Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Til innhaldsliste

10 Kringkasting

10.1 Bakgrunn

Radio og fjernsyn har vore gjennom eit hamskifte sidan avleveringsplikt for kringkasting blei innført da lova tok til å gjelde i 1990. Viktigast er overgangen frå fysiske til digitale signal. Fleire aktørar er komne til, og desse har oppretta fleire kanalar. No blir sendingane i alle NRKs riksdekkjande og lokale radio- og TV-kanalar avleverte til Nasjonalbiblioteket. Det same gjeld sendingane frå TV 2, TVNorge, P4 og Kanal 24.

Overgangen til digitale sendingar har gjort at avleveringa som før skjedde på fysiske format som band og kassettar, no skjer på filformat. Nasjonalbiblioteket lastar inn kanalane over nettet som 24 filer per kanal i døgnet. I tillegg kjem avlevering av alle NRKs distriktssendingar på radio og TV.

10.2 Gjeldande rett

I samsvar med pliktavleveringslova § 4 skal kringkastingsprogram avleverast i eitt eksemplar. Det er den som i kraft av lov eller konsesjon har rett til å drive kringkasting, som er avleveringspliktig, jf. pliktavleveringslova § 5. Særskilde føresegner for opptak av kringkastingsprogram finst i forskrifta.

Forskrifta kapittel 10 seier at NRK skal avlevere alle sendingane sine «med dei avgrensingane som Bern-konvensjonen tilseier». Det vil seie at utanlandske program i utgangspunktet ikkje er avleveringspliktige.

Konsesjonskrava i § 33 i forskrifta gjer at sendingar særskilt retta mot Noreg frå utlandet ikkje er omfatta av avleveringsplikta. TV3 og TVNorges tilleggskanalar FEM, MAX og VOX blir såleis ikkje avleverte. Desse kanalane sender ein del norske program og seriar som ikkje blir avleverte i dag.

Lokalkringkasting i Noreg skjer primært ut frå tildelte konsesjonar. Men talet på lokalkringkastarar har blitt så stort at Nasjonalbiblioteket ikkje har hatt ressursar til å krevje avlevering av dei, med unnatak av stikkprøvar av lokal-TV fem veker i året. Talet på lokal-TV-kringkastarar har gått ned dei siste åra, gjennom nedleggingar, samanslåingar og oppkjøp og innlemming i mediehus som også sender nett-TV.

10.3 Høyringa

Departementet foreslo i høyringsnotatet å fjerne konsesjonskravet som vilkår for avleveringsplikt. Grunngivinga er at dei generelle kriteria i lova om at avleveringsplikta gjeld for informasjon som er laga av eller for norsk utgivar eller særskilt tilpassa allmenta i Noreg, må gjelde for alt kringkasta materiale, uavhengig av konsesjon.

10.4 Høyringsinstansane

Det var fire av høyringsinstansane som hadde merknader til forslaget om å fjerne krav om konsesjon som vilkår for avleveringsplikt. Nasjonalbiblioteket, Norske filmregissører (NFR) og TV 2 støtta uttrykkeleg forslaget.

TV 2 støtta forslaget og meinte dessutan at Nasjonalbiblioteket sjølv bør gjere opptak av aktuelle sendingar, framfor at kringskastarane skal avlevere. Eit argument for dette er at det er mindre kostbart. Mediebedriftenes Landsforening meinte forslaget var noko uklart, og ønskte mellom anna ei avklaring av om nettaviser er omfatta av denne føresegna.

10.5 Vurdering og forslag frå departementet

Departementet held fast ved forslaget om å fjerne konsesjonskravet som vilkår for avleveringsplikt. Ei fjerning av konsesjonskravet vil bety at kringkastarar som sender frå Noreg, vil bli omfatta av pliktavleveringa. Fjerning av konsesjonskravet vil også føre til at Nasjonalbiblioteket vil kunne krevje avlevering av sendingar særskilt retta mot Noreg frå utlandet. Dette vil til dømes omfatte TV3 og TVNorges tilleggskanalar. Dette vil innebere at TV-distributørane vil bli pålagde avleveringsplikt til dømes for TV3s sendingar, sidan det er TV-distributørane som gjer sendingane tilgjengelege i Noreg, og altså er å rekne som importør etter pliktavleveringslova § 3.

Avleveringsplikta vil gjelde for dei som driv med kringkasting og fjernsyn, slik desse omgrepa er definerte i kringkastingslova1 § 1-1 bokstavane a og c. Dette inneber mellom anna at kringkasting som skjer via Internett (direktesend nett-TV), også vil vere avleveringspliktig. Departementet legg opp til at det framleis skal vere avleveringsplikt for denne typen dokument, men kringkastarar og Nasjonalbiblioteket står fritt til å avtale andre avleveringsformer, til dømes innsamling.

Departementet foreslår at pliktavleveringslova § 5 blir endra slik at det ikkje er eit kriterium for avleveringsplikt at kringkastaren har konsesjon. Lovendringa vil måtte følgjast opp med ei forskriftsendring.

Fotnotar

1.

Lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester.

Til forsida