Prop. 108 S (2014-2015)

Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Slåttekås – Årnes i kommunane Nome og Sauherad i Telemark og kostnadsramme for E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen i Sør-Trøndelag

Til innhaldsliste

7 Samferdselsdepartementet si vurdering

Rv 36 er eit viktig nord-sørsamband i Telemark. Rv 36 mellom Eidanger og Seljord knyter i tillegg saman hovudferdselsårene E18 og E134. Strekninga mellom Slåttekås og Årnes har behov for utbetring då standarden er ujamn og prega av forfall. Det er ein del møte- og utforkøyringsulykker som kan sjåast i samanheng med standarden. Ei utbetring av strekninga vil gje skilta fart 80 km/t og betre framkomst og trafikktryggleik.

Samferdselsdepartementet har merka seg lokale styresmakter sin vilje til å forsere ei utbetring gjennom bompengefinansiering. Både Telemark fylkeskommune og dei to kommunane som er omfatta av utbygginga, har slutta seg til bompengefinansiering av utbygginga. Samferdselsdepartementet meiner at dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn er realistiske og tilrår derfor det framlagte forslaget til utbyggings- og finansieringsplan for rv 36 Slåttekås – Årnes.

Bompengeopplegget i denne proposisjonen er basert på ein føresetnad om 6,5 pst. lånerente, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. I tillegg vil regjeringa innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Det er lagt opp til at rentekompensasjonen skal komme bilistane til gode i form av lågare takstnivå eller kortare innkrevjingsperiode. Det er ein føresetnad for rentekompensasjonen at prosjektet blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte.