Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike måla

I Prop. 1 S (2014–2015) la Landbruks- og matdepartementet fram ein revidert og forenkla ny målstruktur for landbruks- og matpolitikken. Denne er vidareført også i år. I denne delen blir det lagt opp til å rapportere på status på dei ulike måla.

Figur 3.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Figur 3.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

4 Overordna mål: Matsikkerheit

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning m.a. av omsyn til norske forbrukarar og av omsyn til beredskap. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon.

Sjølvforsyningsgraden seier kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av t.d. fisk blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gir først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket, varierer ein del med vêret. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare, og fallande, for planteprodukt. Frå 2005 til 2014 blei den redusert frå 52 til 44 pst., særleg som følgje av redusert matkornproduksjon.

Av det totale fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, er delen norskprodusert særleg redusert for fett- og proteinfraksjonen, som m.a. heng saman med forbod mot bruk av kjøttbeinmjøl og fiskemjøl.

Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt på verdibasis, har falt frå 86 pst. i 2005 til om lag 80 pst. no. Importen av landbruksvarer (inkl. fiskefôr) auka med 7 pst. frå 2013 til 2014, til eit nivå på 53,2 mrd. kroner. Delar av auken i importverdien i 2014 skuldast at den norske krona blei svekka mot euro og dollar. Av dei importerte landbruksvarene er litt under halvparten matvarer (ikkje fiske- eller dyrefôr) som er i direkte konkurranse med norsk produksjon. Importen av slike varer auka med i underkant av 4 pst. frå 2013 til 2014. Det er underskott av norsk storfekjøtt, lam og korn og i grøntsektoren, men overskott av egg. Marknaden for svinekjøtt er hausten 2014 i balanse etter fleire år med overskott. Det er ein tendens at sentrale jordbruksområde aukar sin del av produksjonen, særleg innanfor kjøttproduksjonen.

Matmerk administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvaret for generisk marknadsføring av økologisk mat.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. Det er gjennomført 5 782 eksterne KSL- revisjonar i 2014 mot 5 557 i 2013.

Ved utgangen av 2014 var 2 172 produkt frå 52 verksemder godkjent for Nyt Norge-merket, ein auke på 122 produkt frå 9 nye verksemder sidan 2013. Forbrukarane sine haldningar til merket er i god framgang og 79 pst. av dei som kjenner til merket seier at merket gjer at dei får lyst til å kjøpe norsk mat.

Totalt har 244 mat- og drikkeprodukt frå 58 leverandørar Spesialitets-merket ved utgangen av 2014. Merket blir tildelt for tre år av gangen og ein del produkt har i løpet av 2015 mista merket eller valt å ikkje søkje om fornying. I 2014 fekk for første gong eit øl Spesialitets-merket. Beskytta nemningar hadde 23 godkjente produkt i 2014 og tre nye produkt har søkt om slik Beskytta nemning. EU-Kommisjonen godkjende i 2014 Tørrfisk frå Lofoten som det første norske produktet med EU godkjend Beskytta nemning.

Det er eit mål at 15 pst. av matforbruket og matproduksjonen skal vere økologisk i 2020. Det blir lagt vekt på at satsinga skal bidra til balanse mellom produksjon og etterspørsel. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 26 pst. i 2014 samanlikna med i 2013. Totalt blei det omsett økologiske matvarer for om lag 1,74 mrd. kroner i 2014. Dette utgjer 1,45 pst. av totalmarknaden.

Omsetnaden av lokalmat har auka jamt dei siste åra. Mykje av omsetnaden går gjennom kanalar som Bondens marknad og direkte sal frå produsent. Av den totale omsetnaden av daglegvarer gjennom daglegvarekjedene i 2013 var 1,7 pst. matspesialitet/lokalmat. Dette talet inkluderer også produkt som ikkje er mat.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for at forbrukarane kan velje eit sunt kosthald.

Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt ein gunstig situasjon samanlikna med mange andre land når det gjeld smittestoff i mat. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar skuldast smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg, er på eit lågt nivå samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar også blant norske husdyr.

Tabell 4.1 Oversikt over næringsmiddelborne infeksjonar der smitta har skjedd i Noreg

Diagnose

2010

2011

2012

2013

2014

Campylobacteriose

1019

1175

1114

1131

1271

E. coli-enteritt1

151

137

164

138

216

– av dette EHEC

33

25

55

64

96

Listeriose

19

19

26

18

18

Salmonellose

229

313

260

235

221

Shigellose

22

662

11

17

12

Yersiniose

27

33

22

31

775

Totalt

1467

1743

1597

1570

1815

1 Inkluderer EHEC, EPEC, ETEC og EIEC

2 Auken skuldast eit utbrott der basilikum frå Israel var smittekjelda og eit utbrott knytt til ein salatbar

Kjelde: Årsrapporten til Mattilsynet for 2014

For å oppretthalde den gode statusen, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna, auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra. Dei siste åra har det vore ein auke i utbrot der smittekjelda har vore importerte grønnsaker og bær.

Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av handtering av vatn og dårleg leidningsnett, gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei større og viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei særleg utfordring med sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er også ei utfordring knytt til produkt som blir omsett over internett og postordre.

God dyre- og plantehelse samt god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i frukt- og potetproduksjonen.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon blant norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikabruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Antibiotikabruken har blitt redusert samstundes som det har vore ein auke i gjennomsnittleg storleik på besetningane. For norske mjølkekubesetningar viser statistikken mindre bruk av antibiotika i store besetningar enn i små. Dyktige og ansvarsbevisste bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Sjølv om anitbiotikabruken i norsk husdyrhald er låg, er det dei seinare åra påvist LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) i svinebesetningar. Det er sett i verk omfattande tiltak for å prøve å hindre at denne bakterien får fotfeste i norsk svinehald. Det er også påvist antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli) i norsk fjørfe og fjørfekjøtt.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat.

Generelt er dyrevelferda i Noreg god samanlikna med mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sports- og familiedyr.

5 Overordna mål: Landbruk over heile landet

Balansert geografisk utvikling i landbruket

Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i landbruket.

I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. I perioden 1999–2014 er det anslått ein reduksjon i totalt jordbruksareal på om lag 5 pst. i følgje berekningar frå Budsjettnemnda for Jordbruket. Registrert totalareal var på sitt høgaste i 1998. Nedgangen i jordbruksareal skjer i all hovudsak innanfor åker og hage. Dei siste åra har reduksjonen i jordbruksareal flata ut.

Frå 2005 har nytt digitalt kartgrunnlag vore i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Overgangen er no fullført. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at det nye kartverket i perioden 2005–2013 innebar ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Effekten av nytt kartverk kan både vere ein følgje av meir nøyaktige målingar, og at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når nytt kartverk blir teke i bruk.

Reduksjonen i totalt jordbruksareal i drift i perioden 1999–2014 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Norge. Dei førebelse tala for 2014 viser ein liten auke i totalt areal for Austlandet, Agder-fylka og Telemark. På landsbasis har delen fulldyrka jord blitt redusert, mens delen eng og beite har auka. Dei siste ti åra er arealet av open åker på Austlandet redusert med om lag 250 000 dekar, mens arealet av eng og beite har auka med om lag 160 000 dekar. Dette er ei ønskt utvikling, delvis som følgje av behov for å redusere avrenning til vassdrag, og delvis som følgje av auka hold av ammeku og sau som har vore prioritert i fleire av dei siste jordbruksoppgjera. Sjå Figur 5.1 for utviklinga i arealet i dei ulike landsdelane i åra 2005–2014.

Figur 5.1 Utvikling i areal fordelt på landsdelar, 2005–2014. Pst.

Figur 5.1 Utvikling i areal fordelt på landsdelar, 2005–2014. Pst.

For dei grasbaserte produksjonane har produksjonen av storfekjøtt gått noko ned det siste tiåret. Den største reduksjonen har vore i Rogaland, på Vestlandet og i Trøndelag, mens produksjonen har hatt ein auke på Austlandet. Produksjonen av kumjølk har hatt ein liten auke på Austlandet, i Agder/Telemark og i Rogaland, mens den har gått noko ned på Vestlandet og i Nord-Noreg. Produksjonen av sau og lam aukar på Austlandet og i Trøndelag, mens den har gått ned i resten av landet.

Figur 5.2 Grasbasert husdyrproduksjon fordelt på landsdelar, 2010–2014. Pst.

Figur 5.2 Grasbasert husdyrproduksjon fordelt på landsdelar, 2010–2014. Pst.

Jord- og skogbruk stod for i alt 3,6 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2014. Totalt var det om lag 41 300 sysselsette personar i jordbruket og reindrifta og i underkant av 6 800 i skogbruksbasert industri i 2014, jf. Tabell 5.1 Samstundes var over 31 600 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og om lag 15 700 sysselsette i skogbruksbasert industri.

Ser ein regionvis fordeling av sysselsetjinga i jordbruket over tid, så aukar delen på Austlandet og i delar av Nord-Noreg, mens den går ned på Vestlandet. I resten av landet er delen nokså stabil.

