Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651–5652

Til innhaldsliste

Del 3
Rapportering på dei landbruks- og matpolitiske måla

3 Nærare om dei ulike måla

I Prop. 1 S (2014–2015) la Landbruks- og matdepartementet fram ein revidert og forenkla målstruktur for landbruks- og matpolitikken. Det er ikkje lagt opp til endringar på denne for 2017. I denne delen blir det lagt opp til å rapportere på status knytt til dei ulike måla.

Figur 3.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Figur 3.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

4 Overordna mål: Matsikkerheit

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Hovudoppgåva til jordbruket er matproduksjon, og verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon.

Sjølvforsyningsgraden seier kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt eller fisk. Importerte innsatsvarer og eksport av t.d. fisk blir halde utanfor ved berekning av sjølvforsyningsgraden. Den gir først og fremst eit bilete på delen av heimemarknaden målt i energi som er produsert i Noreg. Den kan, per definisjon, ikkje overstige 100 pst.

Sjølvforsyningsgraden for varer som er produserte i jordbruket vert særleg påverka av vêret, men og av ulike kvalitetskrav, prisar, landbrukspolitiske verkemiddel og internasjonale handelsavtalar. Sjølvforsyningsgraden er gjennomgåande høg for husdyrprodukt, og klart lågare, og fallande, for planteprodukt. Etter fleire år med reduksjon i sjølvforsyningsgraden frå 2008, auka den med 3 prosentpoeng frå, 47 til 50, frå 2014 til 2015. Dette har i stor grad å gjere med at kornavlingane har vore gode.

Av det samla fôrbehovet (grovfôr og kraftfôr) er om lag 20 pst. importerte råvarer. Bruken av norsk korn i kraftfôr er avhengig av vêret. Krav til energi- og proteininnhald i kraftfôret gjer at delen karbohydrat blir redusert. Av dei tre hovudførekomstane i kraftfôr, er delen norskprodusert særleg redusert for fett- og proteinfraksjonen.

Næringsmiddelindustrien sin del av heimemarknaden, målt på verdibasis, har falle frå 86 pst. i 2005 til om lag 80 pst. i 2015. Importen av landbruksvarer (inkl. fiskefôr) auka med 11 pst. frå 2014 til 2015, til eit nivå på 59,1 mrd. kroner. Delar av auken i importverdien i 2015 kjem av at den norske krona blei svekka mot euro og dollar. Av dei importerte landbruksvarene er litt under halvparten matvarer (ikkje fiske- eller dyrefôr) som er i direkte konkurranse med norsk produksjon. Importen av slike varer auka med i underkant av 4 pst. frå 2014 til 2015. Det er underskott av norsk storfekjøtt, korn og i grøntsektoren, men overskott av egg. Marknaden for svinekjøtt var i 2015 i balanse etter fleire år med overskott.

Matmerk administrerer og utviklar Kvalitetssystem i landbruket (KSL), merkeordningane Nyt Norge, Beskytta nemningar og Spesialitet og har ansvaret for generisk marknadsføring av økologisk mat.

KSL ligg til grunn for alle merkeordningane Matmerk forvaltar. Det er gjennomført 5 500 eksterne KSL- revisjonar i 2015 mot 5 782 i 2014.

Ved utgangen av 2015 var 2 570 produkt frå 70 verksemder godkjent for Nyt Norge-merket, ein auke på 380 produkt og 10 nye verksemder sidan 2014. 84 pst. av forbrukarane som kjenner til merket seier at det gjer at dei får lyst til å kjøpe norsk mat.

I alt har 285 mat- og drikkeprodukt frå 76 leverandørar Spesialitet-merket ved utgangen av 2015, ein netto vekst på 41 produkt sidan året før. Merket blir tildelt for tre år av gongen og ein del produkt har i løpet av 2015 mista merket eller valt å ikkje søkje om fornying. Beskytta nemningar hadde 24 godkjente produkt i 2015, med Telemarkseple som det siste produktet som er godkjend.

Det er eit mål at 15 pst. av matforbruket og matproduksjonen skal vere økologisk i 2020. Det blir lagt vekt på at satsinga skal bidra til balanse mellom produksjon og etterspørsel. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 15 pst. frå 2014 til 2015. Det blei omsett økologiske matvarer for i alt om lag 2 mrd. kroner i 2015. Dette utgjer 1,6 pst. av totalmarknaden.

Lokalmat er definert som mat- og drikkevarer med ein lokal identitet, særskild opphav eller spesielle kvalitetar knytt til produksjonsmetode, tradisjon eller råvarer. Omsetnaden av lokalmat har auka jamt dei siste åra og aukar framleis meir enn omsetnad av andre produkt. Mykje av omsetnaden går gjennom kanalar som Bondens marknad og direkte sal frå produsent. Av den samla omsetnaden av daglegvarer gjennom daglegvarekjedene i 2015 var 2,2 pst. lokalmat. Dette talet inkluderer også produkt som ikkje er mat.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Trygg mat er viktig for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetning av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Eit godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for at forbrukarane kan velje eit sunt kosthald.

Infeksjon gjennom næringsmiddel er framleis eit stort helseproblem internasjonalt. Noreg har generelt færre smittestoff i mat samanlikna med andre land. Ein stor del av dei melde tilfella av matborne infeksjonar kjem frå smitte i utlandet. Førekomsten av smittestoff i husdyr og mat produsert i Noreg, er låg samanlikna med dei fleste andre land, sjølv om enkelte smittestoff har eit reservoar også blant norske husdyr.

Tabell 4.1 Oversikt over næringsmiddelborne infeksjonar der smitta har skjedd i Noreg

Diagnose

2011

2012

2013

2014

2015

Campylobacteriose

1 175

1 114

1 147

1 365

877

E. coli-enteritt

120

115

121

197

225

– av dette EHEC

26

55

79

97

126

Listeriose

19

26

18

20

12

Salmonellose

314

260

237

230

183

Shigellose

66

11

17

12

11

Yersiniose

33

22

31

177

49

Samla

1 727

1 548

1 571

2 001

1 357

Kjelde: msis.no 8 (data henta 04.08.2016)

For å halde den gode statusen ved lag, blir det lagt vekt på kontinuerleg overvaking, slik at tiltak kan setjast inn i tide. Faktorar som verkar inn på førekomsten av matborne infeksjonar i Noreg, er mellom anna, auka internasjonal handel med mat, nye matvanar og nye produksjonsrutinar.

Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, opplever vi kvart år fleire større og mindre utbrott av matborne infeksjonar. Talet på varsla utbrott har vore ganske stabilt dei siste åra. Dei siste åra har det vore ein auke i utbrot der smittekjelda har vore importerte grønsaker og bær.

Utbreidd bruk av overflatevatn som råvasskjelde, mange små vassverk med varierande grad av handtering av vatn og dårleg leidningsnett, gjer at drikkevatn sannsynlegvis er ei større og viktigare smittekjelde i Noreg enn i land vi kan samanlikne oss med.

Tilstanden er god med omsyn til framandstoff og restar av legemiddel i mjølk, kjøtt og fisk og når det gjeld restar av plantevernmiddel i vegetabilsk mat. Det er ei særleg utfordring med sal av kosttilskott som inneheld udeklarerte og ulovlege ingrediensar eller som er tilsett legemiddel. Bruk av slike kosttilskott kan føre til alvorleg helseskade. Det er også ei utfordring knytt til produkt som blir omsett over internett og postordre.

God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa.

Plantehelsa er generelt god i Noreg samanlikna med mange andre europeiske land, sjølv om det kvart år er tilfelle av skadegjerarar i frukt- og potetproduksjonen.

Helsesituasjonen i norske husdyrpopulasjonar er god. Det er svært få tilfelle av salmonellainfeksjon blant norske husdyr samanlikna med mange andre land. Smitte til menneske frå norskprodusert kjøtt og kjøttprodukt er difor uvanleg.

Antibiotikumbruken i norsk husdyrhald er svært låg i internasjonal samanheng. Antibiotikumbruken har blitt redusert samstundes som det har vore ein auke i gjennomsnittleg storleik på besetningane. For norske mjølkekubesetningar viser statistikken mindre bruk av antibiotikum i store besetningar enn i små. Dyktige og ansvarsbevisste bønder, ansvarsfulle veterinærar og eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene er avgjerande faktorar for den gode situasjonen i Noreg.

Sjølv om anitbiotikabruken i norsk husdyrhald er låg, er det dei seinare åra påvist LA-MRSA (dyreassosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus – bakteriar) i svinebesetningar. Det er sett i verk omfattande tiltak for å prøve å hindre at denne bakterien får fotfeste i norsk svinehald. Det er også påvist antibiotikaresistente tarmbakteriar (ESBL-produserande og kinolinresistente E. coli) i norske fjørfebesetningar. Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderte i 2015 risikoen for overføring av antibiotikaresistens frå mat og matproduserande dyr i Noreg. Dei konkluderte med at det er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.

God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, og er i tillegg eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat.

Generelt er dyrevelferda i Noreg betre enn i mange andre land. Det er stor offentleg merksemd på dyrevelferd. Sjølv om dyrevelferda generelt er god, er det framleis utfordringar knytt til dyrevelferd i enkelte produksjonar og hos enkelte eigarar av både produksjonsdyr, sports- og familiedyr.

5 Overordna mål: Landbruk over heile landet

Balansert geografisk utvikling i landbruket

Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla i landbruket.

I perioden 1979–1999 auka det registrerte jordbruksarealet med 8,2 pst. I perioden 1999–2015 er det anslått ein reduksjon på vel 5 pst. i følgje berekningar frå Budsjettnemnda for jordbruket. Tala frå 2015 viser at reduksjonen i jordbruksarealet dei siste åra har flata ut. Registrert totalareal var på sitt høgaste i 1998. Nedgangen i jordbruksarealet skjer i all hovudsak innan åker og hage, noko som går fram av Figur 5.1. I det samla jordbruksarealet inngår også overflatedyrka jord og innmarksbeite. Slikt areal utgjer om lag 18 pst. av totalarealet i slutten av perioden, mens det utgjorde var vel 10 pst. i 1989.

Frå 2005 har nytt digitalt kartgrunnlag vore i bruk som kontrollgrunnlag ved søknad om produksjonstilskott. Overgangen blei fullført i 2014. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at det nye kartverket i perioden 2005–2013 innebar ein reduksjon i arealet på om lag 3,3 pst. Effekten av nytt kartverk kan både vere ei følgje av meir nøyaktige målingar, og at endringar som har skjedd over tid først blir fanga opp når nytt kartverk blir teke i bruk. Budsjettnemnda for jordbruket anslår at arealnedgangen utanom nytt kartverk var på om lag 1,4 pst. i same periode.

Reduksjonen i samla jordbruksareal i drift i perioden 1999–2015 har først og fremst skjedd på Vestlandet, i Agder-fylka og i Nord-Noreg. Dei førebelse tala for 2015 viser at eng og beite har auka noko på Vestlandet frå 2014 til 2015, mens dei andre kategoriane er uendra. Dei siste ti åra, i perioden 2005–2015, er arealet av open åker på Austlandet redusert med om lag 250 000 dekar mens arealet av eng og beite har auka med om lag 160 000 dekar. Auken i areal av enge og beite på Austlandet har vore ei ønskt utvikling, delvis som følje av behov for å redusere avrenning til vassdrag, og delvis som følgje av auka hald av ammeku og sau som har vore prioritert i fleire av dei siste jordbruksoppgjera. For å bidra til å halde norsk matkornproduksjon oppe og redusere overgangen frå korn til gras på Austlandet, blei støtta for kornareal auka og støtta for grovfôrareal på Austlandet redusert i jordbruksoppgjeret i 2016. Figur 5.1 viser utviklinga i arealet i dei ulike landsdelane i perioden.

Figur 5.1 Utvikling i areal fordelt på landsdelar, pst.

Figur 5.1 Utvikling i areal fordelt på landsdelar, pst.

For dei grasbaserte produksjonane har produksjonen av storfekjøtt samla sett gått noko ned det siste tiåret. Nedgangen har vore størst i Rogaland, på Vestlandet og i Trøndelag, mens Austlandet har hatt ein auke. Produksjonen av kumjølk har samla sett hatt ein auke dei siste ti åra. Auka har vore størst på Austlandet, i Agder/Telemark, i Rogaland og i Trøndelag. Produksjonen av sau og lam har også hatt ei positiv utvikling dei siste ti åra, med størst auke på Austlandet, Vestlandet og i Trøndelag.

Figur 5.2 Grasbasert husdyrproduksjon fordelt på landsdelar, 2010–2015, pst.

Figur 5.2 Grasbasert husdyrproduksjon fordelt på landsdelar, 2010–2015, pst.

Jord- og skogbruk stod for i alt 3,5 pst. av den samla sysselsetjinga i Noreg i 2015. I alt var det om lag 37 359 sysselsette personar i jordbruket og reindrifta og vel 6 100 i skogbruk og tenester knytt til skogbruket i 2015, jf. Tabell 5.1. Samstundes var over 32 284 sysselsette i jordbruksbasert matindustri og i underkant av 15 000 sysselsette i skogbruksbasert industri. Den regionvise fordelinga av sysselsetjinga i jordbruket over tid er relativt stabil. Rogaland skil seg ut med ei større auke i den jordbruksbaserte sysselsetjinga enn resten av landet.

Tabell 5.1 Sysselsette personar i landbruket

Totalt tal sysselsette

Sysselsette i jordbruk og reindrift

Sysselsette i skogbruk

Sysselsette i matindustri

Sysselsette i skogbruksbasert industri

Sysselsette i landbruket

Landbruksbasert sysselsetjing som del av samla sysselsetjing

tal

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

tal

pst.

