Prop. 113 S (2017–2018)

Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Bø – Seljord i Telemark

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har gjennomført vurderingar av trafikken gjennom den planlagde bomstasjonen etter innføring av bompengeinnkrevjing. Trafikkanalysen er basert på bruk av Regional transportmodell (RTM). I tillegg er det gjort vurderingar basert på trafikkteljingar og ei spørjeundersøking for å kartlegge reisemønsteret til dei som nyttar strekninga.

Det er mogeleg å nytte fv 156 på motsett side av Seljordsvatnet som omkøyringsveg, men denne ruta har dårlegare standard enn rv 36. Trafikkanalysen viser at noko av trafikken på rv 36 vil bli overført til fv 156 med bompengeinnkrevjing på rv 36. I dei lokalpolitiske vedtaka er det føresett at trafikksituasjonen på avlasta vegnett blir vurdert etter at bompengeinnkrevjinga er starta. Dersom trafikkoverføringa blir for høg, skal det vurderast å gjennomføre fartsreduserande tiltak som skilting og fartshumpar. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, kan det også bli aktuelt å vurdere bompengeinnkrevjing.

I 2016 var ÅDT om lag 2 450 køyretøy, med 15 pst. tunge køyretøy. Med dei takstane som det er gjort framlegg om, er det rekna med ein ÅDT på om lag 2 360 køyretøy gjennom bomstasjonen i 2022. Utan bompengeinnkrevjing er ÅDT rekna til om lag 2 700 køyretøy. Det er følgjeleg rekna med ein reduksjon i trafikken på om lag 13 pst.

For den generelle trafikkutviklinga er det tatt utgangspunkt i trafikkprognosane som er utarbeidde for Telemark i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018–2028. På grunn av at det er venta noko lågare trafikkvekst i dette området, er desse prognosane reduserte med 20 pst. Etter dette er det rekna med ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,3 pst. i perioden 2014–2017, 1,1 pst. i perioden 2018–2021, 0,9 pst. i perioden 2022–2027 og 0,7 pst. i perioden 2028–2039 og deretter 0,6 pst.