Tabell 5.1 Sysselsette personar i landbruket per fylke, 2014

Totalt tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustrien

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert syssetsetjing som del av total sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Østfold

119 125

2 011

4,9 %

299

4,4 %

3 174

10,0 %

1 552

9,9 %

7 036

5,9 %

Akershus

266 227

1 899

4,6 %

594

8,8 %

1 671

5,3 %

515

3,3 %

4 679

1,8 %

Oslo

457 000

165

0,4 %

142

2,1 %

3 931

12,4 %

210

1,3 %

4 448

1,0 %

Hedmark

87 634

3 544

8,6 %

1 291

19,1 %

2 003

6,3 %

2 057

13,1 %

8 895

10,2 %

Oppland

87 873

4 254

10,3 %

728

10,8 %

1 320

4,2 %

1 131

7,2 %

7 433

8,5 %

Buskerud

126 647

1 757

4,3 %

706

10,4 %

1 192

3,8 %

1 022

6,5 %

4 677

3,7 %

Vestfold

107 228

1 423

3,4 %

255

3,8 %

2 264

7,2 %

763

4,9 %

4 705

4,4 %

Telemark

76 279

1 170

2,8 %

556

8,2 %

501

1,6 %

394

2,5 %

2 621

3,4 %

Aust-Agder

48 964

623

1,5 %

398

5,9 %

285

0,9 %

716

4,6 %

2 022

4,1 %

Vest-Agder

89 462

982

2,4 %

290

4,3 %

885

2,8 %

1 149

7,3 %

3 306

3,7 %

Rogaland

248 480

5 146

12,5 %

87

1,3 %

3 834

12,1 %

1 330

8,5 %

10 397

4,2 %

Hordaland

261 343

2 319

5,6 %

153

2,3 %

2 589

8,2 %

708

4,5 %

5 769

2,2 %

Sogn og Fjordane

55 005

2 308

5,6 %

102

1,5 %

1 049

3,3 %

600

3,8 %

4 059

7,4 %

Møre og Romsdal

131 844

2 395

5,8 %

149

2,2 %

1 196

3,8 %

596

3,8 %

4 336

3,3 %

Sør-Trøndelag

163 837

3 155

7,6 %

252

3,7 %

2 831

8,9 %

1 130

7,2 %

7 368

4,5 %

Nord-Trøndelag

62 844

3 489

8,5 %

440

6,5 %

1 133

3,6 %

1 037

6,6 %

6 099

9,7 %

Nordland

117 217

2 627

6,4 %

205

3,0 %

621

2,0 %

622

4,0 %

4 075

3,5 %

Troms

83 124

1 196

2,9 %

88

1,3 %

929

2,9 %

168

1,1 %

2 381

2,9 %

Finnmark

37 922

822

2,0 %

25

0,4 %

236

0,7 %

31

0,2 %

1 114

2,9 %

Sum

2 628 055

41 285

100,0 %

6 760

100,0 %

31 644

100,0 %

15 731

100,0 %

95 420

3,6 %

Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Områda med spreidd busetjing og småsenterregionar har hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.

Sterkt og effektivt landbruk

For å nå målet om eit sterkt og effektivt landbruk, må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at over halvparten (60 pst.) av jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2013. Utviklinga mot færre små jordbruksverksemder og fleire store fortset også i 2013. I 2013 var det i underkant av 3 900 jordbruksverksemder som hadde meir enn 500 dekar jordbruksareal i drift mot 3 700 året før. Tala for jordbruksverksemdene analysert på BA-sentralitet viser også omtrent same strukturfordeling som i 2012. Om lag 69 pst. av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Størst del ligg i småbyregionane (26 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (9 pst.). Småbyregionane er også dei regionane som har flest dekar jordbruksareal i drift (om lag 2,6 mill. dekar) og mest leigd areal (i underkant av 1,2 mill. dekar) i 2013. Tala frå åra 2012 og 2013 for desse regionane viser også at det eigde jordbruksarealet i drift har gått ned (frå 1.495.500 til 1.460.800 dekar), mens jordbruksarealet i drift som blir leigd aukar (frå 1.135.600 til 1.160.400 dekar).

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene (58 pst.) driv landbruksproduksjon både med leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 30 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på jordbruksareal som er eigd av verksemdene. 8 pst. driv landbruksproduksjon berre med jordbruksareal som er leigd, jf. Figur 5.3 som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksarealet i drift.

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var i overkant av 5,5 mill. dekar i 2013. Det leigde jordbruksarealet var på 4,3 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2012 viser dette ein nedgang i det eigde jordbruksarealet i drift og ein liten auke i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene. Gjennomsnittleg areal per jordbruksverksemd har auke frå 221 dekar i 2012 til 226 dekar i 2013 (fordelt på 127 dekar eigd areal og 99 dekar leigd areal). Av jordbruksarealet i drift var totalt 44 pst. leigejord i 2013 mot 43 pst. i 2012.

Figur 5.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift. År 2013.

Figur 5.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift. År 2013.

Kjelde: SSB

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden sin rett til å disponere over eigen eigedom er i tråd med eigne val og prioriteringar. I 2013 var det registrert om lag 186 100 landbrukseigedommar i landbruksregisteret. Dette er landbrukseigedommar som består av minst 5 dekar jordbruksareal, og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Mange av eigedommane har lite jordbruksareal. Hovudtyngda (71 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal i 2013. Om lag 17 pst. hadde over 100 og under 500 dekar eigd jordbruksareal. Litt under ein pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. 7 pst. av eigedommane var registrert utan eigd jordbruksareal. Desse tala frå 2013 viser omtrent same fordeling av eigedommar og jordbruksareal som i 2012. Tala frå 2010 til 2013 viser også at strukturutviklinga i retning av større einingar med meir eigd jordbruksareal per landbrukseigedom går relativt langsamt.

Tal frå KOSTRA i 2014 viser at om lag 15 pst. av dei som søkte om samtykke til å dele ein landbrukseigedom, ønskte å selje jorda som tilleggsjord til annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 585 eigedommar blei fordelte som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i 2014. Tala frå 2009–2011 viser ein prosentfordeling på om lag 11 pst. og for åra 2012 og 2013 respektive 12 pst. og 14 pst.

Av dei 186 100 registrerte landbrukseigedommane i 2013 har 164 760 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av desse har om lag 51 pst. av eigedommane jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Dette jordbruksarealet er det andre enn eigar av jorda som driv. Om lag 23 pst. av eigedommane blir drive berre ved hjelp av eige jordbruksareal der eigaren sjølv også er brukar av arealet, jf. Figur 5.4 som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2013. Desse tala er omtrent på same nivå som for 2012 og viser små eller ingen reelle endringar (51 pst. mot 50 pst. for eigedommar som berre blir drive ved bortleige).

Figur 5.4 Landbrukseigedommar med minst  5 dekar eigd jordbruksareal. År 2013.

Figur 5.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal. År 2013.

Kjelde: SSB landbrukseigedommar.

Fordelinga av landbrukseigedommane på BA-sentralitet i 2013 viser same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane som for året 2012. Om lag 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar, størst del ligg i småbyregionar (28 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (11 pst.). Tala for 2013 viser også, til liks med tala for 2012, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (der andre enn eigar driv jorda) (14 pst.) og flest eigedommar der eigar sjølv også er brukar av areala (6 pst.). Blant regionane var det også småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2013.

Investeringsbehovet i landbruket er stort. Innanfor det tradisjonelle landbruket er det særskilt behov for modernisering av driftsapparatet og investeringar for å auke effektiviseringa av produksjonen.

Dei siste ti åra har bruttoinvesteringane auka med om lag 35 pst. i nominelle verdiar. Budsjettnemnda for jordbruket prognoserar ein auke på 5,0 pst. i investeringane, inkl. nye leasingkontraktar, i 2015. Nemnda reknar med vekst både for bygningar, maskinar og grøfting. Målt i faste prisar (volum) nådde investeringane sitt lågaste nivå sidan opptrappinga på 70-talet, i 2001. Investeringsvolumet har auka sidan det, og dei siste åra har nivået vore om lag 8,5 mrd. kroner målt i 2003-prisar.

Tabell 5.2 Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket 2013 fordelt på regionar

(1 000 kroner)

Regionar

Nettoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygder

377,9

Andre bygder

303,0

Agder og Rogaland

Jæren

738,5

Andre bygder

480,6

Vestlandet

308,1

Trøndelag

Flatbygder

394,2

Andre bygder

539,2

Nord-Noreg

538,8

Tabell 5.2 gir ei oversikt over gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2013 fordelt på regionar. For 2013 omfattar driftsgranskingane 888 enkeltbruk og 33 samdrifter. Ettersom tala baserer seg på alle deltakarar i driftsgranskingane, vil det innanfor kvar region også vere bruk som ikkje investerte i 2013. Talet for investeringsnivå må difor sjåast i lys av dette. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket vil elles mellom anna vere avhengig av produksjonstype og bruksstorleik. Med utgangspunkt i tal frå driftsgranskingane finn ein dei største nettoinvesteringane per bruk på Jæren, mens Vestlandet har noko lågare gjennomsnittleg investeringsnivå enn dei andre regionane.

Dei største investeringane i jordbruket blir gjort i driftsbygningar. I SSB si landbruksundersøking frå 2012 er det berekna at om lag 15 pst. av jordbruksbedriftene investerte i driftsbygningar i 2011. Gjennomsnittleg investert beløp per bruk for desse var på 531 000 kroner. Vestlandet hadde med 11 pst. lågast del av jordbruksbedrifter som investerte i driftsbygningar.

For eit sterkt og effektivt jordbruk er det viktig å få tilgang til nye plantesortar som kan gi meir avling, som er meir motstandsdyktige mot skadegjerarar, og som er betre tilpassa dei ulike formene for dyrking og dyrkingsforhold. I nokre tilfelle gir nye plantesortar også avling av betre kvalitet. Å dyrke fleire plantesortar er også positivt for biologisk mangfald, mellom anna fordi det sikrar ein breiare genetisk basis i moderne plantesortar. I 2014 blei 15 nye plantesortar som er foredla for norske forhold godkjente for norsk sortsliste.

Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og betre lønsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Slaktevolumet dei tre siste åra har gått ned samanlikna med det svært høge slaktevolumet i 2010. I 2014 var uttaket 62 317 rein på listeførde slakteri mot 68 722 rein i 2013. I 2010 var uttaket på 80 855. Dette utgjorde 1 401 tonn i 2014, 1 515 tonn i 2013 og 1 764 tonn i 2010. Slaktevektene for alle dyrekategoriane har auka frå driftsåret 2012/2013 til 2013/2014. Gjennomsnittleg slaktevekt på okse 1–2 år har auka frå 27,8 kg til 28,4 kilo, simler eldre enn to år har auka frå 29,1 kg til 29,4 kg og slaktevekta på kalv har auka frå 18,8 kg til 19,1 kg.

Produktivitet samanlikna med talet på rein kan fortelje mykje om korleis tilpassinga mellom rein og beite er i eit område. Ein høg totalproduksjon per livrein vil ofte innebere god kalvetilgang, lite tap og gode slaktevekter. Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte område. Sidan driftsåret 2009/2010 er den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 5,4 kg per livrein i 2012/2013.

Tal frå totalkalkylen for reindrifta viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei siste åra. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i slakteuttaket. I tillegg har det vore ein vesentleg auke i kostnadene dei siste åra. Vederlaget for arbeid og eigenkapital blei redusert frå 85,5 mill. kroner i 2012 til 59,1 mill. kroner i 2013. Målt per årsverk er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 85 700 kroner i 2012 til 62 100 kroner i 2013, og målt per siidaandel er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 142 000 kroner i 2012 til 103 600 kroner i 2013.

6 Overordna mål: Auka verdiskaping

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og støtteordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem.

Jordbruket sysselsette i 2014 om lag 47 000 årsverk, og matindustrien er den nest største industribransjen i Noreg. Nærings- og nytelsesmiddelindustrien, inklusive fisk, drikkevarer og tobakk, hadde i 2014 ein brutto produksjonsverdi på om lag 185 mrd. kroner, ein auke på 7,7 pst. frå året før. Næringsmiddelindustrien bidrog med 42,4 mrd. kroner i verdiskaping i 2014. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Betydelege delar at næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som den i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer også den totale omsettinga av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har samla produksjonsvolum i jordbruket auka med om lag 2,5 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 6,5 pst., mens produksjonen av planteprodukt har gått ned med i overkant av 7 pst. Det er særleg det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka. Desse produksjonane har dei siste åra hatt problem med marknadsbalansen, først i svineproduksjonen og no i fjørfeproduksjonen. Dei siste ti åra har likevel svineproduksjonen auka med i overkant av 13 pst., og produksjonen av fjørfe med 53 pst. For det grovfôrbaserte husdyrhaldet er det nedgang i nesten alle produksjonane, med unntak av produksjon av kumjølk som hadde ein auke på 2,8 pst.

Produksjonen har også falle for korn, poteter, frukt og blomar det siste tiåret. For korn er dette grunna både redusert areal og svak utvikling i avling knytt til dårleg vêr. Trass i at avlinga i 2014 var betre enn på mange år, var ikkje avlingsauken tilstrekkeleg til å snu den negative trenden. Produksjonen av poteter er redusert med i overkant av 10 pst., og fruktproduksjonen er redusert med om lag 13,5 pst. Årsaka til redusert produksjon av blomar er særleg at snittblomar mister marknadsdelar til import. I grøntsektoren har marknadsforholda dei siste åra vore ustabile grunna både nasjonale forhold og importkonkurranse, men produksjonen har likevel hatt ein auke på 10,6 pst. Produksjonen av bær er om lag uendra perioden sett under eitt, men produksjonen har auka dei siste åra. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2006 til 2015, i følgje normalisert rekneskap.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2006 til 2015, i følgje normalisert rekneskap.

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Hovudinntrykket er at for produksjonar med vekst, så kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad. Endringar i den geografiske fordelinga må sjåast i samanheng med produksjonsutviklinga. Den sterke produksjonsauken i kylling har først og fremst komme i Trøndelag, Rogaland og på Austlandet. I Trøndelag har eggproduksjonen auka betydeleg, mens den er relativt stabil i andre område. Auken i grønsaker på friland har komme på Austlandet. Auken i svineproduksjonen har i størst grad komme i Rogaland, men også Nord-Norge har hatt ein auke i svineproduksjonen. For utvikling i geografisk fordeling innan grasbaserte produksjonar, sjå rapporteringa under hovudmålet Landbruk over heile landet.

I følgje Nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 18,4 mrd. kroner i 2014. Dette inneber ein auke på 5,6 pst. frå 2013. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbrukssektoren har i perioden 2004–2014 hatt ein vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 4,4 pst. per år. Tilsvarande talgrunnlag for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,6 pst. dei siste ti åra, i følgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Gjennomsnittleg vekst i Fastlands-Noreg var 1,1 pst.

Regjeringa vil sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan auke også i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for si eiga inntekt. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av produksjonen.

Frå 2013 til 2015 er bruttoinntektene i jordbruket berekna å auke med 2,3 mrd. kroner, mens kostnadene, inkludert realrentekostnaden, har auka med 0,7 mrd. kroner. Frå 2013 til 2014 er det berekna ein auke i vederlag til arbeid og eigenkapital på 7,6 pst., og frå 2014 til 2015 blir det budsjettert med ein auke på 8,7 pst. Tala inkluderer verdien av jordbruksfrådraget.

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om til saman 40 større og mindre forenklingstiltak. Departementet vil føre vidare arbeidet med forenkling av dei landbruks- og matpolitiske verkemidla. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 106 S (2013–2014) at det skulle setjast ned ei partssamansett gruppe for å sjå nærare på verkemidla i jordbruksavtalen og foreslå forenklingar for næringsdrivande og forvaltning. Gruppa skal levere ein delrapport som innspel til jordbruksoppgjeret i 2015, og levere ein samla rapport innan utgangen av 2015.

Det er også gjennom mange år gjennomført endringar av større og mindre grad i systema og rutinane for å følgje opp endringar i regelverket for tilskottsordningane. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Landbruksdirektoratet dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har også gjort det mogleg for fylkesmannen og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet har blitt gjort tilgjengelege digitalt. Landbruksdirektoratet jobbar med å utforme eit nytt fagsystem for forvaltning av produksjons- og avløysartilskotta (eStil). Systemet skal etter planen takast i bruk frå 2017, og vil gi ein auka grad av driftssikkerheit og effektivitet i forvaltninga.

Lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs- markanden som mål tydeleggjer regjeringa sine ambisjonar for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø er sentrale. Samstundes er det viktig å vere klar over at dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildelingar. Ettersom dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, er det soleis ikkje tilgjengeleg rekneskapstal på same måten som for aksjeselskap. Dette gjeld særskilt for mottakarar av midlar til investering og bedriftsutvikling. Departementet vil i samarbeid med IN arbeide vidare med korleis få ei betre resultat- og effektmåling av dei bedriftsretta verkemidla som IN forvaltar på landbruksområdet.

Tilgang til investeringsverkemiddel er ein viktig føresetnad for fornying av produksjonsapparatet i landbruket og framtidig vekst og utviking i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket er Landbruks- og matdepartementet sitt viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel, og det er nødvendig å gjere ei omfattande prioritering av prosjekta på kommunenivå i forkant for å utnytte rammene best mogleg. Knapt 80 pst. av tilskottsmidlane og over 90 pst. av låneramma for rentestøtte går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, dvs. knytt til delmålet om vekst i bedrifter. Ein betydeleg del av dei vel 20 pst. som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk er knytt til delmål om fleire gode gründerar. Innanfor Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping har aktiviteten dei siste åra vore retta mot vekstkraftige bedrifter og auka merksemd på forpliktande produsentsamanslutningar. Ei rekneskapsanalyse gjennomført av IN blant matbedrifter organisert som aksjeselskap som har fått finansiering over programmet dei siste sju åra, viser ein auke i resultat før skatt på om lag 700 pst. Ei undersøking blant bedrifter som fekk vekststøtte i 2009, viser ein omsetnadsauke frå 10 til 35 pst. per år. Innovasjonsnivået på prosjekta ligg nokså stabilt, og er for dei fleste av verkemidla på landbruksområdet hovudsakleg knytt til innovasjon på bedriftsnivå. For Trebasert innovasjonsprogram ligg delen innovasjon på eit høgt nivå nasjonalt og internasjonalt. Det er også ein høg grad av addisjonalitet på dei ulike ordningane, dvs. at ordningane blir sett på som utløysande for at prosjekta har blitt realiserte.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 888 bruka som var med i driftsgranskingane i 2013, hadde 82 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næringsutvikling. Omsetnad seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. Gjennomsnittleg omsetnad på desse næringane per bruk i utvalet var 190 600 kroner, ein auke på 5 100 kroner (2,7 pst.) frå 2012. Omsetnaden auka frå 2012 til 2013 på Austlandet og i Nord-Noreg, mens det var nedgang i Agder og Rogaland, på Vestlandet og i Trøndelag, jf. Figur 6.2 Vestlandet har, slik figuren viser, hatt høgast omsetnad i tilleggsnæring i åra 2011–2013. Den høge omsetnaden på Vestlandet skuldast i hovudsak svært høg omsetnad på nokre få bruk der tilleggsnæringa har vore under oppbygging gjennom fleire år. Overskottet frå tilleggsnæring utgjorde i gjennomsnitt 7 pst. av samla inntening på alle driftsgranskingsbruk i 2013.

Figur 6.2 Omsetnad tilleggsnæring, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i tilleggsnæring. Regionar, 2011–2013

Figur 6.2 Omsetnad tilleggsnæring, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i tilleggsnæring. Regionar, 2011–2013

Kjelde: Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking

Det er større driftsoverskott blant dei bruka som driv med tenesteyting enn med vareproduksjon. Driftsgranskingane viser likevel at bidraget frå bygdenæringane til familieøkonomien samla sett er lite. Det er krevjande å få god statistikk over utviklinga innanfor bygdenæringane. Departementet vil jobbe vidare med sikte på å utvikle eit betre system for resultatmåling på området.

Landbruks- og matdepartementet støtta i perioden 2008–2013 eit femårig inkubatorprogram for mat- og naturbaserte næringar i regi av Innovasjon Noreg og Selskapet for industrivekst SF (SIVA). Formålet har mellom anna vore å prøve ut inkubasjon i landbruks- og matsektoren. Inkubatorane skal vere ei fødestove for nye bedrifter, og gjennom deltaking i satsinga får gründerar tett oppfølging av personar med lang erfaring frå etablering av nye bedrifter. Om lag 110 nyetablerte bedrifter har delteke i satsinga. Nordlandsforskning har evaluert programmet og konkludert med at satsinga har gitt gode resultat.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruket og trebasert industri hadde ein samla omsetnad på nærare 38 mrd. kroner og skogindustrien sysselsette i underkant av 16 000 årsverk i 2014. Bruttoproduktet for skogbruket og tenester knytt til skogbruket var på mest 4,6 mrd. kroner og sysselsette rundt 6 800 årsverk i 2012. Totalt var om lag 24 000 personar sysselsette i skogbruket og trebasert industri. Skognæringa sin del av brutto nasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg var på rundt 0,65 pst. i 2012. Verdiskapinga i trelast- og trevareindustrien, med unntak av møblar, held seg betre oppe enn i treforedlingsindustrien og utgjorde i 2012 rundt 51 pst. av skognæringsverksemda i skogsektoren.

