Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

1.1 Kunnskap gir moglegheiter

Regjeringa har høge ambisjonar for Noreg som kunnskapsnasjon. Høg kvalitet i alle ledd frå barnehage og skole til høgre utdanning og forsking gir kompetente arbeidstakarar og gode føresetnader for omstilling, verdiskaping og velferd. Kunnskap er avgjerande for å møte vår tids store samfunnsutfordringar og for moglegheitene for den einskilde. Kunnskap og utdanning er òg viktig for at innbyggarane kan delta i utvikling av samfunnet, til dømes gjennom frivillige organisasjonar, verv og deltaking i val. Derfor er det særskilt viktig med eit godt opplæringsløp for å sikre god integrering av nye borgarar. Sundvolden-erklæringa viser dei ambisjonane regjeringa har for auka kvalitet i alle delane av læringskjeda.

Kunnskapsdepartementet arbeider etter tre overordna mål for kunnskapssektoren:

  • utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

  • kompetanse som trengst i dag og i framtida

  • kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Dei tre måla utgjer mandatet og samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. Måla rettar seg mot samfunnseffektane av barnehage, opplæring og høgre utdanning og forsking. Det viktigaste for regjeringa er at kvar einskild får moglegheit til eit godt liv i kunnskapssamfunnet no og i framtida.

Utdanning og læring for utvikling og deltaking i samfunnet for kvar einskild

Regjeringa vil arbeide for eit inkluderande kunnskapssamfunn der det er mogleg for alle å utvikle seg. Utdanningsinstitusjonane våre er gode fellesarenaer for utvikling av kvar einskild i tråd med den felles kulturarven vår, dei felles verdiane våre og demokratiske prinsipp. Deltaking i barnehage, skole, læreverksemder og høgre utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet, demokratisk forståing og medverknad. Sosial deltaking og samarbeid er, saman med fagleg læring, avgjerande for å lykkast i yrkeslivet og for å kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Den danninga og utdanninga vi gir, skal bidra til at individa kan forme si eiga framtid basert på evner, innsats og interesser.

Arbeidet med å skape det inkluderande kunnskapssamfunnet må starte tidleg, og alle barn skal ha moglegheit til å få eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Regjeringa har klare ambisjonar om å utvikle barnehagen slik at foreldra kan vere trygge på at barna får god omsorg, samtidig som dei får leike og lære i eit stimulerande miljø med kompetent personale. Barnehagane skal framleis delta i dei to nasjonale strategiane Språkløyper og Tett på realfag, som blei starta opp i 2015. I tillegg kjem fleire nye tiltak som følge av at regjeringa våren 2016 la fram ei stortingsmelding om innhald og kvalitet i barnehagen, jf. Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen. Meldinga omhandla dei viktigaste prioriteringane for å styrke kvaliteten på innhaldet, mellom anna ei klargjering av rammeplanen for barnehagen.

Kompetansen til personalet er den viktigaste enkeltfaktoren for at barn skal trivast og utvikle seg i barnehagen. Hovudutfordringa i barnehagesektoren er den store variasjonen i kvaliteten på tilbodet, særleg når det gjeld kompetanse. Dei ti pst. barnehagane med lågast pedagogtettleik i grunnbemanninga (21,6 barn per barnehagelærar) har over dobbelt så mange barn per barnehagelærar som dei ti pst. barnehagane med høgst pedagogtettleik i grunnbemanninga (ti barn per barnehagelærar). Det manglar om lag 2 200 barnehagelærarar for å oppfylle lovkrava om godkjent utdanning for styrarar og pedagogiske leiarar. Regjeringa vil derfor føre vidare satsinga på kompetansetiltak og revidere kompetansestrategien for mellom anna å skape eit trygt og godt leike-, omsorgs- og læringsmiljø i alle barnehagar.

Skolen skal vere ein trygg arena for læring og meistring. Regjeringa vil sikre alle elevane eit godt læringsmiljø gjennom kontinuerleg arbeid for å førebygge og kjempe mot mobbing. Våren 2016 presenterte regjeringa tiltaka sine for å motverke mobbing, blant anna på bakgrunn av tilrådingar i NOU 2015: 2 Å høre til. Virkemidler for et trygt psykososialt skolemiljø (Djupedalutvalet). Dei viktigaste tiltaka er auka kompetanse i kommunane, i skolar og i barnehagar, betre støtte og rettleiing og eit betre regelverk. Foreldre og barn skal oppleve at det nyttar å seie frå. Derfor er tiltak som gjer det enklare for mobbeofra og familiane deira å søke hjelp og støtte i konkrete mobbesaker, ein viktig del av satsinga. Regjeringa legg stor vekt på at arbeidet for å skape gode og trygge miljø for barn og unge må starte tidleg. Derfor er barnehagane ein del av satsinga.

Fagskolelova har blitt endra våren 2015, jf. Innst. 363 L (2015–2016), Lovvedtak 95 (2015–2016) og Prop. 95 L (2015–2016) Endringer i fagskoleloven (om studentrettigheter m.m.). Med lovvedtaket blir rettane til studentane styrka. Det blei vedtatt nye reglar for gjennomføringa av eksamen, ny klageordning, regulering av høve til å marknadsføre seg som fagskole og ei ordning for godkjenning av utanlandsk fagskoleutdanning.

