Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla

Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot til Svalbard kyrkje

4 473

4 680

5 234

Sum kap. 0001

4 473

4 680

5 234

Den norske kyrkja vil frå 1.01.2017 vere eit sjølvstendig rettssubjekt som Svalbard kyrkje er ein del av, sjå Prop. 1 S (2016–2017) frå Kulturdepartementet der utskiljinga av Den norske kyrkja frå staten er omtalt. Løyvinga til Svalbard kyrkje vil frå 2017 vere eit øyremerkt tilskot som vert overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet. Det er kyrkja si særlege stilling på Svalbard, mellom anna kyrkja si rolle i den offentlege beredskapen i øysamfunna, som er bakgrunnen for at løyvinga vert vidareført som ei særskild løyving over Svalbardbudsjettet og ikkje inngår i rammetilskottet frå Kulturdepartementet til Den norske kyrkja. Forslag til løyving for 2017 skal mellom anna dekkje husleige for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, varer og tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil, snøskuter og leige av helikopter. Svalbard kyrkje er eigd av staten og det er Statsbygg som har forvaltningsansvaret for bygningen. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkja blir dekte over kap. 2445 Statsbygg. Det blir foreslått å overføre pensjonsutgiftene frå Statens Pensjonskasse til kvar enkelt verksemd. For post 0001 inneber dette at løyvinga aukar med 0,23 mill. kroner.

Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2016–2017) frå Kulturdepartementet.

Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

169 210

158 405

151 536

Sum kap. 0003

169 210

158 405

151 536

For 2017 er det foreslått eit tilskot til Longyearbyen lokalstyre (LL) på til saman 151,5 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene til drift av og investeringar i lokalstyret si verksemd.

Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2016-løyvinga.

I ei levetidsvurdering av kraftverket utført våren 2013 vart det tilrådd å rehabilitere kraftverket slik at verket vil kunne levere straum i ytterlegare om lag 20–25 år. Dette er berekna å koste om lag 98 mill. kroner. LL brukte 11 mill. kroner i 2014 for å starte opp dette arbeidet. Stortinget vedtok i 2015 at dei resterande kostnadane med rehabiliteringa (om lag 87 mill. kroner) blir dekte som eit spleiselag der lokalstyret dekkjer 1/3 og staten 2/3 av kostnadane. Staten dekte 2/3 av utgiftene i 2016 med 23,3 mill. kroner og Regjeringa foreslår å løyve 13,3 mill. kroner i svalbardbudsjettet for 2017 som staten sin del til dette arbeidet. Den statlege medfinansieringa på 2/3 føreset at LL dekkjer 1/3 av dei resterande kostnadane med rehabiliteringa.

Løyvinga til LL er samstundes redusert med 0,777 mill. kroner som vart løyvd ekstraordinært i 2016 til innkjøp av eit aggregat for naudstraum og styrkt med 0,32 mill. kroner som ei rammeoverføring frå Kulturdepartementet i samband med omlegging av støtteordningane for bibliotektenesta.

Det foreslås å auke ramma til LL med 0,75 mill. kroner for å ta hand om fleire oppgåver på avfallsområdet etter svalbardmiljølova § 71. Budsjettmidlane skal gå til nødvendig kompetanse for å ivareta ansvaret etter svalbardmiljølova § 71, og dei nye oppgåvene rettar seg mot ansvar og kompetanse når det gjeld forsøpling innanfor Longyearbyen arealplanområde. Dette ansvaret vil bli delegert frå Klima- og miljødepartementet.

Etter forskrift 5. april 2000 nr. 347 om overskotsutdeling frå Nordpolet AS, skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikk frå Nordpolet overførast til LL, som fordeler midlane til velferdsformål. LL fordeler i 2016 overskotet for 2015 som utgjorde i underkant av 5,8 mill. kroner. LL rapporterer til Sysselmannen om bruken av midlane.

Vidare er løyvinga redusert med 0,92 mill. kroner då LL har vedteke å ikkje redusere foreldrebetaling samt gje gratis kjernetid for familier med låge inntekter.

Kap. 0004 Tilskot til Svalbard museum

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot til Svalbard museum

11 600

11 924

12 250

Sum kap. 0004

11 600

11 924

12 250

Løyvinga skal gå til dekning av husleige og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard museum i Svalbard forskingspark. I tillegg til denne løyvinga vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

Kap. 0005 Sysselmannen (jf. kap. 3005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

50 096

52 478

64 616

Sum kap. 0005

50 096

52 478

64 616

Løyvinga over kap. 0005 Sysselmannen skal dekkje utgifter til løn og drift av sysselmannskontoret, under dette utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken. Løyvinga er ei prisjustert vidareføring av 2016-løyvinga. Det blir foreslått å overføre pensjonsutgiftene frå Statens Pensjonskasse til kvar enkelt verksemd. For post 0005 inneber dette at løyvinga aukar med 3,23 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sysselmannen med 7 mill. kroner i 2017. Formålet med løyvinga er å styrke Sysselmannens politiavdeling med 3 stillingar for mellom anna å auke kontroll og nærvær ved Svalbard lufthamn. Vidare foreslår Regjeringa å styrke Sysselmannens politiavdeling med ytterlegare eit årsverk i 2017 (halvårsverknad).

Sysselmannen disponerer store utstyrs- og transportressursar, mellom anna terrenggåande beltevogner, småbåtar, snøskuterar og utstyr for oljevernberedskap. Dette er naudsynt for å kontrollere og halde oppsyn med den store øygruppa. Saman med helikopter og skip er utstyrsparken òg naudsynt for redningsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen har òg monalege vertskaps- og representasjonsoppgåver i samband med besøk frå inn- og utland. Fleire av besøka er på høgt politisk nivå. Det er venta at omfanget av desse oppgåvene vil halde fram i takt med interessa for Svalbard og Regjeringa si satsing i nordområda.

Justis- og beredskapsdepartementet ber Stortinget samtykkje i at departementet i 2017 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner utover løyvinga som er gitt under kap. 0005 post 01, jf. forslag til vedtak. Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Fullmakta er meint å dekkje Sysselmannens behov for større utstyrsinvesteringar over budsjetterminane.

Kap. 3005 Sysselmannen (jf. kap. 0005)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

473

200

200

02

Refusjonar m.v.

3 686

2 700

2 700

16

Refusjon av foreldrepengar

-

-

-

18

Refusjon av sjukepengar

-

-

-

Sum kap. 3005

4 159

2 900

2 900

Kapitlet korresponderer med kap. 0005 Sysselmannen. Inntektene på post 01 omfattar bøter, gebyr, inndragingar og inntekter ved auksjonar, sal av isbjørnskinn og reinsdyrkjøtt. Bøter blir kravde inn av Statens Innkrevjingssentral, men inntektsførte under Sysselmannen. Sysselmannen mottek diverse refusjonar og får midlar stilte til disposisjon ved posteringsfullmakter. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 0005 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

169 877

193 640

198 500

Sum kap. 0006

169 877

193 640

198 500

Kapitlet dekkjer stasjonering og drift av to tenestehelikopter, utgifter til leige og drift av tenestefartøy samt kjøp og drift av køyretøy (bandvogn, bilar, snøskuterar mv.) til vakt, beredskap og redning.

Avstandane på Svalbard er store. Det finst ikkje vegsamband eller offentlege kommunikasjonsmiddel for intern transport mellom busetjingane og elles på øygruppa. For å kunne utøve det oppsynet som er naudsynt for å handheve norsk suverenitet, er Sysselmannen heilt avhengig av både helikopter og skip. Desse transportmidla og bandvogn, bilar og snøskuterar er òg naudsynte for ei effektiv politi- og redningsteneste, og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor Svalbards territorialfarvatn. Transportmidla blir dessutan nytta til naturoppsyn og førebyggjande arbeid mot miljøkriminalitet. Utan desse ressursane vil det ikkje vere mogleg å føre eit effektivt tilsyn med verneområde, kulturminne, jakt, ferdsel og turisme også i dei fjerne delane av øygruppa.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og fartøy kan samverke på ein god måte. Grunna den auka aktiviteten i fiskeri- og i cruise- og turbåtaktiviteten – både i område og i større delar av året – vart sesongen til tenestefartøyet til Sysselmannen for 2016 utvida med om lag tre månader. Denne utvidinga av sesongen blir foreslått vidareført i 2017.