Noreg eksporterte tømmer og trebaserte varer til ein verdi av i underkant av 9 mrd. kroner i 2014. Eksportverdien har gått ned dei siste åra, noko som skuldast nedbygging av papir- og celluloseindustrien i Noreg. Delen av sagtømmer og massevirke har likevel auka dei siste åra. I 2014 blei det eksportert om lag 3,27 mill. m3 tømmer, fordelt på rundt 2,25 mill. m3 massevirke og 1,02 mill. m3 sagtømmer. Dette var noko høgare enn i 2013 og det høgaste eksportkvantumet av tømmer som er registrert dei siste 25 åra. Årsakene til dette er endringar i industristrukturen i Noreg, og etterspørsel etter tømmer og betalingsvilje for tømmer i marknaden.

Det blei totalt avverka om i underkant av 10 mill. m3 tømmer for sal til industrien i 2014, det høgaste talet på fleire år. Hogsten er likevel under halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog, som i perioden 2008–2012 var på om lag 24 mill. m3.

I 2014 blei det i Noreg sett ut om lag 29 mill. skogplantar. Dette er det høgaste nivået for planting på om lag 10 år. Omfanget av areal der det er utført ungskogpleie auka med 3 pst. til 270 000 dekar, mens for markbereiing var det ein nedgang med 2 pst. til om lag 70 000 dekar samanlikna med 2013. Det var nyplanting på 160 000 dekar, ein auke på 4 pst. frå året før.

Det blei bygd og ferdigstilt i overkant av 70 km med nye skogsbilvegar og ombygd rundt 370 km med eksisterande skogsbilvegar. I tillegg blei det bygd om lag 175 km med nye traktorvegar og om lag 70 km blei bygd om. Om lag 90 pst. av skogsbilvegane og 30 pst. av traktorvegane blei bygde med tilskott. Totalt blei det investert 150 mill. kroner på skogsbilvegar og i underkant av 40 mill. kroner på traktorvegar.

7 Overordna mål: Berekraftig landbruk

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skapar økonomiske verdiar, mat, trevirke og andre miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit produkt av eit aktivt landbruk. For å sikre at befolkninga i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlaget i landbruket. Gjennom metodar for berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og utslepp av klimagassar, leggje til rette for auka opptak av klimagassar og for nødvendig tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Ivareta landbruket sitt kulturlandskap

Det er eit mål å ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap.

Totalt blei det brukt 4,2 mrd. kroner på kulturlandskapsformål i 2014. Midlane blei nytta til å hindre gjengroing i Noreg, oppretthalde eit variert og levande kulturlandskap i heile landet og til å ta vare på spesielle og verdifulle landskap og kulturmiljø. Ein del areal med særskilte landskapsverdiar kan takast vare på ved tradisjonell slått. Det blei gitt tilskott på 14,6 mill. kroner til slått av 77 000 dekar lokalt verdifulle jordbrukslandskap og 45 mill. kroner til skjøtsel av 345 000 dekar bratt jordbruksareal. Det blei også gitt tilskott på totalt 550 000 kroner til skjøtsel av 1 800 særeigne landskapselement som åkerholmar, gardsdammar og store tre som krev spesiell tilrettelegging. Landbruks- og matdepartementet samarbeidde med Klima- og miljødepartementet om 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2014, der oppgåvene har vore å ta vare på viktige miljø- og landskapsverdiar gjennom istandsetjing og skjøtsel. Til saman blei det løyvd 14 mill. kroner til satsinga i 2014.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat, og for å sikre matforsyninga både på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2014 utgjorde i overkant av 9,8 mill. dekar. Samanlikna med 2013 viser tala ein liten auke på ca. 15 000 dekar.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet, til å halde utmarka open og har samstundes ein gunstig effekt på det biologiske mangfaldet. I satsingar som utvalde kulturlandskap i jordbruket, verdsarvområda og utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for at både storfe, geit og sau er på beite. Det har vore ein nedgang på 5 pst. i talet dyr på beite sidan 2000. I 2014 var det totalt om lag 2,2 mill. beitedyr i utmark. Tal på dyr på utmarksbeite har halde seg stabilt frå 2013 til 2014.

Berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal- og ressursgrunnlag

Omdisponering av areal

Regjeringa har lagt fram ein jordvernstrategi for Stortinget, jf. Prop. 127 S (2014–2015). Denne strategien inneheld ei rekkje forslag til tiltak for å styrkje jordvernet. Regjeringa vidarefører målet om å avgrense omdisponeringa av dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) til under 6 000 dekar per år. For 2014 viser KOSTRA-tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at det blei omdisponert 5 710 dekar dyrka jord til andre formål enn landbruk.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark har hatt ein jamn auke gjennom fleire år. Etter eit par år med nedgang, auka talet til 18 572 dekar i 2014. Dette er ein auke på heile 4 015 dekar, eller 22 pst., samanlikna med året før. I alt blei 878 søknader handsama i 2014. Sidan 2007 er godkjent nydyrka mark 15 588 dekar per år i gjennomsnitt.

Tiltak for å avgrense forureining

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå god, økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år grunna variasjonar i nedbør, i temperatur og i jordbruksdrifta. Åkerareal utan vernande plantedekke haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland. Det har i dei siste åra vore ein god auke i vassmiljøtiltak for å hindra avrenning frå jordbruket i 2014. I 2014 blei det gitt totalt 205 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg. Det er likevel ein nedgang i areal med åker i stubb (inga haustpløying). Frå 2005 til 2011 var det ein auke i slikt areal, mens i 2014 var det totale kornarealet som står i stubb om lag det same som i 2005, dvs. om lag 40 pst. stubbåker. Det har i heile denne perioden vore vektlagt å målrette innsatsen til dei areala der det er mest viktig å gjennomføre tiltak, noko som kan ha medført at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Det er for tidleg i prosessen å rapportere på kva slags verknad dette har for betra status i vassførekomstar som følgje av tiltak som allereie er sette i gang.

Salet av plantevernmiddel varierer årleg mellom anna grunna klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. I dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnad av plantevernmiddel, er berekna helserisiko for 2014 redusert til 91 pst. av 1996/97-nivå, mens berekna miljørisiko har auka til 114 pst. av 1996/97-nivå.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Økologisk areal utgjorde 461 000 dekar i 2014, om lag 4,7 pst. av det totale jordbruksarealet (medrekna karensareal, areal under omlegging, er delen 5,1 pst.). Areal i karens hadde ein sterk vekst frå 2007 til 2009, men har dei siste åra hatt ein tydeleg nedgang, noko som vil påverke veksten i økologisk drivne areal i åra som kjem. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det totale tal husdyr i Noreg. Frå 2013 til 2014 var det ein auke i talet på dyr som storfe, gris, geit og verpehøner. Tal på økologisk storfe utgjer 3,2 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4,5 pst.

Skogbruksplanlegging og miljøregistrering

I 2014 blei det avslutta og godkjent skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 4,2 mill. dekar skog. Fordi desse prosjekta går over fleire år svingar tala for ferdigstilte areal frå år til år, og det same vil utbetalingane gjere. Det økonomisk drivverdige skogarealet er på i underkant av 70 mill. dekar. Om lag 85 pst. av dette arealet er kartlagt med MiS-registreringar. Det er no starta opp nye skogbruksplanprosjekt i område der det er miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir ført vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra og reviderte. Det blir då vurdert om det er behov for nye miljøregistreringar.

Med grunnlag i dette arbeidet tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane, både i registrerte livsmiljø og der miljøverdiane er meir spreidde. Det er no totalt sett til side meir enn 100 000 livsmiljø med eit samla areal på omkring 500 000–600 000 dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda og bidreg mellom anna til å redusere behovet for offentlege vernevedtak.

Delen av landbruket sine potensielle verdifulle genressursar som er sikra

Genmangfaldet innanfor landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda og for at husdyr, matplanter og skogstre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold og nye krav til sluttprodukta. Det er naudsynt å sikre berekraftig bruk og bevaring av gamle husdyrrasar, plantesortar og variasjonen innanfor artene av skogstre for at ikkje potensielt verdifulle genressursar skal gå tapt. Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien Kritisk trua i 2014. Fire av storferasane og tre hesterasar er blant desse. Ytterlegare 9 rasar blir rekna som Trua. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei trua og kritisk trua rasane for framtida. I 2014 blei det registrert ein auke i talet på dyr for alle dei nasjonale kurasane. For dei store avlspopulasjonane ligg det føre tal for effektiv populasjonsstorleik, som gjer greie for talet på dyr som bidreg med gen i neste generasjon. Ein effektiv populasjonsstorleik på minst 50, og helst over 100, blir rekna for å vere berekraftig. For 2014 er dette talet for NRF (Norsk raudt fe) 227, norsk kvit sau 89, spælsau 63, norsk sjeviot 49, norsk mjølkegeit 320 og for norsk landsvin 135.

I 2014 var det totalt 11 bevarings- og tradisjonssortar på den norske sortslista. Det er også oppretta bruksgenbankar for gamle sortar innan korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om nordisk genbank for frø som ligg til Nordisk genressurssenter (NordGen) under Nordisk ministerråd.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg til klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. I 2014 blei det etablert over 80 nye (totalt 584) slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir haldne ved like etter skjøtselsplan og avtalar. Brorparten av engene inngår i Handlingsplan for slåttemark hos Miljødirektoratet. Dei andre er stort sett resultat av initiativ i fylke der ymse støtteordningar bidreg til at tradisjonell skjøtsel og drift held fram.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Per 31.12.2014 var 3 176 individ utprøvd i skogplanteforedlinga på gran. Desse dannar grunnlaget for utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar, og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar in-situ, er det oppretta genressursreservat for skog i nokre verneområde. Desse bidreg til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestadar. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog, som omfattar 10 ulike treslag (under dette alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran).