Kompetanse som trengst i dag og i framtida

I framtida vil vi vere avhengige av at arbeidstakarar og samfunnsborgarar høyrer til og forstår det samfunnet vi har, og det samfunnet vi skal forme for framtida. Skolen som arena for danning og utdanning betyr mykje for utviklinga til kvar einskild av oss og for utviklinga av samfunnet. Dei investeringane i kunnskap som vi gjer i dag, formar arbeids- og næringslivet i framtida. Satsing på kunnskap og kompetanse gjer arbeidsplassane tryggare, aukar velferda og medverkar til at vi kan møte samfunnsutfordringar på ein betre måte. Regjeringa vil derfor halde fram med å investere i utdanning og kompetanseheving.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at medan 58 pst. av dei sysselsette i 1972 hadde grunnskole som høgste fullførte utdanning, hadde denne delen falle til 22 pst. i 2014, jf. figuren nedanfor. Denne gruppa omfattar òg personar med uoppgitt utdanning, og storleiken på gruppa blir derfor påverka av innvandringa. Utvidinga av EU austover forklarer ein auke i gruppa i fleire år etter 2004, med unntak av eit fall under finanskrisa. Hausten 2013 publiserte SSB framskrivingar av etterspørselen etter arbeidskraft, fordelt etter utdanningsbakgrunn. Den meir langsiktige utviklinga sidan 1972 med fallande etterspørsel etter arbeidskraft som har grunnskole som høgste fullførte utdanning, er venta å halde fram. Framskrivingane frå 2013 tyder vidare på at etterspørselen etter arbeidskraft med vidaregåande fag- og yrkesopplæring vil vekse raskare enn tilbodet. Hausten 2016 vil SSB publisere nye framskrivingar av både tilbodet om og etterspørselen etter arbeidskraft, fordelt etter utdanningsbakgrunn. Framskrivingar er éi av fleire kjelder til kunnskap. Ved å sjå dei forskjellige kjeldene i samanheng kan vi få ei betre forståing av det framtidige kompetansebehovet i Noreg.

Figur 1.1 Sysselsetting etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Figur 1.1 Sysselsetting etter utdanningsnivå, som del av total arbeidsstyrke

Etter 2010 viser figuren framskrivingar av etterspørselen etter arbeidskraft (fordelt etter utdanningsnivå)

Kjelde: SSB

Satsing på kunnskap er ein føresetnad for innovasjon og ei vellykka omstilling av norsk økonomi. Høgre utdanning skal gi den einskilde ny erkjenning og danning og gi betre føresetnader for å delta i samfunns- og arbeidsliv. Offentleg finansiert utdanning, gode ordningar for utdanningsstøtte og gode studentvelferdstilbod gir god tilgang til høgre utdanning og fagskoleutdanning i Noreg. Ein godt utbygd universitets- og høgskolesektor og fagskoleutdanning med lærestader eller tilbod over store delar av landet gjer også tilgangen god. Regjeringa meiner det er nødvendig med ein mindre fragmentert sektor med meir målretta bruk av ressursane til forsking og utdanning. På dette grunnlaget la regjeringa våren 2015 fram ei stortingsmelding om ei strukturreform i høgre utdanning. Det har frå 2016 blitt gjennomført store endringar i universitets- og høgskolesektoren, og nye samanslåingar blir sette i kraft frå 2017. Dei omfattande strukturendringane fører til ei stor omstilling og konsolidering. Regjeringa har store forventningar om at endringane vil styrke institusjonane, gi meir solide fagmiljø og meir effektiv drift.

Det norske samfunnet er prega av høg deltaking i arbeidslivet, låg arbeidsløyse og gode dugleikar i befolkninga. Samtidig er det ein monaleg del av befolkninga som står utanfor eller står i fare for å falle utanfor arbeidslivet. Dette er særleg personar med lite formell utdanning og med svake grunnleggande dugleikar, og vegen inn att i arbeidslivet kan ofte vere krevjande. Regjeringa har våren 2016 lagt fram ei stortingsmelding med tiltak som skal gi vaksne betre moglegheiter til å styrke kompetansen sin, betre høve til å delta i opplæring, og til å få den kompetansen dei bringar med seg frå utlandet, godkjent i Noreg, jf. Meld. St. 16 (2015–2016) Fra utenforskap til ny sjanse – Samordnet innsats for voksnes læring. Blant dei viktigaste forslaga i meldinga er utvikling av eit kartleggingsverktøy for grunnleggande dugleikar, forsøk med førebuande vaksenopplæring gjennom modulstrukturert opplæring, og ein e-læringsressurs for grunnleggande dugleikar.

Målet for regjeringa er at den einskilde skal ha kompetanse som dannar grunnlaget for ei stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. Ved å legge til rette for at fleire vaksne kan halde ved like og tileigne seg ny kunnskap gjennom utdanning og opplæring, vil ein både handtere kompetansebehova i arbeidslivet og medverke til at fleire eldre arbeidstakarar kan stå lenger i arbeid. Regjeringa har vedtatt at det skal utviklast ein nasjonal kompetansepolitisk strategi for Noreg. Strategien blir utforma i nært samarbeid mellom myndigheitene og partane i arbeidslivet, og skal etter planen leggast fram innan utgangen av 2016. Målsettinga for strategien er å medverke til at menneske og verksemder har naudsynt kompetanse slik at Noreg kan møte omstillingskrav i økonomien, og slik at vi som nasjon også i framtida vil ha eit konkurransedyktig næringsliv og ein effektiv og god offentleg sektor.

Det er vesentleg at skolen er i stand til å gi barn og unge det kompetansegrunnlaget som framtidig samfunns- og arbeidsliv vil krevje, og eit godt utgangspunkt for å meistre sitt eige liv. Regjeringa la våren 2016 fram Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse. En fornyelse av Kunnskapsløftet. Regjeringa vil fornye faga i skolen for å gi elevane meir djupnelæring og betre forståing. Det breie danningsoppdraget til skolen skal få ein tydelegare plass i skolekvardagen. Fornyingsarbeidet for læreplanane bygger på Kunnskapsløftet. Det blir nå utarbeidd ein strategi for å sikre brei deltaking av relevante aktørar både i fag-fornyinga og i implementeringa av det fornya læreplanverket.