Kap. 3006 Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Leigeinntekter

-

-

0

02

Refusjonar

96

-

0

Sum kap. 3006

96

-

0

Kapitlet korresponderer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmannen disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester, skal Sysselmannen ha inntektene/refusjonane dersom desse transportmidla vert nytta av andre. Inntektene er frå utleige til privat verksemd, mens refusjonar gjeld utleige til andre statlege institusjonar.

For å skilje mellom inntekter og refusjonar er det ein post 01 Leigeinntekter og ein post 02 Refusjonar under kap. 3006. Det er føreslått å budsjettere med 0 i inntekter på post 01 Leigeinntekter. Posten er svært usikker då etterspørselen etter å leige helikopter frå dei andre statlege verksemdene når det minste helikopteret no er teke ut av teneste er monaleg mindre enn tidlegare. Det er vidare føreslått løyvd 0 kroner på post 02 Refusjonar, då desse varierer frå år til år og det er vanskeleg å gi eit presist overslag. Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 0006, post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006, post 02, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0007 Tilfeldige utgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Diverse tilskot

2 155

1 500

1 400

Sum kap 0007

2 155

1 500

1 400

Løyvinga under denne posten er disponert av Justis- og beredskapsdepartementet. Posten skal dekkje informasjonstiltak, støtte til ulike velferdsformål, utgreiingar, mindre prosjektkostnader og liknande, og til mindre, ikkje føresette utgifter.

Dei meirutgiftene Telenor har i samband med samfunnspålagte teletenester på Svalbard, er dekte over denne posten. Justis- og beredskapsdepartementet har avtala med Telenor under vurdering.

Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

1 928

1 917

1 975

Sum kap. 0009

1 928

1 917

1 975

Kulturminnevernet er ein del av eit samla miljøvern på Svalbard og skal samle og ta vare på kunnskap om kulturminne på øygruppa. I tillegg skal det tene til å verne, forvalte og halde ved like kulturminna i samsvar med forskrifter og vedtekne planar, og informere om Svalbards kulturhistorie.

Kulturminneplan for Svalbard 2010–2020 dannar grunnlaget for dei forvaltningsstrategiane det er lagt vekt på i kulturminnevernet for Svalbard. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

02

Refusjonar

0

0

0

Sum kap. 3009

0

0

0

Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 0009 post 01 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

1 631

1 645

1 800

Sum kap. 0011

1 631

1 645

1 800

Direktoratet har hovudkontor i Trondheim. I tillegg har direktoratet eige kontor og ei bergmeisterstilling på Svalbard. For 2017 vil direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på.

Kap. 0017 Refusjon til Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

50

Refusjon

3 340

3 432

3 520

Sum kap. 0017

3 340

3 432

3 520

Norsk Polarinstitutt (NP) er underlagt Klima- og miljødepartementet. NP har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn og rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan. Det meste av budsjettmidlane til instituttet si verksemd på Svalbard blir dekte over Klima- og miljødepartementets kap. 1471.

Refusjonen til NP over Svalbardbudsjettet skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmannen og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. NP yter òg logistikkstøtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Kap. 0018 Navigasjonsinnretningar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

5 827

6 700

7 200

Sum kap. 0018

5 827

6 700

7 200

Løyvinga skal dekkje utgifter til navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard. Innretningane er vanlegvis etablerte for sjøtrafikk, men det finst òg eit visst tal aerolykter etablerte for lufttrafikk med helikopter. Norsk Polarinstitutt utfører tenesta på oppdrag frå Kystverket, og så langt det er praktisk mogeleg i kombinasjon med instituttet si ekspedisjonsverksemd på Svalbard. Dette vil setje Kystverket i stand til å vidareføre i ytterlegare eitt år den oppstarta fornyinga av aerolys og den naudsynte moderniseringa av navigasjonsinnretningane.

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

6 934

7 098

7 120

Sum kap. 0019

6 934

7 098

7 120

Kap. 0019 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen skal synleggjere utgiftene til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen. Drifta av dei meteorologiske stasjonane på øyane blir finansiert av Kunnskapsdepartementet over budsjettet til Meteorologisk institutt. Kap. 0020 Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

Kap. 0020 Statsbygg Svalbard (jf. kap. 3020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

11 784

3 811

2 061

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

2 232

0

0

Sum kap. 0020

14 016

3 811

2 061

Oversikt over ugifter som gjeld bygg og bustader på Svalbard, går fram av vedlegg 1.