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar, og er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2014 har i alt 58 institusjonar til saman deponert 849 804 frøprøver i frøhvelvet. Det var ein auke i samlinga på 5 pst. frå 2013. Meir enn 1/3 av alt mangfaldet av matplanter som i følgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi vil kunne bidra til auka husdyrproduksjon og avling, og kan og gi betre kvalitet i produksjonen. Auka kunnskap knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn hos den enkelte bonde og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon er nødvendig for å nå måla som regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp, som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd syner at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på omkring det same høge nivået dei siste tre åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

Innanfor området agronomi blei det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor knytt til forventningane om auka matproduksjon, oppretthalding av norsk sjølvbergingsgrad og landbruk i heile landet. Det blei starta opp eit stort prosjekt, AGROPRO. Prosjektet er eit samarbeid mellom Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Bioforsk/NIBIO, med eit samla budsjett på 40 mill. kroner over 4 år.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Karbonlagring i skog og jord

Regjeringa vil leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar. Nettoopptaket av CO2 i skog var ved siste rapportering til Klimakonvensjonen på om lag 31 mill. tonn CO2 -ekvivalentar for 2013. Korrigert for dei andre arealkategoriane (mellom anna dyrka myr og åkerland) blir nettoopptak for skog og andre areal (LULUCF sektor) 26,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2013 (alle karbonlager – tilskoging, avskoging, arealbruksendringar, gjødsling, skogbrannar med vidare). Den samla klimaeffekten frå skogsektoren må vurderast ved å sjå netto skogopptak i samanheng med klimatenestene fornybart skogråstoff bidreg til ved substitusjon av fossile utslepp i form av trebruk i byggsektoren og bioenergi.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av forholdet mellom hogst og netto tilvekst. Sidan tømmerhogsten i Noreg har vore på eit temmeleg stabilt nivå rundt 10 mill. kubikkmeter årleg, har omfanget av forynging av skog mykje å seie for skogen sin tilvekst og karbonopptak. I 2014 blei det sett ut 29 mill. skogplanter over eit areal på 160 000 dekar. Dette er den høgaste planteaktiviteten som er registrert dei siste ti åra.

Vidare er skogen sin alder ved hogst viktig når det gjeld skogen som opptaksmekanisme og lager for karbon. I klimaforliket er det difor teke inn eit punkt om forbod mot hogst av ungskog. Regjeringa vil foreta ei vurdering av dette straks etter at den pågåande revisjonen av Norsk PEFC skogstandard er avslutta i oktober.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljømessige fortrinn, og Noreg har store uutnytta skogressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næring.

Tresatsinga til regjeringa har dei siste åra blitt forvalta av Innovasjon Noreg gjennom Trebasert Innovasjonsprogram. Målet har vore auka bruk av tre og styrkt konkurransekraft i næringa. Programmet har gjennom fleire år hatt høg aktivitet og gjennom mobilisering og finansiell stønad bidrege til realisering av alt frå arkitektoniske konsept til byggprodukt og konstruksjonsmetodar. Programmet har bidrege til å utvikle det moderne trebyggeriet slik at tre blir vurdert som eit aktuelt materiale av arkitektar, utbyggjarar, folk som utviklar eigedommar og entreprenørar.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet medverkar til auka produksjon og bruk av bioenergi. Bioenergiprogrammet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Støtta over bioenergiprogrammet utgjer under det halve samanlikna med elsertifikatordninga målt i kroner per kilowattime. I 2014 var det ein stor auke i samla planlagd energiproduksjon til prosjekta som fekk støtte over programmet, samanlikna med 2013. Auken var på 15 GWh eller 56 pst., trass i låge straumprisar. I programmet si levetid er det totalt etablert over 1430 gardsvarmeanlegg, 28 anlegg i veksthus og 162 varmesalsanlegg.

Klimatilpassing

Klimaendringane vil påverke landbruket i stor grad, og vil mellom anna endre føresetnadene for planteproduksjon. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å redusere sårbarheita og for å utnytte moglege gevinstar som følgjer med klimaendringane. Planteforedling er eit viktig tiltak for klimatilpassing, og departementet bidreg til å styrkje skogplanteforedlinga.

8 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matdepartementet har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere organisert slik at ho har god gjennomføringskraft, løyser sentrale oppgåver effektivt med god kvalitet, og legg til rette for auka verdiskaping i næringslivet.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Landbruks- og matdepartementet hadde fram til 1.7.2015 seks underliggjande verksemder. Etter 1.7.2015 har departementet fire underliggjande verksemder. Departementet skal setje mål og gi rammer, rettleie og følgje opp resultata i verksemdene i samsvar med gjeldande lover, reglar og politiske retningsliner. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet har to underliggjande forskingsinstitutt, Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Sistnemnde er ein fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap, sjå nærare omtale nedanfor. Dei tre fusjonerte verksemdene har vore organiserte som forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Dette vil også vere tilfellet for det nye instituttet. Sjå nærare omtale under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

Fylkesmannen har ansvar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk regionalt og lokalt. Fylkesmannen forvaltar juridiske og økonomiske verkemiddel innanfor sektoren, og er pådrivar for utvikling innan landbruket. Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Samarbeidet i dei regionale partnarskapa legg til rette for å styrkje utnyttinga og målrettinga av verkemidla innanfor landbruks- og matsektoren.

Innovasjon Noreg forvaltar bygdeutviklingsmidlar, programstøtte og rentestøtte til tradisjonelt landbruk og bygdenæringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i det årlege oppdragsbrevet frå departementet.

Kommunane er førsteline for forvaltning av landbrukslovgivinga og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket, og har ei sentral rolle som nærings- og samfunnsutviklar. Finansiering av oppgåvene inngår i inntektssystemet for kommunane. Gjennom den regionale partnarskapen skal fylkeskommunane, fylkesmennene og Innovasjon Noreg styrkje kommunane sitt arbeid på landbruks- og matområdet.

Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

Regjeringa vil oppnå ein mest mogleg effektiv bruk av samfunnet sine ressursar. I forvaltningsarbeidet er det viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei er enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles, og arbeidet med å stadig finne moglegheiter for forenkling vil halde fram.

Forenkling

Departementet vil halde fram arbeidet med å fjerne såkalla tidstjuvar. Tidstjuvar kan ha opphav i forhold som verksemda og verksemdsleiinga sjølv rår over, som til dømes tungvinte arbeidsrutinar. Tidstjuvar kan også dukke opp grunna forhold som ein ikkje har kontroll over, som til dømes lover, regelverk, innrapporteringskrav og prosedyrar fastsette av andre styresmakter. I landbruks- og matforvaltninga har det vore avdekt om lag 70 tidstjuvar. Ein del av desse har raskt blitt fjerna, mens andre krev meir oppfølging og er avhengige av fleire faktorar for å kunne handterast.

Forenkling av forskrifter vil kunne fjerne mange tidstjuvar. Ein kan her nemne at ny forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar trådde i kraft 1. juli 2015. Hovudtrekka frå 1996-forskrifta er vidareført, men ny forskrift er på nokre område gjort tydelegare og enklare. Jordbruksoppgjeret i 2015 resulterte i 14 forenklingar. Desse forenklingane representerer kutt i ordningar og samanslåing av fleire delordningar. Eitt døme på ei anna forenkling i oppgjeret er at kvalitetstilskottet til lammeslakt no blir utbetalt saman med slakteoppgjeret.

Modernisering og forenkling med brukarane i sentrum er særskilt prioritert i dei underliggjande verksemdene, og fleire tiltak er sett i verk for å gjere kvardagen enklare. Det er stor merksemd på mellom anna å gjere forvaltninga brukarretta, gjere regelverket enkelt å forstå, gjere søknadsprosessar mest mogleg digitale og bruke lettfatteleg språk i brukarrettleiarane.

Organisasjonsendringar

Det har blitt gjennomført større organisasjonsendringar i landbruks- og matforvaltninga som tiltak i arbeidet med å modernisere og effektivisere offentleg sektor. 1.7.2014 blei Landbruksdirektoratet oppretta. Direktoratet var eit resultat av ei samanslåing av Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning, og dette var eit sentralt tiltak for å forenkle byråkratiet, og gjere landbruksforvaltninga meir effektiv. Landbruksdirektoratet har fått forvaltningsansvaret for eit breitt spekter av fagområda innan landbrukssektoren, slik som jordbruk, reindrift, skogbruk og andre aktivitetar basert på ressursane i landbruket. Formålet med opprettinga av direktoratet var å leggje til rette for eit breiare fagleg miljø, og å styrkje kompetansen i den framtidige forvaltninga av reindrifta og landbruket elles. Landbruksdirektoratet har sett i gang ei rekkje prosjekt for å utvikle og effektivisere organisasjonen som følgje av fusjonen. Ein viktig effekt av samanslåinga, som ein allereie no kan vise til, er at administrative ressursar er blitt overført til faglege oppgåver.

Regjeringa vedtok å slå saman Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking til eitt institutt med hovudkontor på Ås gjeldande frå 1.7.2015. Det nye instituttet har fått namnet Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og er ei samleeining for eit fagleg og økonomisk solid forskings- og utviklingsmiljø. Meir ressursar skal brukast på utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald. Sjå elles omtale under kap. 1136.

Mattilsynet har det siste året omorganisert for å betre kunne møte dei raske og langsiktige endringane i inn- og utland. Med den nye organiseringa blei det færre forvaltningsnivå, færre administrative einingar og færre leiarar. Det er frigjort ressursar frå administrative oppgåver til utøvande tilsyn og rettleiing i verksemdene.

Styring av underliggjande verksemder

Forvaltninga er eit verktøy for utøving av sektorpolitikk og tenesteyting, og denne skal vere brukartilpassa og formåls- og kostnadseffektiv. Landbruks- og matdepartementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikk til underliggjande verksemder. Slik fridom er viktig for å kunne sikre handlekraft i underliggjande verksemder til å realisere sentrale mål. Samstundes er det viktig at departementet gir klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen med dei underliggjande verksemdene.