Det er vesentleg at det blir rekruttert nok elevar til dei utdanningane samfunnet treng, og at fråfallet frå desse utdanningane blir redusert. Fråfall frå eit utdanningsløp er såleis ikkje berre eit stort problem for den einskilde, men òg for samfunnet, jf. NOU 2015: 1 Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd. Fråfallet er særskilt høgt innanfor yrkesfaga i vidaregåande opplæring. SSB peiker på den svake gjennomføringa i fag- og yrkesopplæringa som ei forklaring på den udekte etterspørselen etter slik kompetanse. Regjeringa styrker fag- og yrkesopplæringa gjennom Yrkesfagløftet. Viktige tiltak er å arbeide for at fleire får læreplass, og for at skole og arbeidsliv blir knytte betre saman. Blant anna har dei fire samarbeidspartia på Stortinget auka lærlingtilskottet med 17 500 kroner reelt per lærekontrakt sidan regjeringa tiltredde.

Auka satsing på fagskoleutdanning er òg ein viktig del av Yrkesfagløftet, og regjeringa vil hausten 2016 legge fram ei stortingsmelding om fagskolefeltet. Meldinga vil blant anna sjå på plasseringa til fagskolane i utdanningssystemet, overgangsordningar mellom fagskole og universitet og høgskole, opptakskrav til og kvalitet i fagskoleutdanninga og forvaltninga av fagskolane. Finansiering av fagskolane og spørsmålet om ny tilskottsordning vil stå sentralt i meldinga. I meldinga vil det blant anna bli vurdert om finansieringsansvaret skal førast tilbake til staten i éi tilskottsordning for fagskolane. Regjeringa vil legge til rette for alternative opplæringsløp fram mot fag- eller sveinebrev og gode overgangar til fagskoleutdanning og høgre utdanning.

Resultat frå internasjonale undersøkingar syner at mange norske elevar har for svak kompetanse på sentrale område, og for få elevar presterer på høgt nivå. Ein nøkkel til å heve kunnskapsnivået til elevane er å satse på kompetansen til lærarane. Gjennom Lærerløftet har regjeringa blant anna nesten tredobla talet på plassar i vidareutdanning for lærarar. I 2016 har over 5 500 lærarar fått tilbod om vidareutdanning. I Lærerløftet legg regjeringa vekt på solid fagleg og pedagogisk lærarkompetanse som ein føresetnad for eit kvalitetsløft i norsk skole. Derfor styrker regjeringa lærarutdanninga for å sikre at ho trekker til seg fleire høgt kvalifiserte og motiverte studentar som representerer mangfaldet i befolkninga.

Stadig fleire søker seg til høgre utdanning. Talet på uteksaminerte kandidatar var over 43 000 i 2015. Dette er ein auke på 38 pst. i dei siste ti åra. Næringsliv og offentleg sektor har behov for dyktige arbeidstakarar med rett kompetanse. Noreg har ein kunnskapsbasert økonomi. Å realisere kunnskapssamfunnet er spesielt viktig i ei tid prega av omstilling. Derfor er det nødvendig å sikre at studietilboda har god kvalitet og er relevante for arbeidslivet. Institusjonane må ha god kvalitet innanfor forsking og utdanning og ha høge ambisjonar på vegner av studentane. I ein global arbeidsmarknad har det òg stor verdi at norske studentar tar heile eller delar av utdanninga i utlandet, og at utanlandske studentar kjem til norske institusjonar.

Rapportar og evalueringar tyder på at universitets- og høgskolesektoren framleis har utfordringar med fråfall og gjennomføring, og at det er store forskjellar i karakterpraksis mellom institusjonar og mellom fag. Det er behov for meir innovative og studentaktiviserande læringsformer og tilstrekkeleg oppfølging og rettleiing av studentar. Resultata frå Studiebarometeret 2015 tyder på at mange studium har for låge faglege ambisjonar, og at for mange studentar bruker for lite tid på studium. Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om kvalitet i høgre utdanning som vil bli lagd fram tidleg i 2017.

Auka immigrasjon til Noreg påverkar utdanningssektoren, både på kort sikt og på lengre sikt. Flyktningar i alderen 6–16 år har rett og plikt til grunnopplæring, og det er viktig at kommunane har eit godt apparat for å ta imot nykomne og gi ei god opplæring. Dei kompetansesatsingane og tiltaka regjeringa har for minoritetsspråklege elevar, vil bli forsterka og meir målretta. Barn og elevar må få best mogleg støtte til raskt å lære seg norsk, slik at dei på lengre sikt kan fullføre vidaregåande opplæring. Dette aukar sjansane deira for å komme inn i høgre utdanning eller få relevant arbeid og bli ein ressurs for det norske samfunnet. Styrka kunnskap om tidleg innsats og språkopplæring er særleg viktig for nykomne og andre minoritetsspråklege elevar, men vil også heve kvaliteten i opplæringa for alle barn og elevar.

For å sikre integrering og gjere det mogleg å forsørge seg sjølv er det viktig med tidleg kartlegging av utdanning og yrkeskompetanse, effektiv godkjenning av utanlandsk utdanning og godkjenning av yrkeskvalifikasjonar der dette er eit krav for å utøve eit yrke. Det er også viktig med målretta tilbod om kompletterande undervisning, som på ein effektiv måte gir personar med utdanning frå utlandet den tilleggskompetansen dei treng.

Kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og konkurransekraft

Kunnskap og evna til å ta i bruk kunnskap er den viktigaste konkurransefaktoren vi har. Forsking og utdanning påverkar økonomien ved å heve kvaliteten på arbeidskrafta og gjere det mogleg å ta i bruk og utvikle kunnskap om nye løysingar, produkt og tenester. Ei kunnskapsbasert tilnærming er avgjerande for å møte nokre av dei største utfordringane samfunnet står overfor, til dømes klimaendringane, betre behandlingsmetodar på sjukehusa og korleis vi skal produsere trygg og sunn mat.

Regjeringa vil vri ressursane inn mot satsingar der forsking og høgre utdanning kan medverke vesentleg til å møte dei utfordringane vi står overfor, og der vi har grunnlag for særleg høg kvalitet. Regjeringa la fram Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 saman med statsbudsjettet for 2015, jf. Innst. 137 S (2014–2015). Planen gir forpliktande mål for opptrapping av midlar til vitskapleg utstyr og laboratorium (forskingsinfrastruktur), rekrutteringsstillingar og tiltak for å sikre god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Satsinga legg til rette for den naudsynte omstillinga som det norske samfunnet og næringslivet må gjennom. Så langt er langtidsplanen følgd opp med over 1,7 mrd. kroner i perioden. I tillegg kjem om lag 200 mill. kroner i eittårige midlar i 2016. Midlane har gått til satsingar som medverkar til å omstille norsk samfunns- og næringsliv og til å utvikle verdsleiande fagmiljø. Rekrutteringsstillingar er òg eit viktig verkemiddel for omstilling av norsk næringsliv. I perioden er det løyvd pengar til 372 nye rekrutteringsstillingar knytte til oppfølging av langtidsplanen.

Regjeringa vil framleis prioritere å heve kvaliteten i høgre utdanning og forsking og å utvikle fleire verdsleiande fagmiljø. Internasjonalt samarbeid er sentralt for å lykkast med dette. Det er også naudsynt å delta i internasjonalt forskingssamarbeid når vi skal møte dei store samfunnsutfordringane som til dømes klimautfordringane, og slik deltaking gjer det samstundes mogleg å dele kostbar forskingsinfrastruktur. Regjeringa la i 2014 fram strategien sin for forskings- og innovasjonssamarbeidet med EU. Regjeringa følger opp den varsla opptrappinga av stimuleringsmidlar for å bidra til god norsk deltaking i Horisont 2020. Noreg kan vise til god deltaking i det europeiske rammeprogrammet for forsking og innovasjon på fleire område, men vi har òg eit forbetringspotensial på område som framifrå forsking, helse og IKT.

1.2 Hovudprioriteringar

Barnehage og grunnopplæring

Kunnskapsdepartementet legg med budsjettforslaget for 2017 eit grunnlag for å realisere prinsippet om tidleg innsats. Tidleg innsats inneber å fange opp utfordringar hos elevar og følge dei opp raskt. Departementet vil sende ut til høyring eit lovforslag om tidleg innsats. Det er tidlegast aktuelt å iverksette endringa i skoleåret 2018–19. Det vil i høyringa bli foreslått at fagleg svake elevar skal få tilbod om tidsavgrensa intensivopplæring. For å førebu kommunane på det varsla lovforslaget vil regjeringa allereie i 2017 styrke arbeidet med tidleg innsats i kommunane ved å foreslå ein auke i dei frie inntektene på 150 mill. kroner. Regjeringa tar sikte på at den samla styrkinga av kommunane knytt til tidleg innsats blir på 360 mill. kroner i 2018. Tiltaket vil vere eit sentralt tiltak i stortingsmeldinga som Kunnskapsdepartementet vil legge fram tidleg i 2017 om kvalitet i skolen og skoleeigarskap.

Regjeringa vil innføre ein ny modell for styring og finansiering av kompetanseutvikling i skolen. Målet er at kompetanseutviklingstiltak skal vere betre tilpassa dei ulike behova og kapasiteten kommunane har til å drive utvikling i skolen, styrke lokalt kvalitetsutviklingsarbeid og å støtte kommunar med svake resultat på sentrale område. Departementet vil starte omlegginga mot den nye modellen i budsjettet for 2017.

Departementet foreslår ein vesentleg auke av satsinga på arbeid mot mobbing i barnehage og skole og for eit betre læringsmiljø i 2017. I budsjettforslaget har departementet sett av om lag 75 mill. kroner til dette ein auke på 35 mill. kroner frå 2016. Tiltaka kan delast inn i tre hovudområde: eit betre handhevingsapparat, betre støtte og rettleiing til elevar og foreldre og meir kompetanse i barnehagar og skolar. Ein stor del av satsinga skal gå til å auke den evna barnehagane og skolane har til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Det vil omfatte både auka kompetanse om regelverk og praktisk mobbearbeid. Dei med størst utfordringar får raskast og mest hjelp.

Gjennom realfagsstrategien Tett på realfag(2015–2019) for barnehagen og grunnopplæringa vil regjeringa snu den negative trenden og forbetre motivasjon, læring og resultat i realfaga. Det er eit mål i strategien å redusere delen elevar som slit i matematikk og naturfag, og å auke delen elevar som presterer på høgt nivå i realfaga. Regjeringa foreslår å styrke strategien med 30 mill. kroner i 2017. Departementet vil utvide ordninga med realfagskommunar, innføre ei satsing på elevar som presterer på høgt nivå, og gjennomføre tiltak for betre læring for lågt presterande elevar i grunnskolen. Satsinga vil med dette vere på om lag 80 mill. kroner.

Regjeringa har i den politiske plattforma lovd å løfte kvaliteten i barnehagane, og totalt vil nærare 400 mill. kroner bli nytta i 2017 til tiltak for å fremme kvaliteten. Ein offensiv kompetansepolitikk skal medverke til kvalitetsutvikling og redusere forskjellane mellom barnehagane. Regjeringa vil i 2017 føre vidare det prioriterte kompetanse- og kvalitetsarbeidet som har blitt vesentleg styrka i dei seinare åra, jf. strategien Kompetanse for framtidens barnehage, Strategi for kompetanse og rekruttering 2014–2020. Departementet tar sikte på å revidere strategien i 2017. Vidare vil regjeringa vurdere å prioritere ein større del av kompetansemidlane til å utvide fagskoletilbodet for barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagane.

Regjeringa vil i løpet av våren 2017 sende på høyring eit forslag om bemanningsnorm. Regjeringa har som ambisjon at forslaget skal tre i kraft innan 2020.

Strategien Yrkesfaglærerløftet – for fremtidens fagarbeidere blei lagd fram hausten 2015. Departementet foreslår å styrke strategien med 30 mill. kroner til gjennomføring av kompetanseutviklingstiltak for yrkesfaglærarar frå hausten 2017. Heilårsverknaden av tiltaket er 60 mill. kroner i 2018.

Personar som har fullført vidaregåande opplæring eller tilsvarande i utlandet har i dag ikkje rett til vidaregåande opplæring i Noreg. Dette innskrenkar moglegheita deira til vidare studiar eller ein jobb dei er kvalifiserte for. Kunnskapsdepartementet vil foreslå å endre opplæringslova slik at personar med vidaregåande opplæring frå utlandet som ikkje blir godkjent i Noreg, har rett til vidaregåande opplæring med verknad frå skoleåret 2017–18. Departementet foreslår å auke rammetilskottet til fylkeskommunane med 46,1 mill. kroner i 2017. Den samla budsjetteffekten av forslaget inkludert utdanningsstøtte er 60,8 mill. kroner i 2017.

Fleire andre sentrale tiltak innanfor grunnopplæringa blir førte vidare i 2017. Departementet vil blant anna vidareføre den historiske satsinga på vidareutdanning av lærarar. Talet på deltakarar er nesten tredobla etter at Solberg-regjeringa tok over. I Sundvolden-erklæringa varsla regjeringa at 10 000 lærarar skulle få tilbod om vidareutdanning i matematikk i løpet av fem år. Regjeringa er i rute for å nå målet. Så langt har over 5 600 lærarar fått tilbod om vidareutdanning i matematikk og rekning som grunnleggande dugleik. Budsjettforslaget for 2017 inneber også ei styrking av satsinga på nye karrierevegar for lærarar til totalt om lag 20 mill. kroner.

Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen er eit viktig styringsdokument som legg premissane for høg kvalitet i tilbodet. Departementet er i gang med ei grundig revidering som skal føre til ein ny rammeplan. Den nye rammeplanen skal etter planen tre i kraft frå hausten 2017 og vil mellom anna vere basert på forslaga i Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen og Stortinget si behandling av meldinga, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Høgre utdanning og forsking

Regjeringa vil i samband med strategien Lærerløftet innføre nye, femårige grunnskolelærarutdanningar (GLU) på mastergradsnivå frå 2017. Å auke kvaliteten i lærarutdanninga vil gi meir kompetente lærarar og dermed betre læring i skolen. Regjeringa foreslår totalt 252 mill. kroner for å sikre god implementering av dei nye grunnskolelærarutdanningane. Av desse midlane er 150 mill. kroner nye i 2017.

Regjeringa ønsker å styrke fagskolesektoren og foreslår totalt 58 mill. kroner til utviklingsmidlar i 2017. Midlane vil blant anna gå til tiltak for å heve kvaliteten i fagskolane, vidareutvikling av dagens utdanningstilbod og utvikling av nye etterspurde utdanningstilbod. Midlane kan sjåast i samanheng med stortingsmeldinga om fagskoleutdanning, som blir lagt fram hausten 2016.

I langtidsplanen for forsking og høgre utdanning har regjeringa varsla at ho innan 2018 vil trappe opp løyvingane til forskingsinfrastruktur med 400 mill. kroner, til stimuleringsverkemiddel for god norsk deltaking i Horisont 2020 med 400 mill. kroner, og gjennomføre ein opptrappingsplan for rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar.

Regjeringa foreslår 48 mill. kroner til 120 nye rekrutteringsstillingar i 2017. Med dette forslaget vil 492 av dei 500 rekrutteringsstillingane vere finansierte. Midlane til rekrutteringsstillingane blir tildelte universitet og høgskolar, ordningane for nærings-ph.d. og offentleg sektor-ph.d. og instituttsektoren.

Deltaking i Horisont 2020 er ein indikator på kvaliteten i norsk forsking og innovasjon. I langtidsplanen varsla regjeringa ei styrking av løyvingane til ordningar som bidrar til betre deltaking i Horisont 2020. I 2017 foreslår regjeringa å halde fram med opptrappinga og foreslår ein auke på 75 mill. kroner, som i all hovudsak vil gå til STIM-EU-ordninga i Forskingsrådet. STIM-EU er ei ordning retta mot å betre vilkåra for forskingsinstitutta.

Når det gjeld satsinga på forskingsinfrastruktur, foreslår regjeringa å auke løyvinga med 100 mill. kroner i 2017. Dette er i tråd med opptrappingsplanen. For å redusere dei store overføringane av midlar i Forskingsrådet, foreslår regjeringa å redusere løyvinga eittårig med 300 mill. kroner. Totalt er derfor løyvinga til forskingsinfrastruktur i 2017 reint teknisk foreslått redusert med om lag 200 mill. kroner. Forskingsrådet kan likevel i 2017 legge opp til aktivitet med utgangspunkt i at kuttet på 300 mill. kroner vil bli reversert i 2018. Med andre ord skal aktivitetsnivået auke tilsvarande ein auke i løyvinga på 100 mill. kroner, ikkje minke. Dette er ein føresetnad for at kuttet skal få den ønska effekten, nemleg å redusere rådets overføringar.