Østfold

115 873

1 863

5,0 %

309

5,1 %

3 091

9,6 %

1 443

9,7 %

6 706

7,4 %

Akershus

263 581

1 762

4,7 %

546

8,9 %

2 078

6,4 %

478

3,2 %

4 864

5,4 %

Oslo

451 379

160

0,4 %

123

2,0 %

3 767

11,7 %

187

1,3 %

4 237

4,7 %

Hedmark

86 164

3 215

8,6 %

1 177

19,3 %

2 184

6,8 %

1 928

13,0 %

8 504

9,4 %

Oppland

86 785

3 898

10,4 %

669

11,0 %

1 444

4,5 %

1 082

7,3 %

7 093

7,8 %

Buskerud

123 368

1 636

4,4 %

652

10,7 %

1 277

4,0 %

970

6,5 %

4 535

5,0 %

Vestfold

104 524

1 459

3,9 %

264

4,3 %

2 408

7,5 %

717

4,8 %

4 848

5,4 %

Telemark

73 885

1 028

2,8 %

461

7,6 %

476

1,5 %

313

2,1 %

2 278

2,5 %

Aust-Agder

47 332

543

1,5 %

320

5,2 %

317

1,0 %

707

4,8 %

1 887

2,1 %

Vest-Agder

86 864

944

2,5 %

248

4,1 %

863

2,7 %

1 146

7,7 %

3 201

3,5 %

Rogaland

237 082

4 913

13,2 %

91

1,5 %

3 952

12,2 %

1 301

8,8 %

10 257

11,3 %

Hordaland

253 693

2 010

5,4 %

141

2,3 %

2 291

7,1 %

580

3,9 %

5 022

5,5 %

Sogn og Fjordane

53 769

2 024

5,4 %

104

1,7 %

1 070

3,3 %

571

3,8 %

3 769

4,2 %

Møre og Romsdal

127 702

2 172

5,8 %

133

2,2 %

1 172

3,6 %

563

3,8 %

4 040

4,5 %

Sør-Trøndelag

161 766

2 678

7,2 %

229

3,8 %

2 906

9,0 %

1 049

7,1 %

6 862

7,6 %

Nord-Trøndelag

61 742

3 189

8,5 %

383

6,3 %

1 109

3,4 %

1 024

6,9 %

5 705

6,3 %

Nordland

113 940

2 210

5,9 %

172

2,8 %

640

2,0 %

610

4,1 %

3 632

4,0 %

Troms

82 565

974

2,6 %

69

1,1 %

986

3,1 %

148

1,0 %

2 177

2,4 %

Finnmark

36 596

681

1,8 %

14

0,2 %

253

0,8 %

19

0,1 %

967

1,1 %

Sum

2 568 610

37 359

100,0 %

6 105

100,0 %

32 284

100,0 %

14 836

100,0 %

90 584

100,0 %

Kjelde: NIBIO

Landbruksnæringa betyr relativt sett meir for sysselsetjinga i område med spreidd busetjing og småsenterregionar enn i meir sentrale område av landet. Områda med spreidd busetjing og småsenterregioner har over fleire år hatt ein større og meir vedvarande nedgang i sysselsetjinga enn andre regionar.

Sterkt og effektivt landbruk

For å nå målet om eit sterkt og effektivt landbruk, må produksjonsgrunnlaget (areal og struktur) vere innretta på ein tenleg måte. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at over halvparten (59 pst.) av jordbruksverksemdene hadde mellom 100 og 499 dekar jordbruksareal i drift i 2014. I overkant av 4 000 jordbruksverksemder hadde 500 dekar og meir jordbruksareal i drift. I år 2000 hadde 2,5 pst. av jordbruksverksemdene 500 dekar og meir jordbruksareal i drift og i 2014 var dette talet på i overkant av 9 pst.

I dei siste åra har tala for jordbruksverksemdene analysert på BA-sentralitet vist om lag den same strukturfordelinga som 2014-tala viser. Om lag 69 pst. av jordbruksverksemdene ligg i ulike former for byregionar. Størst del ligg i småbyregionane (26 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (9 pst.). Småbyregionane er også dei regionane som har flest dekar jordbruksareal i drift (om lag 2,6 mill. dekar) og mest leigd areal (i underkant av 1,2 mill. dekar). Tala frå åra 2013 og 2014 for desse regionane viser også at det eigde jordbruksarealet i drift har gått ned (frå 1 460 800 dekar til 1 456 300 dekar). Det same gjeld for jordbruksarealet i drift som blir leigd (frå 1 162 400 dekar til 1 160 200 dekar).

Det er i dag eit stort omfang av leigejord. Over halvparten av jordbruksverksemdene (58 pst.) driv landbruksproduksjon både med leigd og eigd jordbruksareal. Om lag 31 pst. av jordbruksverksemdene driv produksjonen berre på jordbruksareal som er eigd av verksemdene. 7 pst. driv landbruksproduksjon berre med jordbruksareal som er leigd, jf. Figur 5.3 som viser jordbruksverksemdene fordelte etter jordbruksarealet i drift. Tala for perioden 2012 til 2014 viser ein liten auke av jordbruksverksemder som driv produksjon med berre leigd jordbruksareal (frå 2012 til 2013). Bortsett frå dette viser utviklinga i perioden ein nedgang i talet på jordbruksverksemder som driv landbruksproduksjon både med eigd og leigd jordbruksareal.

Figur 5.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2014

Figur 5.3 Jordbruksverksemder etter jordbruksareal i drift, 2014

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det eigde jordbruksarealet i drift på jordbruksverksemdene var på 5,5 mill. dekar i 2014. Det leigde jordbruksarealet var vel 4,3 mill. dekar. Samanlikna med tala frå 2013 viser dette ein nedgang i det eigde jordbruksarealet i drift (21 600 dekar) og ein auke i jordbruksarealet som blir leigd av jordbruksverksemdene (17 900 dekar). Gjennomsnittleg areal per jordbruksverksemd var 229 dekar i 2014 (fordelt på 128 dekar eigd areal og 101 dekar leigd areal). Det er om lag det same som året før og 14 dekar meir enn i 2010. Av jordbruksarealet i drift var i alt 44 pst. leigejord i 2014 og 2013 mot 43 pst. i 2012.

Regjeringa vil leggje til rette for ein variert eigedomsstruktur der bonden sin rett til å disponere over eigen eigedom er i tråd med eigne val og prioriteringar. Statistikk frå SSB viser om lag 185 700 registerte landbrukseigedommar i 2014. Dette er landbrukseigedommar som består av minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog. Ei gruppering av landbrukseigedommane etter storleiken på det eigde jordbruksarealet viser mange eigedommar med lite jordbruksareal. Hovudtyngda (71 pst.) av eigedommane hadde mellom 5 og 100 dekar eigd jordbruksareal i 2014. Om lag 17 pst. hadde over 100 og under 500 dekar eigd jordbruksareal. Litt under éin pst. hadde eigd jordbruksareal på 500 dekar og meir. 7 pst. av eigedommane var registrerte utan eigd jordbruksareal. Desse tala frå 2014 viser om lag same fordeling av eigedommar og jordbruksareal som i 2013.

Tal frå KOSTRA i 2015 viser at om lag 15 pst. av dei som søkte om samtykke til å dele ein landbrukseigedom, ønskte å selje jorda som tilleggejord til annan landbrukseigedom, dvs. at areal frå 625 eigedommar blei fordelte som tilleggsjord til annan landbrukseigedom i 2015. Tala frå 2009–2012 viser ei prosentfordeling på om lag 11 pst. og for åra 2013 og 2014 høvesvis 14 pst. og 15 pst.

Av dei 185 700 registrerte landbrukseigedommane i 2014 har om lag 164 490 eigedommar (89 pst.) minst 5 dekar eigd jordbruksareal. Av desse har om lag 50 pst. av eigedommane jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige. Dette jordbruksarealet er det andre enn eigar av jorda som driv. Om lag 23 pst. av eigedommane blir drivne berre ved hjelp av eige jordbruksareal der eigaren sjølv også er brukar av arealet, jf. Figur 5.4 som viser landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal i 2014. Tala for perioden 2012 til 2014 viser små endringar for eigedommar som berre blir drivne ved bortleige, ein nedgang i talet på eigedommar der eigaren sjølv også er brukar av areala og ein liten auke i talet på eigedommar som både har areal som anten blir drive av eigaren sjølv eller av andre ved bortleige.

Fordelinga av landbrukseigedommane på BA-sentralitet i 2014 viser om lag same prosentfordeling av eigedomsmassen for eigedommane med minst 5 dekar jordbruksareal mellom regionane som for året 2013. Om lag 66 pst. av landbrukseigedommane ligg i ulike former for byregionar, størst del ligg i småbyregionar (28 pst.) og minst del i område for spreidd busetnad (11 pst.). Tala for 2014 viser også, til liks med tala for 2013, at småbyregionar hadde flest landbrukseigedommar med jordbruksareal som berre blir drive ved bortleige (14 pst.) og flest eigedommar der eigar sjølv også er brukar av areala (6 pst.). Blant regionane var det også småbyregionane som hadde flest landbrukseigedommar utan registrert jordbruksaktivitet i 2014.

Investeringsbehovet i landbruket er stort. Innanfor det tradisjonelle landbruket er det særskilt behov for modernisering av driftsapparatet og investeringar for å auke effektiviseringa av produksjonen.

Figur 5.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2014

Figur 5.4 Landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal, 2014

Kjelde: Statistisk sentralbyrå landbrukseigedommar

Dei siste ti åra har bruttoinvesteringane auka med om lag 17 pst. i nominelle verdiar. Budsjettnemnda prognoserer ein auke på vel 4 pst. i investeringane, inkl. nye leasingkontrakter i 2015. Nemnda reknar med vekst både for bygningar, maskiner og grøfting. Målt i faste prisar (volum) nådde investeringane sitt lågaste nivå sidan opptrappinga på 70-talet i 2001. Investeringsvolumet har auka sidan det, og dei siste åra har nivået vore om lag 8,5 mrd. kroner målt i 2014-prisar. Om lag 4 mrd. kroner er knytt til investeringar i driftsbygningar.

Tabell 5.2 Gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket 2014 fordelt på regionar

(1000 kroner)

Regionar

Bruttoinvestering per bruk

Austlandet

Flatbygder

441,7

Andre bygder

291,2

Agder og Rogaland

Jæren

374,8

Andre bygder

481,8

Vestlandet

284,9

Trøndelag

Flatbygder

395,9

Andre bygder

339,0

Nord-Noreg

320,1

Tabell 5.2 gir ei oversikt over gjennomsnittleg bruttoinvestering per bruk innanfor driftsgranskingane i jordbruket for 2014 fordelt på regionar. For 2014 omfattar driftsgranskingane 912 enkeltbruk og 30 samdrifter. Ettersom tala baserer seg på alle deltakarane i driftsgranskingane, vil det innanfor kvar region også vere bruk som ikkje investerte i 2014. Talet for investeringsnivå må difor sjåast i lys av dette. Storleiken på investeringsnivået for det enkelte bruket vil elles mellom anna vere avhengig av produksjonstype og bruksstorleik. Med utgangspunkt i tal frå driftsgranskingane finn ein dei største bruttoinvesteringane per bruk i Agder og Rogaland utanom Jæren, på flatbygdene på Austlandet og på flatbygdene i Trøndelag.

Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift

Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og betre lønsemd. Tilgangen på slaktedyr er avhengig av kalvetilgangen, tap av dyr og kor mange dyr reineigaren set til livdyr. Etter fleire år med reduksjon i slaktevolumet, blir det ein auke av uttaket i 2015. Det samla uttaket på registerte slakteri var i 2015 på om lag 77 000 rein. Dette er ein stor auke sett i høve til 2014 (63 100 rein). Kalveandelen ligg på om lag 78 pst. Dette er ein auke på 7–8 prosentpoeng i høve til dei siste åra. Høgare slakteuttak og ein auke av kalveandelen viser at stimuleringa ved auking av dei produksjonsretta tilskota har hatt positiv verknad. Tilbakehald av tilskott over reindriftsavtalen og dokumenterte rovvilterstatningar i høve til dei som ikkje har følgt opp gitte vedtak om reduksjon, har også verka positivt på slakteuttaket.

Produktivitet samanlikna med talet på rein kan fortelje mykje om korleis tilpassinga mellom rein og beite er i eit område. Ein høg totalproduksjon per livrein vil ofte innebere god kalvetilgang, lite tap og gode slaktevekter. Når ein snakkar om produktivitet er maksimalt varig avkastning eit sentralt omgrep. Med maksimalt varig avkastning meiner ein tilpassinga mellom talet på rein, beitegrunnlag og driftsform som gir den høgaste stabile avkastninga over tid utan å redusere beitegrunnlaget. Totalproduksjonen per livrein varierer mykje mellom reinbeiteområda og mellom distrikta i det enkelte område. Sidan driftsåret 09/10 er den samla produksjonen redusert frå 8,0 kg per livrein til 5,2 kg per livrein i 2014/2015.

Tal frå totalkalkylen for reindrifta viser ein nedgang i resultatoppnåinga dei siste åra. Reduksjonen kjem i hovudsak av ein nedgang i kjøttinntektene grunna ein reduksjon i slakteuttaket. I tillegg har det vore ein vesentleg auke i kostnadene dei siste åra. Vederlaget for arbeid og eigenkapital blir redusert frå 59,1 mill. kroner i 2013 til 54,1 mill. kroner i 2014. Målt per årsverk er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 62 100 kroner i 2013 til 56 400 kroner i 2014 og målt per siidaandel er vederlaget til arbeid og eigenkapital redusert frå 103 600 kroner i 2013 til 94 500 kroner i 2014.

6 Overordna mål: Auka verdiskaping

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom ytterlegare forenkling av lover, reglar og stønadsordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem.

Jordbruket stod i 2015 for i underkant av 46 000 årsverk i følgje Budsjettnemda for jordbruket. Nærings- og nytingsmiddelindustrien, inklusive fisk, drikkevarer og tobakk, er den nest største industribransjen i Noreg og hadde i 2015 ein brutto produksjonsverdi på om lag 194 mrd. kroner, ein auke på om lag 6 pst. frå året før. Næringsmiddelindustrien bidrog med 43,5 mrd. kroner i verdiskaping i 2015. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk, og det er viktig å sikre verdiskaping og lønsemd i heile verdikjeda. Betydelege delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, samstundes som den i aukande grad er eksponert for internasjonal konkurranse. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Importen av næringsmiddel aukar, men det gjer også den samla omsetnaden av matvarer i Noreg.

Det siste tiåret har samla produksjonsvolum i jordbruket auka med 2,8 pst. Produksjonen av husdyrprodukt har auka med om lag 6,5 pst., mens produksjonen av planteprodukt har gått ned med vel 5,5 pst. Det er særleg det kraftfôrbaserte husdyrhaldet som har auka, i tillegg til delar av det grovfôrbaserte. Desse produksjonane har dei siste åra hatt problem med marknadsbalansen, først i svineproduksjonen og så i fjørfeproduksjonen. Produksjonen av storfekjøtt er redusert med vel 3,5 pst. i tiårsperioden, men dei siste to åra har produksjonen auka. Den negative produksjonsutviklinga for sau og lammekjøtt har snudd, og etterspørselen etter lammekjøtt i den norske marknaden kan no dekkjast med norsk produksjon. Produksjonsvolumet har dei siste ti åra auka med over 10,5 pst., ein auke som hovudsakelg har komme dei siste tre åra. I 2016 er det fare for overproduksjon av sau og lam.