På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal utvikle den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga oppfyller dei krava som økonomiregelverk i staten pålegg alle statlege verksemder. Departementet har difor merksemd på internkontroll og risikostyring i underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på at prioriteringane skal vere tydelege og at rapporteringa skal gi viktig informasjon om samanhengen mellom mål og resultat. Ein grundig gjennomgang har forenkla målsystemet, og dette blir lagt til grunn for styringa i departementet og for styringsdialogen med dei underliggjande verksemdene som rapporterer til Landbruks- og matdepartementet. Resultatindikatorane som departementet har identifisert og teke i bruk seier noko om resultatoppnåinga i sektoren. I mange tilfelle vil samanhengane vere så komplekse at det ikkje blir fagleg rett å rette merksemda berre på enkelte og målbare resultatindikatorar. Slike resultatindikatorar må difor ofte supplerast med kvalitative analysar for å få fram eit dekkjande bilete av utviklinga.

IKT og digitalisering

Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi ein enklare kvardag for innbyggjarar og næringsdrivande, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester, demokratisk deltaking og inkludering. Verksemdene skal arbeide for at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med forvaltninga.

IKT er ein nødvendig føresetnad for å utvikle betre og meir effektive tenester i Mattilsynet. Tilsynssystemet til Mattilsynet (MATS) står sentralt i arbeidet til verksemda. Målet er å leggje til rette for at brukarar får løyst oppgåvene sine i systemet på enklast mogleg vis. Det er difor lagt ned mykje arbeid i å identifisere og eliminere ulike tidstjuvar for å gjere systemet meir brukarvennleg og effektivt. Mattilsynet har i tillegg gjort ein gjennomgang av forvaltninga av MATS. Formålet er å betre styringa og forankringa i utviklingsarbeidet.

Målet til Landbruksdirektoratet er å tilby elektroniske tenester som er enkle og effektive for brukarane, og som skal gi mest mogleg effektiv og korrekt forvaltning. I tillegg er det viktig med høg informasjonstryggleik og data av god kvalitet. I 2014 fekk Landbruksdirektoratet 86 pst. av søknadane om produksjonstilskott og 90 pst. av søknadane om tollnedsetjingar levert digitalt. Sett bort frå konsesjonsskjemaa, blei 58 pst. av alle skjemaa som direktoratet mottok i 2014 levert digitalt. Landbruksdirektoratet avvikla 7 skjema i 2014.

Kommunikasjon med omverda

Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast lett tilgjengeleg mellom anna på nettsidene til departementet og i eit tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene til departementet.

Departementet arbeider kontinuerleg med vidareutvikling av dei ulike kanalane for kommunikasjon, mellom anna på nettsida www.regjeringen.no/lmd. Kvar dag får om lag 10 000 abonnentar på departementet si nyhendeteneste informasjon frå fag- og politikkområdet. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. Saker på høyring og offentleg postjournal blir presentert på nettsida til departementet. Dette gir allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om fag- og politikkområda til departementet.

Årsverk i landbruks- og matforvaltninga

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 8.1 gir ei oversikt over utviklinga i årsverka i landbruks- og matforvaltninga. Forvaltningsorgan med særskilt fullmakt; Veterinærinstituttet, Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap (dei tre sistnemnde er frå 1.7.2015 samla i det nye instituttet, NIBIO) er også ein del av landbruks- og matforvaltninga. Desse verksemdene hentar delar av inntekta si frå oppdrag i marknaden, og vil såleis ikkje vere eigna til å bli tekne med i årsverkoversikta under som gjeld forvaltningsverksemder som får inntekta si frå statlege løyvingar.

Tabell 8.1 Årsverk i statleg landbruks- og matforvaltning 2010–2015, tal per 1.1.

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Endring i pst.

Landbruks- og matdepartementet

159

153

148

144

148

145

-8,8

Mattilsynet

1 320

1 326

1 328

1 329

1 319

1 281

-3,0

Landbruksdirektoratet1, 2

241

243

243

243

217

218

-9,5

Fylkesmannens landbruksavdeling

336

333

326

322

314

309

-8

Fylkesmannen som regional reindriftsstyresmakt1

32

34

Sum

2 056

2 055

2 045

2 038

2 030

1 987

-3,4

1 Det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei frå 1.1.2014 flytta frå Statens reindriftsforvaltning til fylkesmannsembeta.

2 Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) blei slått saman til landbruksdirektoratet frå 1.7.2014. Tala for perioden 2010–2014 gjeld SLF og SRF samla.

For ressursbruk på ulike område, sjå årsrapportane til dei ulike verksemdene.

Gode system for samfunnssikkerheit og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik, sjå omtale under del II programkategori 15.10 Matpolitikk og kap. 1115 Mattilsynet. Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å yte bistand til andre departement i sektorovergripende kriser. Viktige element i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser. Dette omfattar til dømes fysisk tryggleik, informasjonstryggleik og personelltryggleik. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna risiko- og sårbarheitsanalyse inngår i departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til områda i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane, og i den ordinære styringsdialogen.

Mattilsynet gjennomførte i 2014 to nasjonale skrivebordsøvingar for å arbeide vidare med forbetringspunkt frå tidlegare øvingar. Det er også gjennomført to nasjonale varslingsøvingar for å teste oppsett av sentralbordets beredskapsløysing. Regionane har arrangert eller delteke i 30 beredskapsøvingar med scenario i tråd med eigen eller fylkesmannen sin risiko- og sårbarheitsanalyse.

Mattilsynet har arbeidd med opplæring innan beredskap i samarbeid med Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, både for å dele på kunnskap samt for å gi studentane høve til å delta i Mattilsynets øvingar frå og med 2016. Opplæringa blir utarbeidd som e-læring, og til dømes vil den i samband med sanering av dyr også kunne nyttast av Sivilforsvaret.

Landbruksdirektoratet har viktige beredskapsoppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innan matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å oppretthalde sine funksjonar i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Beredskapsplanverket er gjennomgått i 2014. Direktoratet gjennomførte i februar 2015 ei øving om matsikkerheit der også departementet deltok.

9 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla for landbruks- og matpolitikken blir nådde

Forsking og forskingsbasert innovasjon er eitt av dei viktigaste verkemidla for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalte område bli omtalt innanfor dei tre delmåla for landbruks- og matforskinga:

  • Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

  • Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

  • Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Regjeringa ønskjer at løyvingane til forsking blir brukt mest mogleg målretta for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar.

Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

Matsikkerheit

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert ved at forskingsløyvingane har lege på eit høgt nivå dei seinare åra.

For å sikre at maten som kjem fram til forbrukar er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Eit stort tal prosjekt innanfor tema planteproduksjon, husdyrbruk og næringsmiddelindustri er med på å sikre at maten er trygg. Mellom anna er det utvikla verktøy for risikobasert nasjonal og internasjonal vurdering av hygiene i slakteri og høgtrykksprosessering av meieriprodukt.

Det er starta opp fleire prosjekt innan førebygging og overvaking av sjukdomsframkallande bakteriar. Det er mellom anna utvikla metodar som gjer det enklare å finne smittekjelda ved e.coli-utbrott. I tillegg har forskinga gitt oss auka kunnskap om korleis muggsopp dannar biofilm på produksjonsutstyr og i produksjonslokale. Matpilotanlegget for matvareprosessering, Patogen prosesshall, på Campus Ås er finansiert gjennom Infrastrukturmidlar frå Noregs forskingsråd. Forsøkshallen er eit nasjonalt senter og Europas første høgsikkerheitsproduksjonshall, og vil vere sentral i framtidige forskingsprosjekt innanfor mattryggleik.

Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet har finansiert forskingsprosjekt som har gitt auka forståing for korleis maten kan gjerast sunnare og meir haldbar, og kunnskap om kva som styrer matvala til forbrukarane. Det er stor FoU-aktivitet ved mange forskingsmiljø, både på primærproduksjonssida og i mange bedrifter som driv matproduksjon og foredling av mat. Prosjekt som omhandlar dyrevelferd, prosesseringsteknikkar for betre produkt og forsking på lover og regelverk er med på å gi satsinga ei stor breidde. Forsking på dette området har mellom anna gitt kunnskap om korleis dyrkingsteknikk og lagringsforhold verkar inn på kvalitet og næringsinnhald i bær, frukt og grønsaker. Forskinga har også gitt kunnskap om korleis saltinnhaldet i omarbeidde matvarer kan reduserast. Det er også undersøkt korleis mikroorganismar reduserer haldbarheita av ulike næringsmiddel. Ein nyutvikla kjølemetode har gjort det mogleg å auke haldbarheita av ferskt kjøtt og fisk med fleire dagar, og ein ny type indikator gjer det mogleg med meir nøyaktig indikasjon på haldbarheit ved å måle både tida og temperaturen vara blir utsett for. Det blir også arbeidd med å utvikle eit enkelt og hendig instrument som kan brukast til rask screening av oksidasjon/harskning på mat. Dei sistnemnde prosjekta er viktige bidrag for å redusere mengda matavfall.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Det har vore ein auke i ressursinnsatsen innan husdyrforsking dei siste åra. Antibiotikaresistens er eit aukande problem globalt og krev ny kunnskap. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar krev også ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Dei siste åra har det kome mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vinterherdigheit blir utvikla i plantane. Forsking innan dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad og grenseflater inn mot mattryggleik, og dette er område som bør bli sett i samanheng.

Boks 9.1

Prosjektet «Innovative metoder, teknikker og virkemidler for integrert plantevern (IPV)» har eit svært stort og samansett konsortium av deltakarar frå næringsliv, forvaltning og FoU-miljø i inn- og utland. Det skal mellom anna utviklast nye IPV-verktøy, demonstrere «beste IPV-praksis» og utvikle nye simuleringsmodellar for samspel mellom skadegjerarar og nytteorganismar som kan implementerast i eit system for varsling av skadegjerarar. Bygg og haustkveite og eple og jordbær vil bli studert som eksempelorganismar i prosjektet.

Auka verdiskaping

Forsking for innovasjon og konkurranseevne skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har innretta forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med aktørar som kan finansiere forskinga.

Mange av verdikjedene innanfor matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Dette kan delvis forklarast ved strukturen i primærnæringane, med mange mindre føretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter (FFL).