Fri prosjektstøtte (FRIPRO) er eit av våre viktigaste verkemiddel med formål å betre kvaliteten på og gjennomslagskrafta i norsk forsking. I dei siste åra har Forskingsrådet vidareutvikla FRIPRO til ei samanhengande kjede av støtte, med alt frå støtte til unge forskartalent, gjennom forskarprosjekt og til sterke forskargrupper. For 2017 foreslår regjeringa å auke løyvinga til FRIPRO Toppforsk med 50 mill. kroner, og følger med dette opp sin del av Fellesløft III for 2017. Regjeringa foreslår òg å styrke satsinga på å fremme mobilitet og karriereutvikling blant yngre forskarar med 10 mill. kroner.

Ordninga Senter for framifrå forsking (SFF) er ei av dei mest prestisjefylte finansieringsordningane for grunnleggande forsking i Noreg. Forskingsmiljø som blir tildelte SFF-status, har moglegheit for langsiktig finansiering i inntil ti år. I løpet av 2016 skal det løyvast midlar til den fjerde generasjonen SFF-senter. For å halde oppe innsatsen i senterløyvingane foreslår regjeringa å styrke SFF-ordninga med 17 mill. kroner i 2017.

Finansieringssystemet er eit styringsverkemiddel som skal bidra til at universitet og høgskolar når fastsette mål. I Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet gjorde regjeringa greie for kva for indikatorar den resultatbaserte delen av finansieringssystemet for universitet og høgskolar skal ha frå 2017. I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa insentivstyrken på indikatorane og implementering av endringane i finansieringssystemet.

Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til prosjektering av nytt klinikkbygg for Odontologisk fakultet ved Universitetet i Oslo og 5 mill. kroner til prosjektering av bygg for Tromsø museum – Universitetsmuseet ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Midlane blir foreslåtte over budsjettet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa vil utvikle eit kunnskapssamfunn der vaksne som har problem med å få varig tilknyting til arbeidslivet, får tilgang til opplæring som gir den kompetansen arbeidslivet treng. Det inneber at vaksne med svak kompetanse får identifisert kompetansebehova sine og får tilgang til rettleiing og opplæringstilbod. For å sikre at personar med kompetanse frå utlandet får tatt i bruk denne så raskt som mogleg, er det eit mål at ingen skal vente i lang tid for å få godkjent den kompetansen dei allereie har, når dei treng eller ønsker dette. Departementet foreslår 40 mill. kroner for å styrke kapasiteten til NOKUT for godkjenning av utanlandsk utdanning. Av desse midlane er 10 mill. kroner nye i 2017. I tillegg foreslår departementet totalt 5,4 mill. kroner til utvikling av kompletterande studietilbod og 60 nye studieplassar til kompletterande utdanning.

Regjeringa varsla i Meld. St. 2 (2015–2016) Revidert nasjonalbudsjett at ho ville sette ned ei ekspertgruppe som skal utføre ein områdegjennomgang av systemet for tildeling av offentlege forskingsmidlar under Noregs forskingsråd. Bakgrunnen er mellom anna den andre rapporten frå Produktivitetskommisjonen, som peiker på at kvaliteten i norsk forsking har betra seg i dei seinaste åra, men at Noreg framleis ikkje er blant dei beste. Gjennomgangen skal skildre situasjonen i dag og komme med forslag til endringar som betrar effektiviteten i tildelingssystemet, både gjennom auka kvalitet på dei tildelte prosjekta og gjennom redusert ressursbruk i søknadsprosessen og i prosjekthandteringa. Ekspertgruppa skal levere ein rapport innan 1. februar 2017.

«Arven etter Nansen» er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetssenteret på Svalbard, Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Meteorologisk institutt. Prosjektet skal bidra til auka vitskapleg forståing av den marine bio- og geosfæren i sentrale og nordlege delar av Barentshavet. Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til tiltaket.

I Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard peiker regjeringa på utfordringar knytte til manglande norsk fagleg leiarskap og koordinering av internasjonal forskingsverksemd. For å møte desse utfordringane foreslår regjeringa ein auke på 5 mill. kroner i løyvinga til relevante program i Forskingsrådet, og ein auke på 5 mill. kroner til Svalbard Science Forum i 2017.

Kunnskapsdepartementet foreslår 66,8 mill. kroner til vidareføring og opptrapping av studieplassar for å følge opp revidert nasjonalbudsjett for 2016, jf. Innst. 400 S (2015–2016), der det blei vedtatt 590 nye studieplassar.

Universitet og høgskolar får ei rammeløyving på 34,4 mrd. kroner i 2017, noko som er ein realvekst på 2,6 pst. frå 2016 til 2017.

Studentvelferd og utdanningsstøtte

Gode studentvelferdstilbod er viktige for å kunne ta høgre utdanning. Regjeringa vil halde fram med satsinga på studentbustader i 2017 og foreslår å føre vidare nivået frå 2016 på tilsegn om tilskott til 2 200 nye studenthybeleiningar.

I Prop. 122 S (2015–2016) la regjeringa fram ein konkret plan for å utvide utdanningsstøtteperioden til elleve månader i løpet av fire år. Stortinget slutta seg til denne planen i Innst. 400 S (2015–2016). Nå vil regjeringa gå i gang med å gjennomføre planen, og foreslår at heiltidsstudentar i høgre utdanning og fagskole våren 2017 skal få betalt ut støtte for ein kvart månad meir enn det som følger av gjeldande regelverk. Forslaget har til formål å lette den økonomiske situasjonen for dei som satsar på heiltidsstudium, slik at dette i sin tur kan bidra til å auke gjennomføringa i høgre utdanning og fagskoleutdanning.

