Prop. 11 S (2017–2018)

Finansiering av Bypakke Bergen i Hordaland

Til innhaldsliste

11 Samferdselsdepartementet si vurdering

Staten ved Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune underteikna i september 2017 ein byvekstavtale for Bergen for perioden 2017–2023. Byvekstavtalen er eit av dei viktigaste verkemidla for å nå målet om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange. Den nye bypakka for Bergen er ein viktig del av byvekstavtalen og ein føresetnad for å nå dette målet.

Byvekstavtalen er basert på rammene og føringane i Nasjonal transportplan 2014–2023. Prioriteringane i Nasjonal transportplan 2018–2029 inneber nye økonomiske rammer og føringar for bymiljøavtalar og byvekstavtalar. Desse vil liggje til grunn for reforhandling av byvekstavtalen for Bergen. Dei statlege bidraga i byvekstavtalen inkludert bypakka blir fastsette endeleg i dei årlege budsjetta.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnadene for Bypakke Bergen, jf. kapittel 7. Det blir tilrådd at prosjekta Kollektiv vest og Bymiljøtunnel førebels blir tatt ut av pakka. Vidare blir det konkludert med at det ikkje er rom for å starte utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen i 2018 som planlagt, utan auka låneopptak og/eller nedbetalingstid, auka bompengeinntekter eller utsett oppstart av Bybanen til Åsane.

Samferdselsdepartementet viser til at fleire av prosjekta som er vurderte som aktuelle, er på eit tidleg planstadium. Det er derfor knytt stor uvisse til fleire av kostnadsoverslaga. Utbygginga skal styrast gjennom porteføljestyring, jf. kapittel 9, og som for andre bompengepakker er det føresett at omfanget mellom anna blir tilpassa tilgjengelege økonomiske rammer. Departementet understrekar behovet for sterk kostnadskontroll og val av kostnadseffektive løysingar. Det må takast atterhald om at innretting og samansetting av prosjekta som blir omtalte i proposisjonen, vil kunne bli endra. Mogelegheita for å forlenge bompengeperioden med inntil fem år for å dekkje utlegget til garantisten, jf. kapittel 10, skal ikkje brukast til å unngå reell porteføljestyring.

Utbygginga av Bybanen til Fyllingsdalen ligg først i gjennomføringsplanen, og det er klart for oppstart i 2018. Departementet ser det som særleg viktig å halde planlagt framdrift for dette prosjektet for å sikre god måloppnåing i byvekstavtalen. Det vil også bidra til at trafikantane som betalar bompengar, får nytte av prosjektet tidleg i perioden.

Departementet legg til grunn at bompengebidrag til investeringar i prosjekt og tiltak som inngår i byvekstavtalen, i hovudsak skal dekkjast gjennom løpande bompengeinntekter og ikkje låneopptak. For å sikre rask oppstart i tråd med planlagt framdrift og rasjonell gjennomføring av Bybanen til Fyllingsdalen, går departementet likevel inn for at det blir opna for å vurdere kortsiktige låneopptak ut over dagens gjeldsnivå dersom det ikkje er mogeleg å dekke føresett bompengebidrag med løpande bompengeinntekter dei første åra. Departementet legg samstundes til grunn at gjelda i Bypakke Bergen til ei kvar tid ikkje skal overstige 6,1 mrd. kr, og at ho skal vere nedbetalt innan 2037. Auka låneopptak ut over dagens gjeldsnivå er berre aktuelt i ein kortare periode i samband med utbygginga av Bybanen til Fyllingsdalen, og det blir deretter lagt til grunn ei jamn nedtrapping av gjelda.

I tråd med byvekstavtalen legg Samferdselsdepartementet til grunn at gjelda alltid skal haldast på eit berekraftig nivå. Renter og avdrag må aldri utgjere ein uforsvarleg stor del av dei løpande bompengeinntektene. Det skal ikkje lånast for å finansiere drift av kollektivtransport. Låneopptak skal heller ikkje nyttast som eit verkemiddel for å unngå reell prioritering i porteføljestyringa av pakka.

Lokalpolitisk er det føresett at den høgaste passeringstaksten som blir registrert i løpet av ein time, er den taksten som skal belastast trafikanten. Samferdselsdepartementet viser til at dette ikkje er mogeleg med dagens systemløysing for bompengeinnkrevjing. Ein slik funksjonalitet vil tidlegast bli tilgjengeleg i siste del av 2019 når nye systemløysingar er på plass.

Vidare kan det følgje ulemper med ein slik funksjonalitet. Mellom anna kan det bli krevjande for utstedar og operatør å tilby effektiv kundebehandling. Departementet legg derfor til grunn at det bør gjerast ei ny vurdering av om dette er ei formålstenleg løysing når arbeidet har komme lengre.

Samferdselsdepartementet har merka seg at partane i byvekstavtalen har lagt til grunn at hydrogenkøyretøy framleis skal ha fritak for betaling i bomstasjonar når andre nullutsleppskøyretøy skal betale. Departementet må komme tilbake til om det kan vere aktuelt å opprette ei eiga takstgruppe for hydrogenkøyretøy.