Produksjonen har falle for korn, poteter, frukt og blomar det siste tiåret. For korn har dette både å gjere med redusert areal og svak avlingsutvikling knytt til dårleg vær. Gode avlingsår i 2014 og 2015 var ikkje tilstrekkeleg til å snu den negative trenden, men avlingane i 2015 var rekordhøge og gav den sjette største kornproduksjonen nokon gong. Produksjonen av grønsaker har hatt ein auke på om lag 14 pst., mens fruktproduksjonen er redusert med 18 pst. Produksjonen av bær er om lag uendra perioden sett under eitt, men produksjonen har hatt ein auke dei siste åra. I grøntsektoren har marknadsforholda vore utfordrande både som følgje av nasjonale forhold, som til dømes endringar i eigarskap og organisering i omsetnadskanalane, og importkonkurranse. Redusert produksjon av blomar kjem særleg av at snittblomar mister marknadsmoglegheiter til import. Samla sett er det marknadsmoglegheiter for auka planteproduksjon, mellom anna av korn og i delar av grøntsektoren.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2007–2016, i følgje normalisert rekneskap.

Figur 6.1 Endring i produksjonsvolum frå 2007–2016, i følgje normalisert rekneskap.

Kjelde: Budsjettnemnda for jordbruket

Hovudbiletet for produksjonsutviklinga er at for produksjonar med vekst, kjem veksten i meir sentrale område. Produksjonen elles flyttar seg i mindre grad. Endringar i den geografiske fordelinga må sjåast i samband med produksjonsutviklinga. Den sterke produksjonsutviklinga som har vore på fjørfe har først og fremst komme i Trøndelag, Rogaland og på Austlandet, men produksjonen er frå 2014 noko meir redusert i Trøndelag enn i dei to andre landsdelane. I Trøndelag har eggproduksjonen auka betydeleg dei siste åra, mens den er stabil i andre område. Auken i grønsaker på friland har komme på Austlandet. Auken i svinekjøttproduksjonen har vore størst i Rogaland, men også i Agder/Telemark og i Nord-Noreg. For utvikling i geografisk fordeling innan grasbaserte produksjonar, sjå rapporteringa under hovudmålet Landbruk over heile landet.

Lønsemd er den viktigaste drivaren for den enkelte mjølkeprodusenten sine avgjerder. Dette inneber at det først og fremst er økonomiske verkemiddel som bidreg til den geografiske produksjonsfordelinga. Innan produksjonsregionane er det ikkje nokon systematisk flytting av kvoter mot områda med dei beste produksjonsføresetnadene, men det er ein aukande konsentrasjon av mjølkeproduksjon innan produksjonsregionane ved at kvoter blir kjøpt opp av produsentar i område der det allereie er sterke produsentmiljø/-klynger. Sterke fag- og produsentmiljø synes å ha større betyding enn naturgitte produksjonsføresetnader.

I følgje Nasjonalrekneskapen var bruttoproduktet i jordbruk og skogbruk i faste 2005-prisar 19,45 mrd. kroner i 2015. Dette inneber ein auke på 3,6 pst. frå 2014. Produktivitetsveksten i jordbruket er høg. Jordbruket har dei siste ti åra hatt ein gjennomsnittleg vekst i brutto arbeidsproduktivitet på 4,1 pst. per år. Tilsvarande produktivitetsmål for norsk industri (bruttoprodukt per timeverk) viser ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,5 pst. dei siste ti åra, i følgje det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Gjennomsnittleg vekst for Fastlands-Noreg var 1,0 pst.

Regjeringa vil sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan auke også i kommande år. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Innanfor desse rammevilkåra har utøvarane i landbruket, som sjølvstendige næringsdrivande, ansvar for si eiga inntekt. Regjeringa vil styrkje bruk som har ressursgrunnlag til å vere heiltidsbruk. På knapt halvparten av bruka blir det utført meir enn eitt årsverk, og desse bruka står for meir enn 80 pst. av produksjonen.

Frå 2014 til 2016 er bruttoinntektene i jordbruket berekna å auke med om lag 1,6 mrd. kroner, mens kostnadane, inkludert realrentekostnaden, har auka med i underkant av 0,1 mrd. kroner. Vederlag til arbeid og eigenkapital for jordbrukssektoren aukar dermed med 1,5 mrd. kroner frå 2014 til 2016. Tala er inkludert verdien av jordbruksfrådraget.

I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om til saman 40 større og mindre forenklingstiltak. Departementet vil føre vidare arbeidet med forenkling av dei landbruks- og matpolitiske verkemidla, og kjem tilbake til Stortinget med framlegg til forenklingar i den komande meldinga til Stortinget om jordbruksnæringa.

Det er gjennom mange år gjennomført endringar av større og mindre grad i systema og rutinane for å følgje opp endringar i regelverket for tilskottsordningane. IKT-løysingane skal bidra til ein enklare kvardag både for innbyggjarar og næringsdrivande, og bidra til ei effektiv forvaltning. Det er lagt ned ein stor ressursinnsats på IKT-området i Landbruksdirektoratet dei siste åra for å gjere det enklare for bønder, skogeigarar og næringsmiddelindustri å kommunisere med verksemda. Denne satsinga har også gjort det mogleg for fylkesmannen og kommunane å forvalte dei landbrukspolitiske verkemidla meir effektivt. Stadig fleire av tenestene til Landbruksdirektoratet har blitt gjort tilgjengelege digitalt, og direktoratet arbeider vidare med å utforme eit nytt fagsystem for forvaltning av produksjons- og avløysartilskotta (eStil). Systemet som etter planen skal takast i bruk i 2017, vil gi ein auka grad av driftssikkerheit og effektivitet i forvaltninga, og vil leggje betre til rette for å føre kontroll med ordningane.

Lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden

Det er heilt sentralt for landbruks- og matpolitikken at dei ulike verkemidla bidreg til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Meld. St. 31 (20142015) Garden som ressurs – markanden som mål tydeleggjer regjeringa sine ambisjonar for landbruksbasert næringsutvikling utanom tradisjonelt jord- og skogbruk.

Dei fleste bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er forvalta av Innovasjon Noreg (IN), der måla om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø er sentrale. Samstundes er det viktig å vere klar over at dei offentlege verkemidla verkar saman med fleire andre faktorar, og det er difor svært krevjande å måle utvikling i lønsemd, produktivitet og omsetnad som følgje av tildelingar. Ettersom dei fleste landbrukskundane hos IN er enkeltpersonføretak eller personkundar, er det soleis ikkje tilgjengeleg rekneskapstal på same måten som for aksjeselskap. Dette gjeld særleg for mottakarar av midlar til investering og bedriftsutvikling. Departementet vil i samarbeid med IN jobbe vidare med korleis få ei betre resultat- og effektmåling av dei bedriftsretta verkemidla som IN forvaltar på landbruksområdet.

Tilgang til investeringsverkemiddel bidreg til fornying av produksjonsapparatet i landbruket og framtidig vekst og utviking i landbruksbaserte næringar. Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er Landbruks- og matdepartementet sitt viktigaste verkemiddel for å fremje investeringstiltak i landbruket. Det er det stor etterspørsel etter investeringsverkemiddel, og det er naudsynt å gjere ei omfattande siling av prosjekta på kommunenivå i forkant for å utnytte rammene best mogleg. Knapt 80 pst. av tilskottsmidlane går til fornying av produksjonsanlegg for tradisjonelt landbruk, dvs. knytt til delmålet om vekst i bedrifter. Ein betydeleg del av dei vel 20 pst. som går til landbruksbaserte næringar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk er knytt til delmål om fleire gode gründerar. Innovasjon Noreg sin rapport om bruk av IBU-midlar for 2015 anslår ein sysselsetjingsvekst på om lag 455 årsverk samla for dei prosjekta det er løyvd støtte til innan tiltaksgruppene etablerartilskott, bedriftsutvikling og investeringar i andre landbruksbaserte næringar.

Innanfor Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping – har aktiviteten dei siste åra vore retta mot vekstkraftige bedrifter og auka merksemd på forpliktande produsentsamanslutningar. Kundeeffektundersøkingane til IN viser at Utviklingsprogrammet i betydeleg grad er utløysande for realisering av prosjektet. Undersøkingane viser også at ordninga bidreg positivt til kompetanseheving og samarbeid. Ein stor del av kundane opplyser at programmet har bidrege til betring i lønsemd for prosjekta og auka omsetnad. Innovasjonsnivået på prosjekta ligg nokså stabilt, og er for dei fleste av verkemidla på landbruksområdet hovudsakleg knytt til innovasjon på bedriftsnivå. Det er behov for meir kunnskap om korleis programmet verkar og effektar av dei ulike tiltaka. Hausten 2016 blir det sett i gang ei særskild evaluering for å undersøkje mellom anna den bedriftsøkonomiske effekten av vekstordninga nærare. Vekstordninga er etablert for å kunne gjere bedriftene i stand til å møte auka etterspørsel.

Driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ei viktig kjelde til kunnskap om utvikling og lønsemd innanfor dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Av dei 912 enkeltbruka som var med i driftsgranskingane i 2014 hadde 82 pst. omsetnad knytt til anna landbruksbasert næringsutvikling. Prosentdelen bruk med tilleggsnæringar av vesentleg omfang var størst på Austlandet og minst på Vestlandet og i Nord-Noreg. Omsetnaden seier noko om kor høgt aktivitetsnivået i bedriftene er, men ikkje nødvendigvis noko om forteneste og inntekt. 58 pst. av bruka hadde ein omsetnad på meir enn 20 000 kroner knytt til andre landbruksbaserte næringar. Gjennomsnittleg omsetnad på desse bruka var 219 900 kroner, ein auke på 29 300 frå året før. Omsetnaden auka frå 2013 til 2014 i alle regionar, men auka mest på Austlandet og Vestlandet, jf. Figur 6.2. Vestlandet har, slik figuren viser, hatt høgast omsetnad i tilleggsnæring i åra 2012–2014. Den høge omsetnaden på Vestlandet kjem i hovudsak av svært høg omsetnad på nokre få bruk der tilleggsnæringa har vore under oppbygging gjennom fleire år.

Figur 6.2 Omsetnad tilleggsnæring, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i tilleggsnæring. Regionar, 2012–2014

Figur 6.2 Omsetnad tilleggsnæring, kroner per bruk. Bruk med omsetnad over 20 000 kroner i tilleggsnæring. Regionar, 2012–2014

Overskottet frå andre landbruksbaserte næringar utgjorde i gjennomsnitt 7 pst. av samla inntening på alle bruk i driftsgranskingsutvalet. Driftsoverskott per time varierer mykje frå dei ulike typar av næringar. Både maskinkøyring og gruppa anna tenesteyting (m.a. Inn på tunet, klauvskjæring og saueklipping) har hatt høgare driftsoverskott per time enn tradisjonelt jordbruk. For gruppene turisme og vareproduksjon er det stor variasjon mellom år og vesentleg lågare driftsoverskott per time enn innanfor det tradisjonelle jordbruket. Driftsgranskingane viser likevel at bidraget frå bygdenæringane til familieøkonomien samla sett er liten. Det er krevjande å få god statistikk over utviklinga innanfor bygdenæringane. Departementet vil jobbe vidare med sikte på å utvikle eit betre system for resultatmåling på området.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruket og trebasert industri sysselsette rundt 21 000 personar i 2015. Av desse var totalt 6 100 personar sysselsette i skogbruket og tenester knytt til skogbruket. Den trebaserte industrien (utanom møbel) hadde ein samla omsetnad på om lag 35 mrd. kroner i 2015. Det blei selt tømmer til industriformål med ein bruttoverdi på 3,4 mrd. kroner dette året

Norsk skog- og treindustri har gått gjennom store strukturendringar dei siste 10 åra. Nedlegging av store treforedlingsbedrifter i denne perioden har ført til lågare etterspørsel etter massevirke og flis på heimemarknaden. I hovudsak som følgje av dette, har eksporten auka. I 2015 blei det eksportert om lag 4 mill. m3 tømmer, som var 0,4 mill. m3 meir enn året før. Av dette blei rundt 70 pst. av volumet eksportert til Sverige og 26 pst. til Tyskland.

Det blei avverka vel 10 mill. m3 tømmer for sal til industrien i 2015, det høgaste talet på fleire år. Når hogst av ved til brensel blir lagt til, er den samla hogsten likevel berre rundt halvparten av den årlege nettotilveksten for all skog på om lag 25 mill. m3.

I 2015 blei det i Noreg sett ut rundt 31 mill. skogplantar, ein auke på om lag 2 mill. frå året før. Dette er det høgaste nivået for planting på om lag 10 år. Areal der det er utført ungskogpleie har auka med om lag 10 000 dekar til 276 000 dekar frå 2013 til 2015. Arealet for markflekking auka med snautt 6 000 dekar frå 2014 til i alt 73 000 dekar i 2015. Arealet med nyplanting var på 182 000 dekar, ein auke på 23 000 dekar frå året før.

Det blei bygd og ferdigstilt om lag 110 km med nye skogsbilvegar og ombygd rundt 360 km med eksisterande skogsbilvegar. I tillegg blei det bygd om lag 150 km med nye traktorvegar og om lag 70 km blei bygd om. 90 pst. av skogsbilvegane og 30 pst. av traktorvegane blei bygde med tilskott. I 2015 investerte skogeigarane i Noreg i alt 205 mill. kroner i skogsbilvegar og 39 mill. kroner i traktorvegar.

7 Overordna mål: Berekraftig landbruk

Norsk landbruk forvaltar store delar av norsk natur gjennom jordbruk, skogbruk, reindrift og annan aktivitet. Landbruket skapar økonomiske verdiar, mat, trevirke og andre miljøgode av ulike slag. Kulturlandskapet er eit produkt av eit aktivt landbruk. For å sikre at befolkninga i dag og framtidige generasjonar har tilgang til nok og trygg mat, tømmer og treprodukt, energi og andre varer og tenester, må landbruket ha eit langsiktig perspektiv for vern og berekraftig bruk av areal og ressursgrunnlaget i landbruket. Gjennom metodar for berekraftig produksjon skal landbruket bidra til redusert forureining og utslepp av klimagassar, leggje til rette for auka opptak av klimagassar og for naudsynt tilpassing av produksjonen til klimaforholda i framtida.

Ivareta landbruket sitt kulturlandskap

Det er eit mål å ta vare på og utvikle landbruket sitt kulturlandskap.

I alt blei det brukt 4,2 mrd. kroner på kulturlandskapsformål i 2015. Midlane blei nytta til å hindre attgroing i Noreg, oppretthalde eit variert og levande kulturlandskap i heile landet og til å ta vare på spesielle og verdifulle landskap og kulturmiljø. Ein del areal med særskilte landskapsverdiar kan takast vare på ved tradisjonell slått. Det blei gitt tilskott på 14 mill. kroner til slått av 77 000 dekar lokalt verdifulle jordbrukslandskap og 43,8 mill. kroner til skjøtsel av 346 000 dekar bratt jordbruksareal. Det blei også gitt tilskott på i alt 505 000 kroner til skjøtsel av 1 900 særeigne landskapselement som åkerholmar, gardsdammar og store tre. Landbruks- og matdepartementet samarbeidde med Klima- og miljødepartementet om 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2015, der oppgåvene har vore å ta vare på viktige miljø- og landskapsverdiar gjennom istandsetjing og skjøtsel. Til saman blei det løyvd 12 mill. kroner til satsinga i 2015.

Dyrka jord er ein grunnleggjande ressurs for å kunne produsere mat og sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2015 utgjorde vel 9,8 mill. dekar. Samanlikna med 2014 viser tala ein liten nedgang på om lag 15 000 dekar.

Husdyrbeiting i utmark bidreg til skjøtsel av kulturlandskapet, til å halde utmarka ope og har samstundes ein positiv verknad på det biologiske mangfaldet. I satsingar som utvalde kulturlandskap i jordbruket, verdsarvområda og utvalde naturtypar er beiting i mange tilfelle eit viktig skjøtseltiltak. Dei ulike dyreslaga har ulik innverknad på naturmangfaldet, og det er difor behov for storfe, geit og sau på beite. Det har vore ein nedgang på knapt 3 pst. i talet dyr på beite i perioden 2000 til 2014. Talet dyr på utmarksbeite auka med 3 pst. frå 2014 til 2015.

Berekraftig bruk av og vern om landbruket sitt areal- og ressursgrunnlag

Omdisponering av areal

Stortinget handsama jordvernstrategien til regjeringa 8.12.2015, og vedtok innstillinga til næringskomiteen, jf. Innst. 56 S (2015–2016). I oppmodingsvedtak nr. 140 fastsette Stortinget det årlege målet for omdisponeringa av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bad regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020. For 2015 viser KOSTRA-tala frå SSB at det blei omdisponert 6 341 dekar dyrka jord (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) frå landbruk til andre formål.

Talet på dekar godkjent nydyrka mark gjekk ned frå 18 572 dekar i 2014 til 18 139 dekar i 2015, men ligg framleis høgt samanlikna med situasjonen på 2000-talet. I alt blei 854 søknader om nydyrking handsama i 2015. Sidan 2007 er godkjent nydyrka mark i gjennomsnitt 15 870 dekar per år.

Oppfølging av Stortinget sine oppmodningsvedtak om jordvern er omtalt i kategori 1530. Andre tiltak frå arbeidet med å følgje opp regjeringa sin jordvernstrategi er:

Byutviklingsavtalar og bymiljøavtalar

Regjeringa vil vidareføre arbeidet med byutviklingsavtalar og bymiljøavtalar for betre samordning og heilskapleg planlegging i byregionane.

Regjeringa har som mål at veksten i persontransporten i byområda skal skje med kollektivtransport, sykling og gange. Målet vil liggje til grunn for bymiljøavtalane, som er eit viktig verktøy for å styrkje samordninga av areal- og transportplanlegginga i byområda. Arealforpliktingane i bymiljøavtalane vil bli følgt opp gjennom byutviklingsavtalar.

Det er forhandla fram ein bymiljøavtale for Trondheim, som tek til å gjelde i løpet av kort tid. Ein forhandlar no om ein bymiljøavtale for Oslo og Akershus. Vidare kan det bli aktuelt å starte forhandlingar med Nord-Jæren og Bergen i løpet av 2016. Ein vil truleg starte forhandlingar i dei fem andre byområda som er aktuelle for bymiljøavtale, etter at regjeringa har lagt fram Nasjonal transportplan for perioden 2018–2029.

Det blir teke omsyn til jordvern i planlegginga etter plan- og bygningslova. Det gjeld både for dei enkelte transporttiltaka som blir finansierte gjennom bymiljøavtalane, og i kommuneplanar og regionale planar som blir vedtekne og som skal byggje opp under nullvekstmålet for personbiltrafikk.

Eit utbyggingsmønster som gir kompakte byar og legg til rette for meir kollektivtransport, gange og sykkel er naudsynt for å nå nullvekstmålet for personbiltrafikk. På lang sikt vil eit slikt utbyggingsmønster vere mindre arealkrevjande enn ei meir spreidd og bilbasert utvikling. Bymiljøavtalar og byutviklingsavtalar kan difor bidra til mindre nedbygging av naturområde og dyrka mark.

Nullvekstmålet for personbiltrafikk vil derimot krevje tett utbygging ved kollektivknutepunkt og -aksar. I Akershus ligg fleire stasjonar omgitt av matjord. Dette kan gi auka konfliktnivå i enkeltsaker. Det er viktig at utbygging skjer i tråd med statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging.

Avgjerdsprosessar i konseptvalutgreiingar (KVU) og eksterne kvalitetssikringar (KS1)

Regjeringa vil gå gjennom korleis jordvern og andre omsyn blir tekne vare på i konseptvalutgreiingsprosessane.

I konseptvalutgreiingar blir det gjort ein samfunnsøkonomisk analyse i tråd med krava i statens kvalitetssikringsordning. Analysen blir gjennomført i hovudsak etter Statens vegvesens handbok V712 Konsekvensanalyser. Både prissette og ikkje-prissette konsekvensar blir vurderte. Jordvernomsyn blir handsama som ein ikkje-prissett konsekvens.

I utgangspunktet blir same utgreiingsmetode bruka i konseptvalutgreiingar, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Konseptvalutgreiingar blir vanlegvis gjennomførte på eit tidleg stadium i planlegginga og for eit stort geografiske område. Vegliner er i liten grad fastlagde på dette stadiet, og det er vanskeleg å fastslå korleis prosjekt og tiltak vil virke inn på ulike verneomsyn. Det er difor vanleg å vurdere potensial for konflikt med ulike verneomsyn. Transportetatane nytter seg av tilgjengelege registreringar og har dialog med ulike vernestyresmakter, som Fylkesmannen når det gjeld jordvern, og interessegrupper.

I planlegginga av samferdselsprosjekt kan det oppstå målkonfliktar. I prosjekt som angår jordvernomsyn, må nasjonale mål for omdisponering av dyrka mark bli vegne opp mot nasjonale mål for transportpolitikken om å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekkjer samfunnets behov for transport og fremjar regional utvikling.

Metodikken for konseptvalutgreiingar er utvikla som ein generell metode for bruk på ulike type problemstillingar innanfor samferdsel og uavhengig av skiftande politiske syn. Ein gjennomgang av nasjonale mål og strategiar som er aktuelle for utgreiingsområdet, inngår i analysane. Utgreiingas mandat frå Samferdselsdepartementet er sentralt i dette arbeidet.

Om regjeringa ønskjer å løfte fram særskilte omsyn, kan det gis konkrete føringar i mandatet for den enkelte konseptvalutgreiinga. Jordvern er døme på dette i ein del utgreiingar. Ei naturleg følgje er at dette omsynet blir løfta fram under viktige generelle samfunnsmål og får ein meir tydeleg plass. Uansett om jordvern er løfta fram som eit viktig mål eller ikkje, vil temaet bli handsama i den samfunnsøkonomiske analysen om konsepta angår dyrka mark.

Konsekvensanalyser – jordressursar som ikkje-prissette konsekvensar i samferdselsprosjekt

Statens vegvesen planlegg å ferdigstille den pågåande revisjonen av handbok V712 Konsekvensanalyser i løpet av 2017.

Tiltak for å avgrense forureining

Reduksjon av vassforureininga (avrenning av næringsstoff og plantevernmiddel) er viktig for at vatn skal oppnå god, økologisk tilstand, jf. vassforskrifta. Konsentrasjonar og tap av næringsstoff frå jordbruksareal varierer mykje frå år til år grunna variasjonar i nedbør, temperatur og jordbruksdrifta. Åkerareal utan vernande plantedekkje haust og vinter gir større risiko for erosjon. Årlege tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding om hausten er difor eitt av dei viktigaste tiltaka for å redusere vassforureininga frå jordbruket. Innsatsen er størst der vassførekomstane har eller har hatt dårleg tilstand, slik som i Østfold, Akershus, Hedmark og Oppland. I 2015 blei det gitt i alt 192 mill. kroner i tilskott til tiltak for redusert jordarbeiding, vegetasjonssoner, fangdammar og hydrotekniske anlegg. Dette er ein nedgang frå 2014, grunna reduserte budsjettrammer. Det har vore ein nedgang i areal i stubb (inga haustpløying) sidan 2011, men frå 2014 til 2015 har det vore ein liten auke og om lag 40 pst. av alt kornareal låg i stubb over vinteren. Det har i heile denne perioden vore vektlagt å målrette innsatsen mot dei areala der det er mest viktig å gjennomføre tiltak, noko som kan ha medført at redusert jordarbeiding i mindre grad blir gjennomført på lite utsette areal. Det er for tidleg i prosessen å rapportere på kva slags verknad dette har for statusen i vassførekomstar som følgje av tiltak som allereie er sette i gang.

Salet av plantevernmiddel varierer årleg mellom anna grunna klimatiske forhold. Det er difor vanskeleg å seie noko sikkert om risikoutviklinga på kort sikt. I dei siste åra har det i hovudsak vore ei dreiing mot bruk av preparat med lågare helse- og miljørisiko. Basert på omsetnad av plantevernmiddel, er berekna helserisiko for 2015 redusert til 77 pst. av 1996/97-nivå, mens berekna miljørisiko er redusert til 72 pst. av 1996/97-nivået.

Økologisk jordbruksareal og husdyrproduksjon

Økologisk areal utgjorde 443 600 dekar i 2015, om lag 4,5 pst. av det samla jordbruksarealet (medrekna karensareal, areal under omlegging, er delen 4,8 pst.). Areal i karens hadde ein sterk vekst frå 2007 til 2009, men har dei siste åra hatt ein tydeleg nedgang. Det var ein nedgang i dei fleste typar økologisk areal, med unntak av areal til potet, grønsaker og bær, der det var ein liten auke. Husdyr i økologisk driftsform utgjer førebels ein liten del av det samla talet på husdyr i Noreg. Frå 2014 til 2015 var det ein auke i talet på dyr som storfe og sau. Tal på økologisk storfe utgjer 3,5 pst. av storfehaldet, mens sau og lam utgjer 4,6 pst.

Skogbruksplanlegging og miljøregistrering

I 2015 blei det utarbeidd skogbruksplanar med miljøregistreringar (MiS) for om lag 2,3 mill. dekar skog. Dette er noko mindre enn året før, men fordi desse prosjekta går over fleire år svingar tala frå år til år. Med bakgrunn i dei behova for tilskotsmidlar fylkesmennene melder er det grunn til å tru at aktiviteten vil auke framover. Det meste av det økonomisk drivverdige skogarealet i skogstroka på Sør-Austlandet er no kartlagt, og det blir starta opp nye skogbruksplanprosjekt med revisjon av miljøregistreringar frå tidlegare. Før eksisterande data blir førte vidare i nye planar, blir dei kvalitetssikra, og nøkkelbiotopar som er øydelagde av hogst eller av andre grunnar blir og erstatta av nye. På Vestlandet og nordover er det framleis store område som ikkje er dekte med skogbruksplanar med miljøregistreringar, og det er starta eit arbeid for å auke innsatsen på kartlegging i desse områda.

Med grunnlag i dette arbeidet tek skogeigarane særlege omsyn til miljøverdiane. Det er no sett til side eit samla areal med nøkkelbiotopar på omkring 750 000 dekar. Miljøinnsatsen frå det private skogbruket sikrar god miljødokumentasjon og gode miljøomsyn i næringsverksemda og bidreg mellom anna til å redusere behovet for offentlege vernevedtak.

Landbruket sine genressursar

Genmangfaldet innanfor landbruket er viktig for tilgangen til mat i verda og for at husdyr, matplanter og skogstre skal kunne tilpassast nye og endra dyrkings- og driftsforhold og nye krav til sluttprodukta. Oppfølginga av nasjonale handlingsplanar for berekraftig bruk og bevaring av gamle husdyrrasar, plantesortar og variasjonen innanfor artane av skogstre bidreg til at ikkje potensielt verdifulle genressursar skal gå tapt.

Av dei 39 husdyrrasane som er rekna som nasjonale i Noreg er 20 i kategorien Kritisk truga i 2015. Fire av storferasane og tre hesterasar er blant desse. Ytterlegare 9 rasar blir rekna som Truga. Det er sett i verk tiltak som skal sikre dei truga og kritisk truga rasane for framtida. I 2015 blei det registrert ein auke i talet på dyr for alle dei nasjonale kurasane. For dei store avlspopulasjonane ligg det føre tal for effektiv populasjonsstorleik, som gjer greie for talet på dyr som bidreg med gen i neste generasjon. Ein effektiv populasjonsstorleik på minst 50, og helst over 100, blir rekna for å vere berekraftig. For 2015 er dette talet for NRF (Norsk raudt fe) 227, norsk kvit sau 89, spælsau 63, norsk sjeviot 49, norsk mjølkegeit 320 og for norsk landsvin 135.

I 2015 var det i alt 11 bevarings- og tradisjonssortar på den norske sortslista. Det er også oppretta bruksgenbankar for gamle sortar innan korn og potet, der interesserte bønder kan få materiell for utprøving. Nasjonalt er det etablert 22 klonsamlingar for grønsaker, poteter, urter, frukt, bær, staudar og roser. Noreg samarbeider med dei andre nordiske landa om nordisk genbank for frø som ligg til Nordisk genressurssenter (NordGen) under Nordisk ministerråd.

I upløgde og permanente enger har viktige engvekstar fått utvikle seg over lang tid og tilpassa seg til klima og andre vekstvilkår. Dette har resultert i stor genetisk variasjon i viktige eigenskapar. I 2015 var det i alt 584 slike in situ bevaringslokalitetar med genressursar i kulturlandskap som blir haldne ved like etter skjøtselsplan og avtalar. Brorparten (545) av engene inngår i Handlingsplan for slåttemark hos Miljødirektoratet. Dei andre er stort sett resultat av initiativ i fylke der ymse støtteordningar bidreg til at tradisjonell skjøtsel og drift held fram.

