitet i høyere utdanning.»

Vedtak nr. 34, 25. november 2014, jf. Innst. 41 S (2014–2015) og Dokument 3:13 (2013–2014). Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.70 Forsking.

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for økt utnyttelse av forskningsinfrastrukturen på Svalbard, herunder tiltak for økt norsk forskningsaktivitet i Ny-Ålesund.»

Vedtak nr. 39, 1. desember 2014, jf. Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015) og Prop. 1 S (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.50 Vaksenopplæring m.m., kap. 253 Folkehøgskolar post 70 Tilskott til folkehøgskolar.

«Stortinget ber regjeringen avklare rammer og finansiering for en ny folkehøgskole, SKAP, i et samarbeid mellom det offentlige og næringslivet i Lindesnesregionen, frem til revidert nasjonalbudsjett for 2015. Endelig godkjenning av ny folkehøyskole avklares i forbindelse med statsbudsjettet for 2016.»

Vedtak nr. 273 av 11. desember 2014, jf. Innst. 12 S (2014–2015), Prop. 1 S (2014–2015) og Prop. 1 S Tillegg 3 (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kapittel 225 Tiltak i grunnopplæringa post 66 Tilskott til leirskoleopplæring.

«Stortinget ber regjeringa om å gjennomgå praktiseringen av gratisprinsippet i leirskoleopplæringen, slik at dette tilbudet kan sikres på en god måte.»

Vedtak nr. 375, 3. februar 2015, jf. Innst. 137 S (2014–2015) og Meld. St. 7 (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med rulleringen av langtidsplanen i 2018 utarbeide en investeringsplan, køordning for investeringer og større bygge- og vedlikeholdsprosjekter av bygg i universitets- og høyskolesektoren.»

Vedtak nr. 654, 11. juni 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015) og Prop. 84 L (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kapittel 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar.

«Stortinget ber regjeringa ikkje utelukke at lærarar som fylte krava for å verte tilsette i undervisningsstilling før 1. januar 2014, får moglegheit til å gå opp til eksamen i kompetansegivande vekttallsstudier, utan å måtte delta i undervisninga.»

Vedtak nr. 655, 11. juni 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015), jf. Prop. 84 L (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kapittel 228 Tilskott til frittståanda skolar o.a.

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til hvordan en kan sikre rekrutteringen til de små og verneverdige håndverksfagene og finansiering av disse utdanningene.»

Vedtak nr. 656, 11. juni 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015) og Prop. 84 L (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kapittel 228 Tilskott til frittståanda skolar o.a.

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om at hoveddelen av det pedagogiske personalet må være ansatt i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtak nr. 657, 11. juni 2015, jf. Innst. 344 L (2014–2015) og Prop. 84 L (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kapittel 228 Tilskott til frittståanda skolar o.a.

«Stortinget ber regjeringen utrede et lovfestet krav om en ikke-kommersiell formålsbestemmelse i friskolenes vedtekter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtak nr. 658, 11. juni 2015, jf. Innst. 339 S (2014–2015) og Dokument 8:98 S (2014–2015). Vedtaket blir omtalt under innleiinga til programkategori 07.60 Høgre utdanning og fagskoleutdanning.

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at utdanningsinstitusjoner som ønsker det, får muligheten til å gjennomføre opptaksintervjuer for kandidater til lærerutdanningen.»
Til forsida