Opptrappinga mot elleve månader med studiestøtte vil bli eit ressurskrevjande tiltak. Som eit bidrag til å finansiere denne satsinga, foreslår regjeringa enkelte endringar i andre delar av støtteordninga, sjå omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Kunnskapsdepartementet foreslår fleire mindre tiltak for å legge betre til rette for utdanning i utlandet. Tiltaka handlar dels om å styrke nokre av dei eksisterande ordningane for utanlandsstudentane, og dels om å opne for at nye grupper i det heile tatt får tilgang til støtte frå Lånekassen til utdanning i utlandet. Utviding av låneramma i skolepengestøtteordninga er eit døme på desse tiltaka.

Andre saker

Regjeringa vil bygge politikken sin på ein effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Som i næringslivet er det også i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektive. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder set i verk tiltak for å bli meir effektive. Reforma gir insentiv til meir effektiv statleg drift og skaper handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har også gode moglegheiter til å planlegge og sette i verk tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av vinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir tatte inn til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at løyvinga totalt blir redusert med om lag 210 mill. kroner på utgiftssida.

Alle statlege verksemder skal i 2016 ta i bruk digital post til innbyggarane. Dette gjelder utsending av post til innbyggarane som har valt digital postkasse, og som ikkje har reservert seg. Altinn skal nyttast for digital post frå forvaltninga til næringsdrivande. Overgangen frå papirbasert post til digital post vil gi innsparingar for statlege verksemder, mellom anna i form av reduserte portokostnader. For å realisere delar av desse gevinstane foreslår regjeringa ein samla reduksjon på 196,3 mill. kroner i 2017. For Kunnskapsdepartementet inneber dette at til saman 17,1 mill. kroner er trekte ut av rammene i 2017. Fordelinga for den einskilde verksemda går fram i omtale av dei aktuelle budsjettpostane.

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse (SPK) for dei verksemdene som ikkje betaler premie i dag. Dette vil i større grad gjere verksemdene ansvarlege for pensjonskostnadene deira. Berre ein av tre statlege verksemder betaler i dag pensjonspremie til SPK. Dette kan føre til at verksemdene tilsett meir personale enn dei ville gjort med ei meir korrekt prising av innsatsfaktorane. Investeringar i digitale løysingar eller kjøp av tenester frå private vil bli meir aktuelt og rekningssvarande dersom staten har ein meir realistisk pris på arbeidskraft.

Den delen av staten sine pensjonskostnader som i dag ikkje blir finansiert av premieinntekter, blir dekt sentralt av staten over kap. 612 Tilskott til Staten sin pensjonskasse og kap. 613 Arbeidsgjevaravgift til folketrygda. Modellen som innførast vil medføre auka premieinntekter til SPK og dermed reduserte tilskott til SPK. Verksemdene er gjennom budsjettframlegget kompensert for anslåtte auka utgifter. Modellen er samla sett provenynøytral når ordninga nå blir endra. For Kunnskapsdepartementet medfører dette ein samla auke på 162,5 mill. kroner i løyvinga. Sjå Gul bok 2017 for nærare omtale.

Figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2017

Figur 1.2 Målbilde for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2017

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

272 090

268 094

363 045

35,4

Sum kategori 07.10272 090268 094363 04535,4

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

468 690

465 128

504 230

8,4

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

13 431

13 946

14 827

6,3

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

100 135

90 133

102 333

13,5

223

Sametinget

40 331

41 501

42 592

2,6

224

Senter for IKT i utdanninga

90 095

82 813

89 953

8,6

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 650 238

1 918 244

1 692 203

-11,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

2 488 103

3 491 406

3 522 290

0,9

227

Tilskott til særskilde skolar

132 254

145 137

151 316

4,3

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

4 058 761

4 087 165

4 345 801

6,3

229

Noregs grøne fagskole – Vea

27 865

24 381

27 239

11,7

230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

694 498

701 384

760 703

8,5

Sum kategori 07.209 764 40111 061 23811 253 4871,7

Barnehagar

231

Barnehagar

430 657

607 588

614 231

1,1

Sum kategori 07.30430 657607 588614 2311,1

Kompetansepolitikk og livslang læring

252

EUs utdannings- og ungdomsprogram

437 409

513 780

512 112

-0,3

253

Folkehøgskolar

771 997

797 064

828 845

4,0

254

Tilskott til vaksenopplæring

214 903

221 136

221 493

0,2

255

Tilskott til freds- og menneskerettssenter

114 168

101 095

90 770

-10,2

256

Kompetanse Noreg

64 678

64 643

73 184

13,2

257

Kompetansepluss

136 935

163 124

167 997

3,0

258

Tiltak for livslang læring

96 088

128 587

135 367

5,3

Sum kategori 07.501 836 1781 989 4292 029 7682,0

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

260

Universitet og høgskolar

31 078 729

32 623 575

34 416 051

5,5

270

Internasjonal mobilitet og sosiale formål for studentar

555 228

821 950

746 986

-9,1

276

Fagskoleutdanning

66 747

68 683

108 460

57,9

280

Felles einingar

499 075

522 104

598 481

14,6

281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

388 985

567 975

594 916

4,7

Sum kategori 07.6032 588 76434 604 28736 464 8945,4

Forsking

283

Meteorologiformål

396 310

428 516

451 788

5,4

284

Dei nasjonale forskingsetiske komitéane

15 403

16 989

18 449

8,6

285

Noregs forskingsråd

3 274 395

3 623 012

3 671 413

1,3

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

497 984

518 417

523 567

1,0

288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 032 693

2 695 131

2 587 968

-4,0

Sum kategori 07.707 216 7857 282 0657 253 185-0,4

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

35 344 557

35 830 181

38 447 771

7,3

Sum kategori 07.80

35 344 557

35 830 181

38 447 771

7,3

Sum utgifter

87 453 432

91 642 882

96 426 381

5,2

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01-29

Driftsutgifter

4 528 788

5 157 537

5 645 971

9,5

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

43 135

39 138

33 649

-14,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

40 041 601

42 236 721

44 434 318

5,2

60-69

Overføring til kommunesektoren

2 367 033

3 292 016

2 988 212

-9,2

70-89

Overføring til private

17 101 173

16 574 324

17 279 048

4,3

90-99

Utlån, avdrag o.a.