Innanfor skogbruket er gran det treslaget som er best karakterisert genetisk. Per 31.12.2015 var 3 176 individ utprøvd i skogplanteforedlinga på gran. Desse dannar grunnlaget for eit utval av dei beste individa for produksjon av foredla frø i frøplantasjar, og neste generasjon foredlingspopulasjon, jf. målsetjingar i Strategi for skogplanteforedling 2010–2040. For å bevare genetiske ressursar in-situ, er det oppretta genressursreservat for skog i nokre verneområde. Desse bidreg til å sikre den potensielle tilgangen til genetisk materiale frå ulike klima og veksestadar. Det er oppretta 23 genressursreservat for skog, som omfattar 10 ulike treslag (under dette alm, ask, barlind, bøk, kristtorn, lind, sommareik, spisslønn, vintereik og gran).

Svalbard globale frøhvelv er i dag det største sikkerheitslageret i verda for biologisk mangfald innanfor vekstar, og er eit norsk tiltak av stor verdi for den globale matforsyninga. Dette spesialbygde fryselageret husar sikkerheitskopiar av frø frå nasjonale og internasjonale frøsamlingar. Ved slutten av 2015 har i alt 67 institusjonar til saman deponert 875 931 frøprøver i frøhvelvet. I 2015 henta ICARDA tilbake meir enn 38 000 frøprøver for å dyrka fram nye frø for lagring i nabolanda til genbanken som ligg i Aleppo i Syria. Frø skal så sendast tilbake til Svalbard for ny langtids sikringslagring. Meir enn ein tredel av alt mangfaldet av matplanter som i følgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ligg lagra i frøsamlingar verda over er med dette sikra i Svalbard globale frøhvelv.

God agronomi

God agronomi vil kunne bidra til auka husdyrproduksjon og avling, og kan også gi betre kvalitet i produksjonen. Auka kunnskap knytt til betre agronomi, klimatilpassingar og miljøomsyn hos den enkelte bonde og i heile apparatet rundt norsk matproduksjon er naudsynt for å nå måla som regjeringa set for berekraftig produksjon av nok og trygg mat, og for å kunne auke den landbaserte produksjonen av mat i tråd med etterspørselen til den veksande befolkninga. Kompetanseauken på desse områda blir kombinert med auka kunnskap om korleis klimagassutslepp, som følgje av matproduksjon, kan haldast så låge som mogleg.

Forsking på matområdet har hatt høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert i forskingsløyvingane. Berekningar frå Noregs forskingsråd viser at løyvingane frå departementet retta mot matområdet har lege på omkring det same høge nivået dei siste tre åra. Kvaliteten på forskinga er generelt god, og Noreg ligg i den internasjonale kunnskapsfronten på enkelte område, til dømes innanfor avl, teknologiutvikling og reduksjon av klimagassar. Gjennom løyvingar til BIONÆR-programmet i Noregs forskingsråd har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon og fram til forbrukar. Resultata frå forskinga skal komme til nytte både hos næringsutøvarar og forbrukarar.

God dyre- og plantehelse er avgjerande for berekraftig produksjon av trygg mat. Klimaendringar med auka fare for introduksjon av nye skadegjerarar og sjukdommar vil krevje ny kunnskap på dette området. Fleire prosjekt finansierte gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse.

Innanfor området agronomi blei det lagt vekt på utfordringane norsk jordbruk står overfor knytt til forventningane om auka matproduksjon, vidareføring av norsk sjølvbergingsgrad og landbruk i heile landet. Det blei starta opp eit stort prosjekt, AGROPRO. Prosjektet er eit samarbeid mellom Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Norsk institutt for bioøkonomi, med eit samla budsjett på 40 mill. kroner over 4 år.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

All matproduksjon startar med fotosyntesen. I utgangspunktet er difor alt jordbruk basert på opptak av CO2. Jordbruksaktivitetar og særleg husdyrhald er også opphav til utslepp av klimagassar, hovudsakleg i form av metan (CH4) og lystgass (N2O). Jordbruket sitt utslepp av klimagassar var i 2014 på 4,4 mill. tonn CO2-ekvivalentar og utgjorde om lag 8,3 pst. av dei samla norske utsleppa. Utsleppet frå jordbruket har blitt redusert med 11,1 pst. frå 1990 til 2014. Samstundes var det ein auke i dei nasjonale utsleppa samla sett. Redusert bruk av gjødsel og færre storfe er hovudårsakene til nedgangen i utslepp frå jordbruket.

Karbonlagring i skog og jord

Regjeringa vil leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar.

I 2014 stod norske skogar for eit nettoopptak på 30,8 mill. tonn CO2. Når anna areal utanom skog blir teke med, blir nettoopptaket 25,4 mill. tonn, noko som svarar til om lag halvparten av dei samla norske utsleppa av klimagassar.

Når ein skal vurdere den samla klimaeffekten frå skogsektoren, må ein også ta med reduksjonen i klimagassutslepp ved bruk av fornybart skogråstoff til substitusjon av fossile utslepp i form av trebruk i byggsektoren og bioenergi.

Netto karbonopptak i skog er eit resultat av differansen mellom brutto opptak i form av tilvekst og utslepp som følgje av hogst. Sidan tømmerhogsten i Noreg har vore på eit temmeleg stabilt nivå rundt 10 mill. kubikkmeter årleg, har omfanget av forynging av skog mykje å seie for skogen sin tilvekst og karbonopptak. Ikkje sidan 2001 har det blitt planta meir skog enn i 2015. I alt blei 172 000 dekar tilplanta dette året, ein oppgang på 14 000 dekar frå 2014. Samla blei det planta 30,9 mill. skogplanter i fjor.

Vidare er skogen sin alder ved hogst viktig når det gjeld skogen som opptaksmekanisme og lager for karbon.

Omfang av bruk av tre i varige konstruksjonar

Tre som bygningsmateriale har klare miljømessige fortrinn, og Noreg har store uutnytta skog-ressursar. Bruk av tre legg grunnlaget for lokal og regional næring.

Tresatsinga til regjeringa har dei siste åra blitt forvalta av Innovasjon Noreg gjennom Trebasert Innovasjonsprogram. Målet har vore auka bruk av tre og styrkt konkurransekraft i næringa. Programmet har gjennom fleire år hatt høg aktivitet og gjennom mobilisering og finansiell stønad bidrege til realisering av alt frå arkitektoniske konsept til byggprodukt og konstruksjonsmetodar. Programmet har bidrege til å utvikle det moderne trebyggeriet slik at tre blir vurdert som eit aktuelt materiale av arkitektar, utbyggjarar, folk som utviklar eigedommar og entreprenørar.

Produksjon og bruk av bioenergi

Landbrukssektoren er leverandør av råstoff til bioenergi til andre sektorar og til intern bruk i næringa. Landbruks- og matdepartementet medverkar til auka produksjon og bruk av bioenergi. Bioenergiprogrammet gir mellom anna støtte til investering i gardsvarmeanlegg og anlegg for sal av biovarme. Programmet bidreg såleis til meir miljøvennlege energiløysingar både i landbruket og i andre sektorar. Støtta over bioenergiprogrammet utgjer om lag det halve samanlikna med elsertifikatordninga målt i kroner per kilowattime. I 2015 blei det gitt støtte til færre prosjekt over programmet enn i 2014, likevel blei det ein auke i samla planlagd energiproduksjon, samanlikna med 2014. I programmet si levetid er det i alt etablert over 1530 gardsvarmeanlegg, 31 anlegg i veksthus og 185 varmesalsanlegg med ein samla planlagd energiproduksjon på 350,5 GWh.

Klimatilpassing

Klimaendringane vil påverke landbruket i stor grad, og vil mellom anna endre føresetnadene for planteproduksjon. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å redusere sårbarheita og for å utnytte moglege gevinstar som følgjer med klimaendringane. Planteforedling er eit viktig tiltak for klimatilpassing, og departementet bidreg til å styrkje skogplanteforedlinga. Over jordbruksavtalen blir det også gitt støtte til å få fram nytt sjukdomsfritt og klimatilpassa plantemateriale for jord- og hagebruksvekstar.

8 Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Landbruks- og matdepartementet har samfunnsoppgåver som er viktige for enkeltmenneske og næringsliv over heile landet. Forvaltninga skal vere organisert slik at ho har god gjennomføringskraft, løyser sentrale oppgåver effektivt med god kvalitet, og legg til rette for auka verdiskaping i næringslivet.

Landbruks- og matforvaltninga har ein desentralisert struktur med arbeidsplassar over heile landet. Oppgåveløysinga er såleis fordelt mellom nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Etter 1.7.2015 har departementet fire underliggjande verksemder. Direktorats- og tilsynsoppgåver er lagt til Mattilsynet og Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet har to underliggjande forskingsinstitutt, Veterinærinstituttet (VI) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). VI og NIBIO er organiserte som forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Sjå nærare omtalt under kat. 15.10, 15.20 og 15.30.

Andre viktige utøvarar i landbruks- og matforvaltninga

I tillegg til departementet og underliggjande verksemder er det fleire aktørar som utgjer landbruks- og matforvaltninga, men som ikkje ligg direkte under Landbruks- og matdepartementet. Dei viktigaste er kort omtalt under.

Fylkesmannen har ansvar for oppfølging av nasjonal landbruks- og matpolitikk regionalt og lokalt. Fylkesmannen forvaltar juridiske og økonomiske verkemiddel innanfor sektoren, og er pådrivar for utvikling innan landbruket. Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet, mens Landbruks- og matdepartementet har det faglege ansvaret for arbeidet til embeta på landbruks- og matområdet.

Fylkeskommunane har som regional nærings- og samfunnsutviklar ansvar for oppgåver innanfor verdiskaping, klima, samfunnsplanlegging, rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Samarbeidet i dei regionale partnarskapa legg til rette for å styrkje utnyttinga og målrettinga av verkemidla innanfor landbruks- og matsektoren.

Innovasjon Noreg forvaltar midlar til investering og bedriftsutvikling og anna programstøtte til både tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. Innovasjon Noreg er organisert som eit særlovsselskap, og er eigd av staten ved Nærings- og fiskeridepartementet og fylkeskommunane i fellesskap. Selskapet utfører tenester for Landbruks- og matdepartementet med bakgrunn i dei føringane som blir gitt i det årlege oppdragsbrevet frå departementet. Selskapet har iverksett eit omfattande digitaliseringsprosjekt for å forenkle og forbetre kundedialogen, avbyråkratisere tenestene, automatisere interne prosessar og oppgradere selskapet sine fagsystem. I 2016 har Landbruks- og matdepartementet løyvd 7,7 mill. kroner til digitaliseringsprosjektet og delen av prosjektet som omfattar landbrukskundane. Prosjekt for ny digital flate for landbrukskunden og ny effektiv handsaming for kunderådgivar starta sommaren 2016. Målet er at nye digitale løysingar for landbrukskundane skal takast i bruk i 2017.

Kommunane er førsteline for forvaltning av landbrukslovgivinga og dei fleste økonomiske verkemidla i landbruket, og har ei sentral rolle som nærings- og samfunnsutviklar. Finansiering av oppgåvene inngår i inntektssystemet for kommunane. Gjennom den regionale partnarskapen skal fylkeskommunane, fylkesmennene og Innovasjon Noreg styrkje kommunane sitt arbeid på landbruks- og matområdet.

Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet

Regjeringa vil oppnå ein mest mogleg effektiv bruk av ressursane i samfunnet. I forvaltningsarbeidet er det viktig at dei landbruks- og matpolitiske verkemidla blir utvikla på ein slik måte at dei er enkle å bruke for næringsdrivande, forvaltninga og samfunnet elles.

Forenklings- og effektiviseringsarbeid har stor merksemd i Landbruks- og matdepartementet og i dei underliggjande verksemdene.

Organisasjonsendringar og arbeid med effektivisering i dei underliggjande verksemdene

I juni 2014 vedtok regjeringa å fusjonere forskingsinstitutta Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking frå 1. juli 2015. Dei tre institutta hadde til saman ca. 725 tilsette. Etter ein interimsperiode på om lag eitt år, blei Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) oppretta som planlagt. Eit omfattande arbeid utført av interimsstyret og dei tilsette resulterte i at målet om eit styringsdyktig institutt frå og med fusjonstidspunktet blei nådd. Formålet med fusjonen er å etablere eit fagleg og økonomisk robust forskings- og utviklingsmiljø, som leverer kunnskap av høg kvalitet og relevans til næring og forvaltning. Meir ressursar skal nyttast til utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og støtte til forvaltninga, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald. Gjennom forsking og kunnskapsproduksjon skal instituttet bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innanfor verdikjedene for mat, skog og andre biobaserte næringar. NIBIO har eit eige styre, og hovudkontoret er på Ås. I tillegg til hovudkontoret har instituttet 17 einingar ulike andre stadar i landet. I juni 2015 vedtok departementet endringar i den regionale strukturen til NIBIO. Formålet er å styrkje instituttet fagleg og økonomisk gjennom å effektivisere og redusere regionale einingar.

Målet med å opprette Landbruksdirektoratet 1. juli 2014 var å oppnå ei meir solid og effektiv landbruksforvaltning, og å styrkje reindriftsforvaltninga i Alta. Leiinga i Alta er no styrkt og administrative ressursar er samordna og effektivisert. Fleire prosjekt er gjennomført innan forvaltnings- og systemutvikling for å auke kapasiteten og betre kvaliteten på sakshandsaminga. I løpet av 2015 har dette gitt resultat både i form av betre sakshandsamingstid og auka kvalitet på tenestene.

Direktoratet skal arbeide for at søknads- og sakshandsamingssystema er effektive og sikre, og spelar årleg inn framlegg til departementet om vidareutvikling av regelverk og forvaltningssystem. Det blir også stadig jobba med utgreiingar som har til mål å forenkle verkemiddel under jordbruksavtalen. Tidstjuvarbeidet i direktoratet har stor merksemd og to konkrete utviklingsprosjekt er i gang. Det eine gjeld etablering av nytt IKT-system for digital forvaltningsstøtte for kommunar, fylkesmenn og for direktoratet sjølv. Det andre er eit nytt elektronisk søknads- og sakshandsamingssystem i samband med at ny naturskadeerstatningslov tek til å gjelde 1.1.2017.

I Mattilsynet har omorganiseringa prega 2015. Målet har vore å utvikle og tilpasse tilsynet til samfunnet og brukarane sine behov fram mot 2020. Antal regionar er redusert frå 8 til 5, og talet på leiarar er redusert med 30 pst. Den nye organiseringa skal frigjere ressursar til tilsyn, regelverksutvikling, kommunikasjon/rettleiing og kunnskapsinnhentinganalyse. Det blir kontinuerleg jobba med forbetringar og utvikling av meir effektive arbeidsprosessar med betre metodikk og bruk av ny teknologi. Smilefjesordninga som blei innført i 2016 er eit godt døme på dette. Ordninga effektiviserer tilsynet og revolusjonerer kommunikasjon rundt tilsynsresultat. Forbrukarane får med ein gong tilgang til informasjon om dei hygieniske forholda ved stadane som er med i ordninga.