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Stor forskingsaktivitet er ein føresetnad for å oppretthalde og styrkje konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), og tematisk innretta program som BIONÆR og Store program som ENERGIX, har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det blir også sett i verk tiltak for å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.

Bruken av ressursar på forsking retta mot konkurransekraft i næringsmiddelindustrien har auka dei siste åra. Dette inkluderer i stor grad forsking knytt til prosessering, produksjonsteknologi, haldbarheit og kvalitet på næringsmiddel.

Næringsmiddelindustrien har vore involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som er produkt av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.

Boks 9.2

Utnytting av biprodukt og resirkulering av avfall krev ny kunnskap og tverrfaglege tilnærmingar. I prosjektet CYCLE arbeider industri og forskarar saman om å utnytte mat som ikkje når fram til butikkhyllene i dag. Alle ledd, frå produksjon til prosessering, skal optimaliserast slik at alle ressursane kan utnyttast. Resultat frå prosjektet kjem til å bli viktig sett frå både eit økonomisk og eit miljø- og samfunnsmessig perspektiv.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd.

Det blir arbeidd målretta med å etablere store tverrfaglege prosjekt som analyserer skogen si rolle i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livslaupet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livslaupsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruken av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning, heilt nødvendig. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket, og omsyn til miljøverdiar og biologisk mangfald.

Boks 9.3

Det systematiske arbeidet med FoU i nært samarbeid med næringsinteresser startar å bere frukt i form av etablering og igangsetjing av fullskalaanlegg og fleire pilotanlegg for biogassproduksjon. Dei teknologiske moglegheitene er mange, og det trengs framleis brei FoU-innsats langs fleire spor for å lykkast med dei mest berekraftige og lønsame løysingane. Interessante resultat i feltforsøk på jordbruksareal viser at råtnetest etter biogassproduksjon kan ha god effekt som gjødselmiddel. Prosjektet «SoilEffects» viser at blautgjødsel frå ku etter produksjon av biogass gjer like gode avlingar som ubehandla gjødsel i eng. I korn blei det høgare avlingar med slik blautgjødsel.

Berekraftig landbruk

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes skal det takast omsyn til miljø og klima. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over blir utnytta på ein best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr, og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og fleire av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Norsk avlsarbeid er leiande internasjonalt, og kan by på store moglegheiter for samarbeid innanfor forsking og næring. Det er mellom anna sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for inkludering av nye eigenskapar av økonomisk tyding i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar var med på dette prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, som kunnskap knytt til betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Boks 9.4

Prosjektet AGROPRO skal bidra til å nå målet om at Noreg på ein berekraftig måte skal auke matproduksjonen i takt med befolkningsveksten i landet. AGROPRO er eit omfattande, tverrvitskapeleg forskingsprosjekt innan temaområdet agronomi, som involverer ei rekkje aktørar frå ulike forskingsinstitutt og næringsliv.

Det er eit mål å redusere utslepp til luft og vatn og samstundes ta vare på eller auke karbonlagra i skog og jord for å oppretthalde eit berekraftig landbruk.

Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX, som er Noregs forskingsråd sitt store program innanfor miljøvennleg energi. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall, har vore sentrale område i støtta frå departementet til bioenergiforsking.

Boks 9.5

Prosjektet BIOSMART har brei relevans for utviklinga av bioøkonomien i Noreg. Prosjektet har som mål å fremje ein «smart» overgang til bioøkonomien ved å gjennomføre ei omfattande foresight-analyse som involverer relevante interessentar og aktørar. Prosjektet vil bidra med ei rekkje resultat av stor betyding for både forskings-, rådgivings-, og politikkfeltet. Det viktigaste bidraget er likevel å førebu industri, styresmakter og samfunnet elles på den komande overgangen til ein «smart» bioøkonomi. Norsk senter for bygdeforskning leiar dette breie samarbeidsprosjektet.

Næringslivet si deltaking i forskingsprosjekt på departementet sitt område

Landbruks- og matforskinga skal bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats, og i større grad nyttiggjer seg forskingsbasert kunnskap. Midlane frå Landbruks- og matdepartementet til forsking går i stor grad til næringsretta prosjekt som har krav om medverknad frå næringa, og ein stort del av prosjekta krev også medfinansiering frå næringslivet. Krav om medverknad frå næringa bidreg til å gjere forskinga meir relevant og løysingsorientert når det gjeld problemstillingar i landbruks- og matnæringa. I perioden 2012–2014 har offentlege forskingsmidlar utløyst næringsbidrag inn i forskingsprosjekt på anslagsvis 339 mill. kroner. Bidraget har vore størst på matområdet med totalt 112 mill. kroner. For husdyrforsking har næringsbidraget vore 68 mill. kroner, planteproduksjon 61 mill. kroner, trebruk 13 mill. kroner og skogbruk 12 mill. kroner. Dei resterande 9 mill. kroner fordelar seg på andre tematiske område. I tillegg kjem næringsbidrag gjennom prosjekta til FFL og Skogtiltaksfondet.

Verksemda i Virkemiddel for regional innovasjon (VRI) og dei regionale representantane er retta mot meir forsking i næringslivet. VRI-programmet stimulerer til auka samarbeid med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å styrkje læring, innovasjon og verdiskaping i bedrifter med liten FoU-erfaring. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå har medført ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet.

SkatteFUNN har ingen direkte løyvingar frå departementa, men er likevel eit viktig verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Aktiviteten ligg på eit høgt nivå, noko som indikerer at dette er eit treffande verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren.

Internasjonal forskingsaktivitet

Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike ERA-nett og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives).

EUs nye rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, opnar for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna er spørsmål knytt til matsikkerheit og klima høgst aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, for å heve kvaliteten og fornye norsk forsking, for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. I tillegg er det viktig for at Noreg skal kunne ta sin del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.

Horisont 2020 har ei sterkare kopling mot dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI’ar, av dette er ein knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI-FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og ein til området mat og helse (JPI – A healthy Diet for a healthy life).

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universitet og institutt. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering.

Effektiv kommunikasjon og formidling av forskingsbasert kunnskap på landbruks- og matområdet er ein grunnstein for institutta. Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta – Bioforsk, Bygdeforskning, Norsk institutt for skog og landskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Veterinærinstituttet – har ei betydeleg publiserings- og formidlingsverksemd, også utanfor dei vitskapelege kanalane.

Talet på vitskapelege publikasjonar per forskarsårsverk hadde eit toppår i 2012. Det samla talet på publikasjonspoeng per forskarårsverk sank noko i 2013 og 2014, men aktiviteten er framleis stor i institutta. Også den populærvitskapelege formidlinga var stor for alle institutta i 2014, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag.

Institutta bidreg betydeleg i doktorgradsutdanning, og i 2013 og 2014 blei det til saman avlagt 32 doktorgrader ved institutta. Delen av doktorgradsutdanning har betyding for rekrutteringa til institutta, men også for næringsliv og forvaltning som har behov for høg kompetanse på viktige fagområde.

Dei landbruksfaglege forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Forskarar frå sektoren har omfattande samarbeid med utanlandske kollegaer, mellom anna ved sampublisering. Når det gjeld marknadsretta og internasjonal aktivitet, viser utviklinga at det har vore ei positiv utvikling i inntekter frå sal av anvendt forsking til norske oppdragsgivarar for Veterinærinstituttet og Bioforsk. Vidare viser utviklinga at inntekter frå utlandet har auka for Bioforsk samstundes som Veterinærinstituttet har opplevd ein reduksjon. Primærnæringsinstitutta (Bioforsk, Bygdeforskning, NILF, Norsk institutt for skog og landskap, Veterinærinstituttet, Nofima og SINTEF Fiskeri og havbruk) fekk om lag 52 mill. kroner i EU-inntekter i 2014, noko som svarar til 15 pst. av EU-inntektene.

Søkning til yrkesfag og høgare utdanning i landbruks- og matfaga

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit sterkt landbruk og ein sterk matindustri.

Søkjartalet til yrkesfag i naturbruk i vidaregåande skular er stabilt, men på eit for lågt nivå. Det har vore ein auke frå 1 536 søkjarar i 2014 til 1628 i 2015. Rekruttering av fagpersonar med matfagleg utdanning til industrien er ei utfordring. Det er for få søkjarar vidare til vg2 matfag som skal gi fagarbeidarar som matindustrien treng. Dei fleste innan restaurant- og matfag søkjer vidare på vg2 kokk og servitør.

Søkjartala til bachelorstudiane i produksjonsretta landbruksfag viser ein auke frå 2014 til 2015. Søkinga til skogfag ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) har auka med 159 pst., mens søkinga til husdyrfag har auka med 69 pst. Dette er ein auke som er viktig for landbruket, men det er framleis behov for auka rekruttering til fleire av landbruksstudiane, sidan det framleis er færre søkjarar til landbruksfaga enn til anna høgare utdanning. Utviklinga siste året viser at dette er mogleg.

Søkning til etter- og vidareutdanning

Rapportane frå fylkeskommunane på bruken av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering, likestilling og kompetanse viser at desse midlane utløyser stor aktivitet i etter- og vidareutdanning som gir kompetanse dei næringsdrivande i landbruket treng. Det er stor etterspørsel etter praktisk retta kompetansetiltak for dei som er på veg inn i landbruksnæringa.

Rekruttering til næringsliv og forsking

Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, representerer ei stor utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida. Særleg innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga er lågt studenttal dei siste åra i ferd med å gjere det vanskelegare å rekruttere godt kvalifiserte PhD-studentar til forskingsprosjekt. For å oppnå auka rekruttering må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Ein økonomisk solid instituttsektor er ein viktig føresetnad for at den skal vere i stand til å bidra til at ein når hovudmåla i landbruks- og matpolitikken. Dei fem landbruksfaglege forskingsinstitutta omsette i 2014 for 1 038 mill. kroner og utførte 968 årsverk, og av desse var 480 forskarårsverk. Av dei tilsette hadde 364 doktorgrad. Sjå også kap. 1137, post 51.