23 371 702

24 343 146

26 045 183

7,0

Sum under departementet

87 453 432

91 642 882

96 426 381

5,2

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

1 932

Sum kategori 07.101 932

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

13 721

5 218

5 337

2,3

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

10 469

5 140

5 257

2,3

3224

Senter for IKT i utdanninga

8 701

1 628

1 665

2,3

3225

Tiltak i grunnopplæringa

67 375

292 298

218 601

-25,2

3229

Noregs grøne fagskole – Vea

5 936

2 853

2 923

2,5

3230

Statleg spesialpedagogisk støttesystem

63 401

76 044

55 717

-26,7

Sum kategori 07.20169 603383 181289 500-24,4

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Kompetanse Noreg

13 639

11 571

11 836

2,3

Sum kategori 07.5013 63911 57111 8362,3

Høgre utdanning og fagskoleutdanning

3280

Felles einingar

3 507

1 326

1 357

2,3

3281

Felles tiltak for universitet og høgskolar

10

10

0,0

Sum kategori 07.603 5071 3361 3672,3

Forsking

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

6 000 000

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

5 287

5 578

5 918

6,1

Sum kategori 07.706 005 2875 5785 9186,1

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

15 049 213

14 841 348

16 539 043

11,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 975 581

3 800 306

3 728 910

-1,9

Sum kategori 07.80

19 024 794

18 641 654

20 267 953

8,7

Sum inntekter

25 218 762

19 043 320

20 576 574

8,1

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

240 600

448 965

353 616

-21,2

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

4 108 031

3 990 335

3 835 493

-3,9

90-99

Utlån, avdrag o. a.

20 870 131

14 604 020

16 387 465

12,2

Sum under departementet

25 218 762

19 043 320

20 576 574

8,1

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Omtalt side

2014–2015

655

Små og verneverdige handverksfag

52

2014–2015

656

Pedagogisk personale i friskolar

89

2015–2016

19

Strategi for freds- og menneskerettssentera

134

2015–2016

38

Bemanningsnorm/ barnehagelærarnorm i barnehagane

112

2015–2016

39

Fjerne varig dispensasjon pedagogiske leiarar

102

2015–2016

86

Elleve månader studiestøtte

224

2015–2016

87

Inntektsgradert SFO/AKS-betaling

50

2015–2016

95

Rett til barnehageplass for september- og oktoberbarn

107

2015–2016

115

Kunnskap om vår tids slaveri

51

2015–2016

337

Studiesenter

133

2015–2016

436.2

Gratis kjernetid i barnehage for barn i asylmottak

118

2015–2016

439.2

Lærarstudentar og norskopplæring

168

2015–2016

439.3

Pensjonerte lærarar og språkopplæring

52

2015–2016

439.11

Segregering og radikalisering

52

2015–2016

440.2

Godkjenningsordningar, utanlandsk utdanning

132

2015–2016

440.4

Integrering, fortsette utdanninga i Noreg

168

2015–2016

440.5

Kompetansepluss-programmet

149

2015–2016

479

Overnattingsturar i skolen

65

2015–2016

480

Minoritetselevar og overnattingsturar

66

2015–2016

593

Vidareutdanning for lærarar, kvalitet og dimensjonering

79

2015–2016

594

Vidareutdanning for lærarar, teknologiske løysingar

79

2015–2016

595

Vidareutdanning for utdanna lærarar som jobbar utanfor skoleverket

79

2015–2016

596

Kompetansekrav for lærarar

80

2015–2016

597

Studiepoengproduksjon for lærarar i basisfaga

80

2015–2016

599

Dispensasjon frå kompetansekrav for lærarar

80

2015–2016

604

Kjønnsbalanse i vidaregåande opplæring

266

2015–2016

605

Kjønnsbalanse i høgre utdanning

168

2015–2016

606

Kjønnsbalanse i tilsettingsutvala i akademia

169

2015–2016

788

Kommunane sitt tilsyn med barnehagane

119

2015–2016

789

Kartlegging i barnehagane

119

2015–2016

790

Bemanningsnorm/barnehagelærarnorm i barnehagane

112

2015–2016

791

Personopplysningar i barnehagane

119

2015–2016

792

Omsorgs- og læringsmiljø i barnehagane

117

2015–2016

794

Klargjere mål for barnehagane

115

2015–2016

795

Ikkje innføre språknorm i barnehagane

115

2015–2016

796

Språk hos tilsette i barnehagane

114

2015–2016

797

Morsmålsassistentar i barnehagane

123

2015–2016

798

Kvalifiseringsprogram for ufaglærte barnehagetilsette

114

2015–2016

799

Opplæring til barn om kropp, identitet og kjensler i barnehagane

117

2015–2016

800

Rekruttering av menn til barnehagane

113

2015–2016

899

Fråværsgrense i vidaregåande opplæring

51

2015–2016

1008

Barnehage og barnegruppe

116

2015–2016

1009

Tilvenningsrutinar i barnehagane

116

Til forsida