Prop. 113 S (2017–2018)

Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Bø – Seljord i Telemark

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Rv 36 mellom Porsgrunn og Seljord er ei vegstrekning på 90 km. Vegen er mest nytta av lokal- og regionaltrafikken i Grenland og midtre Telemark, men også ein del av trafikken på E134 mellom Austlandet og Vestlandet nyttar rv 36.

Gjennom Stodi og Bukti langs Seljordsvatnet har rv 36 låg standard. Vegbreidda varierer mellom 7,0 og 7,5 m, og det manglar stadvis gul midtstripe. På delar av strekninga er det dårleg horisontal- og vertikalkurvatur. Årsdøgntrafikken (ÅDT) er i dag om lag 2 500 køyretøy. Fartsgrensa er 80 km/t.

Dei to delstrekningane er også ulykkeutsette. I perioden 2007–2017 var det ni ulykker med personskade på strekningane. I alt vart ein person drepen, ein person hardt skadd og åtte personar lettare skadde.

Det er lagt opp til å utbetre til saman 3 km av dagens veg gjennom Stodi og Bukti. Begge strekningane vil få vegbreidde på 8,5 m, betre horisontal- og vertikalkurvatur med 6 pst. makimal stigning, betre bereevne og sikrare avkøyringar. Den auka vegstandarden vil bidra til betre trafikktryggleik og framkomst, særleg for næringstransporten.

Det ligg føre godkjent reguleringsplan for begge delstrekningane. Styringsramma er fastsett til 259 mill. 2017-kr medan kostnadsramma er fastsett til 285 mill. 2017-kr. Rekna om til 2018-prisnivå blir styringsramma 264 mill. kr og kostnadsramma 291 mill. kr. I rammene inngår også kostnadene ved etablering av ein bomstasjon.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag -240 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,9. Uten bompengefinansiering er prosjektets samfunnsøkonomiske netto nytte beregnet til om lag – 190 mill. kr, og netto nytte over totale kostnader er beregnet til -0,8.

Figur 2.1 Rv 36 Bø – Seljord – utbetringsstrekningane Stodi og Bukti.

Figur 2.1 Rv 36 Bø – Seljord – utbetringsstrekningane Stodi og Bukti.