Mattilsynet har komme langt i å vidareutvikle tidstjuvprosjektet til å bli ei arbeidsform. Interne tidstjuvar er registrert i deira eigen forbetringsportal. Arbeid med vidare oppfølging av tidstjuvar og kontinuerleg forbetring er viktig for å utvikle ein lærande organisasjon, særleg når ny organisasjon er under utvikling.

Veterinærinstituttet har redusert bemanninga betydeleg sidan 2014. Gjennom reduksjon i bemanninga har verksemda blitt rasjonalisert og effektivisert.

Instituttet har starta eit arbeid med å modernisere diagnostikken og styrkje samhandlinga med feltapparatet for å få sendt inn betre og meir eigna materiale for diagnostiske undersøkingar. Moderne kommunikasjonsverktøy gjer det også mogleg å formidle bilete av sjuke dyr og organ. Slike hjelpemiddel endrar det diagnostiske arbeidet. Resultatet blir meir kostnadseffektiv helseovervaking og diagnostikk, betre smittevern og styrkt landsdekkande beredskap.

Nye behov i næringane påverkar kva for tenester som er etterspurde. Dei regionale einingane må ha høgt kunnskapsnivå om brukarane og inneha spesialiserte funksjonar. I tett samarbeid med andre verksemder skal dei vere viktige aktørar for næringsutvikling i regionane. Verksemda i Tromsø skal halda fram i grøn sektor. Vidare er samarbeidet mellom Veterinærinstituttet og andre kunnskapsmiljø i Bergen styrkt. Det er underteikna ei intensjonsavtale om samarbeid med Universitet i Bergen, og Veterinærinstituttet er blitt medlem av The Norwegian Seafood Innovation Cluster.

Arbeidet med det nye Veterinærinstituttet på Ås er omfattande. Samarbeidet mellom Veterinærinstituttet og dei andre landbruksinstitutta og universitetet på Ås blir styrkt. Dette vil bli eit løft både for grøn og blå sektor.

Digitalisering

Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å modernisere, forenkle og forbetre forvaltninga. Verksemdene i landbruks- og matsektoren skal tilby fleire og meir brukarretta digitale tenester. Digitale tenester bidreg til å gi ein enklare kvardag for innbyggjarar og næringsdrivande, samstundes som det legg til rette for at stat og kommune kan løyse oppgåvene meir effektivt. Vidare skal digitale tenester bidra til å skape grunnlag for verdiskaping, kvalitet i offentlege tenester, demokratisk deltaking og inkludering. Verksemdene skal arbeide for at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med forvaltninga.

Tilsynssystemet til Mattilsynet (MATS) står sentralt i arbeidet til verksemda. Målet er å leggje til rette for at brukarar får løyst oppgåvene sine i systemet på enklast mogleg vis. Det er difor lagt ned mykje arbeid i å identifisere og eliminere ulike tidstjuvar for å gjere systemet meir brukarvennleg og effektivt. Mattilsynet har i 2015, i samband med eit prosjekt for å innføre «smilefjes» for å synleggjere resultatet av tilsyn i serveringsverksemder, utvikla regelverk, tilsynsmetodikk og ein mobil klient som legg til rette for gjennomføring av heile tilsynsprosessen ute i verksemdene.

NIBIO utviklar IKT-løysingar som forenklar, fornyar og forbetrar arbeidsprosessar blant offentlege og private aktørar innan jordbruk, skogbruk og reindrift. Gjennom NIBIO sitt «Gårdskart på internett» har landbruksforvaltninga på kommunalt og regionalt nivå fått ein forenkla tilgang til informasjon knytt til arealressursar og arealtal gjennom kart og statistikk. Instituttet har gjennomført ei stor satsing på den nye kartløysinga «Skogportalen» der all miljøinformasjon for skogforvaltning no er samla på ein stad. Her kan skogeigar, entreprenørar og forvaltning finne relevant dokumentasjon for ulike formål. NIBIO utviklar ulike kartløysingar som bidreg til effektivisering av forvaltninga både hos direktoratet, i kommunane og hos dei næringsdrivande.

Målet til Landbruksdirektoratet er å tilby elektroniske tenester som er enkle og effektive for brukarane, og som skal gi mest mogleg effektiv og korrekt forvaltning. I tillegg er det viktig med høg informasjonstryggleik og data av god kvalitet. I 2015 har direktoratet gjennomført eit omfattande arbeid med samordning av IKT-løysingar for dei to tidlegare etatane Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning som 1.7.14 blei slått saman til Landbruksdirektoratet. Ny naturskadelov tek til å gjelde 1.1.2017, og arbeidet med ny IKT-løysing starta i 2015. Eksisterande IKT-løysingar for produksjonstilskott vil i 2017 bli erstatta av eit nytt IKT-system og arbeidet med dette blei starta opp i 2015.

Styring av underliggjande verksemder

Meir effektiv drift og betre utnytting av ressursane ligg til grunn for styringa av etatane under Landbruks- og matdepartementet. Departementet har delegert mykje av gjennomføringa av politikk til underliggjande verksemder. For å oppnå ei mest mogleg effektiv styring og leiing av dei underliggjande verksemdene er departementet oppteken av å gi klare mål og tydelege prioriteringar i styringsdialogen samstundes som verksemdene skal ha fridom til å utøve oppgåvene sine. Departementet har utarbeidd mål for sektoren som blir lagt til grunn for styringa av dei underliggjande verksemdene (sjå innleiing). Resultatindikatorane som departementet har identifisert og teke i bruk gir verdifull informasjon om resultatoppnåinga i sektoren, men må oftast supplerast med kvalitative analysar.

På det administrative området legg departementet særleg vekt på at verksemdene skal utvikle den interne verksemdsstyringa, og at landbruks- og matforvaltninga oppfyller dei krava som økonomiregelverk i staten pålegg alle statlege verksemder. Departementet har merksemd på internkontroll og risikostyring i underliggjande verksemder. Begge institutta har vedteke å etablere internrevisjon for å forbetre drifta.

Kommunikasjon med omverda

Landbruks- og matdepartementet skal bidra til offentleg merksemd om landbruks- og matpolitiske spørsmål og problemstillingar. Ny kunnskap og informasjon på aktuelle saksområde skal raskt gjerast lett tilgjengeleg, mellom anna på nettsidene til departementet og i eit tett samarbeid med dei underliggjande verksemdene til departementet. Departementet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle dei ulike kanalane for kommunikasjon, mellom anna på nettsida www.regjeringen.no/lmd. Kvar dag får om lag 6 000 abonnentar på departementet si nyhendeteneste informasjon frå fag- og politikkområdet. Dette er ein vesentleg del av innsatsen for å presentere informasjon som skapar interesse, har høg truverde og aukar kunnskapen om landbruks- og matpolitikken. Saker på høyring og offentleg postjournal blir presentert på nettsida til departementet. Dette gjer allmenta høve til å få informasjon og kunnskap om det arbeidet som skjer i departementet.

Årsverk i landbruks- og matforvaltninga

Landbruks- og matforvaltninga er representert over heile landet og i alle fylke. Tabell 8.1 gir ei oversikt over utviklinga i årsverka i landbruks- og matforvaltninga. Forvaltningsorgan med særskilt fullmakt; Veterinærinstituttet og NIBIO er også ein del av landbruks- og matforvaltninga. Desse verksemdene hentar delar av inntekta si frå oppdrag i marknaden, og vil såleis ikkje vere eigna til å bli tekne med i årsverkoversikta under som gjeld forvaltningsverksemder som får heile inntekta si frå statlege løyvingar.

Tabell 8.1 Årsverk i den statlege landbruks- og matforvaltninga, tal per 1.1

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Endring i pst. 2011–2016

Landbruks- og matdepartementet

153

148

144

148

145

138

-9,8

Mattilsynet

1 326

1 328

1 329

1 319

1 281

1 257

-5,2

Landbruksdirektoratet1, 2

243

243

243

217

218

214

-11,9

Fylkesmannens landbruksavdeling

333

326

322

314

309

299

-10,2

Fylkesmannen som regional reindriftsstyresmakt1

32

34

33

Sum

2 055

2 045

2 038

2 030

1 987

1 941

-5,5

1 Det regionale nivået i reindriftsforvaltninga blei frå 1.1.2014 flytta frå Statens reindriftsforvaltning til fylkesmannsembeta.

2 Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) blei slått saman til Landbruksdirektoratet frå 1.7.2014. Tala for perioden 2010–2014 gjeld SLF og SRF samla.

For ressursbruk på ulike område, sjå årsrapportane til dei ulike verksemdene.

Gode system for samfunnstryggleik og beredskap

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor. Ansvaret er hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik, sjå omtale under del II programkategori 15.10 Matpolitikk og kap. 1115 Mattilsynet.

Landbruks- og matdepartementet er førebudd på å møte kriser i eigen sektor og på å yte bistand til andre departement i sektorovergripande kriser. Viktige element i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser. Dette omfattar til dømes fysisk tryggleik, informasjonstryggleik og personelltryggleik. Departementet er oppteken av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder.

Departementet legg vekt på høg leiarmerksemd i styringa av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit inngår i departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap. I styringsdialogen med underliggjande verksemder får arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap systematisk merksemd, mellom anna gjennom formidling av krav til områda i tildelingsbrev og i verksemdsinstruksane, og i den ordinære styringsdialogen. I 2015 gjennomførte/deltok departementet i 9 øvingar, mellom anna ei øving med temaet ein alvorleg sjukdom på dyr.

Mattilsynet gjennomførte i 2015 ei nasjonal øving med temaet rabies, med særskilt merksemd på risiko- og krisekommunikasjon. Regionane har på si side arrangert 18 beredskapsøvingar med scenario i tråd med eigen eller fylkesmannen sin analyse av risiko- og sårbarheit. Mattilsynet har og arbeidd med opplæring innan beredskap i samarbeid med andre, mellom anna innan oppklaring av sjukdomsutbrot hos folk, atomberedskap, og feltarbeid ved alvorlege smittsame sjukdommar hos dyr. Opplæringa blir utarbeidd som e-læring, og vil vere tilgjengeleg for dei Mattilsynet samarbeider med, til dømes Sivilforsvaret.

Landbruksdirektoratet har viktige beredskapsoppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap. Dette omfattar handtering av hendingar og kriser innan matforsyning, skog, natur- og avlingsskadar. Beredskapsplanverket skal sørgje for at Landbruksdirektoratet er i stand til å vidareføre funksjonane sine i ein krisesituasjon. Verksemda nyttar i stor grad IKT i forvaltninga, og ein viktig del av beredskapsplanverket er tiltak for å kunne handtere kritiske hendingar på IKT-området. Direktoratet gjennomførte i 2015 ei øving om matsikkerheit og ei øving i kriseadministrasjon.

9 Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruk og matpolitikken blir nådde

Forsking og forskingsbasert innovasjon er blant dei viktigaste verkemidla for å nå hovudmåla i norsk landbruks- og matpolitikk – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Regjeringa legg difor til rette for ein kontinuerleg høg kunnskapsproduksjon. I denne rapporteringa vil innsats og resultat på utvalde område bli omtalt innanfor dei tre delmåla for landbruks- og matforskinga:

  • Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

  • Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

  • Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon

Løyvingane til forsking og innovasjon skal bli brukt mest mogleg målretta for å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken.

Gjennom løyvingar til forsking og innovasjon har Landbruks- og matdepartementet støtta opp under nærings- og forvaltningsretta forsking knytt til den landbruksbaserte verdikjeda – frå råvareproduksjon til forbrukar, og lagt grunnlaget for auka innovasjon og konkurransekraft i næringa.

Nok og trygg mat

Forsking på matområdet har høg prioritet i Landbruks- og matdepartementet, noko som blir reflektert med store forskingsløyvingar dei seinare åra.

For å sikre at maten som kjem fram til forbrukar er trygg, er det avgjerande å sjå heile verdikjeda under eitt. Eit stort tal prosjekt innanfor planteproduksjon, husdyrhald og næringsmiddelindustri er med på å sikre nok og trygg mat.

Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer store nasjonale forskarprosjekt, innovasjonsprosjekt i næringslivet og norsk deltaking i europeiske forskarnettverk. Det er nyleg sett i gang eit stort forskarprosjekt, BioFresh, leia av NIBIO, som skal studere framtidig veksthusproduksjon av ferske grønsaker i Noreg. Hovudmåla er å auke og styrkje tverrfagleg kunnskap og kompetanse om berekraftige, lukka produksjonssystem i veksthus og betre matsikkerheit gjennom intensivering av produksjonen, og stimulere til auka konsum av trygge og sunne grønsaker av høg kvalitet. Midlar frå Fondet for Forskingsavgift på landbruksprodukt og Forskingsmidlar over Jordbruksavtalen blir også nytta til forsking innanfor både matsikkerheit og mattryggleik. Av nye prosjekt finansiert av departementet er antibiotikaresistens i kyllingproduksjon og tiltak mot matborne virus.

Forskarprosjektet iProsess, leia av SINTEF Fiskeri og havbruk, skal utvikle nye konsept og metodar for berekraftig verdiskaping i matproduksjon, både for marin- og landbaserte matprodukt. Sentralt står utvikling av prosessinnovasjonar, konsept og forretningsmodellar for betre utnytting av råstoff og reststoff for å auke lønsemda og redusere avfallsmengda. Innanfor husdyrproduksjon og dyrehelse er prosjektet FeedMileage ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) komme godt i gang. Målet er å gjere husdyra meir robuste, slik at dei i større grad kan nyttiggjere seg lokale fôrressursar, mellom anna gjennom avl for auka fôreffektivitet. Innanfor temaet antibiotikaresistens, velferd hos svin og optimalisering av velferd og produksjon av kylling blir det gjennomført forsking i samarbeid med europeiske nettverk.

Fleire prosjekt finansiert gjennom Noregs forskingsråd har støtta opp under forsking for å sikre god dyre- og plantehelse. Dei siste åra er det utvikla mykje ny kunnskap om plantesjukdommar, sortsutvikling og klimatilpassing, til dømes korleis vintertoleranse blir utvikla i plantane. Forsking innan dyre- og plantehelse kan ha stor innverknad på og grenseflater mot mattryggleik, og dette er område som bør bli sett i samanheng.

