Prop. 113 S (2017–2018)

Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Bø – Seljord i Telemark

Til innhaldsliste

5 Forslag til finansieringsopplegg

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka legg Samferdselsdepartementet til grunn at utbygginga blir finansiert med bompengar.

Bompengar og bompengeopplegg

Finansieringsopplegget bygger på etterskotsinnkrevjing i ein automatisk bomstasjon på rv 36 på delparsellen Stodi, jf. figur 2.1. Det skal krevjast inn bompengar i begge retningar. Det er lagt til grunn at innkrevjinga vil starte i 2022, etter at utbetringa av begge strekningane er ferdig.

Det er lagt til grunn at køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy over 3 500 kg ekskl. køyretøy i køyretøygruppe M1) skal betale det tredoble av køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1). Det er lagt opp til 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 med bruk av elektronisk brikke og brikkeavtale. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.

For takstgruppe 1 er det lagt til grunn eit månadleg passeringstak på 40 passeringar. Elles gjeld dei til ei kvar tid gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

For at prosjektet skal vere nedbetalt i løpet av 15 år, er det rekna ut at gjennomsnittleg inntekt per passering må vere på 30,6 kr i 2018-prisnivå med dei føresetnader som elles er lagt til grunn. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar i 2018-prisnivå:

  • Takstgruppe 1: 32 kr

  • Takstgruppe 2: 96 kr

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. I finansieringsopplegget er det lagt til grunn fritak for nullutsleppskøyretøy i tråd med gjeldande takstretningslinjer. Det er lagt til grunn at om lag 4 pst. av trafikken er nullutsleppskøyretøy. I tråd med føresetnadene i Prop. 1 S (2016–2017) vil rekna gjennomsnittstakst bli nytta som grunnlag for justering av takstane. Ved endringar i omfanget av nullutsleppskøyretøy og/eller innføring av betaling for denne gruppa, vil takstane bli vurdert justert slik at gjennomsnittstaksten blir som føresett. Før innkrevjinga startar, vil gjennomsnittstaksten bli vurdert ut frå kjende faktorar som låneopptak, faktisk lånerente, trafikk (ÅDT og fordeling mellom ulike køyretøygrupper) og utbyggingskostnader. Forslag til justeringar av takstane føreset tilslutning frå fylkeskommunen som garantist.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Eventuell kostnadsauke utover prisstigninga skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med bompengar. Eventuell auke ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og skal dekkjast med statlege midlar. Eventuelle kostnadsreduksjonar tilkjem bompengeselskapet.

Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:

  • Lånerente: 5,5 pst. dei 10 første åra og deretter 6,5 pst.

  • Årleg prisstiging: 2,0 pst.

  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 3 mill. kr

  • Bruk av elektronisk brikke: Om lag 80 pst. av køyretøya i takstgruppe 1.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år. Brutto bompengeinntekter er rekna til 396 mill. kr i 2018-prisnivå. Av dette er 264 mill. kr føresett nytta til investeringar, 86 mill. kr til å dekkje finansieringskostnader og 46 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er rekna på eit optimistisk alternativ med følgjande endra føresetnader:

  • 10 pst. høgare ÅDT ved innkrevjingsstart

  • Lånerente: 4,5 pst. dei første 10 åra og deretter 5,5 pst.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 12 år, dvs. ein reduksjon på 3 år i høve til basisalternativet. Alternativt kan gjennomsnittleg inntekt reduserast med 4,5 kr. Dette tilseier grunntakstar på om lag 27 kr for takstgruppe 1 og om lag 81 kr for takstgruppe 2.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande endra føresetnader:

  • Kostnadsauke opp til kostnadsramma

  • Lånerenta aukar til 6,5 pst.

  • 5 pst. lågare ÅDT ved innkrevjingsstart

  • Årleg trafikkvekst: 1 pst.

  • Takstauke på 20 pst. etter eitt år

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 17 år, dvs. ein auke på om lag 2 år i høve til basisalternativet.