Post 01 Driftsutgifter

Forslag til løyving skal gå til lønns- og driftsmidlar for Statsbygg sitt kontor i Longyearbyen.

Ved ein feil blei 1,7 mill. kroner av løyvinga ikkje flytta til kap. 2445 Statsbygg ved innlemminga av eigedomar i husleigeordninga i 2016. Det blir difor føreslege å flytte 1,7 mill. kroner til kap. 2445 Statsbygg, post 24 Driftsresultat.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Som ein konsekvens av innlemminga i husleigeordninga er løyvinga på post 45 overførd til kap. 2445 Statsbygg.

Kap. 3020 Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 0020)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

6 017

0

0

Sum kap. 3020

6 017

0

0

Som ein konsekvens av innlemminga i husleigeordninga, jf. over er inntekta flytta til kap. 2445 Statsbygg, post 24. Sjå vedlegg 2.

Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Driftsutgifter

3 562

3 685

3 800

Sum kap. 0022

3 562

3 685

3 800

Forslaget til løyving skal gå til løns- og driftsmidlar for skattekontoret i Longyearbyen. Løyvinga skal òg dekkje utgifter til skatteklagenemnda for Svalbard, og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatt nord. Mål- og resultatstyring av skattekontoret skjer innafor det ordinære mål- og resultatstyringssystemet som til ei kvar tid er fastsett for likningsforvaltninga på Svalbard.

Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

01

Diverse inntekter

280

280

280

Sum kap. 3022

280

280

280

Heile inntekta er avtalt refusjon frå Svalbard miljøvernfond for arbeidet Skattekontoret utfører med rekneskapet for fondet. Det er foreslått at Finansdepartementet i 2017 kan overskride løyvinga under kap. 0022, post 01 mot tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022, post 01.

Kap. 3030 Skattar og avgifter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Skattar m.m.

167 240

139 300

136 570

71

Utførselsavgift

6 227

4 500

1 250

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 053

1 044

1 044

Sum kap. 3030

174 520

144 844

138 864

Post 70 Skattar m.m.

Post 70 gir eit overslag over venta skatteinntekter frå Svalbard for 2017. Det er venta ei lita nedgang i skatteinntektene frå 2016 til 2017.

Post 71 Utførselsavgift

Utførselsavgift blir kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir førte ut frå Svalbard.

Inntektene frå utførselsavgifta er avhengig av utskipa kvantum kol og kolprisen på verdsmarknaden. Grunna svært låge kolprisar og ei sterk nedgang i produksjonen er det budsjettert med ein nedgang i avgifta på 3,25 mill. kroner frå 2016 til 2017.

Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift

Utmål er eit avgrensa område der utmålshavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Inntektene under denne posten kjem frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i Bergverksordninga. Årsavgifta for å føre vidare eit utmål er 6 000 kroner.

I 2015 var det 6 avgiftspliktige utmål som gjekk ut ved årsskiftet. Det vart ikkje tildelt nye utmål. Pr. januar 2015 er det vidareført 371 utmål, av desse er 210 avgiftspliktige.

Med bakgrunn i fredinga av delar av Svalbard i 2003 har Nærings- og fiskeridepartementet, i samråd med dei andre departementa dette vedkjem, redusert avgifta for utmål som ligg i verna område. Det er ikkje rimeleg å krevje full avgift når vernet fører til at ein ikkje kan ha nokon aktivitet i utmåla. Utmålsavgifta er i slike høve sett til 1 500 kroner i året pr. utmål. Dette gjeld 50 utmål. For utmåla i Øvre Reindalen skal det framleis betalast full avgift, då det er opna for bergverksaktivitet der. Det er lagt til grunn at ingen avgiftspliktige utmål går ut i framlegget til budsjett for 2017.

Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

70

Tilskot

261 530

302 891

318 968

Sum kap. 3035

261 530

302 891

318 968

Dette inntektskapitlet svarer til det tilskotet som er foreslått løyvd på Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Løyvinga skal dekkje underskotet på svalbardbudsjettet.

Til forsida