Boks 9.1

Forskingsprosjektet AGROPRO vurderer ulike metodar for agronomi for auka matproduksjon. I prosjektet undersøkjer forskarane, i samarbeid med næringsaktørar, moglegheiter og grenser for at forbetra agronomisk praksis kan bidra til auka og berekraftig matproduksjon i Noreg. Mellom anna er ein jordpakkingsmodell (Terranimo) tilpassa norske vilkår (jord, klima, maskiner og språk) for å gi råd til enkeltbønder om maskinval, dekkutrusting og risiko for pakkingsskadar. Bonden kan leggje inn opplysingar frå eigen gard, frå det enkelte skiftet og med eigne maskinar, og får diagram som viser om det er fare for skadeleg jordpakking. Det er utvikla ein modell for korleis kornavlingane blir påverka av jordarbeiding ved ulikt vassinnhald, og avlingstapet ved utsett såtid. I prosjektet er eit stort tal på sortar av bygg, kveite og havre undersøkt med tanke på toleranse mot vassmetta og pakka jord.

Auka verdiskaping

Forsking skal bidra til auka verdiskaping i landbruks- og matsektoren. Landbruks- og matdepartementet bidreg til å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor i heile landet ved å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av andre si forsking, både nasjonalt og internasjonalt. Departementet har innretta forskingsmidlane slik at dei støttar opp under innovasjonsaktivitetar i næringane gjennom tydelege forskingsprioriteringar i verdikjeda og god dialog med aktørar som kan finansiere forskinga.

Mange av verdikjedene innanfor matområdet har liten tradisjon for eiga forsking. Ei årsak er strukturen i primærnæringane med mange mindre føretak og stor geografisk spreiing. Offentleg finansiering av forsking er difor svært viktig, og næringsretta forskingsinnsats innan landbruksnæringa blir finansiert gjennom Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt (FFL).

Brukarstyrt og innovasjonsorientert forsking har høg prioritet. Stor forskingsaktivitet er ein føresetnad for å halde oppe og styrkje konkurranseevna i skog- og næringsmiddelindustrien. Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA), og tematisk innretta program som BIONÆR og store program som ENERGIX, har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Det er også lagt vekt på å betre forskings- og innovasjonssamarbeidet mellom blå og grøn sektor. Nofima AS har ein viktig funksjon i arbeidet med å hente ut synergiar frå eit slikt samarbeid.

Bruken av ressursar på forsking i næringsmiddelindustrien har auka dei siste åra. Mange nye innovasjonsprosjekt er sette i gang, og mykje av forskings- og utviklingsinnsatsen går til å betre mattryggheit gjennom auka kompetanse og kunnskap, produktivitetsauke gjennom betre lagring, kvalitetsheving og betre produkt gjennom prosessoptimalisering og hygieniske tiltak. Betre utnytting av råstoff og utnytting av restråstoff er også tema som blir undersøkt. Næringsmiddelindustrien har vore involvert i fleire av prosjekta på matområdet. Samarbeidet mellom næringsmiddelindustrien og forskingsmiljøa er såleis styrkt, og fleire bedrifter har innført ny teknologi basert på dei forskingsresultata som er produkt av samarbeidet. Samarbeid og forskingsbasert innovasjon er viktig for å auke konkurransekrafta i næringsmiddelindustrien.

Boks 9.2

Nortura har i samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar gjennomført INFORMED-prosjektet for å handtere sentrale utfordringar knytt til automasjon i kjøttindustrien. Prosjektet har utvikla tre sensorsystem som automatiserar løysingar i kjøttindustrien. Systema skal forenkle og betre produksjonskontrollen. Både forskings- og kjøttindustripartnarane i dette prosjektet har etablert ny kunnskap i utviklinga av desse teknologiane. Kunnskapen er relevant både for vidareutvikling av sensorar for industriformål og til bruk i nye prosjekt. Resultata har stort potensial for praktisk bruk i kjøttindustrien.

Forskingsprogramma BIONÆR og ENERGIX følgjer opp overordna politiske føringar for å levere kunnskap om skog- og trebasert næringsverksemd.

Det blir arbeidd målretta med å etablere store tverrfaglege prosjekt som analyserer kva rolle skogen har i klimasamanheng. Dette arbeidet dekkjer heile livslaupet, frå etablering, skjøtsel og avverking, til livslaupsanalysar innanfor verdikjeda tremekanisk industri, papirindustri og bioenergi. Det er eit komplekst samspel mellom primærproduksjon, hausting og bruken av trebaserte produkt i samfunnet. Dette gjer tverrfaglege tilnærmingar og eit tett samarbeid mellom næringsliv, forsking og forvaltning, heilt naudsynt. Ei utfordring for forskinga er å bidra med kunnskap til arbeidet med å balansere auka innsats for klimatiltak i skog, økonomisk avkastning i skogbruket, og omsyn til miljøverdiar og biologisk mangfald.

Boks 9.3

Firmaet Terratec starta i 2015 innovasjonsprosjektet HyperBio – bruk av ny teknologi for å redusere kostnader og auke presisjonen ved kartlegging av skog. Prosjektet skal utvikle nye og betre metodar for skogkartlegging frå fly ved bruk av opptak av hyperspektrale bilete og LiDARdata (laserregistrering) og automatisert prosessering av data. Firmaet sitt mål er å kunne tilby ein unik skogkartleggingsteneste som ikkje finst på marknaden i dag.

Berekraftig landbruk

Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon mellom anna av omsyn til norske forbrukarar og beredskap. Samstundes er omsynet til miljø og klima viktig. For å nå dette målet er det avgjerande at dei ressursane vi rår over blir utnytta på ein best mogleg måte. Avlsarbeid for størst mogleg produksjon av friske og sunne dyr, og sortutvikling som sikrar eit plantemateriale tilpassa klimaforholda, vil vere viktig i denne samanhengen. Løyvingar frå Landbruks- og matdepartementet finansierer fleire prosjekt på dette området, og fleire av prosjekta har brei medverknad frå brukarar. Norsk avlsarbeid er leiande internasjonalt, og kan by på store moglegheiter for samarbeid innanfor forsking og næring. Det er til dømes sett på modellar for avlsframgang og utvikla ein ny metodikk for å inkludere nye eigenskapar i avlsmåla. Avlsorganisasjonane innanfor alle husdyrartar deltok i prosjektet. Kunnskap som sikrar berekraftig og klimatilpassa produksjon av mat, som kunnskap knytt til betre agronomi, vil få endå større plass i tida framover.

Produksjon og bruk av fornybar energi er ein viktig del av bidraget frå landbruket til å redusere utslepp av klimagassar. Hovudsatsinga på energiforsking skjer gjennom programmet ENERGIX, som er Noregs forskingsråd sitt store program innanfor miljøvennleg energi. Prosjekta er i hovudsak retta mot utvikling av nye og meir effektive konverteringsprosessar frå råstoff til energi, medrekna både varme og elektrisk straum. Innanfor bioenergiforskinga har områda miljø og klima, hausting av skog til produksjon av varme og drivstoff, og biogass frå husdyrgjødsel og matavfall vore sentrale område for departementet.

Boks 9.4

Biodiversitet trugast av gjengroing, og i Noreg blir det færre dyr på utmarksbeite. Det er eit politisk mål, også internasjonalt, å stoppe tap av biologisk mangfald. Prosjektet BIOPOLICY er finansiert av MILJØFORSK. Ved hjelp av modellen JORDMOD har forskarane rekna seg fram til at innskrenka auke i jordbrukssubsidiar kan stimulere til auka bruk av utmarksbeite med 15 pst. Dette vil betre verne om det biologiske mangfaldet i naturlandskapet. Mangfaldet er mellom anna svært viktig for pollinerande artar. Bøndene ønskjer å nytte utmarka til mellom anna beite, med føresetnad om at det løner seg økonomisk. Prosjektet har mellom anna bidrege til å vise at jordbrukspolitikk må sjåast i samband med miljøpolitikk.

Næringslivet si deltaking i forskingsprosjekt på departementet sitt område

Landbruks- og matforskinga skal bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats, og i større grad nyttiggjer seg av forskingsbasert kunnskap. Midlane til forsking frå Landbruks- og matdepartementet går i stor grad til næringsretta prosjekt som har krav om medverknad frå næringa, og ein stort del av prosjekta krev også medfinansiering frå næringslivet. Krav om medverknad frå næringa bidreg til å gjere forskinga meir relevant og løysingsorientert når det gjeld problemstillingar i landbruks- og matnæringa.

Forskingsrådet sitt program Verkemiddel for regional innovasjon (VRI) er retta mot meir forsking i næringslivet. VRI-programmet skal stimulere til auka samarbeid med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å styrkje læring, innovasjon og verdiskaping i føretak med liten FoU-erfaring. Auka merksemd på erfarings- og kunnskapsutveksling mellom regionalt og nasjonalt nivå har medført ein tett samarbeidsstruktur mellom dei regionale representantane og dei sentrale næringsretta programma i Forskingsrådet.

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning, og har ingen direkte løyvingar frå departementa. Ordninga er likevel eit viktig verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i næringslivet. Aktiviteten ligg på eit høgt nivå, særskilt på områda jordbruk og mat, som har vore aukande dei siste åra. Aktiviteten indikerer at dette er eit treffande verkemiddel for innovasjon i landbruks- og matsektoren.

Internasjonal forskingsaktivitet

Dei norske forskingsinstitutta har eit stort internasjonalt engasjement. Norsk landbruks- og matforsking er mellom anna godt representert i internasjonalt samarbeid gjennom ulike European Research Area-nett (ERA-NET) og fellesprogram (JPI, Joint Programming Initiatives).

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, har opna for auka deltaking frå norske landbruks- og matforskingsmiljø. Mellom anna er spørsmål knytt til matsikkerheit og klima høgst aktuelle forskingsområde i Horisont 2020. Internasjonalt forskingssamarbeid på desse områda er viktig for å løyse globale utfordringar, for å heve kvaliteten og fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Samarbeid er i tillegg naudsynt for at Noreg skal kunne ta sin del av ansvaret for den internasjonale kunnskapsoppbygginga på sentrale område. Det er viktig å leggje til rette for best mogleg utnytting av samarbeidet.

Horisont 2020 har ei sterk kopling mot dei ulike fellesprogramma (JPI, Joint Programming Initiatives). På landbruks- og matområdet er det sett i gang to JPI’ar, av dette er ein knytt til landbruk, matsikkerheit og klimaforandringar (JPI-FACCE, Agriculture, Food security and Climate change), og ein til området mat og helse (JPI – A healthy Diet for a healthy life).

Norske forskarar hevdar seg godt i konkurransen med andre land, og har så langt komme med i kvart tredje prosjekt som er finansiert innanfor landbruk, mat og grøn bioøkonomi i Horisont 2020.

Boks 9.5

Noreg deltek i FACCE SURPLUS ERA-Nettet som finansierer prosjekt innanfor landbruk og andre biobaserte produkt. Det er norsk deltaking i 2 prosjekt:

NIBIO koordinerer prosjektet INTENSE som skal bidra til at landareal som ikkje lenger egnar seg til landbruk blir oppgradert til å kunne produsere biomasse for ein europeisk bioøkonomi. Jordforbetring og identifisering av plantar som bidreg til formålet vil stå sentralt i forskinga.

Det andre prosjektet heiter SWEEDHART og har NTNU som partner. Dei skal jobbe med berekraftige tiltak mot ugras og utnytting av ugras til biobaserte materiale og energi.

Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning

Som grunnlag for innovasjon og utvikling er det viktig å få ei god spreiing av relevant kunnskap frå universitet og institutt. For å få dette til må det leggjast til rette for at fleire aktørar saman kan bidra i formulering av kunnskapsbehov og finansiering.

Effektiv kommunikasjon og formidling av forskingsbasert kunnskap på landbruks- og matområdet er ein grunnstein for institutta. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Bygdeforskning, og Veterinærinstituttet (VI) publiserer og formidlar mykje av forskinga si også utanfor dei vitskaplege kanalane. Som til dømes i rapportar, fagmøter, fagblad og i media.

Det samla talet på publikasjonspoeng per forskarårsverk auka frå 2014 til 2015 for alle tre institutta, men noko av årsaka til auken kan ha å gjere med ny berekningsmodell. Den populærvitskaplege formidlinga var stor for alle institutta i 2015, med mange aviskronikkar, intervju og foredrag. Det er høgt fagleg nivå hos forskarane, og delen av tilsette med doktorgrad per forskarårsverk har auka frå 2014 til 2015. Som tidlegare år scorar dei landbruksfaglege forskingsinstitutta betydeleg høgare på denne indikatoren enn instituttsektoren sett under eitt.

Institutta har ein stor del forskarar med doktorgradsutdanning, og i 2014 og 2015 blei det til saman avlagt 26 doktorgrader ved institutta. Doktorgradsutdanning er viktig for rekrutteringa til institutta, men også for næringsliv og forvaltning som har behov for høg kompetanse på viktige fagområde.

Søking til yrkesfag og høgare utdanning i landbruks- og matfaga

God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit sterkt landbruk og ein sterk matindustri.

Søkjartalet til yrkesfag i naturbruk i vidaregåande skolar er låg, men har hatt ein klar auke dei siste par åra. Dei fylkeskommunale skolane hadde ein auke på 15 pst siste år. Den positive tendensen gjeld også dei private skolane.

Rekruttering av fagpersonar med matfagleg utdanning til industrien er ei utfordring. Det er for få søkjarar som etter vg1 restaurant – og matfag går vidare til vg2 matfag som skal gi fagarbeidarar som matindustrien treng. Dei fleste innan restaurant- og matfag søkjer vidare på vg2 kokk og servitør.

Søkjartala til studiane i produksjonsretta landbruksfag viser også i 2016 ein auke frå året før. Søkinga til skogfag ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har gått noko ned frå 2015 til 2016, men er framleis betydeleg høgare enn for 2014, og det er langt fleire søkjarar enn studieplassar. Søkinga til dei ulike tilboda innan skogfag ved Høgskolen i Hedmark har og vist ein liten auke. Samla sett har det dei siste par åra vore ei positiv utvikling i talet på søkjarar til høgare landbruksutdanning, og det er særleg tal på søkjarar med landbruksstudiet som førsteval som har auka siste året. Like fullt er det framleis behov for auka rekruttering til fleire av landbruksstudiane, og det er langt færre søkjarar til landbruksfaga enn til anna høgare utdanning.