Institutta må vere økonomisk solide

Dei økonomiske resultata har seinare år vist ein negativ trend, med ein reduksjon i samla driftsinntekter på 3,5 pst. frå 2013, og 6,8 pst. samanlikna med 2012. I følgje Forskingsrådet tyder mykje på at svake driftsresultat for det enkelte institutt mellom anna kan forklarast med nedgang i inntekter frå Forskingsrådet, færre oppdrag frå offentleg forvaltning og frå næringslivet. Nokre av institutta har gjennomført kostnadsreduserande tiltak, sjå omtale under 1137.51.

Omlag ein tredjedel av driftsinntekta til dei fem institutta er knytt til forvaltningsoppgåver som blir finansiert av mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Hovuddelen (omlag fire femtedelar) av forvaltningsoppgåvene er kunnskapsutviklingsmidlar som Landbruks- og matdepartementet prioriterer direkte gjennom tildelingsbreva til institutta for å sikre kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, statistikk, analyse, politisk avgjerdsstøtte og beredskap for landbruks- og matsektoren.

Basisløyvinga, som utgjer omlag 15 pst. av driftsinntektene, blir tildelt Forskingsrådet, som både fastset og utbetalar basisløyving til institutta på primærnæringsarenaen. Forskingsrådet lyser også ut midlar gjennom forskingsprogramma. Desse konkurrerer institutta om, både når det gjeld kvalitet og relevans. Internasjonale inntekter utgjer omlag 4 pst.

I tillegg konkurrerer institutta om oppdragsinntekter i marknaden som utgjer omlag 12 pst. av driftsinntektene. Nivået på den nasjonale etterspørselen er ei hindring for å utvikle denne delen av aktiviteten, og verksemda vurderer kontinuerleg moglegheitene for å etablere aktivitet innanfor nye marknader.

Samspel nasjonalt og internasjonalt

Samspel med andre aktørar er nødvendig for fagleg utvikling, for å byggje nettverk og for å vere i stand til å hente og ta i bruk kunnskap som er utvikla internasjonalt.

Difor er internasjonalisering av forskinga svært viktig for å byggje opp instituttsektoren. Både innanfor europeiske fellesprogram (JPIar) og samarbeid mellom Europeisk program-til-program samarbeid (ERA-nett) i matsektoren blir det i aukande grad krevd god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvalitet og relevans på norsk utdanning og forsking. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta sin internasjonale innsats er også omtala under delmål 1 Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon.

Forsking gjennom programaktivitet som skal dekkje landbruks- og matområdet, bidreg til å sikre relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Basisløyvingane til instituttsektoren og sentersatsingane er også viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.

Forskingsrådet peiker på at fleire aktørar frå næringsliv og instituttsektor samarbeider godt innanfor denne type prosjekt. Viktige aktørar innanfor sektoren har godt gjennomslag på dei opne arenaene som ikkje har finansiering frå Landbruks- og matdepartementet. Nokre av dei største aktørane i næringslivet har i ein femårsperiode vore Borregaard AS, Norske Skogindustrier ASA, Nortura, Tine og GENO.

Dei fem forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde har mest samarbeid med NMBU og Nofima AS. Det er også eit betydeleg samarbeid med mellom anna NTNU, SINTEF, UiO, UiS, UiB, UiT, Høgskulen i Hedmark, Transportøkonomisk institutt (TØI), Norsk institutt for luftforskning (NILU), CICERO, Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Norsk regnesentral og Statens arbeidsmiljøinstitutt.

10 Ivareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere særskilde løysingar som er tilpassa dei naturgitte forholda (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som er nødvendige for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTA sine frihandelsavtalar. Innanfor EØS-avtalen blei det sett i verk ein ny artikkel 19-avtale 1. januar 2012. Dette førte til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer der ost og kjøtt er særleg viktige. I februar 2015 starta nye artikkel 19-forhandlingar mellom Noreg og EU om auka marknadstilgang for jordbruksvarer. EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia, Vietnam, Filippinane og Georgia. Desse forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer. Noreg har inngått 25 slike frihandelsavtalar som omfattar i alt 35 land.

I WTO-forhandlingane var det i 2013 framgang i den breie forhandlingsrunden som starta opp på ministerkonferansen i Doha i 2001. På ministerkonferansen på Bali i desember 2013 blei det på landbruksområdet semje om ministervedtak om tollkvoteadministrasjon og matsikkerheit for utviklingsland, og ei ministererklæring om å vere tilbakehalden i bruken av alle former for eksportstøtte. Vidare vedtok WTO hausten 2014 at det skulle utarbeidast eit arbeidsprogram for dei vidare forhandlingane innan 31. juli 2015. I dette ligg også vidare forhandlingar om kjerneområda i Doha-runden som marknadstilgang, landbruksstøtte og eksportstøtte. Hovudrådet i WTO forlenga i juli fristen for å fullføre arbeidet til ministerkonferansen i WTO som skal vere i Nairobi i desember 2015.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretning av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor dei avgrensingane vi har for bruk av landbruksstøtte. Forpliktingane inneber også omfattande årleg rapportering til WTO og Noreg sine bilaterale handelspartnarar. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem, som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane våre.

Importvernet må heile tida sjåast i samanheng med utviklinga i landbrukssektoren. Det er eit mål at landbrukspolitikken skal stimulere til auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning. Det er difor viktig å ha det importvernet som er nødvendig for auka produksjon og lønsemd i norsk landbruk. På sikt vil endringane i landbrukspolitikken gi eit meir effektivt landbruk og styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt. Styrkt konkurransekraft vil kunne gi moglegheit for å senke importvernet. Dette vil vere til fordel for forbrukarane ved at det blir lagt til rette for eit breiare produktutval i butikk.

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er nødvendig for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012: 2 Utenfor og innenfor, det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk. Som del av oppfølginga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som også legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står høgt på dagsorden globalt. Generalforsamlinga i FN vedtok i september 2015 nye Berekraftsmål som skal erstatte Tusenårsmåla. Dei nye måla og den nye agendaen, 2030-agendaen, inneber ambisiøse mål om å utrydde svolt og fattigdom innan 2030. Dei nye måla og tiltaka som følgjer av dei vil gjelde alle land, sjølv om dei i første rekkje vil gå føre seg i u-land og gjennom FN. Eit viktig arbeid i 2016 vil vere utvikling av indikatorar som skal vise om måla blir nådde. Dei nye Berekraftsmåla vil bli det sentrale rammeverket for berekraftig utvikling dei neste åra. Matsikkerheit blir på denne måten kopla endå tydelegare til berekraftig utvikling og bruk av naturressursane.

Tilgang til nok, trygg og næringsrik mat blei stadfesta som ein menneskerett i erklæringa frå Rio i 2012. Erklæringa legg vekt på behovet for å utvikle landbrukssektoren, særleg i utviklingsland. Det blei understreka at kvinner har ei sentral rolle i å fremje matsikkerheit og ernæring.

Talet på sveltande har gått noko ned dei siste åra, men framleis er om lag 800 millionar menneske kronisk underernærte og utan moglegheit til å føre aktive liv. Matsikkerheit kan best realiserast gjennom ein heilskapleg politikk, noko som krev innsats langs heile verdikjeda for mat. FN har nyleg komme med ein rapport om status for Tusenårsmåla. Den viser at Tusenårsmål nr. 1 om halvering av andelen sveltande innan 2015 på det næraste er nådd. Rapporten viser også at stabil og inkluderande økonomisk utvikling har vore nøkkelen for desse landa. I motsett ende av skalaen bidreg langvarig konflikt, politisk ustabilitet og naturkatastrofar til langvarige kriser og manglande matsikkerheit.

Innsatsen for bevaring og godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet og blei følgt opp i FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk i 2014. Noreg er medlem av arbeidsgruppa som skal komme med forslag til det sjette møtet i styringsorganet til plantetraktaten for å betre funksjonen til den globale fordelingsmekanismen, som sikrar foredlarar og forskarar tilgang til viktige plantegen for mat og landbruk.

Landa i Europa starta i 2012 forhandlingar om ein juridisk bindande europeisk skogavtale etter eit vedtak på ministerkonferansen i regi av FOREST EUROPE i Oslo i juni 2011. Formålet med arbeidet er å sikre eit meir forpliktande politisk samarbeid for ei berekraftig skogforvaltning. Det har vore forhandlingar i 2012 og 2013, men det er ikkje semje om ein avtale. Arbeidet skal leggjast fram for ministrane i FOREST EUROPE på ein ministerkonferanse hausten 2015. Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare.

FN sitt skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. Den 11. sesjonen av UNFF blei halden i mai 2015. Vidare arbeid skal konkretiserast i ein strategisk plan, og ein legg opp til ei betre deltaking frå frivillige organisasjonar i forumet sitt arbeid.

FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO arbeider med å fremje kunnskap om rolla skogen har når det gjeld matsikkerheit. FAO leier og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjert i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests. FAO har også hatt ei viktig rolle som sekretariat for arbeidet med forhandlingane om ein rettsleg bindande europeisk skogavtale.

Noreg samarbeider også med European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

På partskonferansen for FN sin rammekonvensjon for klima i Durban 2011, blei regelverket for arealbruk, endringar i arealbruk og skog utforma for avtaleperioden 2013–2020 under Kyotoprotokollen, og det endelege vedtaket blei fatta i Doha i 2012. Regelverket byggjer på prinsippa frå den første avtaleperioden, men inneber nokre justeringar: mellom anna blir det opna for at lagring av karbon i langlevde treprodukt ikkje skal bli rekna som utslepp i hogståret. I Durban blei det også vedteke at det skal gjerast eit eige arbeid for jordbruk og klima i regi av vitskapskomiteen (SBSTA). Arbeidet i 2014 har dreidd seg om å førebu ein ny global klimaavtale for vedtak på partskonferansen i Paris i 2015.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidarosdeklarasjonen blei vedteke på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for auka berekraftig og konkurransedyktig produksjon i sektorane mat, fôrmiddel, bygnings- og konstruksjonsvirke, bioenergi og innovative produkt frå land, hav og vatn. Dette er følgt opp mellom anna gjennom satsinga på bioøkonomi og det treårige programmet NorBio.

Til forsida