Søking til etter- og vidareutdanning

Rapportane frå fylkeskommunane på bruken av midlar over jordbruksavtalen til rekruttering, likestilling og kompetanse viser at desse midlane utløyser stor aktivitet i etter- og vidareutdanning som gir kompetanse dei næringsdrivande i landbruket treng. Etterspørselen er særleg knytt til praktisk retta kompetansetiltak for dei som er på veg inn i landbruksnæringa.

Rekruttering til næringsliv og forsking

Rekruttering, både til næringa og til forskingsmiljøa, representerer ei stor utfordring for å sikre forskingskvaliteten i framtida. Sjølv om rekrutteringa har auka dei seinaste åra så har studenttala innanfor dei tradisjonelle landbruksfaga vore så låge at det framleis er vanskeleg å rekruttere doktorstipendiatar.

For å oppnå auka rekruttering må det stimulerast til auka samarbeid både internt i sektoren og på tvers av sektorane.

Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre

Ein økonomisk solid instituttsektor er ein viktig føresetnad for at den skal vere i stand til å bidra til at ein når hovudmåla i landbruks- og matpolitikken. Dei tre landbruksfaglege forskingsinstitutta – NIBIO, Veterinærinstituttet og Norsk senter for bygdeforskning – omsette i 2015 for 1090,1 mill. kroner og utførte 945 årsverk, og av desse var 475 forskarårsverk. Av dei tilsette hadde 400 doktorgrad. Sjå også kap. 1137, post 51.

Institutta må vere økonomisk solide

I 2015 hadde Bygdeforskning og Veterinærinstituttet eit driftsoverskott, mens NIBIO hadde eit driftsunderskott. Driftsunderskottet må sjåast i samband med at NIBIO i juli 2015 blei etablert ved samanslåing av NILF, Bioforsk og Norsk institutt for skog og landskap. Departementet følgjer nøye med på den økonomiske utviklinga for institutta. Dei tre institutta NIBIO, Bygdeforskning og Veterinærinstituttet oppnådde gode resultat innan forsking og innovasjon i 2015.

Om lag ein tredjedel av driftsinntekta til dei tre institutta er knytt til forvaltningsoppgåver som blir finansiert av mellom anna Landbruks- og matdepartementet. Hovuddelen (om lag fire femdelar) av forvaltningsoppgåvene er kunnskapsutviklingsmidlar som departementet prioriterer direkte gjennom tildelingsbreva til institutta for å sikre kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling, statistikk, analyse, politisk avgjerdsstøtte og beredskap for landbruks- og matsektoren.

Basisløyvinga, som utgjer om lag 14 pst. av driftsinntektene, blir tildelt frå Forskingsrådet, som både fastset og utbetalar basisløyving til institutta på primærnæringsarenaen. Forskingsrådet lyser også ut midlar gjennom forskingsprogramma. Desse konkurrerer institutta om, både når det gjeld kvalitet og relevans. Internasjonale inntekter utgjer om lag 2,3 pst. for Bygdeforskning, NIBIO og Veterinærinstituttet, og det er eit klart mål å auke denne delen.

I tillegg konkurrerer institutta om oppdragsinntekter i marknaden, som utgjer om lag 14 pst. av driftsinntektene. Nivået på den nasjonale etterspørselen er ei hindring for å utvikle denne delen av aktiviteten, og institutta vurderer kontinuerleg moglegheitene for å etablere aktivitet innanfor nye marknader.

For å sikre institutta sin kompetanse, forskingskvalitet og økonomi, må ein framover auke publiseringa og talet på doktorgradar innanfor sektoren.

Samspel nasjonalt og internasjonalt

Samspel med andre aktørar er naudsynt for fagleg utvikling, for å byggje nettverk og for å vere i stand til å hente og ta i bruk kunnskap som er utvikla internasjonalt. Difor er internasjonalisering av forskinga svært viktig for å byggje opp instituttsektoren. Både innanfor europeiske fellesprogram (JPI-ar) og samarbeid mellom Europeisk program-til-program samarbeid (ERA-nett) i matsektoren blir det i aukande grad stilt krav om god nasjonal samordning og effektivt samspel med dei europeiske satsingane. Bilateralt samarbeid er viktig for å heve kvalitet og relevans på norsk utdanning og forsking. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta sin internasjonale innsats er også omtalt under delmål 1 Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon.

Forsking gjennom programaktivitet skal dekkje landbruks- og matområdet sitt bidrag til å sikre relevant forsking for sektoren. Innsatsen skjer gjennom forskingsprosjekt og tiltak direkte retta mot næringslivet. Dette er sentrale verkemiddel for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. Basisløyvingane til instituttsektoren og sentersatsingane er også viktige reiskapar for å sikre forsking med høg kvalitet og relevans.

Forskingsrådet peiker på at fleire aktørar frå næringsliv og instituttsektor samarbeider godt innanfor denne type prosjekt. Viktige aktørar innanfor sektoren har godt gjennomslag på dei opne arenaene som ikkje har finansiering frå Landbruks- og matdepartementet. Nokre av dei største aktørane i næringslivet har i ein femårsperiode vore Borregaard AS, Norske Skogindustrier ASA, Nortura, Tine og GENO.

Dei tre forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde har mest samarbeid med NMBU og Nofima AS. Det er også eit betydeleg samarbeid med mellom anna NTNU, SINTEF, UiO, UiS, UiB, UiT, Høgskolen i Hedmark, Transportøkonomisk institutt (TØI), Norsk institutt for luftforsking (NILU), CICERO, Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Norsk regnesentral og Statens arbeidsmiljøinstitutt, som no er ein del av Høgskolen i Oslo og Akershus.

10 Ivareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

På landbruksområdet har Noreg slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom. Noreg kan ha særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket. Dette kan vere særskilde løysingar som er tilpassa dei naturgitte forholda (plante- og dyrehelse) eller kostnadsnivået (importvernet), og som er naudsynte for å kunne oppfylle måla for landbrukspolitikken.

Handelsavtalar

Dei sentrale avtalane for handel med landbruksvarer er WTO-avtalen, EØS-avtalen og EFTA sine frihandelsavtalar. I samsvar med artikkel 19 i EØS-avtalen skal Noreg og EU gjennomgå vilkåra for handelen med basis jordbruksvarer med sikte på ei gradvis liberalisering. Noreg og EU har tidlegare inngått to slike artikkel 19-avtalar. Avtalane har ført til auka gjensidig marknadstilgang for landbruksvarer der ost og kjøtt er særleg viktige. I februar 2015 starta nye artikkel 19-forhandlingar mellom Noreg og EU om auka marknadstilgang for jordbruksvarer. EFTA forhandlar med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia og Vietnam. Desse forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer. Noreg har inngått 26 slike frihandelsavtalar, som omfattar i alt 37 land. I første halvår 2016 blei forhandlingane med Filippinane og Georgia avslutta.

Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel slår fast at bevaring og styrking av det multilaterale handelssystemet er Norges primære handelspolitiske interesse. I WTO-forhandlingane var det i 2015 framgang i den breie forhandlingsrunden som starta opp på ministerkonferansen i Doha i 2001. På ministerkonferansen Nairobi i desember 2015 blei medlemslanda m.a. samde om å eliminere bruken av eksportsubsidie med direkte verknad. Noreg, Canada og Sveits fekk eit unntak som gir moglegheit til å vidareføre eksportsubsidiar til ost, smør, svinekjøtt og foredla landbruksvarer fram til utgangen av 2020.

I sum utgjer dei internasjonale avtalane for handel eit omfattande sett av forpliktingar Noreg må overhalde når det gjeld importvern, omfang og innretning av landbruksstøtte og omfanget av eksportstøtte. Verkemiddelbruken i landbrukspolitikken må tilpassast slik at Noreg held seg innanfor gjeldande avgrensingar for bruk av landbruksstøtte. Forpliktingane inneber også omfattande årleg rapportering til WTO og Noreg sine bilaterale handelspartnarar. Noreg legg stor vekt på å ha eit ope handelssystem som synleggjer oppfølginga av handelsforpliktingane.

Importvernet er eit av fleire virkemiddel som påverkar konkurransesituasjonen for norske jordbruksprodukt. Meld. St. 29 (2014–2015) viser til at framtidige handelsforhandlingar framleis skal «vektlegge norsk landbruks bekyttelsesbehov». Vidare at «[d]efensive interesser på landbruksområdet avveies mot våre generelle handelspolitiske interesser og offensive interesser på andre områder.» Det blir også vist til at regjeringa vil «arbeide for en friere handel med landbruksvarer for å bidra til global velferdsutvikling og matsikkerhet, samt av hensyn til norske forbrukere og mangfoldet i det norske matmarkedet.» På sikt vil endringane i landbrukspolitikken gi eit meir effektivt landbruk og styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt. Styrkt konkurransekraft vil kunne gi moglegheit for å senke importvernet. Dette vil vere til fordel for forbrukarane ved at det blir lagt til rette for eit breiare produktutval i butikkane.

Matsikkerheit

Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrenser krev eit sterkt internasjonalt samarbeid om regelverk og tilsyn. Dette er naudsynt for å sikre trygg mat som møter krav frå forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er naudsynt for å påverke utviklinga av standardar og regelverk for å ivareta norske synspunkt og for å bidra til utveksling og utvikling av kunnskap.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Hovuddelen av det norske regelverket på matområdet er EØS-basert. Matområdet er i følgje NOU 2012:2 Utenfor og innenfor, det kvantitativt største området under EØS-avtalen, med om lag 40 pst. av rettsaktene. Regjeringa legg vekt på ein aktiv Europapolitikk. Som del av oppfølgjinga utarbeider Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet, som alle har fagansvar på matområdet, felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Noreg tek aktivt del i internasjonalt arbeid mellom anna i Codex Alimentarius Commission (FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel, og som også legg premissar for regelverket i EU.

Matsikkerheit står sentralt på 2030-agendaen som eit av dei 17 berekraftsmåla FN vedtok i 2015. Berekraftsmåla er universelle og ambisiøse. Dei nye måla og tiltaka som følgjer av dei vil gjelde alle land. Innsatsen for å nå måla vil bli ei krevjande oppgåve som vil forene utanrikspolitikk og innanrikspolitikk. Måla kombinerer miljø, økonomi og sosial utvikling, og skal til saman vere eit vegkart for den globale innsatsen for ei berekraftig utvikling. I 2016 skal FN utvikle indikatorar som skal vise om måla blir nådde, og Noreg og nokre få andre land skal levere dei første rapportane om oppfølginga. Matsikkerheit blir på denne måten kopla endå tydelegare til berekraftig utvikling og bruk av naturressursane.

Det er framleis nær 800 millionar menneske som er kronisk underernærte og utan moglegheit til å føre aktive liv. Talet har gått ned dei siste åra som følgje av fleire utviklingstrekk. Stabil og inkluderande økonomisk utvikling har vore nøkkelen for å nedkjempe svolt og underernæring. Matsikkerheit kan best realiserast gjennom ein heilskapleg politikk, noko som krev innsats langs heile verdikjeda for mat. Det er viktig å leggje til rette for at store og små bønder får auka produktivitet og tilgang til velfungerande marknader. Langvarig konflikt, politisk ustabilitet og naturkatastrofar bidreg derimot til langvarige kriser og manglande matsikkerheit.

Innsatsen for bevaring, berekraftig bruk og rettferdig godedeling av genetiske ressursar er viktig for departementet. Dette blei følgt opp i FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og i den internasjonale plantetraktaten for mat og landbruk i 2015. Noreg er medlem av arbeidsgruppa som skal komme med framlegg for å betre funksjonen til den globale fordelingsmekanismen, som sikrar foredlarar, forskarar og bønder tilgang til viktige plantegen for mat og landbruk. Noreg er også byråmedlem i Plantetraktaten på vegne av den europeiske regionen for perioden 2015–2017 og er med på å arrangere ein internasjonal konferanse i Indonesia i september 2016 om rettane bønder har til såvarer.

Internasjonalt samarbeid

Landa i Europa samarbeider framleis i FOREST EUROPE og vil utvikle dette samarbeidet vidare. I 2012 og 2013 blei det forhandla om ein juridisk bindande europeisk avtale om berekraftig skogforvaltning etter eit vedtak på ministerkonferansen i regi av FOREST EUROPE i Oslo i juni 2011. Det blei ikkje semje om ein avtale. I 2015 blei det arrangert ein FOREST EUROPE ministerkonferanse i Madrid. Her vedtok ministrane mellom anna at ein anerkjenner resultatet frå forhandlingskomiteen, og at ein vil vurdere moglegheita for å finne grunnlag for å starte opp igjen med forhandlingar innan 2020. Dei europeiske ministrane fatta også vedtak om å arbeide for å fremje skogen si rolle i den grøne økonomien og samarbeide vidare om å sikre eit berekraftig skogforvaltning i eit endra klima.

FN sitt skogforum UNFF er ein viktig aktør i arbeidet med å fremje forståinga av berekraftig skogforvaltning globalt. Den 11. sesjonen av UNFF blei halden i mai 2015. Her blei det vedteke at vidare arbeid skal konkretiserast i ein strategisk plan, og ein legg opp til ei betre deltaking frå frivillige organisasjonar i forumet sitt arbeid.

FN sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) er ein viktig aktør for å fremje berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om ressursoversikter og kartlegging av utviklinga i forvaltning av skogressursane. FAO fremjar kunnskap om rolla skogen har når det gjeld matsikkerheit. FAO leiar og koordinerer samarbeidet mellom dei ulike organa i FN og andre institusjonar som er engasjert i skogspørsmål, det såkalla Collaborative Partnership on Forests (CPF).

Noreg samarbeider også med European Forest Institute (EFI), som er eit forskingsnettverk basert på ein mellomstatleg konvensjon der Noreg er part. Instituttet forskar mellom anna på utviklinga av skognæringa i Europa og gjer eit omfattande arbeid knytt til rammevilkår for sektoren. EFI produserer eit viktig kunnskapsgrunnlag for europeiske styresmakter innanfor økonomi, klima, andre rammevilkår og internasjonal konkurranse i skognæringa.

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) har heilt sidan Nidarosdeklarasjonen blei vedteke på ministermøtet i Trondheim i 2012, arbeidd for å følgje opp måla om samarbeid for berekraftig og konkurransedyktig produksjon innan sektorane. Den islandske formannskapen har gjennom si satsinga på bioøkonomi tatt arbeidet vidare, mellom anna i NorBio, eit tverrfagleg prosjekt med fokus på berekraftig utnytting av dei biologiske ressursane og auka meirverdi for miljø og samfunn. Formannskapsprosjekta i MR-FJLS er treårige og arbeidet er tatt vidare av den danske formannskapen i 2015 og det finske i 2016.

Til forsida